Hopp til hovudinnhald

Lesetesten

E-læring

Dette er ein lesetest som tek ti minutt, og som fortel deg kor godt du les.

Utviklet av: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Er du ein god lesar? Vi bruker lesekompetanse i mange samanhengar, til dømes på jobb, kurs og utdanning eller når vi hjelper barn med leksene.

Lesetesten gjev deg ein peikepinn om lesenivået ditt. Du les ei rekkje korte tekstar og vel ord som passar i samanhengen. Testen seier noko om kor godt du forstår innhald innanfor ei viss tidsramme. Resultatet kjem an på både kor fort du les og kor mange rette svar du gjev. Testen blir automatisk avslutta etter ti minutt, eller tidlegare dersom du fullfører testen raskare.

Du finn eit døme i starten av testen. Du må trykkje på avspelingsknappen for å høyre på instruksjonane. I sjølve testen har du ingen moglegheiter for å spele av lyd.

Testen er utvikla med utgangspunkt i ein lesetest frå Senter for leseforsking ved Københavns Universitet.

Kven er Lesetesten laga for?

Lesetesten er laga for alle som ønskjer å få ein peikepinn om kor gode dei er til å lese. Vi tilrår at du meistrar norsk på eit nivå over B1-nivået i det felles europeiske rammeverket for språk. På dette nivået kan du lese tekstar der språket i stor grad er prega av vanlege, daglegdagse ord og uttrykk.

Om resultatet

Når du har teke testen, kan du skrive ut, lagre eller sende resultatet. Fleire ulike faktorar kan påverke resultatet ditt, til dømes stress, konsentrasjonsevne, mistydingar eller andre distraksjonar.

På resultatsida finn du informasjon om øvingsoppgåver og moglegheiter/rettar til opplæring, saman med kontaktinformasjon