Kompetansepluss arbeid – Rammetilsegn for godkjente Kompetansepluss-tilbydarar 2026
• KompetanseplussI Kompetansepluss arbeid – rammetilsegn for godkjente Kompetansepluss-tilbydarar kan du søke om tilskot til kurs i grunnleggande lese-/skrive-, rekne-, munnlege og digitale ferdigheiter og opplæring i norsk eller samisk for vaksne som er i arbeid. Hovudmålgruppa for opplæringa er arbeidstakarar med kort formell utdanning,. Tilskotet blir gitt som ei ramme på 450 000 til 1 650 000 kroner per tilbydar. Ramma skal brukast til kurs som er registrert med deltakarar i 2026.
Kven kan søke
Godkjente Kompetansepluss-tilbydarar kan søke om ei rammetilsegn kvar.
Søkar må vere godkjent som Kompetansepluss-tilbydar per 23. september 2025.
I søknadsskjemaet skal tilbydaren fylle ut kontaktinformasjon og kurstimar. Det kan søkast om ulike tal på kurstimar, frå 300 til 1 100 timar opplæring (sjå tabellen under tilskotsbeløp).
Merk at godkjente Kompetansepluss-tilbydarar som får innvilga rammetilsegn, ikkje kan søke midlar frå ordinært Kompetansepluss arbeid 2026.
Dersom ein tilbydar har fått innvilga rammetilsegn, vil eventuelle søknader om tilskot frå ordinært Kompetansepluss arbeid bli avslått utan vidare behandling, uavhengig av om tilbydaren er søkar eller samarbeidspart.

9. desember 2025 kl. 15.00 (CET)
Om tilskotet
Rammetilsegnsordninga i Kompetansepluss arbeid starta som ei prøveordning frå 2025 og skal bidra til at tilskotet blir meir fleksibilitet og føreseieleg for godkjente Kompetansepluss-tilbydarar. Målet med Kompetansepluss arbeid er at fleire kan ta del i opplæring og utdanning og at færre fell ut av arbeidslivet på grunn av manglande ferdigheiter. Retningslinjene for Kompetansepluss arbeid gjeld for rammetilsegnsordninga.
Tilskotsbeløp
Storleiken på tilskotet er basert på talet på opplæringstimar à 60 minutt oppgitt i søknaden, multiplisert med ein timesats på 1 500 kroner. Totalt søknadsbeløp vil ikkje vere over 1 650 000 kroner.
Søkar kan velje mellom desse timane, som blir omrekna til søknadsbeløp i søknaden:
Timar | Tilsvarar søknadsbeløp |
---|---|
300 kurstimar | Kr 450 000 |
500 kurstimar | Kr 750 000 |
700 kurstimar | Kr 1 050 000 |
900 kurstimar | Kr 1 350 000 |
1100 kurstimar | Kr 1 650 000 |
Krav til kurs og samarbeidspartar
Etter at tilsegn er innvilga skal tilbydar sjølv opprette kurs i tilskotsportalen fortløpande. Eit kurs må ha minimum 5 deltakarar (sjå målgruppe for opplæringa). Siste høve til å registrere kurs er 1. november 2026.
Kursregistreringa inneheld informasjon om opplæringsmottakar(ar) og talet på deltakarar, timar i dei aktuelle ferdigheitene med samla kurstimetal og tid/stad for opplæringa.
Alle kurs må vere eit samarbeid med minimum ein opplæringsmottakar, det vil seie ei verksemd med tilsette som skal delta i opplæringa. Alle samarbeidspartane i kursa må vere registrert i Brønnøysundregisteret.
Opplæringsmottakar må bidra med ein eigendel. Eigendelen kan vere lønn til deltakarar i kurstida, lokale, mat eller anna. Eigendelen skal beskrivast i kursregistreringa.
Opplæringsmottakarane forpliktar seg til innhaldet i kurset når dei signerer digitalt som samarbeidspart i tilskotsportalen.
Kvart enkelt kurs blir godkjent etter at det er signert av opplæringsmottakar og deltakarar er registrert.
Meir informasjon om registrering av kurs kjem i tilsegnsbrevet.
Målgruppe for opplæringa
Deltakarane skal vere vaksne arbeidstakarar, primært med kort formell utdanning, som treng å styrke dei grunnleggande ferdigheitene sine og/eller betre kunnskapane i norsk eller samisk.
Kurs for deltakargruppe med høgre utdanning blir ikkje godkjente.
Om opplæringa
Opplæringa skal føregå i Norge, inkludert Svalbard. Opplæringa skal:
- vere frivillig og gratis for deltakarar
- vere praksisnær. Det vil seie at aktivitetar, materiell og utfordringar som dei møter på arbeidsplassen skal brukast i opplæringa. Kartlegging av deltakarane sine erfaringar og ressursar skal brukast til å få innsikt i både kursdeltakarane sitt ferdigheitsnivå og behova deira i arbeidskvardagen. Resultatet av kartlegginga må kunne dokumenterast.
- omfatte følgande ferdigheiter:
- grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving
- grunnleggande ferdigheiter i rekning
- grunnleggande munnlege ferdigheiter
- grunnleggande digitale ferdigheiter
- norsk som andrespråk/samisk som andrespråk
- ta utgangspunkt i Læringsmål i grunnleggende ferdigheter og/eller Læreplan i norsk for voksne innvandrere (2021) og/eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 samisk avhengig av målgruppa sine behov, språkbakgrunn og innhaldet i opplæringa.
- vere dialogbasert. Dette inneber at deltakarane har ei aktiv rolle i undervisninga og inngår i eit læringsfellesskap der dei får diskutere og reflektere saman med andre.
- vere organisert som gruppeundervisning. Rettleiande gruppestorleik er 10 til 12 deltakarar per kurs. Kurset skal planleggast og gjennomførast med minst fem deltakarar. Deltakarane sine læringsaktiviteter utan lærar tel ikkje som kurstimar.
Opplæringa skal vere på norsk eller samisk (andre språk kan brukast som støttespråk).
Norsk- eller samiskopplæring over B1-nivå ligg ikkje innanfor rammene av Kompetansepluss.
Opplæringsmottakar(ane) skal ha ein navngitt opplæringskontakt på arbeidsplassen. Dette kan vere deltakarane sin leiar, kollega eller tillitsvalgte. Opplæringskontakten skal støtte deltakarane fagleg og praktisk i kursperioden. Arbeidet til opplæringskontakten skal rapporterast i tilskotsportalen når kursa er avslutta.
Alle krava over gjeld også når opplæringa er heilt eller delvis nettbasert, inkludert med bruk av Teams, Zoom eller liknande. Nettbasert opplæring skal gjennomførast på ein slik måte at deltakarane og undervisar skal være logga på samtidig innanfor eit gitt tidsrom og på ein gitt kommunikasjons- eller undervisningsplattform.
Tilrådd organisering av opplæringa
HK-dir tilrår at deltakarar og arbeidsgivar inngår avtale om eigenaktivitet mellom samlingane. Det gir deltakarane høve til å prøve ut det dei har lært eller hente inn problemstillingar og materiell frå arbeidsplassen til opplæringa. Dette føreset samarbeid mellom opplæringstilbydar og opplæringsmottakar.
Vilkår
Søkar må vere godkjent Kompetansepluss-tilbydar pr. 23. september 2025.
Organisasjonsnummeret i søknaden må samsvare med organisasjonsnummeret i godkjenninga.
Søknaden må være komplett og signert innan søknadsfristen. Søknadsfristen er absolutt.
Tilskotet dekker
Tilskotet skal dekke alle kostnader i samband med opplæringa, slik som kartlegging av deltakarar ved kursstart, førebuingar, undervisning inkludert før- og etterarbeid, motivasjonsarbeid, møter med bedrifta, utarbeiding av materiell, fagleg oppfølging av deltakarar og evaluering.
Tilskotet dekker ikkje
- opplæring som mottar anna offentleg finansiering, for eksempel tiltak gjennom Nav
- fagopplæring og lærlingar
- opplæring i interne system og utstyr i verksemdene
- opplæring organisert som sjølvstudium
- innkjøp av teknisk utstyr som ikkje gjeld opplæringa
Slik søker du
Bruk tilskotsportalen til Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse for å fylle ut søknadsskjema.
Rettleiing og malar
Slik behandlar vi søknaden
Slik vurderer vi søknaden
Søknaden blir behandla og vurdert ut frå dei opplysningane som er lagt inn i søknaden før søknadsfristen.
HK-dir har ikkje prioriteringskriterie for rammetilsegn. Med atterhald om løyvingane frå Stortinget for 2026 vil tilsegnsbeløpet svare til søknadsbeløpet.
Når får du svar?
Innan 9. januar 2026.
Opplæringa skal i utgangspunktet ikkje starte før søkar har fått tilsegn om tilskot. Søkarar som startar opplæring før tilsegn er gitt, gjer dette for eiga rekning og risiko.
Rapportering og oppfølging
Kursa skal være avslutta slik at tilskotsmottakar har tid til å lage sluttrapport innan 1. oktober 2027. Siste moglegheit for å registrere kurs er 1. november 2026.
Eventuelle endringar undervegs i prosjektet skal skje i dialog med HK-dir.
Dei som får tilsegn, må registrere kurs med informasjon om opplæringsmottakar(ar) i tilskotsportalen. Kursa blir fortløpande godkjente av HK-dir, som deretter utbetaler tilskot.
Tilskot til kvart enkelt kurs blir i sin heilskap utbetalt fram til det står att 5 prosent av det totale tilsegnet. Resten av tilsegnet blir utbetalt når alle kursa er sluttrapporterte.
Tilskotsmottakar har ansvar for å føre frammøtelister og dokumentere deltaking.
Vi tilrår å bruke HK-dir sin mal for registrering av frammøte. Om de vel å nytte eigen mal eller logg, må den omfatte dei same punkta som i HK-dir sin mal. Ein opplæringstime er 60 minutt inkludert 15 minutt pause. Det er ikkje høve til å rekne om og rapportere 45 minutt som ein opplæringstime og slå saman 15 minutts pausar.
HK-dir er i gang med å evaluere Kompetansepluss. Det vil derfor vere obligatorisk å levere frammøtelister for gjennomførte kurs i tildelingsrunden for 2026.
Dersom det blir aktuelt, må tilskotsmottakarar og samarbeidspartnarar bidra i evalueringa i 2026–2027.
Meir informasjon om registreringar og rapportering i tilskotsportalen kjem i tilsegnsbrevet.
Spørsmål om tilskuddet
Send mail til kompetansepluss@hkdir.no og merk mailen med «Kompetansepluss rammetilsegn»