Hopp til hovudinnhald

Kompetansepluss Arbeid 2026

• Kompetansepluss

I Kompetansepluss arbeid kan du søke om tilskot til kurs i grunnleggande lese-/skrive-, rekne-, munnlege- og digitale ferdigheiter og/eller opplæring i norsk eller samisk for vaksne som er i arbeid. Hovudmålgruppa for opplæringa er arbeidstakarar med kort formell utdanning.

Kven kan søke

Ein søknad til Kompetansepluss arbeid skal vere eit samarbeid mellom ein opplæringstilbydar og minst ei bedrift som opplæringsmottakar (privat eller offentleg verksemd). Andre samarbeidspartar som er involverte i prosjektet kan vere med.

Vi definerer her dei ulike samarbeidspartane slik:

  • Opplæringsmottakar er ei offentleg eller privat verksemd med tilsette som har eit opplæringsbehov.
  • Tilbydar er ei verksemd som har opplæring som føremål (næringskode 85.xxx).
  • Andre samarbeidspartar er eventuelle andre verksemder som deltek i prosjektet, men ikkje har tilsette som skal gå på kurs. Det kan til dømes vere ein arbeidstakar- eller arbeidsgivarorganisasjon, ei næringsforeining, eit karrieresenter, kjøpesenter osv.

Verksemda som kan vere søkar i tilskotsportalen må vere ein av følgjande:

  1. Opplæringsmottakar
  2. Tilbydar
  3. Arbeidslivsorganisasjon/næringssamanslutning/næringsforeining

Dersom søkar høyrer til ein av kategoriane under punkt 3, må det vere med ein tilbydar og minst ein opplæringsmottakar som samarbeidspartar.

Alle samarbeidspartnarane må forplikte seg til innhaldet i søknaden.

Søkar er ansvarleg for å ta imot og forvalte tilskotet, halde kontakt med HK-dir undervegs i prosjektet og rapportere når opplæringa er avslutta.

Dersom opplæringstilbydar eller opplæringsmottakar er ei under-eining knytt til ei organisasjon/verksemd med ein annan næringskode, må under-eininga sitt organisasjonsnummer som må stå i søknaden. Kvar under-eining må ha ein eigen ansvarleg/representant (ikkje same person for alle) som skal signere søknaden. Føremålet med dette er å sikre forankring av prosjektet på deltakarane sin arbeidsplass

Sjå også Kvalifikasjonskriteria og «Om verksemdene og registrering».

Søknadsfrist

9. desember 2025 kl. 15.00
(CET)

Om tilskotet

Kompetansepluss Arbeid gir midlar til opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing/skriving, munnleg, rekning, samisk, norsk og digitale ferdigheiter for arbeidstakarar. Ordninga skal gi moglegheiter til relevant og praksisnær opplæring knytt til deltakarane sitt arbeidsliv.

Målet for ordninga «Kompetansepluss arbeid» er at fleire kan ta del i opplæring og utdanning, og at færre fell ut av arbeidslivet på grunn av manglande ferdigheiter.

Målgruppe for opplæringa
Deltakarane skal vere vaksne arbeidstakarar, primært med grunnskole eller vidaregåande opplæring som høgaste fullførte utdanning, som treng å styrke sine grunnleggande ferdigheiter og/eller kunnskapar i norsk og/eller samisk.

Kva er nytt i utlysinga for 2026?

  • Prioritert målgruppe er endra slik at kursdeltakarar med grunnskole eller vidaregåande opplæring som høgaste fullførte utdanning blir prioriterte.
  • Kvar søknad kan innehalde inntil 5 kurs.
  • Totalt søknadsbeløp per søknad kan ikkje overstige kr 1 125 000.
  • I 2026 tel ikkje verksemder med 1 til 4 tilsette. Desse verksemdene kan takast med som opplæringsmottakar(ar) i søknaden, men det vil ikkje påverke poengscoren på prioriteringskriterium nr. 6.
  • I 2026 innfører vi eit nytt kriterium som prioriterer opplæringstiltak som legg til rette for at kursdeltakarane kan møtast fysisk på kurs.

Det er gjort fleire endringar prioriteringskriteria for 2026 – sjå prioriteringskriteria for fullstendig oversikt.

Formål

Eit sentralt mål med Kompetansepluss er å auke deltaking i samfunns- og arbeidsliv med å heve kompetansenivået til vaksne. Arbeidslivet endrar seg raskt. For å handtere omstillingane må folk få utvikle kompetansen sin samstundes som dei er i jobb.

Tilskotsbeløp

Tilskotet er basert på talet på timar à 60 minutt oppgitt i søknaden, multiplisert med ein timesats på kr 1 500. Totalt søknadsbeløp per søknad kan ikkje overstige kr 1 125 000.

Søknadsbeløpet blir generert automatisk i søknadsskjema basert på utfyllinga av talet på kurstimar.

Vilkår

Omfang på søknaden og tildeling av tilskot

  • Ein søkar (tilbydar eller opplæringsmottakar-bedrift) kan ikkje søke om tilskot for meir enn 200 timar per kurs. Kvar søknad kan innehalde inntil 5 kurs.
  • Éin søknad kan innehalde inntil 10 opplæringsmottakarar.
  • Ein søkar (tilbydar eller opplæringsmottakar) kan ikkje få tilskot til likelydande søknader. Med likelydande søknader meiner vi søknad om opplæring i dei same ferdigheitene, for den same målgruppa og med dei same samarbeidspartnarane.

Kompetansepluss har føringar om å nå ut til alle regionar, dekke breitt bransjemessig og omfatte opplæringstiltak for alle ferdigheitene. Ved oversøking vil vi gjere ei heilskapsvurdering av søknadene på bakgrunn av dei nemnde føringane, som kan få betydning for kva søknader som blir innvilga.

Om opplæringa

Opplæringa skal

  • vere frivillig og gratis for deltakarar.
  • vere praksisnær. Det vil seie at aktivitetar, materiell og utfordringar dei møter på arbeidsplassen, skal brukast i opplæringa. Kartlegging av deltakarane sine erfaringar og ressursar blir brukt til å få innsikt i både kursdeltakarane sitt ferdigheitsnivå og behov i arbeidskvardagen. Resultatet av kartlegginga må kunne dokumenterast.
  • omfatte ein eller fleire av følgjande ferdigheiter:
  • grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving
  • grunnleggande ferdigheiter i rekning
  • grunnleggande munnlege ferdigheiter
  • grunnleggande digitale ferdigheiter
    eller:
  • norsk som andrespråk/samisk – åleine eller kombinert med:
    • grunnleggande digitale ferdigheiter
    • grunnleggande ferdigheiter i rekning
  • skje på norsk eller samisk. Andre språk kan brukast som støttespråk.
  • ta utgangspunkt i:
  • vere dialogbasert. Dette inneber at deltakarane har ein aktiv rolle i undervisninga og inngår i læringsfellesskap der dei får diskutere og reflektere saman med andre.
  • vere organisert som gruppeundervisning. Rettleiande gruppestorleik er 10 til 12 deltakarar per kurs. Kurset skal planleggjast og gjennomførast med minst fem deltakarar. Deltakarane sine læringsaktivitetar utan lærar tel ikkje som kurstimar.

Norsk- og samiskopplæring over B1-nivå ligg ikkje innanfor rammene av Kompetansepluss.

Deltaking i opplæringa skal dokumenterast i frammøtelister eller annan loggføring. Alle krava over gjeld også når opplæringa er heilt eller delvis nettbasert, inkludert ved bruk av Teams, Zoom eller liknande. Nettbasert opplæring skal gjennomførast på ein slik måte at deltakarar og undervisar er logga på samtidig innanfor eit gitt tidsrom og på ein gitt kommunikasjons- eller undervisningsplattform.

Samansetjing av kurs

I søknadsskjemaet set søkar saman kurs ut frå modular. Kvar modul angir eit bestemt tal på timar med opplæring i ei grunnleggande ferdigheit. Storleiken på modulane er fastsett ut frå faglege vurderingar, og ulike ferdigheiter har difor ulike modular.

I søknadsskjemaet kan ein ikkje i same kurs kombinere modular i opplæring i norsk eller samisk med opplæring i lesing/skriving eller munnlege ferdigheiter.

Søkar kan setje saman kurs ut frå følgjande modular:

Moduler
Antall timer
30
40
50
80
100
150
Lesing/skriving
-
x
x
x
x
x
Rekneferdigheier
-
x
x
x
-
-
Digitale ferdigheiter
x
x
x
-
-
-
Munnlege ferdigheiter
x
x
x
-
-
-
Norsk eller samisk
-
-
x
x
x
x

Opplæringstiltak som får tilskot, skal gjennomførast innanfor tidsramma søkaren har sett opp i søknaden, og før oppgitt frist for å sluttrapportere.

Tilrådingar til opplæringa

HK-dir tilrår at deltakarane og arbeidsgivar inngår ei avtale om eigenaktivitet mellom samlingane. Det gir deltakarane moglegheit til å prøve ut det dei har lært eller hente inn problemstillingar og materiell frå arbeidsplassen til opplæringa. Dette føreset eit samarbeid mellom opplæringstilbydar og opplæringsmottakar om innhald i opplæringa.

Det blir tilrådd at undervisar(ar) tek i bruk ressursar og/eller arbeidsformer som HK-dir tilrår for opplæring i Kompetansepluss.

Døme på dette er:

Satsingsområde i 2026

Tilskotet dekker

Tilskotet skal dekke alle kostnader i samband med opplæringa, til dømes:

  • kartlegging av deltakarar ved kursstart
  • førebuingar
  • undervisning inkludert før- og etterarbeid
  • motiveringsarbeid
  • møte med bedrifta
  • utarbeiding av materiell
  • fagleg oppfølging av deltakarar
  • evaluering

Tilskotet dekker ikkje

  • opplæring som får annan offentleg finansiering, til dømes tiltak gjennom Nav
  • fagopplæring og lærlingar
  • opplæring i bedriftsinterne system og utstyr
  • opplæring organisert som sjølvstudium
  • innkjøp, til dømes teknisk utstyr

Søknadsfrist og innlevering av søknad

Søknaden må vere komplett med all naudsynt dokumentasjon og relevante signaturar innan søknadsfristen. Søknadene blir behandla med dei opplysningane som ligg føre ved søknadsfristens utløp. Søknadsfristen er absolutt.

Slik søker du

Bruk tilskotsportalen til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å fylle ut søknadsskjema. Søknadsskjemaet er under utarbeiding, og lenke til skjemaet kjem.

Krav til søknaden

Kvalifikasjonskriteria er vilkår som må vere oppfylte for å kvalifisere for tilskot i Kompetansepluss-ordninga. Kriteria byggjer på retningslinjene frå Kunnskapsdepartementet for Kompetansepluss arbeid.

Dersom kvalifikasjonskriteria ikkje er oppfylte, avslår HK-dir søknaden utan vidare behandling.

Ved oversøking til ordninga rangerer vi søknadene etter prioriteringskriteria og tildeler så langt løyvinga rekk.

Kvalifikasjonskriteria og prioriteringskriteria må vere oppfylte gjennom heile prosjektperioden.

Les meir om krav til søknaden i kvalifikasjonskriteria.

Rettleiing og malar

  • Rettleiing for samarbeidspartnarar som skal signere søknad i tilskotsportalen.
  • Mal for frammøteregistrering.

Slik behandlar vi søknaden

Slik vurderer vi søknaden

Kompetansepluss arbeid får årleg langt fleire kvalifiserte søknader enn det er midlar til å innvilge. Alle søknader som oppfyller kvalifikasjonskriteria, vil etter søknadsfristen bli vurderte opp mot poenggivande kriterium (prioriteringskriteria) og tildelte ein poengsum mellom 0 og 100.

Når vi behandlar kvalifiserte søknader og gir poeng i samsvar med prioriteringskriteria, tek vi utgangspunkt i opplysningane som søkar har oppgitt i søknadsskjemaet.

I tillegg gjer vi ei heilskapsvurdering av alle søknadene for å sikre brei geografisk og bransjemessig spreiing, samt eit mangfald av ferdigheiter og tilbydarar. Dette kan overstyre poeng ved prioritering.

Når får du svar?

I februar 2026.

Opplæringa skal i utgangspunktet ikkje starte før søkar har fått tilsagn om tilskot. Søkarar som startar opplæring før tilsagn er gitt, gjer dette for eiga rekning og risiko.

Rapportering og oppfølging

Kurs skal vere avslutta slik at tilskotsmottakar har tid til å lage sluttrapport innan 1. oktober 2027.
Eventuelle endringar undervegs i prosjektet skal skje i dialog med HK-dir.

Dei som får tilskot, må registrere deltakarar ved oppstart av kurs og rapportere om økonomi og gjennomføring ved avslutning av prosjektet.

Tilskotsmottakar av opplæringa har ansvar for å føre frammøtelister og dokumentere deltaking. Vi tilrår at de brukar HK-dir sin mal for registrering av frammøte. Dersom de vel å bruke eigen mal, må frammøtelista omfatte dei same punkta som HK-dir sin mal.

Ei opplæringstime utgjer 60 minutt inkludert 15 minutts pause. Det er ikkje høve til å rekne om og rapportere 45 minutt som éi opplæringstime og slå saman 15 minutts pausar. Lenke til HK-dir sin frammøtemal.

HK-dir er i gang med å evaluere Kompetansepluss. Det vil difor vere obligatorisk å levere frammøtelister for gjennomførte kurs i tildelingsrunden for 2026.

Tilskotsmottakar og samarbeidspartnarar må bidra i evalueringa i 2026 - 2027.

Spørsmål om tilskotet

Send e-post til kompetansepluss@hkdir.no og merk e-posten med «Kompetansepluss 2026».

Kontakt oss

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

E-post:post@hkdir.no

Telefonnummer:55 30 38 00