Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2024

3. Studentane

Studentane i høgare yrkesfagleg utdanning har ein anna profil enn andre studentar. Dei er eldre og i stor grad vaksne arbeidstakarar med lang arbeidserfaring som studerer ved sida av jobb (Alne, m.fl., 2023; Kompetansebehovsutvalget, 2022).

Fagskulane skal vere «arbeidslivet si utdanning», med tette koplingar til behova for kompetanse i arbeidslivet. Fagskulane har vore tidleg ute med å ta i bruk digitale løysingar for å kunne tilby desentraliserte og yrkesretta utdanningar til folk i arbeid eller i ein livssituasjon som ikkje let seg kombinere med utdanning på heiltid. Studentprofilen og veksten i sektoren tydar på at høgare yrkesfagleg utdanning er eit attraktivt val for vaksne som ønskjer eller treng kompetanseheving.

Talet på studentar held fram med å vekse, og dei tre store fagområda tekniske fag, helse- og oppvekstfag, og økonomi og administrasjonsfag vert stadig større. Studentane ved høgare yrkesfagleg utdanning vert stadig eldre, og delen som nytter seg av fleksibilitet i form av deltid, nettbaserte løysingar og kortare modular aukar. Det store biletet viser ei utvikling i tråd med den ønska utviklinga slik ho vert omtala i Utsynsmeldinga (Meld. St. 14 (2022-2023)), mellom anna med vekst innan tekniske fag og helse- og velferdsfag.

3.1 Studentar og studiepoeng

Studenttalet er fordobla sidan 2017

I 2023 tel vi om lag 31 400 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning, sjå figur 3.1. Det er 3 400 fleire studentar enn i fjor, og ein auke på 12 prosent. Med unntak av fjoråret, då studenttalet gjekk svakt ned, har talet auka kvart år sidan 2017. Samla sett har studenttalet vorte dobla sidan 2017.

Hausten 2023 er det registrert 16 600 studentar ved private fagskular, og om lag 14 800 ved offentlege fagskular. Det er ved dei private fagskulane studenttalet har auka mest, der har det meir enn dobla seg sidan 2017, mens det har vore om lag 80 prosent auke ved offentlege fagskular. Som vi omtalar nærare i kapittel ‎5, går tre av fire studentar på heilt eller delvis offentleg finansierte utdanningar, medan ein av fire studentar betalar skulepengar for utdanninga si.

Figur ‎3.1 Studentar og studiepoengeiningar etter eigarskap, 2017–2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.1

Når vi ser på vekst i talet på studentar ved konkrete fagskular, har fagskulen Din kompetanse vakse mest sidan 2022, med om lag 900 studentar. Fagskulen har no 1 200 studentar fordelt på studiestadar fleire stader i landet. Dette er ein ny fagskule som på kort tid har vakse til å bli ein av dei større. Din Kompetanse tilbyr i hovudsak utdanningar innan oppvekstfag, og får offentleg finansiering i fleire fylkeskommunar. Den kraftige veksten til fagskulen speglar ein vekst i talet på studentar på oppvekstfag i det heile. Dette kan tyde på at dei har treft eit behov som andre fagskular ikkje har dekt. Det er nærliggande å sjå denne utviklinga i samband med stortingsmeldinga Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO (Meld. St. 6 (2019–2020)) der det mellom anna vart sett fokus på at skulen og barnehagane må ha den kompetansen som er naudsynt for å gje alle barn eit godt pedagogisk og inkluderande tilbod.

Gokstad akademiet er ein annan nokså ny fagskule som har hatt ein stor vekst, særleg innan data/IT-fag. Også denne får offentleg finansiering frå fylkeskommunar. Gokstad akademiet hatt ein auke på 490 studentar, til totalt 780. Andre fagskular med sterk studentvekst er Noroff (400), NKI Fagskoler AS (303), MedLearn AS (268) og Fagskolen Innlandet (191).

Fagskulen Noroff er framleis den største fagskulen, med over 4 000 studentar. Alle tilboda til Noroff er finansiert av skulepengar. Fagskolen i Viken er den nest største fagskulen i landet, og har om lag 2 600 studentar. Fagskulen i Rogaland er blant dei tre største offentlege fagskulane, og er den offentlege fagskulen som har hatt den sterkaste veksten frå 2022 til 2023. Dei har hatt ein auke på om lag 600 studentar (42 prosent) siste år, og har no om lag 2 000 studentar.

Blant fagskulane som hadde størst nedgang i talet på studentar, finn vi Fagskolen Kristiania, AOF Norge og Norges grønne fagskole – Vea. Den prosentvise nedgangen i studentar er på rundt 20 prosent for desse skulane. Sjå vedlegg V6 for oversikt over studenttalet ved den einskilde fagskule.

Auke i studiepoeng

Fagskulane tilbyr alt i frå kortare studietilbod på få studiepoeng, til høgare fagskulegradar på 120 studiepoeng. Dei fleste studerer på deltid, så talet på studentar må derfor sjåast i lys av studiepoengproduksjonen for å gje et meir utfyllande bilde av veksten i sektoren.

Figur 3.1 viser at det er 9 prosent auke i studiepoengeiningar frå 2022 til 2023. Tilsvarande har det vore ein auke på 70 prosent sidan 2017. Om vi skil på eigarskap, har det sidan 2017 vore meir enn ei dobling i studiepoengeiningar ved private fagskular, og 42 prosent auke ved offentlege fagskular.

Om vi ser på endringane frå 2022-2023, har talet på studentar auka noko meir ved dei private fagskulane, og studiepoengeiningar har auka noko meir ved dei offentlege fagskulane.

Dei fleste studentane tek ei gradsutdanning

Figur 3.2 viser utviklinga i talet på studentar på studie- og utdanningstilbod av ulikt omfang i perioden 2017–2023. I 2023 var det om lag 26 000 studentar som tok fagskulegrad eller høgare fagskulegrad, og dei utgjorde heile 80 prosent av studentane. Vi ser òg av figuren at talet på studentar som tar fagskulegrad eller høgare fagskulegrad har auka gjennom heile tidsperioden, og særleg frå 2019.

Samstundes har talet på studentar òg auka, og sjølv om det heile tida har vore flest studentar som tar høgare fagskulegrad, går prosentdelen ned. I 2017 var det oppunder 60 prosent av studentane som tok høgare fagskulegrad, i 2023 var det 40 prosent.

Studentar på korte studietilbod mellom 30–59 studiepoeng låg på rundt 2 000 frå 2017 til 2019, då vart det nær ei dobling til om lag 3 700 studentar i 2021. I 2023 har studenttalet på desse studietilboda gått ned til 2 900.

Figur ‎3.2 viser tydeleg inntoget av kortare studietilbod under 30 studiepoeng i høgare yrkesfagleg utdanning 2020, med om lag 900 studentar. Gjennom pandemien og dei tiltaka som då vart tilbydt gjennom fagskulane, var det ein kraftig auke til om lag 2 700 studentar på kortare studietilbod under 30 studiepoeng i 2021. Etter ein nedgang i talet på studentar på kortare studietilbod i 2022, har det i løpet av det siste året vore ein auke på vel 850 studentar, om lag 60 prosent. Studentar på kortare studietilbod under 30 studiepoeng utgjer no 7 prosent av alle studentane.

Vi har no ei klar to-deling av studentane i høgare yrkesfagleg utdanning. Om lag 80 prosent tar anten fagskulegrad eller høgare fagskulegrad, medan om lag 20 prosent tar anten korte utdanningstilbod eller kortare studietilbod under 30 studiepoeng.

Figur ‎3.2 Studentar på fagskulegrad, korte utdanningstilbod og kortare studietilbod, 2017–2023
Merknad: stp = studiepoeng. 221 studentar på enkeltemne i 2020 er ikkje inkluderte i figuren.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.2

I tabell 3.1 er studentar på utdanningar av ulikt omfang fordelt på fagskular med offentleg og privat eigarskap i 2017, 2022 og 2023.

Av vel 13 300 studentar på høgare fagskulegrad i 2023, var om lag 8 800 ved offentlege fagskular, og om lag 4 600 ved private fagskular. Delen høgare fagskulegrad har vore stabil rundt 70 prosent ved dei offentlege fagskulane i heile perioden 2017–2023. Til samanlikning er det motsett fordeling av offentleg og privat når det gjeld studentar på fagskulegrad (60–119 stp.) Av om lag 13 000 studentar på fagskulegrad var det 8 900 studentar (70 prosent) ved private fagskular i 2023. Denne fordelinga har òg vore stabil sidan 2017. Det er altså flest studentar på høgare fagskulegradar ved offentlege fagskular og flest studentar som tek fagskulegradar ved private fagskular.

Korte utdanningstilbod mellom 30–59 studiepoeng har auka både blant offentlege og private fagskular sidan 2017. Men, den auken vi kunne sjå frå 2020 i figur 3.2 og som vi kan sjå i tabell 3.1 i 2022, var særleg tydeleg hos dei private fagskulane, og heng saman med tiltak som vart sett i gang under pandemien. I 2023 ser vi ein nedgang i desse korte utdanningstilboda, og det kan i hovudsak tilskrivast avslutting av tilbod ved Fagskolen Kristiania.

På dei kortare studietilboda under 30 studiepoeng var det 1 450 studentar ved offentlege fagskular og om lag 900 ved private fagskular, auken har høvesvis vore på om lag 550 og 300 studentar frå 2022 til 2023.

Tabell 3.1 Studentar på kortare studietilbod, korte utdanningstilbod og fagskulegradar ved offentlege og private fagskular, 2017, 2022 og 2023
 
 
2017
 
 
2022
 
 
2023
 
 
Offentleg
Privat
Totalt
Offentleg
Privat
Totalt
Offentleg
Privat
Totalt
Kortare studietilbod, under 30 stp.
. 
 . 
 . 
903
569
1 472
1 451
873
2 324
Korte utdanningstilbod, 30–59 stp.
91
1 781
1 872
634
2 425
3 059
741
2 236
2 977
Fagskulegrad, 60–119 stp.
1 908
3 147
5 055
3 635
7 284
10 919
3 807
8 921
12 728
Høgare fagskulegrad, 120 stp.
6 281
2 482
8 763
8 441
4 081
12 522
8 766
4 585
13 351
Totalt
8 280
7 410
15 690
13 613
14 359
27 972
14 765
16 615
31 380
Merknad: stp. = studiepoeng.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T3.1

Søkjarar til høgare yrkesfagleg utdanning gjennom samordna opptak

Samordna opptak har samordna opptaket til fagskulane sidan 2020, og koordinerer søking og opptak til høgare yrkesfaglege utdanningar ved 26 fagskolar i 2024. Alle offentlege fagskolar er med i det samordna opptaket, medan det er valfritt for private fagskular. I underkant av 50 % av alle fagskulane er med i det samordna opptaket, og tala representerer difor berre ein del av den samla fagskulesektoren. Utdanningane som har opptak gjennom Samordna opptak, er akkrediterte studium med eit omfang på mellom 30 og 120 studiepoeng.

Søkjartal 2024:

I 2024 er det 15 742 søkjarar til studia ved dei 26 fagskolane. 15 742 søkjarar er ein auke på 17 % frå 2023, og det har ikkje vore fleire søkjarar sidan Samordna opptak tok over opptaket.

Det vart lyst ut 494 studium med til saman 14 287 studieplassar, men det er ikkje uvanleg at fagskulane avlyser ein del studium etter søknadsfristen på grunn av låge søkjartal, manglande finansiering og andre årsaker. Grunnlaget for planlagde studieplassar og antal studium endrar seg difor i løpet av året.

Søkjartal viser hovudsakleg interessa for dei ulike studia, men det er først etter at søknadane er handsama og opptaksåret er gjennomført at vi ser korleis søkjarane er fordelt på dei tilgjengelege studieplassane.

Hovudopptak 2024:

Dei som har søkt ei fagskuleutdanning gjennom Samordna opptak fekk svar på søknaden sin 25. mai. Etter hovudopptaket kan søkjarar bli tatt inn frå venteliste, eller ein kan søke på ledige studieplassar. Sluttstatistikken viser kor mange tilbod som er gitt totalt gjennom året og kor mange studentar som møtte til studia på dei forskjellige fagskulane.

Meir informasjon om søkjartal, opptakstal og sluttstatistikk finn du her: https://www.samordnaopptak.no/info/om/sokertall/

Kjelde: (HK-dir, 2023a)

3.2 Tilgang til utdanning og geografisk spreiing

Det er eit mål at høgare yrkesfagleg utdanning skal vere tilgjengeleg i heile landet. Det er difor interessant å sjå nærare på både nettbaserte tilbod, som er lausrivne frå geografi og kor studenten bur, men òg den geografiske fordelinga av studentane.

Kor vel studentane å studere?

68 prosent av studentane følgjer stad- og samlingsbaserte utdanningar. I figur 3.3 er desse fordelte på dei ulike studiefylka. Vi ser at i fylkeskommunar med høgt innbyggjartal, er det òg fleire studentar.

Det er flest studentar i Oslo fylkeskommune, med over 3 800 studentar, og i Viken med 3 200 studentar. I Oslo fylkeskommune er det 2 700 (70 prosent) som studerer ved privat fagskule, og 1 130 studerer ved offentleg fagskule. Dette er det einaste fylket der studentar ved private fagskular er i fleirtal. I Viken er 80 prosent (2 500) studentar ved offentleg fagskule.

Både Rogaland og Vestland har like over 2 500 studentar, mens Vestfold og Telemark, Trøndelag og Innlandet har rundt 2 000 studentar. Agder og Troms og Finnmark fylke har kring 1 000 studentar, mens det i Nordland, og Møre og Romsdal er under 500 studentar.

Samanlikna med 2022, har det vore størst auke i talet på studentar i Rogaland. Der har det vore ein auke på 375 studentar siste året, auken ser vi både ved offentlege og private fagskular. I Trøndelag fylkeskommune har det vore ein auke på 360 studentar til vel 1 800 studentar totalt, hovudsakeleg ved private fagskular.

Figur 3.3 viser at om lag kvar tredje student (32 prosent) i høgare yrkesfagleg utdanning studerer ved heilt nettbaserte utdanningstilbod. Det er om lag 9 900 studentar. Vel 8 600 (87 prosent) av dei studerer ved private fagskular, medan 1 250 studerer ved offentlege fagskular. Det er 2 100 fleire studentar ved nettbasert tilbod i 2023 enn i 2022.

Figur ‎3.3 Studentar etter studiefylke og eigarskap, 2023
Merknad: Studentar på nettbaserte tilbod blir ikkje plassert i fylke, men i kategorien nettbasert undervisning.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.3

Figur ‎3.4 viser den relative fordelinga av utdanningsformer som studentane i dei ulike bustadfylka følger. Studentane sitt bustadfylke er henta frå folkeregisteret. Den geografiske fordelinga av studentar speglar både institusjonslandskapet og busettingsmønstera i landet. Det er størst del (50 prosent) studentar på stadbaserte utdanningar i Oslo og Agder. I dei fleste andre fylka følgjer om lag 30 prosent av studentane dei stadbaserte utdanningane.

Den lågaste delen på stadbasert finn vi i dei to nordlegaste fylka. I Nordland, og Troms og Finnmark, er det høvesvis om lag 15 og 20 prosent på stadbaserte utdanningar. Tilsvarande er det då høvesvis 85 og 80 prosent av studentane som tar nettbaserte tilbod med eller utan samling i desse fylka. Dette er som forventa då desse fylka har færre studiestader og lågare folketal.

Om vi ser på dei heilt nettbaserte utdanningstilboda utan samlingar, vert desse følgde av mellom 24 og 34 prosent av studentane i kvart av landets fylke. Nettbaserte utdanningar gjer det mogeleg for fleire å kunne delta på utdanning, og er ein stadig aukande utdanningsform. I kapittel ‎3.5 kjem vi nærare inn på fleksible utdanningstilbod.

Figur ‎3.4 Andel studentar etter registrert bustadfylke og utdanningsform, 2023
Merknad: Studentar der bustadfylket er ukjend, vert ikkje viste i figuren. Sjå tabellvedlegg for talet på desse studentane og ein gjennomgang av forskjellane mellom talet på studentar frå HK-dir/DBH-F og SSB.
Kjelde: SSB Vedlegg: F3.4

3.3 Fordeling av studentar på fagområde

Etterspurnaden etter praksisnær høgare yrkesfagleg utdanning i arbeidslivet er stor, særleg innan tekniske fag (Kompetansebehovsutvalget, 2022). NAV si bedriftsundersøking frå 2023 (Myklathun, 2023) peikar òg på stor mangel innan helse, bygg og anlegg, og industriarbeid. I dette kapittelet skal vi sjå korleis studentane i høgare yrkesfagleg utdanning fordel seg på kvart fagområde.

Tekniske fag er størst og veks mest

Figur 3.5 viser at dei tre største fagområda teknisk, helse og velferd, og økonomi og administrasjon held fram med å vekse. Tekniske fag er det største fagområdet, med over 13 300 studentar (42 prosent), og det er også her vi ser den største veksten frå 2022 til 2023 (1 600 studentar; 14 prosent).

Det er om lag 7 600 studentar på helse- og velferdsfag; dei utgjer 24 prosent av studentane. Auken sidan 2022 innan dette fagområdet var på like over 1 000 studentar (15 prosent).

I 2022 var det ein liten reduksjon i talet på studentar ved økonomiske og administrative fag. Fram mot 2023 har studenttalet auka med 800, som utgjer ein auke på 16 prosent. Det er i dag 5 657 studentar ved økonomiske og administrative fag.

Innan kreative fag var det 2 500 studentar, innan samferdsel var det om lag 1 400 og innan anna fag var det under 700 studentar. Innan desse fagområda held studenttalet seg stabilt. Sidan 2022, og eigentleg i heile perioden frå 2017, har det berre vore små endringar.

Figur ‎3.5 Studentar per fagområde, 2017–2023
Merknad: Studentar med uoppgitt fagområde vert ikkje vist i figuren. Sjå tabellvedlegg for tal på desse studentane.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.5

Tre dominerande fagområde

Figur 3.6 viser den relative storleiken til kvart fagområde kvart år i perioden 2017-2023. Det er i det heile ikkje store endringar frå år til år, men utviklinga over tid speglar endringar i kva kompetanse arbeidstakarar og arbeidsliv etterspør (Kompetansebehovsutvalget, 2022; Myklathun, 2023). Fylkeskommunane si prioritering av tilskot til drift, og betalingsviljen hos studentar og arbeidsgjevarar som betaler for relevante utdanningar, kan òg spele ein rolle her.

Medan studenttalet har dobla seg i perioden utgjer studentar på dei tre største fagområda ein stadig større del av studentmassen. Samstundes utgjer studentar ved kreative fag og samferdselsfag ein stadig mindre del av studentane. Utviklinga er i tråd med behova for teknologisk kompetanse og gode velferdstenester som er dei prioriterte områda for utdanning og kompetanse i utsynsmeldinga (Meld. St. 14 (2022-2023)).

Figur ‎3.6 Andel studentar etter fagområde, 2017–2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.6

Tekniske fag og helse- og velferdsfag størst i nesten alle fylka

Høgare yrkesfagleg utdanning skal svare til lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov (fagskoleloven, 2018 (§3)). Aktive studentar i kvart fylke vil derfor i viss grad òg gjenspeile lokalt og regionalt arbeidsliv og næringsstruktur.

Figur 3.7 viser den prosentvise fordelinga av studentar innan dei ulike fagområda i kvart fylke. Studentar på nettbaserte tilbod er skilde ut i ein eigen kategori.

I dei fleste fylka utgjer studentar ved tekniske fag og helse- og velferdsfaga minst to tredelar av studentmassen, og det er berre desse to fagområda som har studentar i alle fylka. For alle andre fagområde er det nokre fylke der dei ikkje er representerte. Til dømes finst det ikkje kreative tilbod i Troms og Finnmark, og ikkje samferdselstilbod i Innlandet eller Viken.

Tekniske fag er det største fagområdet nasjonalt, men òg i stort sett kvart fylke, med nokre unntak. I Troms og Finnmark går til dømes 70 prosent av studentane på tekniske fag, og tilsvarande 60 prosent av studentane i Innlandet og Vestland fylke.

Det er større variasjon i kor stor del av studentane i kvart fylke som går på helse- og velferdsfag. I Rogaland og Nordland fylke er dette fagområdet størst og står for 40 prosent av studentane. I desse fylka er det høvesvis 29 og 20 prosent på tekniske fag. I Møre og Romsdal er det berre fem prosent av studentane som studerer helse- og velferd, mens det i Vestland fylke er 11 prosent.

I Møre og Romsdal, der skipsfart er ei viktig næring, er samferdsel det største fagområdet (48 prosent).

Oslo tiltrekker seg mange studentar, og har ein stor del av studentane innan fleire fagområde. Kvar tredje student i Oslo går på kreative fag, elles har tekniske fag, helse- og velferdsfag, og økonomi- og administrasjonsfag òg betydelege delar studentar.

Figur ‎3.7 Andel studentar, fordelt på fagområde og studiefylke, 2023
Merknad: Studentar på nettbaserte tilbod blir ikkje plassert i fylke, men i kategorien nettbasert undervisning.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.7

3.4 Alder og kjønn

Figur 3.8 viser alder og kjønn på studentar i høgare yrkesfagleg utdanning i 2023. Det er 47 prosent kvinnelege og 53 prosent mannlege studentar, og 58 prosent av alle studentane er 30 år eller eldre. Snittalderen for ein student i høgare yrkesfagleg utdanning er 33 år.

Flest eldre kvinnelege og yngre mannlege studentar

Sidan 2022 har det blitt om lag 1 950 fleire kvinnelege og 1 450 fleire mannlege studentar, det utgjer en auke på 2 prosentpoeng i delen kvinner sidan 2022. Samstundes har studentane, av begge kjønn, vorte eldre. Sidan 2017 har snittalderen auka med 2 år. Men, når det gjeld alder ser vi ein tydeleg kjønnsforskjell.

Med unntak av aldersgruppene under 20 år og over 50 år, som utgjer ein særleg liten del av studentmassen, er dei kvinnelege studentane i stor grad jamt fordelt i dei ulike aldersgruppene, med over 2 300 studentar i kvar gruppe mellom 20 og 50 år. Studenttalet aukar med aukande alder, og det er over 3 300 kvinnelege studentar i aldersgruppa 41-50 år. Dei kvinnelege studentane er i snitt 35 år.

Dei mannlege studentane er i snitt 31 år, og det er større skilnad mellom aldersgruppene hos dei. Der er òg tendensen at talet på studentar blir lågare med aukande alder. Det er om lag 4 300 mannlege studentar i aldersgruppa 20-24 år, og 2 200 i aldersgruppa 41-50 år.

Figur ‎3.8 Andel studentar etter kjønn og alder, 2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.8

Kjønnsforskjellar på ulike fagområde

I figur 3.9 er studentane ved kvart fagområde fordelte etter alder. Det er blanda aldersgrupper i dei fleste fagområda, men kreative fag og samferdsel skil seg ut med større del yngre studentar. Om lag 60 prosent av studentane på desse fagområda er under 25 år. Desse studentane kjem i større grad rett frå vidaregåande opplæring, og studerer oftare på heiltid (Alne, m.fl., 2023).

Innan helse- og velferdsfag, og økonomi- og administrasjonsfag er om lag 90 prosent av studentane 25 år eller eldre. Det er innan desse fagområda studentane er eldst, og over halvparten av studentane er 35 år eller eldre.

Studentane på tekniske fag er ei meir samansett gruppe når det gjeld alder. Det er rundt 20 prosent i kvar av aldersgruppene mellom 20-34 år, og halvparten av studentane er under 30 år.

Figur ‎3.9 Andel studentar etter alder og fagområde, 2023
Merknad: Studentar med uoppgitt fagområde vert ikkje vist i figuren. Sjå tabellvedlegg for tal på desse studentane.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.9

Dei store kjønnsskilnadene vi ser innan dei ulike fagområda i høgare yrkesfagleg utdanning har halde seg nokolunde stabil over tid. I figur ‎3.10 viser fordelinga mellom kvinner og menn innafor dei ulike fagområda i 2023. I vedlegg F3.10 finn ein tala for alle åra i perioden 2017-2023.

Det er høgst del kvinnelege studentar innan dei fleste fagområda, med unntak i samferdselsfag og tekniske fag, der det i 2023 var høvesvis 93 prosent og 86 prosent menn.

Delen kvinnelege studentar var høgst innan helse- og velferdsfaga. I 2023 var det 86 prosent kvinner på det fagområdet. Målt i delen kvinner var det nest flest på økonomi- og administrasjonsfag (69 prosent) og deretter kreative fag (65 prosent).

Fleire kvinnelege studentar på tekniske fag

Sjølv om kjønnsskilnadene er nokolunde stabile, ser vi at med aukande studenttal er det òg aukande del kvinner innan dei tekniske faga. I perioden 2017-2023 har delen kvinnelege studentar på tekniske fag blitt meir enn dobla: frå 6 til 14 prosent.

I 2023 var det over 1 900 kvinnelege studentar på dette fagområdet, det var ein auke på om lag 500 frå året før, og 300 av desse var innan data-IT. Av totalt 1 900 kvinner innan tekniske fag var det i 2023 over 1 100 innan data-IT, 290 innan industri/kjemi, og 220 innan bygg og anlegg.

Fleire mannlege studentar på helse- og velferdsfag

Innan helse- og velferdsfag har det sidan 2017 vore ein svak men jamn auke i delen menn frå 10 til 14 prosent. I 2023 var det like over 1 000 mannlege studentar, av desse var det vel 650 på helsefag og vel 250 på oppvekstfag. Begge områda har auka med om lag 80 mannlege studentar siste år.

Figur ‎3.10 Andel studentar etter kjønn og fagområde, 2023
Merknad: Studentar med uoppgitt fagområde vert ikkje vist i figuren. Sjå tabellvedlegg for tal på desse studentane. Tabellvedlegget inkluderer ein tidsserie for åra 2017–2023.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.10

3.5 Studentar på fleksible utdanningstilbod

Fleksibilitet i utdanning kan dreie seg om fleire element. Det er moglegheita til å studere på deltid, at ein kan følgje tilbod som er nett- eller samlingsbasert, at fysisk undervisning er i nærleiken av der ein jobbar eller bur, fleksibel studiestart gjennom året, eller at ein kan endre utdanningsform undervegs, dersom livssituasjonen krev det.

Alle desse elementa er eksempel på korleis fagskulane legg til rette for at personar i arbeid og ulike livsfasar kan ta utdanning. Når vi veit at fagskulestudentane er eldre enn andre studentar (HK-dir, 2023b), og at mange er arbeidstakarar samtidig som dei er studentar (Alne, m.fl., 2023), er det naturleg å vente at ein stor del av dei også nytter seg av dei fleksible tilboda. Vi skal sjå nærare på utviklinga innan deltidsutdanning, nettbaserte utdanningar og kortare studietilbod under 30 studiepoeng.

Høg og aukande del deltidsstudentar

I 2023 er det om lag 22 700 deltidsstudentar i høgare yrkesfagleg utdanning, noko som betyr at 72 prosent av studentane er deltidsstudentar. Heile 90 prosent av den totale auken i talet på studentar frå 2022-2023 er deltidsstudentar. I 2017 var det 60 prosent deltidsstudentar, og i heile perioden fram mot 2023 har delen auka jamt og trutt.

Det er store skilnader mellom dei ulike fagområda, sjå figur 3.11. Medan så godt som alle studentane ved helse- og velferdsfag studerer på deltid, studerer dei aller fleste studentane ved samferdselsfag og kreative fag på heiltid. Som vi ser i tabell 3.2 under kan dette mellom anna forklarast med at studentane på helse- og velferdsfag er eldre, og at utdanninga då gjerne blir kombinert med familie og jobb. Desse forskjellane har vore stabile sidan 2017, med unntak av kreative fag, der det er ein liten auke i delen deltidsstudentar, frå 7 prosent i 2017 til 12 prosent i 2023.

Innan tekniske fag, og økonomi- og administrasjonsfag, er det ein kombinasjon av både heiltid og deltidsstudentar. På desse fagområda er det høvesvis 70 og 80 prosent deltidsstudentar. Av den totale auken på 3 400 studentar, er 2 950 (87 prosent) deltidsstudentar ved desse fagområda.

Figur ‎3.11 Studentar på heiltid og deltid etter fagområde, 2023
Merknad: Studentar med uoppgitt fagområde vert ikkje vist i figuren. Sjå tabellvedlegg for tal på desse studentane.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.11

I tabell 3.2 kan vi sjå fordelinga av studentar på heiltid og deltid etter alder. Som venta, aukar andelen studentar på deltid i takt med alder. Samstundes er heile 42 prosent av studentane i aldersgruppa 20-24 år deltidsstudentar, ein auke på tre prosentpoeng frå i fjor. Om den høge andelen skuldast at dei unge studentane òg er i jobb og difor vel å vere deltidsstudentar, eller om det heng saman med at tilbodet berre finst som deltidsutdanningar, veit vi ikkje noko om.

Sjå vedlegg V9 for detaljar om studentar etter utdanningsform og del av heiltid og deltid.

Tabell 3.2 Studentar på heiltid og deltid etter alder, 2023
Alder
Studentar på
deltid
Andel deltid per
aldersgruppe
Studentar på
heiltid
Andel heiltid per
aldersgruppe
Totalt
Under 20
49
13 %
323
87 %
372
20–24
2 806
42 %
3 803
58 %
6 609
25–29
4 211
68 %
1 953
32 %
6 164
30–34
4 310
79 %
1 159
21 %
5 469
35–40
4 325
84 %
798
16 %
5 123
41–50
5 009
90 %
536
10 %
5 545
Over 50
1 971
94 %
127
6 %
2 098
Totalt
22 681
72 %
8 699
28 %
31 380
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T3.2

Fleire studentar på nett enn i klasseromma

Det har vore ei endring i tilhøvet mellom dei tre utdanningsformane stadbasert undervisning, nettbasert undervisning og nettbasert undervisning med fysiske samlingar dei siste åra, jf. figur 3.12. Delen studentar som følgjer nettbasert undervisning med og utan samlingar har auka markant, og utgjer i 2023 to tredelar av studentmassen. Berre ein tredel av studentane følgjer stadbasert undervisning. For fyrste gong er det no like mange studentar på nettbaserte undervisningstilbod med samling, som på stadbaserte utdanningstilbod.

Som vi ser av figur 3.12. har talet på studentar på stadbaserte tilbod halde seg nokolunde stabilt på mellom 10 000 og 12 000 studentar i perioden 2018 til 2023. Dette syner at veksten i talet på studentar er knytt til dei nettbaserte formane. Berre det siste året har 3 900 fleire studentar valt dei nettbaserte utdanningstilboda med og utan samling, som no har til saman meir enn 20 700 studentar.

Figur ‎3.12 Studentar etter utdanningsform, 2017–2023
Merknad: 373 studentar i 2020 har ukjend utdanningsform, og vert ikkje vist i figuren.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.12

Utvikling i kortare studietilbod under 30 studiepoeng

Eit anna element ved fleksibel utdanning, som det har vore fokus på dei siste åra, er moglegheita til kompetanseheving gjennom små, kortare, modulbaserte studietilbod under 30 studiepoeng

Det har alltid vore studentar som har tatt enkelte emne frå ei utdanning, og ikkje heile tilbodet. Frå 2019 blei denne forma for tilbod sett meir i system gjennom tilskotsordninga Treparts bransjeprogram for kompetanse. Fagskulane fekk moglegheit til å søke dispensasjon frå det som inntil 2021 var den nedre lovlege grensa for fagskuletilbod, 30 studiepoeng. Ei lovendring i 2021 fjerna denne grensa.

Gjennom ulike tilskotsordningar, som til dømes bransjeprogram, midlar til fleksibel utdanning og industrifagskulen, er det løyvd midlar til å utvikle og/eller gjennomføre kortare studietilbod under 30 studiepoeng. Dette har gitt ein relativ stor auke i slike korte tilbod.

Tabell 3.3 viser talet på oppmeldingar til kortare studietilbod under 30 studiepoeng. Dersom ein student har meldt seg opp til to ulike tilbod, blir han telt to gonger. Tala skil seg derfor frå figur ‎3.2 der ein student blir telt ein gong. Det er relevant å vise tala på oppmeldingar på slike korte tilbod fordi det er mogleg, og ikkje uvanleg, å ta fleire slike korte tilbod i løpet av eit år. Dette i motsetnad til dei ordinære tilboda som har ei større studiebelastning.

Medan talet på unike studentar på kortare tilbod under 30 studiepoeng auka med om lag 60 prosent (Figur ‎3.2), var det meir enn 70 prosent auke frå 2022 til 2023 i talet på oppmeldingar til kortare tilbod. Det at talet på oppmeldingar aukar meir enn talet på unike individ, viser nettopp at fleire av studentane tek meir enn eitt tilbod i løpet av eit år. Som venta er det særleg innan dei tekniske faga vi finn ein auke, etterfølgt av økonomisk- og administrative fag.

Tabell 3.3 Oppmeldingar til kortare studietilbod under 30 studiepoeng fordelt på fagområde, 2022 og 2023
Fagområde
Antal
oppmeldingar
2022
Andel
oppmeldingar
2022
Antal
oppmeldingar
2023
Andel
oppmeldingar
2023
Helse og velferd
45
2 %
193
6 %
Kreativ
.
.
.
.
Samferdsel
 .
.
.
 .
Teknisk
1 119
55 %
1 856
53 %
ØkAdm
622
31 %
1 136
33 %
Anna
68
3 %
70
2 %
Uoppgitt
170
8 %
216
6 %
Totalt
2 024
100 %
3 471
100 %
Merknad: Kortare studietilbod under 30 studiepoeng skil seg frå dei lengre tilboda frå og med 30 studiepoeng ved at studentane oftare er meldt opp til fleire korte tilbod i løpet av eit år. Til dømes var det totalt 2 324 individ og 3 471 oppmeldingar til kortare tilbod i 2023.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T3.3


3.6 Opptaksgrunnlag

Flest får opptak på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse

Hausten 2023 var det om lag 17 300 nye studentar som blei tatt opp til høgare yrkesfagleg utdanning. Dette er litt over 2 200 fleire nye studentar enn ved teljepunktet i 2022.

Som ein kan sjå i figur 3.13 er yrkesfagleg kompetanse framleis det vanlegaste opptaksgrunnlaget. 58 prosent (9 900) av dei nye studentane i 2023 hadde dette som opptaksgrunnlag. Det var ein auke på 1 100 (13 prosent) sidan 2022. Sidan 2017 har talet på nye studentar auka kvart år, men delen som kjem inn i høgare yrkesfagleg utdanning på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse har lege oppunder 60 prosent i heile perioden.

I 2023 var det 3 600 nye studentar med generell studiekompetanse som opptaksgrunnlag. Det var 350 fleire studentar enn året før. Delen med generell studiekompetanse har gått ned frå 27 prosent i 2017, til 21 prosent i 2023.

Delen som vert tatt opp til høgare yrkesfagleg utdanning basert på realkompetansevurdering aukar. I 2023 var det 3 200 med realkompetanse som opptaksgrunnlag, det var om lag 800 fleire enn året før. Sidan 2017 har talet studentar med realkompetanse auka frå 950 til 3 200, og som del av opptaksgrunnlaget til alle dei nye studentane har realkompetanse nesten blitt dobla, frå 11 til 19 prosent.

Endra rapportering på opptaksgrunnlag

I 2023 vart rapportering på opptaksgrunnlag endra for å vere meir i tråd med opptaksforskrifta. Variabelen anna kompetansegrunnlag vart fjerna, og erstatta med variablane utanlandsk utdanningsbakgrunn, høgare yrkesfagleg utdanning og spesielle opptakskrav. Endringa gir fagskulane meir relevante kategoriar å rapportere på, og vil gje betre og meir korrekte data om studentane sitt opptaksgrunnlag. Totalt utgjer nye studentar på desse variablane om lag 3 prosent av alle dei nye studentane i 2023.

Figur ‎3.13 Nye studentar etter opptaksgrunnlag, haust 2017–2023
Merknad: 446 nye studentar i 2020 har ukjent opptaksgrunnlag, og vert ikkje vist i figuren. Anna kompetansegrunnlag vart fjerna hausten 2023. Studentar på kortare studietilbod er talt for heile året; dei som er talte på våren 2023 kan være registrert med anna kompetansegrunnlag.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.13

Det er klare skilnader i opptaksgrunnlag mellom dei ulike fagområda

Dei faglege skilja i opptaksgrunnlag er tydelege, og varige over tid. Figur 3.14 viser at yrkesfagleg kompetanse er klart det viktigaste opptaksgrunnlaget for studentar innan helse- og velferdsfaga, samferdsel og tekniske fag. Det er i desse fagområda vi finn flest utdanningar som tydeleg bygger på dei vidaregåande yrkesfaga, så samanhengen og stabiliteten er føreseieleg. Tydelegast er denne samanhengen i helse- og velferdsfaga, der fagbrev og realkompetanse nesten er einerådande.

Innan tekniske fag er nesten kvar femte student (18 prosent) tatt opp på grunnlag av realkompetanse, ein auke på 4 prosentpoeng sidan 2022. I 2022 blei 15 prosent tatt opp på grunnlag av generell studiekompetanse, eitt prosentpoeng ned frå året før. Data/IT-fag ligg under dei tekniske faga, men skil seg frå dei andre meir tradisjonelle tekniske faga når ein ser på opptaksgrunnlaget. Over 90 prosent av studentane på tekniske fag med opptak på grunnlag av generell studiekompetanse studerer data/IT-fag. Opptaksgrunnlaget for dei andre meir tradisjonelle tekniske faga er i hovudsak yrkeskompetanse følgt av realkompetanse.

I samferdselsfaga er det i all hovudsak studentar i dei maritime faga som har fagbrev som opptaksgrunnlag, medan generell studiekompetanse er det vanlegaste opptaksgrunnlaget innan luftfartsfaga. I dei kreative faga er studentane i all hovudsak tatt opp på grunnlag av generell studiekompetanse. Sjølv om det finst ulike kreative studieretningar på vidaregåande, gir alle desse berre generell studiekompetanse.

Det er størst breidde i opptaksgrunnlaga til økonomi- og administrasjonsfag og anna fag. Her finn vi at medan yrkesfagleg kompetanse er den største kategorien, opptar generell studiekompetanse og realkompetanse ein betydeleg del av opptaksgrunnlaget.

Figur ‎3.14 Nye studentar etter opptaksgrunnlag per fagområde, haust 2023
Merknad: Studentar med uoppgitt fagområde vert ikkje vist i figuren. Sjå tabellvedlegg for tal på desse studentane. Anna kompetansegrunnlag vart fjerna hausten 2023. Studentar på kortare studietilbod er talt for heile året; dei som er talte på våren 2023 kan være registrert med anna kompetansegrunnlag.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.14

Opptaksgrunnlag og alder heng saman

I Figur 3.15 ser vi korleis aldersfordelinga er mellom nye studentar hausten 2023, fordelt på dei ulike opptaksgrunnlaga. Det er ein overvekt av yngre studentar under 30 år som får opptak på grunnlag av generell studiekompetanse (63 prosent), spesielle opptakskrav (65 prosent) og høgare yrkesfagleg utdanning (52 prosent).

Til samanlikning ser vi at det er ein større del på 30 år eller eldre som får opptak på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse (59 prosent). For studentar tatt opp på grunnlag av utanlandsk utdanning, er fordelinga nær 50/50.

Studentar tatt opp på grunnlag av realkompetanse skil seg, som i fjor, ut frå dei andre studentane i større grad i høve til alder. Om lag tre firedelar av studentane med opptak på grunnlag av realkompetanse er 30 år eller eldre. Dette er i tråd med forventingane, då ein med unntak av enkelte kunstutdanningar må vere fylt 23 år for å kunne bli tatt opp på grunnlag av realkompetanse.

Figur ‎3.15 Nye studentar ved studiestart etter opptaksgrunnlag og alder, haust 2023
Merknad: Seks studentar med anna kompetansegrunnlag er ikkje inkludert i figuren. Anna kompetansegrunnlag vart fjerna hausten 2023. Studentar på kortare studietilbod er talt for heile året; dei som er talte på våren 2023 kan være registrert med anna kompetansegrunnlag.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.15

Fleire får opptak på grunnlag av realkompetanse

Fagskulane har i mange år hatt ein relativt høg del opptak på grunnlag av realkompetanse, særleg innan dei tradisjonelle yrkesfaga. Opptak på grunnlag av realkompetanse betyr at fagskulen vurderer om søkaren har kunnskap, ferdigheiter og kompetanse som svarar til opptakskrava for utdanninga, når studenten ikkje har dokumentert kompetanse frå vidaregåande nivå. Dette er ein måte å anerkjenne kompetanse på andre måtar enn gjennom det formelle utdanningssystemet.

Regjeringa har ei målsetting om auka bruk av realkompetansevurdering ved opptak til vidareutdanningstilbod ved både høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning (Kunnskapsdepartementet, 2023a). Med dei store utfordringane vi står overfor i dag, med eit høgt tal på menneske som står utanfor både utdanning og arbeid, samstundes som arbeidslivet treng fleire folk, vert det stadig viktigare å ta i bruk realkompetansevurdering for å bidra til å få folk utan formell kompetanse inn i arbeidslivet. Tala her viser at fagskulesektoren ligg godt an i dette arbeidet.

I 2023 blei heile 19 prosent av alle nye studentar, tilsvarande om lag 3 200, tatt opp på grunnlag av realkompetanse (jamfør figur ‎3.13 over). Dette er ein auke på 3 prosentpoeng i høve til opptaket av nye studentar i 2022. I Figur 3.16 ser vi korleis realkompetanse som opptaksgrunnlag i dei ulike fagområda har vore nytta i perioden 2017–2023. Det er særleg innan tekniske fag at det har blitt betydeleg auka bruk av realkompetanse som opptaksgrunnlag. Dei siste åra stod økonomi- og administrasjonsfaga for den største delen av studentane tatt opp på grunnlag av realkompetanse, men i 2023 gjekk tekniske fag forbi og står for over ein tredjedel (36 prosent) av desse studentane.

Figur ‎3.16 Nye studentar tatt opp på grunnlag av realkompetanse fordelt på fagområde, haust 2017–2023
Merknad: Studentar med uoppgitt fagområde vert ikkje vist i figuren. Sjå tabellvedlegg for tal på desse studentane.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.16

Kva er realkompetanse?

Realkompetanse er kompetanse du har opparbeidd deg gjennom erfaring frå jobb, utdanning, kurs og interesser. Ei realkompetansevurdering er prosessen å vurdere og verdsetje denne kompetansen, og dermed ein moglegheit til å få anerkjenning for denne erfaringa.

Realkompetanse kan erstatte nokre av faga du treng for å oppnå yrkeskompetanse, og vert vurdert som like verdifullt som bestått utdanning. Erfaringa di er viktig! Det finst nokre unntak der realkompetansevurdering ikkje kan brukast for opptak som gjeld yrkesgodkjenning, autorisasjon eller sertifisering etter anna lovgiving.

Realkompetansesøkjarar kan ikkje poengbereknast og får derfor ei individuell skjønnsmessig vurdering av eigen dokumentert kompetanse. Alle som søkjer opptak på bakgrunn av realkompetanse må kartleggja og dokumentera si eiga erfaring. Eksemplar på dokumentasjon kan være utfyllande attest frå arbeidsgjevar, samtale/intervju, digitale medium som viser teknisk arbeid med meir.

Kvar enkelt fagskule har eigne reglar for kva som er godkjent realkompetanse til egne utdanningar. Derfor er det viktig å kontakte kvar enkelt institusjon for meir informasjon om kva dei krev av deg som søkjer i ein slik prosess.

Utdanning.no og Samordnaopptak.no kan ein lese meir om realkompetansevurdering.

Rettleiar for bruk av realkompetansevurdering

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) arbeider for å fremja bruken av realkompetansevurdering og har fleire tiltak for kompetanseheving retta mot ansvarlege institusjonar. HK-dir har mellom anna utvikla rettleiarar for opptak og fritak i høgare yrkesfagleg utdanning på bakgrunn av realkompetansevurdering. Rettleiarane og annan informasjon retta mot institusjonar som forvaltar ordning for realkompetansevurdering, finst på https://hkdir.no/realkompetansevurdering

Kjelde: HK-dir

3.7 Uteksaminerte studentar

I 2023 blei det uteksaminert rett under 11 400 studentar, om lag 1 200 (12 prosent) fleire enn i 2022. Dette er meir enn ei dobling av talet på uteksaminerte studentar sidan 2017, samt ein markant auke samanlikna med 2022 - då den tilsvarande auken frå 2021 var om lag 300 uteksaminerte studentar. Alle som har fullført eit heilt vitnemålsgjevande utdanningstilbod vert rekna som ein uteksaminert student. Det kan være alt frå ei gradsutdanning på to år, til eit vitnemålsgjevande tilbod på til dømes fem studiepoeng.

Talet på uteksaminerte studentar aukar framleis

Figur ‎3.17 viser talet på uteksaminerte studentar i 2023, fordelt på fagområde. Det er ein markant oppgang uteksaminerte studentar i 2023 samanlikna med tidlegare år, men denne auken er ikkje fordelt likt på dei forskjellige utdanningsområda. I vedlegg F3.17 finn ein tal frå 2017 frem til 2023; i det følgjande vil desse tala bli kommentert.

I hovudsak er det innan tekniske utdanningar, og først og fremst på kortare studietilbod, vi ser den største auken. Det blei uteksaminert over 400 (93 prosent) fleire studentar på kortare tekniske studietilbod i 2023 samanlikna med 2022. Samstundes blei det uteksaminert om lag 440 fleire på høgare fagskulegrader (25 prosent auke) og om lag 220 fleire på fagskulegrader (48 prosent auke). Til saman står tekniske fag for om lag 90 prosent av dei litt over 1 200 fleire uteksaminerte studentane i 2023. Auken fordeler seg relativt jamt på dei tekniske utdanningstypane bygg og anlegg (286 fleire studentar), Data-IT (387), elektro/energi (234) og industri/kjemi (240).

Tekniske utdanningar er blant dei fagskuleutdanningane det er størst etterspørsel etter. Med utviklingstrender som grøn og digital omstilling, er det naturleg at mykje av kompetansehevinga må skje i arbeidslivet for å dekke kompetansebehova (Kompetansebehovsutvalget, 2023). Det at det er ein så stor auke for kortare studietilbod innanfor tekniske fag, kan tyde på at fagskulane bidreg til nettopp dette.

Medan talet på uteksaminerte studentar innan helse og velferd og kreative fag held seg meir eller mindre stabilt, ser vi ein nedgang for både økonomi og administrasjon og samferdsel. For samferdsel skuldast nedgangen i hovudsak færre uteksaminerte studentar innan høgare fagskulegrader - ned om lag 140 studentar, eller 27 prosent, samanlikna med 2022. For økonomi og administrasjon finn vi den største nedgangen på kortare studietilbod, med nesten ei halvering av talet på uteksaminerte studentar både i 2022 og 2023. For helse og velferd ser vi òg ei markant endring i uteksaminerte på kortare studietilbod, nesten 50 prosent nedgang frå 2022 (frå 456 til 234 studentar). Til gjengjeld aukar talet på studentar med fagskulegrad innan helse og velferd med om lag 17 prosent (270 studentar).

Figur ‎3.17 Uteksaminerte studentar med fagskulegrad og høgare fagskulegrad per fagområde, 2023
Merknad: stp = studiepoeng. Studentar med uoppgitt fagområde vert ikkje vist i figuren. Sjå tabellvedlegg for tal på desse studentane.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.17

3.8 Studiepoengproduksjon og fullføring på normert tid

Kva fortel studiepoeng og fullføring oss?

I kor stor grad studentar fullfører utdanninga si på normert tid er mykje brukt som mål på kvaliteten i utdanningar. Studentane sin suksess, blir eit mål på fagskulane sin suksess. Samstundes er det eit mål at ein ikkje skal bruke lengre tid på utdanninga enn naudsynt, då ein tradisjonelt ikkje er produktiv i arbeidsmarknaden når ein er student.

Samstundes som vi ser på fullføringsgrad som ein indikator på kvalitet, er det eit stort fokus på å gjere utdanning meir tilgjengeleg for fleire, noko som òg tilseier auka fleksibilitet i alle moglege formar. I fagskulesektoren har vi til dømes sett eit stort skifte i retning av fleire deltidsstudentar, og studentane har ein god tilknyting til arbeidslivet både før, under og etter studiet. Auka grad av fleksibilitet i utdanningane utfordrar tanken om normert tid som eit mål på kvalitet. Fleksibel studiestart gjennom heile året, moglegheit til å skifte mellom deltid og heiltid eller stad- og nettbasert, eller moglegheita til å ta ein, to eller fleire modular suksessivt eller når det måtte passe; dette er formar for fleksibilitet som gjer det enkelt for arbeidstakarar å hoppe på og av utdanningstilbod, men som utfordrar fullføring på normert tid som eit mål på kvalitet. Det er derfor nyttig å sjå i kva grad studentane fullfører utdanninga si både eitt og to semester etter normert tid.

Før vi ser på tala for fullføring på normert tid pluss eitt og to semester, vil vi sjå nærare på studiepoengproduksjonen som ein alternativ indikator på kvalitet og kor godt fagskulane leverer. Ved å sjå på den samla studiepoengproduksjonen i lys av den forventa produksjonen kvart år, reknar vi alle avlagte eksamenar, uavhengig av om heile utdanningstilbodet er fullført eller ikkje.

Nedgang i forventa studiepoengproduksjonen under pandemien

Tabell 3.4 syner kor mange studiepoengeiningar som var venta avlagt per år, på grunnlag av kva tilbod studentane var melde opp til, og kor mange studiepoengeiningar som vart avlagt same året.

Vi ser at over 80 prosent av alle forventa studiepoeng vert avlagte kvart år, med unntak av i 2020 og 2021. Den lågare andelen produserte studiepoeng i desse åra, heng nok saman med pandemien, og vi kan vente å sjå dette igjen som lågare fullføring på normert tid i åra etter. Vi veit at dei fleste studentane studerer på deltid og på utdanningar over eitt eller to år. Derfor vil mange av studentane som studerte i 2020 og 2021 ha normert tid for fullføring i 2022 og 2023. På same måte kan vi vente at fullføringstala vil auke igjen etter 2023, ettersom dagens studentar har ein like høg studiepoengproduksjon som studentane før pandemien. Når vi ser på andel produserte studiepoeng kvart år, kan vi truleg sjå konsekvensen av fråfall tidlegare enn når vi ventar til normert tid.

Tabell 3.4 Forventa og produserte studiepoengeiningar, 2017–2023
År
Forventa
studiepoengeiningar
Produserte
studiepoengeiningar
Andel av
forventa
2017
10 908
9 092
83 %
2018
11 317
9 191
81 %
2019
12 124
10 262
85 %
2020
14 242
11 286
79 %
2021
16 841
13 013
77 %
2022
17 533
14 239
81 %
2023
18 683
15 463
83 %
Merknad: Ein studiepoengeining er 60 studiepoeng, tilsvarande eitt års studiar på full tid.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T3.4

Lågare fullføring for kulla som starta under pandemien

I tabell 3.5 ser ein årstal for normert tid og talet på studentar som har venta normert tid på fullføring av si utdanning det aktuelle året. Vi har òg inkludert normert tid pluss eit semester og eit år for å ta omsyn til forseinkingar og fleksible utdanningar, og for å få tal som er meir stabile og samanliknbare.

Tabellen viser at fullføring på normert tid pluss eitt semester låg på 59 prosent i 2023. Dette er ein tydeleg nedgang samanlikna med åra før. Fullføringa har i grunnen gått jamt nedover med eitt prosentpoeng frå 66 prosent i 2019 til 63 prosent i 2022, og ned fire prosentpoeng siste året.

Den store nedgangen i fullføringstala vi ser i 2023 er, som forklara over, noko ein kunne forvente. Studentane produserte færre studiepoeng enn forventa ut frå oppmeldingar i 2020 og 2021, og har då ikkje kome i mål med utdanninga på normert tid pluss eit semester i 2023. Det blir interessant å sjå om ein større del av desse studentane klarer å fullføre innan normert tid pluss eit år.

Tabell 3.5 Fullføring på normert tid + 1 år, 2018–2023
Årstal
normert tid
Antal opptatte
studentar
Andel fullført
på normert tid
Andel fullført
på normert tid
+ 1 semester
Andel fullført 
på normert tid
+ 1 år
2018
8 332
59 %
65 %
67 %
2019
7 439
64 %
66 %
68 %
2020
8 535
59 %
65 %
67 %
2021
9 734
61 %
64 %
66 %
2022
10 430
58 %
63 %
64 %
2023
11 294
58 %
59 %
.
Merknad: Nokre fagskular og fag er ekskludert frå fullføringstala grunna enkelte utfordringar knytt til registrering og rapportering. Dette er omtala i merknaden til vedleggstabellen.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T3.5

Som alltid er det variasjonar i graden av fullføring mellom dei ulike fagområda. Figur ‎3.18 viser fullføring på normert tid pluss eit år, det vil seie at tala for 2023 manglar eit semester. Som vi ser av tabell 3.5 kan ein forvente 1-2 prosentpoeng auke i tala når tal for siste semester blir lagt til.

Det er ein nedgang i fullføring innan alle fagområde, med unntak av tekniske fag og kategorien anna som ligg på nivå med tidlegare år. Det er jamvel store variasjonar mellom ulike tekniske fag. Elektro/energi kjem godt ut med 73 prosent, medan petroleumsfaga ligg lågast med 35 prosent fullføring.

Nedgangen er mest markant i samferdselsfaga, frå 79 til 67 prosent, sjølv om dei framleis ligg relativt høgt i fullføringsgrad i høve til andre fagområde. Nedgangen er òg synleg i dei maritime faga. Det er mogleg at nedgangen kan knytast til pandemien. Desse faga vert i all hovudsak tilbydd som stadbaserte fulltidsutdanningar over to år. Saman med eit stort innslag av simulatortrening, er det nærliggande å tenke seg at det er fleire av studentane som starta på utdanningane under pandemien som anten har slutta eller er forseinka. Stadbasert og fulltid er variablar som til vanleg heng saman med høg fullføringsgrad, men gitt utfordringane pandemien baud på, er det ikkje unaturleg at dette fekk ein motsett verknad i desse åra.

Helse- og velferdsfaga har framleis ei låg gjennomføring. Som tidlegare år er det helseutdanningane som ligg lågast med 49 prosent, ein nedgang frå 56 prosent i 2022. Oppvekstfaga har ein fullføringsgrad på 61 prosent, mot heile 69 prosent året før. Dette er eit fagområde der dei aller fleste tilboda er 60 studiepoeng deltid. Det vil seie at dei som var venta fullført våren 2023 starta på utdanninga hausten 2021.

Dei kreative faga har òg ein markant nedgang frå eit stabilt, høgt nivå tidlegare år. Det er store variasjonar mellom dei ulike fagskulane på dette fagområdet. Medan nokre har ei styrka fullføring, er det andre som har ein nedgang. Det er særleg Fagskulen Kristiania som har ein markant nedgang i fullføringstala som påverkar det samla bilete.

Faggruppa anna har lege stabilt kring 67 prosent dei siste tre åra. I denne kategorien finn vi dei grøne faga, mat og drikke, religion og skjønnhetspleie.

Figur ‎3.18 Fullføringsgrad på normert tid + 1 år per fagområde for utdanningstilbod mellom 30 og 120 studiepoeng, 2021–2023
Merknad: Tala for 2023 viser normert tid + 1 semester. Studentar med uoppgitt fagområde vert ikkje vist i figuren. Sjå tabellvedlegg for tal på desse studentane. Nokre fagskular og fag er ekskludert frå fullføringstala grunna enkelte utfordringar knytt til registrering og rapportering. Dette er omtala i merknaden til vedleggstabellen og i metodekapitelet.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.18

Særleg utfordrande for dei nettbaserte tilboda

Vi ser ein stor nedgang i fullføringstala for dei nettbaserte tilboda som no er nede på 45 prosent fullføring, mot 51 prosent for samanliknbar periode i 2022. Vi ser derimot at fullføringa aukar ein del for dei nettbaserte tilboda når vi tel med det ekstra semesteret for å ta høgde for varierande studiestart, og fullføringa for 2022 endar på 56 prosent som vi ser av figur ‎3.19.

Studentane på helse- og velferdsfaga utgjer ein stor del av studentane på nettbaserte tilbod. Den låge fullføringa på nettbaserte tilbod må derfor sjåast i samanheng med utfordringar knytt til denne studentgruppa spesielt. Både høgare alder og jobbtilhøve kan tenkast å vere forklarande faktorar på låg fullføring, i tillegg til utdanningsforma nettbasert i seg sjølv. Dei nettbaserte studentane på helse- og velferdsfaga har ei fullføring på berre 40 prosent i 2023.

Til samanlikning har dei nettbaserte studentane i økonomi- og administrasjonsfaga ei fullføring på 54 prosent. I dei tekniske faga, som her i all hovudsak er data/IT-fag, er fullføringa på 63 prosent. Desse to siste gruppene utgjer ein mykje mindre del av studentmassen enn helse- og velferdsstudentane.

Utdanningsformane stadbasert og nettbasert med samlingar har begge gått ned til høvesvis 63 og 61 prosent, frå høvesvis 67 prosent og 65 prosent i 2022. Særleg for dei stadbaserte tilboda kan ei mogleg forklaring vere overgangen til ulike nettløysingar under pandemien. Fleire av faga som har stadbasert undervisning har mykje bruk av utstyr som kan vere vanskeleg å overføre til nett. Dette kan likevel ikkje vere heile forklaringa. Det er særleg samferdsel og økonomi- og administrasjonsfaga som trekk ned fullføringstala for dei stadbaserte tilboda. Dei stadbaserte tekniske faga har ein fullføringsgrad på 66 prosent, medan dei stadbaserte helse- og velferdsfaga ligg på 62 prosent fullføring.

Figur ‎3.19 Fullføringsgrad på normert tid + 1 år etter utdanningsform for utdanningstilbod mellom 30 og 120 studiepoeng, 2021–2023
Merknad: Tala for 2023 viser normert tid + 1 semester. Nokre fagskular og fag er ekskludert frå fullføringstala grunna enkelte utfordringar knytt til registrering og rapportering. Dette er omtala i merknaden til vedleggstabellen og i metodekapitelet.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.19

Framleis høgare fullføring for heiltidsstudentane

Heiltidsstudentane har til vanleg hatt ein høgare fullføringsgrad enn det deltidsstudentane har hatt. Det har dei framleis, sjølv om fullføringsgraden for alle studentar går ned. Figur ‎3.20 viser fullføringsgraden på heiltid og deltid dei tre siste åra.

Fullføringsgraden på heiltid låg på rundt 70 prosent i 2021 og 2022, men det siste året gjekk han ned til 66 prosent. For deltidsstudentane har fullføringsgraden gått ned begge dei to siste åra, og gjekk frå 64 prosent i 2021 til 56 prosent i 2023.

Desse endringane heng tydeleg saman med endringane vi såg på dei ulike fagområda i figur ‎3.18 over. Av heiltidsstudentane utgjer studentane på fag og samferdselsfag ein stor del. Den låge fullføringsgraden i desse fagområda bidreg derfor mykje til den store nedgangen i fullføring i heiltidsutdanningane. Nedgangen i fullføring for deltidsutdanningane heng saman med dei låge tala for helse- og velferdsfaga.

Figur ‎3.20 Fullføringsgrad på normert tid + 1 år etter heiltid og deltid, for utdanningstilbod mellom 30 og 120 studiepoeng, 2021–2023
Merknad: Tala for 2023 viser normert tid + 1 semester. Nokre fagskular og fag er ekskludert frå fullføringstala grunna enkelte utfordringar knytt til registrering og rapportering. Dette er omtala i merknaden til vedleggstabellen og i metodekapitelet.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.20

3.9 Overgangar mellom fagskular og universitet/høgskular

Kvart år vel nokre av studentane som er uteksaminert frå høgare yrkesfagleg utdanning å bli student ved eit universitet eller ein høgskule. På same måte er det kvart år studentar som startar på ein høgare yrkesfagleg utdanning som har bakgrunn frå eit universitet eller høgskule.

Overgangsordningane for studentar som flyttar seg mellom dei to utdanningssektorane er ikkje godt utvikla eller koordinert på tvers av institusjonar. Dette kan tidvis føre til unødige utfordringar for dei som ønskjer å bevege seg på tvers av sektorar. I fagskulemeldinga (Meld. St. 9 (2016–2017)) blei det presentert fleire tiltak for å legge til rette for overgangar mellom høgare yrkesfagleg utdanning og universitet/høgskular.

I 2021 lyste Diku (no HK-dir) ut slike midlar til samarbeidsprosjekt mellom fagskular og universitet/høgskular. Per april 2024 er alle prosjekta avslutta. Samarbeidsprosjekta har bidratt til betre forståing ved universitet og høgskular av kva høgare yrkesfagleg utdanning er, samstundes som at det er element i lov og forskrift knytt til opptak og godkjenning av delar av utdanninga som kan vere til hinder for likebehandling og føreseielegheit for søkarar. For å unngå unødige hindringar for godkjenning av allereie oppnådd læringsutbyte, peiker samarbeidsprosjekta på at det bør sjåast nærare på forståinga av studiepoengomgrepet i UH og HYU; kva formar for høgare yrkesfagleg utdanning som kan kvalifisere til opptak til bachelorutdanning; og tilrettelegging for meir informasjons- og erfaringsdeling om overgangsordningar.

Overgang frå universitet eller høgskule til høgare yrkesfagleg utdanning

Vi veit lite om kva som ligg til grunn for at studentar tidlegare registrert ved eit universitet eller ein høgskule vel å søkje seg til høgare yrkesfagleg utdanning. Det kan til dømes vere at dei ønskjer å utvide kompetansen sin med ei praktisk retta utdanning for å lettare å kome ut i arbeid, eller betre møte kompetansebehova innan feltet dei allereie jobbar innan. Det kan også tenkast at det er studentar som har valt feil, og heller ønsker ei anna og meir yrkesretta utdanning.

Andelen studentar i høgare yrkesfagleg utdanning som tidlegare har vore registrert som student ved ein høgskule eller et universitet ligg på om lag 26 prosent i 2023, ein liten oppgang på 2 prosentpoeng frå året før, og den høgste registrerte andelen i perioden 2017-2023.

I Figur 3.21 ser vi kor stor del av studentane innanfor dei forskjellige fagområda i høgare yrkesfagleg utdanning som òg har bakgrunn frå eit universitet eller ein høgskule.

Figur ‎3.21 Andel fagskulestudentar tidlegare registrert ved UH-institusjon, fordelt på fagområde, 2017–2023
Merknad: Studentar med uoppgitt fagområde vert ikkje vist i figuren. Sjå tabellvedlegg for tal på desse studentane.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F3.21

Med unntak av samferdsel, ser vi ei jamn auke over tid i andelen med bakgrunn frå universitet eller høgskule innan alle fagområda. Den høgaste andelen finn vi innan økonomi og administrasjon, med 38 prosent i 2023. Andelen er framleis noko lågare enn toppunktet i 2021 (39 prosent), men høgare enn fjoråret (37 prosent), og ligg konsekvent høgare enn dei andre fagområda. I tal på studentar representerer dette ein auke på omtrent 200 studentar samanlikna med fjoråret. Kandidatundersøkinga til NIFU viser at mange av studentane innan økonomi- og administrasjonsfaga bruker utdanninga som ei omskolering (Alne, m.fl., 2023), men vi veit ikkje om dette spesifikt gjeld studentane med UH-bakgrunn.

Vi ser derimot at andelen med UH-bakgrunn i dei kreative faga no er nesten like høg som for økonomi og administrasjon, på heile 37 prosent i 2023, noko som utgjer 940 studentar totalt. Andelen med UH-bakgrunn innan kreative fag er òg den som har auka mest dei siste åra, med ein oppgang på 8 prosentpoeng sidan 2021. Det er verdt å merke at i faktiske studenttal er dette ein auke på rett i overkant av 50 studentar på to år. Den høge andelen studentar i kreative fag med bakgrunn frå UH er eit døme på at dei kreative faga skil seg frå andre fagskuleutdanningar når det gjeld kven dei rekrutterer og deira motivasjon for å ta utdanning innan kreative fag.

Innan dei to største fagområda, helse og velferd og teknisk, ser vi framleis auke i 2023, med andel studentar med bakgrunn frå UH-sektoren på høvesvis 21 og 23 prosent. Dette representerer ein oppgang på høvesvis 1 og 3 prosentpoeng frå fjoråret, om lag 320 og 590 studentar. Der andelen lenge var høgast på helse og velferd, ligg no teknisk hakket over etter mange år med jamn auke. Det er verdt å merke at for tekniske fag har andelen meir enn dobla seg sidan 2017, då andelen låg på 9 prosent, noko som utgjer ein auke på rett i underkant av 2500 studentar. Denne tendensen ser ut til å halde fram.

Til slutt ser vi at det er færrast studentar med bakgrunn frå universitet og høgskular innan samferdselsfaga (10 prosent), og at denne andelen ser ut til å minke, i motsetning til dei andre fagområda. Sjølv om vi ser ein marginal auke på 1 prosentpoeng frå fjoråret, har andelen gått ned 3 prosentpoeng sidan 2020. Her er det viktig å merke at samferdselsfaga utgjer den minste andelen av studentmassen i fagskulesektoren, med rett under 1 400 studentar. Ein relativt liten oppgang eller nedgang i talet studentar med bakgrunn frå høgare utdanning vil dermed gi større utslag i form av prosentvis endring. Til dømes utgjer nedgangen på 3 prosentpoeng frå 2020 om lag 70 studentar.

Studentar registrert ved eit universitet eller ein høgskule etter avslutta høgare yrkesfagleg utdanning

Overgangar frå høgare yrkesfagleg utdanning til utdanning ved universitet og høgskule, handlar nok fyrst og fremst om eit ønskje om vidare utdanning på høgare nivå. Innan dei kreative faga veit vi at det er fleire som bruker høgare yrkesfagleg utdanning som eit utgangspunkt for å kvalifisere seg til ein kunstutdanning på kunsthøgskule. Innan tekniske fag veit vi òg at det er ein del studentar som søkjer seg inn på ingeniørutdanningar etter at dei har fullført ein høgare fagskulegrad (UHR, 2021).

Tabell 3.6 viser tal på uteksaminerte fagskulekandidatar det året dei vart uteksaminert, og kor mange av desse som seinare er registrerte som student ved eit universitet eller høgskule. Av dei rundt 9 600 studentane som avslutta ein høgare yrkesfagleg utdanning på 30 studiepoeng eller meir i 2023, var det rett i underkant av 900 som gjekk vidare til anna høgare utdanning. Biletet er nokolunde likt for kvart kull. Om lag ti prosent går vidare same året dei er ferdige, og så aukar talet litt for kvart år som går. Av studentane som vart uteksaminert i 2017 er det no 23 prosent som har gått vidare til eit universitet eller høgskule.

Tabell 3.6 Fagskulekandidatar med fullført utdanningstilbod over 30 studiepoeng, seinare registrerte ved UH-institusjon, 2017–2023
Årstal
Tal på
fagskulekandidatar
Tal på fagskulekandidatar
seinare registrert ved UH
(per 15. mars 2023)
Andel
fagskulekandidatar
seinare registrert ved UH
2017
5 618
1 278
23 %
2018
6 094
1 239
20 %
2019
6 145
1 232
20 %
2020
7 013
1 412
20 %
2021
8 265
1 411
17 %
2022
8 865
1 180
13 %
2023
9 655
892
9 %
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T3.6

I tabell 3.7 ser vi nærare på andel overgangar i høve til talet på uteksaminerte per fagområde i 2023. Det er klart ein størst andel av studentane innan kreative fag som går vidare til anna høgare utdanning same året som dei avsluttar si høgare yrkesfaglege utdanning. Heile 19 prosent av alle som vart uteksaminert frå kreative utdanningar i 2023, vart registrert ved eit universitet eller høgskule same år – ei 3 prosentpoeng auke frå året før. I økonomi- og administrasjonsfaga var det 11 prosent av dei uteksaminerte som gjekk direkte vidare, medan det i helse- og velferdsfaga var åtte prosent.

Tabell 3.7 Fagskulekandidatar med fullført utdanningstilbod over 30 studiepoeng, seinare registrerte ved UH-institusjon, fordelt på fagområde 2023
Fagområde
Tal på
fagskulekandidatar
Tal på
fagskulekandidatar
seinare registrert
ved UH
Andel
fagskulekandidatar
seinare registrert
ved UH
Helse og velferd
2 431
198
8 %
Kreativ
1 137
218
19 %
Samferdsel
536
16
3 %
Teknisk
3 215
188
6 %
ØkAdm
1 931
217
11 %
Anna
399
55
14 %
Uoppgitt
6
0
0 %
Totalt
9 655
892
9 %
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T3.7

Med nye studentar meiner vi studentar som har starta på eit nytt studietilbod i høgare yrkesfagleg utdanning på hausten.

Ein studiepoengeining er 60 studiepoeng, tilsvarande eitt års studiar på full tid.