Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Digitaltesten

E-læring

Dette er ein kort digitaltest som gjev deg ein peikepinn om kva nivå den grunnleggjande digitale dugleiken din ligg på.

Utviklet av: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Digitaltesten byrjar med ti innleiande spørsmål som avgjer nivået på hovuddelen av testen. Testen har til saman 30 (10 + 20) oppgåver dersom du får den lette delen og 32 (10 + 22) oppgåver dersom du får den vanskelege delen.

Testen har fleire typar oppgåver så som fleirvalsoppgåver, dra og slepp, sorteringsoppgåver, rett/feil, hotspot og dialogar. Det kan vere vanskeleg å navigere i testen dersom den digitale dugleiken din er svak. I opplæringssamanheng tilrår vi at rettleiarar gjer merksam på dei ulike oppgåvetypane. Særleg kan sorteringsoppgåver, der ein skal dra svaralternativa på plass i rett rekkjefølgje, vere ukjent.

Det skal ta om lag 10–15 minutt å ta testen.

Kva måler denne testen?

Digitaltesten ligg på eit overordna nivå innanfor tema som er relevante for samfunnsliv og arbeidsliv. Testen legg vekt på overordna digital kompetanse og evna til å finne løysingar, tenkje tryggleik og vere kritisk. Nokre oppgåver bruker sosial medium som døme, men tanken er likevel at oppgåvene skal kunne teste meir overordna dugleik. Digitaltesten gjev deg ein peikepinn om kva nivå den grunnleggjande digitale dugleiken din ligg på.

Testen dekkjer desse temaa:

  • Inn- og utlogging av offentlege tenester
  • Korleis bruke ein søkjemotor for å finne informasjon, produkt og tenester
  • Datatryggleik og nettvett
  • Digital kommunikasjon
  • Medium og underhaldning
  • Sosiale medium
  • Dersom føremålet med kartlegginga er å teste kontorstøtteverktøy og datamaskin som arbeidsverktøy, vil vi tilrå at ein bruker andre kartleggingsverktøy.

Språknivå

Vi tilrår at du meistrar norsk på eit nivå over B1-nivået i det felles europeiske rammeverket for språk. På dette nivået kan du lese tekstar der språket i stor grad er prega av vanlege, daglegdagse ord og uttrykk.

Digitaltesten på mobil

Det er mogleg å ta Digitaltesten på mobil eller andre einingar, men om du har ein liten skjerm vil det vere eit problem i nokre av oppgåvene.

Om resultatet

Når du har teke testen, kan du skrive ut, lagre eller sende resultatet. Fleire ulike faktorar kan påverke resultatet ditt, til dømes stress, konsentrasjonsevne, mistydingar eller andre distraksjonar.

På resultatsida finn du informasjon om øvingsoppgåver og moglegheiter/rettar til opplæring, saman med kontaktinformasjon.