Hopp til hovudinnhald

Kompetansepluss Frivilligheit 2026

• Kompetansepluss

I Kompetansepluss frivilligheit kan du søka om tilskot til kurs i grunnleggande lese-/skrive-, rekne-, munnlege- og digitale ferdigheiter og opplæring i norsk og/eller samisk for vaksne. Hovudmålgruppa for ordninga er vaksne med kort formell utdanning.

Kven kan søke

Frivillige organisasjonar kan søka om tilskot frå Kompetansepluss frivilligheit. Søkar må vera registrert i Frivillighetsregisteret (sjå krav til registrering i vedlegget Kvalifikasjonskriterier Kompetansepluss frivillighet).

Den frivillige organisasjonen som søker, kan sjølv gjennomføra opplæringa. Då treng ikkje søkaren å ha samarbeidspartnarar i søknaden, men må legga med ein plan for opplæringa.

Alternativt kan søknaden formast ut i samarbeid med ein opplæringstilbydar.

Den organisasjonen som er søkar, har ansvar for å

  • få og forvalta tilskotet
  • ha kontakt med HK-dir undervegs i prosjektet
  • rapportera når opplæringa er avslutta

Søknadsfrist

15. januar 2026 kl. 15.00
(CET)

Om tilskotet

Kompetansepluss frivilligheit gir midlar til opplæring i grunnleggande ferdigheiter for deltakarar frå frivillige organisasjonar. Ordninga skal gi fleire høve til å ta del i opplæring og gjennom dette få styrkt moglegheitene sine til å delta i arbeids- og samfunnsliv.

Målet med ordninga «Kompetansepluss frivilligheit» er å styrke vaksne sine grunnleggande ferdigheiter som lesing/skriving, munnleg, rekning, samisk, norsk og digitale ferdigheiter.

Målgruppe for opplæringa

Deltakarane skal vera vaksne, hovudsakleg med grunnskule eller vidaregåande opplæring som høgaste fullførte utdanning, som treng å styrka dei grunnleggande ferdigheitene og/eller kunnskapane sine i norsk og/eller samisk.

Kva er nytt i utlysinga for 2026?

  • Prioritert målgruppe er endra slik at kursdeltakarar med grunnskule eller vidaregåande opplæring som høgaste fullførte utdanning blir prioritert.
  • Kvar søknad kan maksimalt innehalda 3 kurs.
  • Totalt søknadsbeløp pr. søknad kan ikkje vera meir enn 450 000 kroner.
  • I 2026 innfører me to nye prioriteringskriterium
    • eitt som prioriterer opplæringstiltak som er knytte til aktivitetane i den frivillige organisasjonen.
    • eitt som prioriterer opplæringstiltak som legg til rette for at kursdeltakarane kan delta fysisk.

Formål

Eit sentralt mål med Kompetansepluss frivilligheit er å auka deltaking i samfunns- og arbeidsliv med å heva kompetansenivået for vaksne. Dei som står utanfor samfunns- og arbeidslivet, må også få høve til å styrka kompetansen sin for å betra moglegheitene for deltaking.

Tilskotsbeløp

Tilskotet er basert på talet på timar à 60 minutt som er oppgitte i søknaden, multipliserte med ein timesats på kr 1 500. Søknadsbeløpet blir automatisk rekna ut i søknadsskjemaet.

Vilkår

Omfang på søknaden og tildeling av tilskot

  • Det er berre mogleg å søka inntil 3 kurs per søknad.
  • Eitt kurs kan maksimalt vera 150 timar.
  • Det vert berre innvilga inntil to søknader per søkar, søknader med høgast poengsum blir prioriterte.
  • Ein kan ikkje få tilskot til likelydande søknader. Med likelydande søknader meiner me søknad om opplæring i dei same ferdigheitene, for den same målgruppa og med dei same samarbeidspartane.
  • Totalt søknadsbeløp per søknad kan ikkje vera over 450 000 kroner.

Kompetansepluss skal nå ut til alle regionar og støtta opplæring i alle ferdigheiter. Dersom det er fleire søknader enn midlar, vurderer me alle søknadene samla ut frå desse føringane. Dette kan påverka kva søknader som får tilskot.

Om opplæringa

Opplæringa skal:

  • vera frivillig og gratis for deltakarar
  • styrka føresetnadene til deltakarane for deltaking i arbeids- og samfunnsliv
  • vera praksisnær. Det vil seia at ho tek utgangspunkt i erfaringane, ressursane og behova til deltakarane i kvardagen. Aktivitetar, materiell og kommunikative utfordringar som deltakarane møter i den frivillige organisasjonen eller kvardagslivet, blir brukte som utgangspunkt for opplæringa. Dette føreset eit samarbeid mellom opplæringsmottakar og undervisar/tilbydar om innhaldet i opplæringa, og oppfølging av utprøvinga til deltakarane i den frivillige organisasjonen, der det er aktuelt
  • omfatta ein eller fleire av følgjande ferdigheiter:
    • grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving
    • grunnleggande ferdigheiter i rekning
    • grunnleggande munnlege ferdigheiter
    • grunnleggande digitale ferdigheiter
    • norsk som andrespråk/ samisk som andrespråk
  • skje på norsk eller samisk. Andre språk kan brukast som støttespråk.
  • ta utgangspunkt i Læringsmål i grunnleggende ferdigheter og/eller Læreplan i norsk for voksne innvandrere (2021) og/eller Læreplan i samisk som førstespråk eller Læreplan i samisk som andrespråk avhengig av behova, språkbakgrunnen og innhaldet i målgruppa i opplæringa.
  • vera dialogbasert. Dette inneber at deltakarane har ei aktiv rolle i undervisninga og inngår i læringsfelleskap der dei får diskutera og reflektera saman med andre.
  • vera organisert som gruppeundervisning. Rettleiande gruppestorleik er 10 til 12 deltakarar per kurs. Kurset skal planleggast og gjennomførast med minst fem deltakarar. Læringsaktivitetane til deltakarane utan lærar vert ikkje rekna som kurstimar.

Norskopplæring og samiskopplæring over B1-nivå ligg ikkje innanfor rammene av Kompetansepluss.

Opplæringa skal dokumenterast i frammøtelister og/eller loggføring.

Alle krava over gjeld og når opplæringa er heilt eller delvis nettbasert, inkludert med bruk av Teams, Zoom eller liknande. I nettbasert opplæring skal deltakarar og undervisar vera logga på samtidig innanfor eit gitt tidsrom og på ein gitt kommunikasjons- eller undervisningsplattform.

Samansetting av kurs

I søknadsskjemaet set søkar saman kurs ut frå modular. Kvar modul har eit visst tal timar med opplæring i ei grunnleggande ferdigheit. Storleiken på modulane er fastsette ut frå faglege vurderingar, og ulike ferdigheiter har dermed ulike modular.

I søknadsskjemaet kan ein ikkje kombinera modular i opplæring i norsk eller samisk med opplæring i lesing/skriving eller munnlege ferdigheiter i same kurset.

Søkar kan setta saman kurs ut frå følgjande modular:

Talet på timar
20
30
40
50
80
Lesing/skriving
-
x
x
x
x
Rekneferdigheiter
x
x
x
x
x
Digitale ferdigheiter
x
x
x
x
-
Munnlege ferdigheiter
-
x
x
x
-
Norsk eller samisk
-
x
x
x
x

Opplæringstiltak som får tilskot, skal gjennomførast innanfor den tidsramma søkaren har sett opp i søknaden, og før den oppgitte fristen for å sluttrapportera.

Tilrådingar til opplæringa

HK-dir tilrår at tilbydar og opplæringsmottakar oppmodar deltakarane til eigenaktivitet mellom samlingane. Deltakarane kan gjerne få i oppgåve å prøva ut det dei har lært, eller henta inn problemstillingar og materiell frå kvardagslivet eller frivillige aktivitetar. Det vil vera ein stor fordel om tilbydar og opplæringsmottakar samarbeider om slike oppdrag.

HK-dir tilrår at undervisar(ne) tek i bruk ressursar og/eller arbeidsformer som er spesielt eigna for opplæring i Kompetansepluss. Døme på dette er Profilar for grunnleggande ferdigheiter, kartleggingane og e-læringane som LesetestenReknetestenDigitaltestenKompisBedre på regningBedre på lesing og skrivingSnakkesSmarte valg. Andre døme er digidel.no. Arbeidsformer er også beskrive i ressursane Språk i arbeid (for arbeidsgiver) og i Modell for helhetlig læring - Arbeidsrettet norskopplæring eller tilsvarande.

Satsingsområde i 2026

Tilskotet dekker

Tilskotet skal dekka alle kostnader i samband med opplæringa, slik som kartlegging av deltakarar ved kursstart, førebuingar, undervisning inkludert før- og etterarbeid, motivasjonsarbeid, møte mellom undervisar og den frivillige organisasjonen, utarbeiding av materiell, fagleg oppfølging av deltakarar og evaluering.

Tilskotet dekker ikkje

  • opplæring som får anna offentleg finansiering, til dømes tiltak gjennom Nav
  • opplæring organisert som sjølvstudium
  • innkjøp av teknisk utstyr eller utstyr til organisasjonen sine aktivitetar

Søknadsfrist og innlevering av søknad

Søknaden må vera komplett med all nødvendig dokumentasjon og relevante signaturar til søknadsfristen. Søknadene blir behandla med dei opplysningane som ligg føre ved utløpet av søknadsfristen.

Søknadsfristen er absolutt.

Slik søker du

Bruk Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sin tilskotsportal for å fylla ut søknadsskjema. Søknadsskjemaet er under utarbeiding og lenkje til skjemaet kjem.

Krav til søknaden

Kvalifikasjonskriteria er krav som må vera oppfylte for å kvalifisera for tilskot i Kompetansepluss frivilligheit. Kriteria byggjer på Kunnskapsdepartementets retningslinjer for Kompetansepluss frivillighet.

Dersom søknaden ikkje er eit samarbeid mellom opplæringsmottakar og opplæringstilbydar, må det leggast ein opplæringsplan med i søknaden.

Kvalifikasjonskriteria og prioriteringskriteria må vera oppfylte gjennom heile prosjektperioden.

Les meir om krav til søknaden i kvalifikasjonskriteria.

Rettleiing og malar

Veileder – hvordan signere som samarbeidspart i tilskuddsportalen til Hkdir for alle samarbeidspartnarar som skal signera søknad i tilskotsportalen.

Slik behandlar vi søknaden

Vurdering

Dersom kvalifikasjonskriteria ikkje er oppfylte, avslår HK-dir søknaden utan vidare behandling.

Kompetansepluss frivilligheit får årleg langt fleire kvalifiserte søknader enn det er midlar til å innvilga. Alle søknader som oppfyller kvalifikasjonskriteria, blir vurderte opp mot poenggivande kriterium (prioriteringskriterium) og tildelte ein poengsum mellom 0 og 100.

Når me behandlar kvalifiserte søknader og gir poeng i samsvar med prioriteringskriteria, tek me utgangspunkt i opplysningane som er oppgitt i søknadsskjemaet.

I tillegg til rangering etter poeng gjer me ei heilskapsvurdering av alle søknadene for å sørga for brei geografisk spreiing og eit mangfald av ferdigheiter. Heilskapsvurderinga kan overstyra prioritering etter poeng.

Slik vurderer vi søknaden

Kompetansepluss frivilligheit får årleg langt fleire kvalifiserte søknader enn det er midlar til å innvilga. Alle søknader som oppfyller kvalifikasjonskriteria, vil etter søknadsfristen bli vurderte opp mot poenggivande kriterium (prioriteringskriterium) og tildelast ein poengsum mellom 0 og 100.

Når me behandlar kvalifiserte søknader og gir poeng i samsvar med prioriteringskriteria, tek me utgangspunkt i opplysningane som søker har oppgitt i søknadsskjema. Ved oversøking til ordninga, rangerer me søknadene i samsvar med prioriteringskriteria og tildeler så langt løyvinga rekk.

I tillegg gjer me ei heilskapleg vurdering av alle søknadene for å sørga for brei geografisk spreiing, og eit mangfald av ferdigheiter. Heilskapsvurderinga kan overstyra prioritering etter poeng.

Når får du svar?

I februar/mars 2026

Opplæringa skal i utgangspunktet ikkje starta før søkar har fått tilsegn om tilskot. Søkarar som startar opplæring før tilsegn er gitt, gjer dette for eiga rekning og risiko.

Rapportering og oppfølging

Kurs skal avsluttast slik at tilskotsmottakar har tid til å levera sluttrapport innan 1. oktober 2027.

Eventuelle endringar undervegs i prosjektet skal skje i dialog med HK-dir.

Dei som får tilskot, må registrera deltakarar ved oppstart av kurs og rapportera om økonomi og gjennomføring ved avslutning av prosjektet.

Tilskotsmottakar har ansvar for å føra frammøtelister. Me tilrår at de bruker HK-dir sin mal for registrering av frammøte. Om de vel å nytta eigen mal, må frammøtelista minimum omfatta dei same punkta som HK-dir sin mal.

Ein opplæringstime er 60 minutt inkludert 15 minutt pause. Det er ikkje høve til å rekna om og rapportera 45 minutt som ein opplæringstime og slå saman 15 minutts pausar.

Spørsmål om tilskotet

Send e-post til Kompetansepluss@hkdir.no og merk med «Kompetansepluss Frivilligheit»

Kontakt oss

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

E-post:post@hkdir.no

Telefonnummer:55 30 38 00