Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2024

4. Fagskular og utdanningstilbod

Høgare yrkesfagleg utdanning skal halde høg kvalitet og vere tilgjengeleg i heile landet. Fagskulemeldinga frå 2017 ga ei tydeleg føring for den institusjonelle utviklinga i høgare yrkesfagleg utdanning, der fagskulane vart oppfordra til både samarbeid og fusjonar. Det vart fremja at «Større enheter kan gi større faglig tyngde og kapasitet i fagmiljøene, i studentdemokratiene og i ledelse og administrasjon, noe som på sikt vil bidra til økt kvalitet i utdanningen.» (Meld. St. 9 (2016–2017), s. 56).

I åra etter stortingsmeldinga har vi sett at mange fagskular har slått seg saman og blitt større. Både fylkeskommunale og private fagskular har tatt oppmodinga og samla seg til større einingar, men i stor grad halde på dei ulike studiestadane, og i tillegg oppretta nye. Resultatet er ein større breidde i utdanningstilboda, både når det gjeld faginnhald, omfang og modellar for gjennomføring.

I 2023 tel vi 60 fagskular, 16 offentlege og 44 private, med 175 studiestader og 1866 utdanningstilbod. Bak tala ser vi ein mangfaldig sektor, med store variasjonar innan storleik, geografisk spreiing, eigarform, fagleg tilbod, med meir.

4.1 Fagskular og studiestader

Kvart år ser vi institusjonelle endringar i høgare yrkesfagleg utdanning. Nye fagskular kjem til, nokre blir lagde ned, medan andre fagskular vert slått saman eller splitta opp. Talet på studiestadar endrar seg òg kvart år, og til og med i løpet av året. Difor opererer vi med eit augneblinksbilete på hausten når vi tel fagskular og studiestadar.

At fagskulesektoren er dynamisk, og jobbar i tett samarbeid med arbeidslivet om korleis møte kompetansebehova, er ein klar styrke. Det er ein fordel at det vert etablert studiestader for å svare på kompetansebehovet der det er, og i den perioden behovet er der. Vi ser òg at nye aktørar opprettar fagskular for å svare ut «kompetansehull» i arbeidslivet, døme på dette er mellom anna innan oppvekstfag (Fagskolen Din Kompetanse), IT-fag (Get Academy) og teknisk område (Brann- og redningsskolen).

Samanslåingane gir meir robuste einingar med større fagmiljø. Samstundes veit vi at det er både krevjande og utfordrande med samanslåingsprosessar. Det same kan ein seie om oppsplittingar, som vi no kan møte etter fylkesoppsplittingar.

Viss ein tek eit steg tilbake, teiknar det seg eit bilete av ein mangfaldig og dynamisk sektor, der institusjonane i tida etter meldinga i 2017 har manøvrert mellom det å svare ut ytre forventningar frå samfunnet som arbeidslivets skule, handtere ein kraftig vekst i studenttalet og utvikling i utdanningstilbodet, og bygge opp institusjonar som evnar å vere fleksible. I det vidare skal vi sjå nærare på institusjonane som utgjer sektoren.

Endringar i institusjonsbilete i 2023

Hausten 2023 var det 60 fagskular som rapporterte aktivitet på 175 studiestader. Det er to fleire fagskular enn i 2022, og fem fleire studiestader. Veksten i studiestader heng saman med at fagskulane etablerer studiestadar der det finst kompetansebehov.

I 2023 vart éin ny fagskule akkreditert. Norsk fjellfagskole AS fekk vilkårsbunden vedtak i juni 2023 om å starte opp ei utdanning på 180 studiepoeng. Fagskulen har ikkje rapportert inn aktive studentar for hausten 2023.

Tre av fagskulane som vart registrerte som nye fagskular utan studentar i 2022, har registrert aktive studentar i 2023. Dette er Fagskolen Diakonova, Fagskolen Get Academy AS og Neste steg Norge AS. Den nye Brann- og redningsskolen hadde opptak av studentar først i januar 2024.

Institusjonsendringane har dei siste åra i hovudsak vore knytt til samanslåingar eller oppkjøp, både som følgje av regionsreforma, men òg oppfølging av fagskulemeldinga. Utviklinga vi ser underbyggjer at samanslåingane har handla om forbetring og mogeleg effektivisering av styring og administrasjon, og ikkje nedlegging eller sentralisering. Med andre ord har ikkje samanslåinga gått på kostnad av fagskulane sitt nærvære i bygd og by.

I 2023 ser vi at prosessen med fylkeskommunale samanslåingar er avslutta. Samstundes har fylkesoppsplittingar ført til nye endringar. I 2023 vart det vedtatt at Fagskulen i Nord blir delt i 2024, medan Fagskolen i Viken og Fagskolen Vestfold og Telemark får høvesvis tre og to fylkeskommunar som eigarar i 2024.

Store skilnader i institusjonsbiletet mellom fylkeskommunane

Tabell 4.1 viser talet på fagskular og studiestader i dei ulike fylka. Den enkelte fagskule vert plassert i det fylket der hovudeininga er registrert, medan ein studiestad er alle stader undervisning vert gjennomført som ikkje er ved hovudeininga. Studiestaden kan til dømes vere plassert tett til eller hos ei eller fleire bedrifter, på eit museum eller fartøyvernsenter, ved eit studiesenter eller ved eit anna høveleg lokale i nærleiken av der studentane bur eller jobbar. Fleire fagskular, både offentlege og private, har studiestader i fleire fylke. Til dømes har Folkeuniversitetets Fagskole AS, som har hovudadministrasjon i Oslo, studiestader i heile ni fylke (Agder, Nordland, Rogaland, Troms og Finnmark, Trøndelag, Vestfold og Telemark, Vestland, Viken og Oslo). Medan Fagskolen i Viken, som har hovudadministrasjonen i Viken, har studiestader i fem fylke (Møre og Romsdal, Nordland, Trøndelag, Vestland og Viken).

Av dei 60 fagskulane vi hadde hausten 2023, var 16 offentlege og 44 private. Dei offentlege fagskulane består av elleve fylkeskommunale, fire statlege, og ein som er eigd av helseføretaka.

Tabell 4.1 Fagskular og studiestader per fylke, haust 2023
Fylke
Fagskular
Studiestader
Agder
4
11
Innlandet
5
13
Møre og Romsdal
2
4
Nordland
2
14
Oslo
17
27
Rogaland
4
14
Troms og Finnmark
1
9
Trøndelag
5
22
Vestfold og Telemark
9
15
Vestland
4
23
Viken
7
23
Totalt
60
175
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T4.1

Med 17 fagskular og 27 studiestader, er Oslo det fylket som har flest fagskular og studiestader. På andre plass finn ein Vestfold og Telemark med ni fagskular og femten studiestader. Det er flest fagskular i austlandsområdet frå Vestfold og Telemark opp til Trøndelag, medan talet er noko lågare frå Agder og opp vestlandskysten. Færrast fagskular er det i dei to nordlegaste fylka og Møre og Romsdal.

Når vi ser på talet på studiestader vert biletet noko meir nyansert. Til dømes er det 14 studiestader i Nordland, medan Troms og Finnmark berre har åtte, sjølv om folketal og geografi er samanliknbart. Møre og Romsdal har færrast studiestader med sine fire, medan Agder som er samanliknbart i høve til folketal og areal, har 11 studiestader.

I figur 4.1 får vi eit visuelt oversyn over den geografiske fordelinga av offentlege og private fagskular. Her ser vi det geografiske skiljet som er omtalt over. Det er størst spreiing på dei offentlege fagskulane. Her finst det ein fylkeskommunal fagskule per fylke, i tillegg til statlege fagskular i Vestland, Oslo, Vestfold og Innlandet. Av private fagskular finst det ingen som ligg lengre nord enn Brønnøy, og brorparten av desse er konsentrert rundt dei store byane. Av dei tre nye fagskulane med studentar i 2023 ligg to i Oslo og ein i Larvik.

Figur ‎4.1 Geografisk plassering av offentlege og private fagskular, 2023

Merknad: Storleiken på ringane indikerer talet på fagskular i den einskilde kommune. Kjelde: HK-dir/DBH-F

Av figur ‎4.2 ser vi at fagskulane likevel er til stades i distriktet. Auken i studiestader er spreidd over heile landet, og både Innlandet, Oslo, Rogaland, Troms og Finnmark, Trøndelag og Viken har fleire studiestader hausten 2023 enn i 2022.

Det er skilnad mellom private og offentlege institusjonar når det gjeld spreiing av studiestader. Nord for Nordland finst det berre to private studiestader, begge i Tromsø, men seks offentlege fordelt på seks ulike stader. På Sørlandet er det annleis, med fem private og berre to offentlege studiestader i Agder fylke.

For studentane handlar tilkomst til utdanning ikkje berre om kor studiestadane ligg, men òg om tilgangen til nett- og samlingsbaserte tilbod slik vi såg i kapitla ‎3.2 og ‎3.5 (figur ‎3.3).

Figur ‎4.2 Geografisk plassering av studiestader ved offentlege og private fagskular, 2023

Storleiken på ringane indikerer talet på studiestadar i den einskilde kommune. Kjelde: HK-dir/DBH-F

Stor auke i talet på studiestader

I figur ‎4.3 ser vi på utviklinga i studiestader ved offentlege og private fagskular. Figuren viser at talet på studiestader har endra seg mykje over tid. Frå totalt sett 135 studiestader i 2016, året før fagskulemeldinga blei vedtatt, har vi i dag 175 studiestader, ein auke på fem studiestader sidan 2022. Dette kan i stor grad tilskrivast den tidlegare omtalte utviklinga, der fagskular har blitt slått saman og tidlegare sjølvstendige fagskular vert omgjort til studiestader under ein ny og større fagskule. Men vi ser òg at fagskular etablerer nye studiestader der det finst eit kompetansebehov i arbeidslivet, og i nærleiken av der fagarbeidarane som treng kompetanseheving bur eller jobbar. Noko av veksten heng òg saman med at nye fagskular kjem til, og dermed nye studiestader i samband med desse.

Av figuren ser vi at utviklinga i talet på studiestader over tid har vore nokolunde lik i offentleg og privat sektor. Frå 2022 til 2023 gjer talet på studiestader i privat sektor eit lite byks, med ein auke på seks studiestader, medan talet på studiestader i offentleg sektor går ned med eitt. I 2023 er det totalt 73 offentlege og 102 private studiestader.

Figur ‎4.3 Studiestadar ved offentlege og private fagskular, haust 2017–2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.3

4.2 Storleiken på fagskulane

Figur ‎4.4 gir eit bilete av utviklinga i talet på fagskular, fordelt på offentleg og privat eigarskap.

Av figuren ser vi ein nedgang i talet på fagskular, samstundes som vi i kapittel 3 såg at studenttalet aukar. Nedgangen er særskilt markant dei første åra etter fagskulemeldinga i 2017, og gjeld stort sett offentlege fagskular. Dei siste åra har talet på fagskular heldt seg meir stabilt.

Talet på private fagskular har halde seg nokså stabilt mellom 44 og 46 frå 2017, med unntak av 2022 då det var 42 private fagskular. I 2023 tel vi igjen 44 private fagskular. I same periode har studenttalet ved dei private fagskulane auka med 124 prosent, frå 7 400 til 16 600 studentar.

Når vi ser på dei offentlege fagskulane, har talet halde seg stabilt på 16 fagskular dei tre siste åra. Av desse er fire statlege, og ein er eigd av dei regionale helseføretaka. Der vi i 2023 tel éin fylkeskommunal fagskule i kvart fylke, veit vi at fylkesoppløysingar allereie ved årsskiftet til 2024 har endra dette bilete noko. Til dømes har dei tre nye fylka som i 2023 var Viken fylkeskommune vald å behalde og gå saman om å eige Fagskulen i Viken, medan Fagskulen i Nord får same skjebne som fylkeskommunen, og blir splitta opp til dei nye einingane Fagskolen i Finnmark og Fagskolen i Troms. Studenttalet ved dei offentlege fagskulane har auka med meir enn 78 prosent, frå om lag 8 300 studentar i 2017 til om lag 14 800 studentar i 2023. Studenttalet ved dei offentlege fagskulane har auka litt jamnare enn ved dei private fagskulane, og heng tett saman med opptrappingane av studieplassar. Sjå kapittel 3 for meir informasjon om studentane.

Figur ‎4.4 Fagskular etter eigarskap, 2017–2023
Merknad: Talet på studentar er inkludert i vedlegget.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.4

Færre små og fleire store fagskular

I figur ‎4.5 ser vi ei anna side av den omtala utviklinga av fagskulane etter fagskulemeldinga som kom i 2017. Figuren viser ei samanlikning av fagskular i fem ulike storleikskategoriar i åra 2017, 2020 og 2023. Tala viser ei tydeleg utvikling i retning av større einingar. Det har blitt markant færre fagskular i dei tre minste storleikskategoriane, frå og med 500 studentar og færre. Samstundes har talet på fagskular med over 1 000 studentar auka frå fire til tolv. Om denne kategorien hadde vore meir finmaska, hadde vi sett at ein av desse fagskulane har meir enn 4 000 studentar, medan to har over 2 000 studentar. Endå ein fagskule har like under 2 000 studentar, og dei fire neste på lista har meir enn 1 500 studentar. Sjå elles vedlegg V6 for eit oversyn over studenttalet for alle fagskular hausten 2023.

Figur ‎4.5 Fagskular etter storleik målt i tal på studentar, haust 2017, 2020 og 2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.5

Tal på fagskular som tilbyr utdanningar innan dei ulike fagområda

I figur ‎4.6 ser vi kor mange fagskular som har studentar innan dei ulike fagområda. Vidare skil figuren mellom offentlege og private fagskular.

Helse- og velferdsfag vert tilbydt ved tretten offentlege fagskular, og tolv private fagskular, totalt 25 fagskular. Dette er ein auke på éin privat fagskule frå i fjor. 24 fagskular tilbyr utdanningar innan tekniske fag: 14 offentlege fagskular (alle dei fylkeskommunale og tre av dei statlege), og ti private fagskular.

Økonomi og administrasjonsfag finn ein ved 15 private fagskular og seks offentlege fagskular, totalt 21 fagskular. Dette er ein auke på tre private fagskular frå 2022. Kreative fag finn ein nesten berre på private fagskular. Det er berre to offentlege fagskular som tilbyr kreative utdanningar, mot 13 private.

Blant samferdselsutdanningar er det derimot over dobbelt så mange offentlege som private tilbydarar. Fagområdet anna omfattar blant anna utdanningar innan grøne fag og skjønnheitspleie, og vert tilbydt ved ni private og seks offentlege fagskular. I kapittel ‎4.4 ser vi på utviklinga i utdanningstilboda over tid.

Sjå vedlegg V21 for meir data om fagskular etter fagområde og storleik i perioden 2017-2023

Figur ‎4.6 Fagskular etter fagområde og eigarskap, haust 2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.6

Geografi og variasjonar i storleiken på fagskular

I figur ‎4.7 er dei ulike storleikkategoriane sortert etter fylke. Oslo er fylket med klart flest fagskular med færre enn 50 studentar (6), medan Vestfold og Telemark har 3 slike fagskular. Oslo har òg flest fagskular med over 1000 studentar (3), etterfølgt av Rogaland og Vestfold og Telemark med to kvar. Viken og Oslo var dei einaste fylka i 2023 med fagskular i alle storleikkategoriar. I Nordland og Møre og Romsdal er det to relativt små fagskular, medan det i Troms og Finnmark er éin litt større. Dette vil endra seg i 2024, etter oppsplittinga av fylket og fagskulen.

I dei fleste fylka ser vi innslag av både dei minste fagskulane med under 50 studentar, og dei største med over 1000 studentar. Vedlegg V20 inneheld ytterlegare tal på fagskular etter fylke og eigarforhold i perioden 2017-2023.

Figur ‎4.7 Fagskular etter fylke og storleik, haust 2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.7

4.3 Fagområdeakkreditering

Fagområdeakkreditering er ein viktig indikator på kvalitet. Ei slik akkreditering inneber at NOKUT har godkjent at ein fagskule har høg nok kvalitet i både kvalitetssystema og fagmiljøa til sjølv å akkreditere og endre utdanningstilbod innan det akkrediterte fagområdet. Fagområdet som vert akkreditert må bestå av fleire ulike utdanningstilbod. Området skal òg vere tett knytt til eitt eller fleire yrkesfelt, og det vert stilt klare krav til kva kompetanse fagskulen må ha for å kunne ivareta eit slikt ansvar.

I 2023 var det 12 fagskular som hadde fagområdeakkreditering på eitt eller fleire fagområde, sjå tabell 4.2. Det er gitt 21 fagområdeakkrediteringar totalt, fordelt på desse 12 fagskulane. Det er ein auke på fire fagområdeakkrediteringar frå i fjor. Tre av desse er innan fagområdet helse. Ei fagområdeakkreditering gjer det mogleg for ein fagskule å opprette nye utdanningar utan at utdanningane må verte godkjent av NOKUT, noko som forkortar tida som går frå utviklinga av utdanninga til uteksaminering av nye kandidatar innanfor det gitte fagområdet. På den måten betrar fagområdeakkrediteringane fagskulane si omstillingsevne i møte med endra kompetansebehov.

Tabell 4.2 Fagskular med fagområdeakkreditering, 2023
Fagskule
Fagområde
Antal 
fagområdeakkrediteringar
AOF Fagskolen
Helse og oppvekst
2
AOF Norge
Helse og oppvekst
1
Fagskolen Aldring og helse
Helsefag – ny 2023
1
Fagskolen Innlandet
Teknologifag
4
Fagskolen i Viken
Helse 
3
Fagskolen Kristiania
Helse og oppvekst
4
Fagskolen Rogaland
Helse og oppvekst
1
Fagskolen Vestfold og Telemark
Helse – ny 2023
1
Fagskulen Vestland
Tekniske fag 
1
Folkeuniversitetets fagskole AS 
Helsefag – ny 2023
1
MedLearn AS
Helse og oppvekst 
1
Norges grønne fagskole - Vea
Grøne design og miljøfag
1
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T4.2

Til saman har desse 12 fagskulane meir enn 14 200 studentar, og dekker såleis om lag halvparten av heile fagskulesektoren. Det er eit mål at fleire fagskular skal oppnå fagområdeakkreditering. I mars 2024 opna Stortinget for at fagskular kan verte institusjonsakkreditert, og med det få større autonomi og fullmakt til å opprette og endre høgare yrkesfaglege utdanningar innan alle fagområde (Innst. 290 L (2023-2024)). Forslaget har som mål å forbetre fagskulane sin fleksibilitet og omstillingsdyktigheit.

Det er lang behandlingstid for å få akkreditert einskilde utdanningar for tida, og ved å prioritere fagområdeakkreditering og på sikt institusjonsakkreditering er det eit mål å på sikt få fjerna denne flaskehalsen for sektoren.

4.4 Utdanningstilboda

Der vi i kapittel 3.1 hadde fokuset på studentar i høgare yrkesfagleg utdanning fordelt på dei ulike studie- og utdanningstilboda etter omfang, skal vi i dette kapittelet sjå på kva slags tilbod som finst, og kva som kjenneteiknar dei ulike fagområda i høve til tilbodsstruktur.

Tal på utdanningstilbod i sektoren

Høgare yrkesfaglege utdanningar skal vere tilgjengeleg i heile landet og tilpassa folk i arbeid. For å møte dette kan eitt og same tilbod vere tilbydd fleire stader, og med ulike variasjonar. Hausten 2023 var det registrert 1 866 utdanningstilbod innan høgare yrkesfagleg utdanning.

I desse tala er alle variasjonar av utdanningane registrert, noko som betyr at det som i realiteten er ei og same utdanning kan bli tald fleire gonger. Til dømes kan eit og same utdanningstilbod ikkje berre vere tilbydd ved fleire fagskular, men ved fleire studiestader ved ein og same fagskule. Det kan vidare vere tilbydd på både heiltid og deltid, eller på ein eller fleire av utdanningsformene; stadbasert, nettbasert med samling eller nettbasert. Utdanningstilboda kan òg ha ulik finansiering, ved at det til dømes kan bli tilbydd gratis, eller mot studentbetaling. Alle desse variasjonane er viktige for å synleggjere det breie spekteret i det samla tilbodet i høgare yrkesfagleg utdanning, og for studentane gjer desse variasjonane at tilboda vert meir tilgjengelege.

Når ein ser på unike tilbod, altså tek vekk alle variasjonane innanfor kvar utdanning, var det totalt 389 utdanningstilbod.

Tabell 4.3 viser talet på utdanningstilbod med alle dei ulike variasjonane, og talet på unike utdanningstilbod fordelt på fagområde. Flest utdanningstilbod finn ein innan helse- og velferd (659), tekniske utdanningar (517) og økonomi og administrasjon (391).

Ser ein på unike tilbod er bilete litt annleis. Det er flest unike utdanningar innan teknisk (109 unike tilbod), etterfølgt av helse (95 unike tilbod) og økonomi- og administrasjon (82 unike tilbod). Dette vil seie at det per unike tilbod innan helse finst fleire variasjonar. Forskjellen mellom tekniske fag og helse- og velferdsfag er ikkje så stor, men ser ein på til dømes kreative fag er forholdet mellom unike studietilbod og variasjonar på rundt 1/3. Det er altså langt færre variasjonar innan desse tilboda. Dette seier ein del om kva studentar og type utdanningar tilboda rettast mot.

Tabell 4.3 Utdanningstilbod i høgare yrkesfagleg utdanning, haust 2023
Fagområde
Unike
utdanningstilbod
Antal utdanningstilbod med
ulike variasjonar
Helse og velferd
95
659
Kreativ
48
146
Samferdsel
7
46
Teknisk
109
517
ØkAdm
82
391
Anna
47
60
Uoppgitt
1
47
Totalt
389
1 866
Merknad: Unike tilbod i 2023 kan ikkje samanliknast med tala for 2022. Der ein i rapporten for 2022 talte både unike koder og emnenamn, tel ein i årets rapport berre unike kodar. Det vil seie at ein del utdanningar med små forskjellar i emnenamn, men med same kode, vil verte rekna som same unike utdanning.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T4.3

Utvikling i tal på utdanningstilbod over tid

I figur 4.8 ser vi korleis talet på utdanningstilbod innan dei ulike fagområda har utvikla seg frå 2017 fram til 2023. Medan tala på utdanningstilbod har vore rimeleg stabile i fagområda samferdsel og kreativ, har det vore ein markant auke i helse- og velferdsfaga, tekniske fag og økonomi- og administrasjonsfaga. Særleg for helse- og velferdsfaga og for tekniske fag speglar utviklinga endringar i kompetansebehova som følgje av megatrendar i samfunnet, som mellom anna demografiske endringar, teknologiutvikling og grøn omstilling (Kompetansebehovsutvalget, 2022). Det er òg i desse fagområda vi har sett størst vekst i studenttalet, og endring i tilbodsstrukturen.

Utviklinga må òg sjåast som eit resultat av endringane i fagskulepolitikken etter at fagskulemeldinga (Meld. St. 9 (2016–2017)) vart vedtatt. Meldinga stadfesta at det var naudsynt å styrke samarbeidet med arbeidslivet og få fleire nye utdanningar som svara på dei nye kompetansebehova. Som eit konkret tiltak vart det oppretta utviklingsmidlar som fagskulane kunne søke på, til mellom anna utvikling av nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet. I tillegg har det kome ulike kompetansepolitiske tiltak som òg har bidratt til utvikling av fleire utdanningstilbod i sektoren. Av desse kan nemnast mellom anna Industrifagskolen, Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling, Ordning for fleksibel og desentralisert utdanning med meir. Sjå kapittel ‎5 om finansiering for meir informasjon om ulike tilskotsordningar for sektoren.

Frå 2022 til 2023 ser vi ein liten reduksjon i tal på utdanningstilbod. Årsaka til dette er samansett, og heng meir saman med rapporteringstekniske årsaker og justeringar i tilbodsstrukturen enn ein reell nedgang. Innan helsefaga ser vi at auken i fjor og reduksjonen i år til dels heng saman med namneendringar og oppgraderingar av utdanningar, blant anna etter oppgradering av dei nasjonale planane. For tekniske utdanningar er det òg snakk om naturlege endringar, der «gamle» utdanningar eller gjennomføringsmodellar vert fasa ut og erstatta av nye, oppdaterte utdanningar som svarar til arbeidslivets behov for kompetanse og tilrettelegging.

Figur ‎4.8 Utdanningstilbod etter fagområde per år, haust 2017–2023
Merknad: Utdanningstilbod der fagområde er uoppgitt, vert ikkje viste i figuren. Sjå tabellvedlegg for talet på desse tilboda.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.8

4.5 Gradar og studiepoeng

Variantar av utdanningstilbod, studiepoeng og gradar

Som vi har sett tidlegare varierer utdanningstilboda i fagskulesektoren i både omfang og form. Dei toårige utdanningane er på 120 studiepoeng og gir ein høgare fagskulegrad, medan dei eittårige tilboda gir 60 studiepoeng og ein fagskulegrad. Utover desse tilboda er det vanlegaste tilbodet på 30 studiepoeng, eller eit halvt års studium. Dei fleste utdanningane vert tilbydd på deltid, og har derfor ein reell varigheit på det dobbelte av den tida som talet på studiepoeng angir. I tillegg kjem dei kortare studietilboda på under 30 studiepoeng, vanlegvis på mellom fem og ti studiepoeng. Desse tilboda har vakse frem frå 2019, først etter ein unntaksbestemming i lova, men frå 2021 som ein permanent utviding av tilbodsstrukturen i høgare yrkesfagleg utdanning.

Figur ‎4.9 viser den prosentvise fordelinga av utdanningstilbod i kategoriane høgare fagskulegrad, fagskulegrad, korte utdanningstilbod mellom 30 og 59 studiepoeng, og kortare studietilbod under 30 studiepoeng.

Det var 1 866 utdanningstilbod i høgare yrkesfagleg utdanning hausten 2023. I figuren ser vi at nesten halvparten av tilboda kvalifiserer til fagskulegrad, medan nesten eitt av fire tilbod gir ein høgare fagskulegrad. Dei korte utdanningane på mellom 30 og 59 studiepoeng, og dei kortare studietilboda under 30 studiepoeng utgjer til saman nesten ein tredel av tilboda.

Samanlikna med 2022 ser vi ein auke i andelen utdanningstilbod som gjev fagskulegrad på fire prosentpoeng, og ein auke i andelen kortare studietilbod under 30 studiepoeng på to prosentpoeng. Utviklinga frå 2017-2023 viser at medan utdanningstilbod som gjev fagskulegrad og korte utdanningstilbod (30-59 studiepoeng) har halde seg stabilt på høvesvis 46 prosent og 16 prosent sidan 2017, har utdanningstilbod som gjev høgare fagskulegrad søkke frå 36 prosent til 23 prosent. På same tid har kortare studietilbod på under 30 studiepoeng, som det som nemnd vart opna for i 2019, gått frå 0 til 16 prosent. Sjå vedleggstabell V23 for fleire endringar i tilbodsstrukturen frå 2017 til 2023.

Figur ‎4.9 Fordelinga av studie- og utdanningstilbod etter tilbodas omfang målt i studiepoeng, haust 2023
Merknad: stp =studiepoeng.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.9

Fagskulegradar – flest innan helse- og velferd og økonomi og administrasjon

Som vi ser av figur ‎4.10 er det innan fagområda helse og velferd og økonomi og administrasjon det er eit fleirtal av utdanningar som gjev ein fagskulegrad. Innan fagområdet helse og velferd gjev heile 72 prosent av utdanningstilboda ein fagskulegrad, medan halvparten av utdanningstilboda innan økonomi og administrasjon gjev det same. I dei kreative utdanningane gjev 40 prosent av utdanningstilboda ein fagskulegrad. For samferdsel kvalifiserer ein fjerdedel av tilboda til fagskulegrad, medan dette berre gjeld ein femtedel av dei tekniske utdanningane.

Figur ‎4.10 Utdanningstilbod etter fagområde og studiepoeng, haust 2023
Merknad: stp = studiepoeng.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.10

Høgare fagskulegradar – flest innan tekniske fag, samferdselsfag og kreative fag

Heile tre av fire utdanningstilbod innan samferdsel gjev ein høgare fagskulegrad (Figur 4.10). Innan tekniske fag er tilsvarande del 52 prosent, og for kreative utdanningar er det 56 prosent. Innan økonomi og administrasjonsfaga er det i liten grad tilbod om, eller etterspurnad etter, utdanningar som gjev ei høgare yrkesfagleg gradsutdanning. I helse- og velferdsfaga er desse tilboda heilt fråverande.

Desse skilnadane mellom fagområda har truleg ei samansett forklaring. Nokre aktuelle moment kan vere faglege tradisjonar, arbeidstilhøve i dei ulike bransjane, og ulikskapar mellom studentane sin livssituasjon når dei treng eller ønskjer meir utdanning.

Dei ulike korte tilboda

Som vi har beskrive tidlegare skil vi mellom korte utdanningstilbod på mellom 30 og 59 studiepoeng som går over eitt semester, og kortare studietilbod på under 30 studiepoeng som tar mindre enn eitt semester. Dei korte utdanningstilboda på mellom 30 og 59 studiepoeng finn vi i størst utstrekning innan økonomi og administrasjonsfaga (23 prosent av tilboda) og helse- og velferdsfaga (20 prosent av tilboda).

Som vi såg i kapittel ‎3 om studentane har talet på studentar på kortare tilbod under 30 studiepoeng auka med meir enn 71 prosent frå 2022 til 2023. Tilbod under 30 studiepoeng finn vi flest av innan dei tekniske faga, der 21 prosent av tilboda er slike kortare modular. I tillegg til at det openbart er ein etterspurnad av slike kortare studietilbod, skuldast denne utviklinga at bransjeprogramma allereie frå 2019 stimulerte til denne utviklinga med mykje øyremerka tilskotsmidlar til industri- og byggfag. I tillegg kunne fagskular frå 2021 søke om driftsmidlar til kortare studietilbod innan industri og bygg gjennom tilskotsordninga Industrifagskulen.

Innan økonomi- og administrasjonsfag er det òg ein relativt høg del av slike kortare studietilbod, der dei utgjer 20 prosent av tilboda innan fagområdet. Desse vaks fram mellom anna som ein følgje av ein kraftig auke av tilskotsmidlar gjennom bransjeprogramma i samband med pandemien. Sjå tabell 3.3 for tal på studentar på kortare studietilbod under 30 studiepoeng.

4.6 Utdanningstilbod på heil- og deltid

Utdanningar på deltid er eit særs viktig verkemiddel for auka fleksibilitet og tilgjenge til utdanning, og kanskje særleg for utdanningar som rettar seg mot folk som er i arbeid. Deltidsutdanningar utgjer eit stort fleirtal av utdanningstilboda i sektoren.

I figur ‎4.11 ser vi at det er store skilnader mellom fagområda på dette feltet. Innan helse- og velferdsfaga er så godt som alle tilboda på deltid. Innan dei tekniske faga og økonomi- og administrasjonsfaga er det og ein stor overvekt av utdanningstilbod på deltid. Samferdselsfag og kreative fag, derimot, har nesten berre heiltidsutdanningar.

Figur ‎4.11 Utdanningstilbod på heiltid og deltid etter fagområde, haust 2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.11

At helse- og velferdsfaga er dominert av utdanningstilbod som er tilbydt som deltidsstudium kan truleg bli forklart med både arbeidslivets behov og studentane sine val. Som vi har sett i kapittel 3 (figur 3.8) er 64 prosent av studentane innan helse- og velferdsfaga over 34 år, noko som truleg medfører at mange har familie og jobb, og derfor ønskjer seg utdanningar som er tilpassa at dei er i arbeid. Deltidsutdanningane gjer det mogeleg å studere på kveldstid og i helger, noko som gjev mindre økonomiske utfordringar for den einskilde. Vidare er det kjent at helse- og omsorgssektoren har mangel på kvalifisert arbeidskraft, noko som kan påverke i kva grad arbeidsgivarar er i stand til å legge til rette for studiar på heiltid.

Innan tekniske fag ser vi i vedlegg F4.11 at det har vore ei overvekt av utdanningar på deltid heilt sidan 2018. Frå 2018 til 2023 har andelen deltidsstudiar auka med 9 prosentpoeng. I 2023 utgjer deltidsstudiar 62 prosent av tilboda i dei tekniske faga. Dette gir eit bilete av korleis fagskulane tilpassar utdanningstilboda til arbeidslivet og arbeidstakarane sine behov. Økonomi- og administrasjonsfaga hadde òg ei overvekt deltidsstudium allereie i 2018. Vi ser likevel ei trend i retning av fleire slike utdanningar. Frå 2018 til 2023 auka andelen med om lag 11 prosentpoeng. Denne auken betyr at nesten 3 av 4 av utdanningstilbod i dette fagområdet var deltidsstudiar i 2023.

4.7 Stadbaserte, samlingsbaserte og nettbaserte utdanningar

Utdanningstilbod vert tilbydt i tre ulike utdanningsformar i høgare yrkesfagleg utdanning. Det er nettbaserte tilbod, nettbaserte tilbod med samlingar, og stadbaserte tilbod. Svært ofte vil ein finne at eitt og same utdanningstilbod vert tilbydt i alle tre utdanningsformene, litt avhengig av etterspurnaden.

Figur ‎4.12 Utdanningstilbod etter undervisningsformer, 2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.12

Utviklinga i retning meir digitalisert undervisning var godt synleg i fleire år før koronpandemien, men pandemien bidrog nok til å akselerere ei utvikling som allereie var i gang. Tala viser at sektoren har klart å oppskalere dei nett- og samlingsbaserte tilboda raskt, og at studentane har valt å nytte seg av desse moglegheitene.

Figur ‎4.12 viser totalbiletet på utdanningsformer for sektoren. Berre frå 2022 til 2023 har andelen heilt nettbaserte og nett- og samlingsbaserte tilbod auka med fire prosentpoeng kvar, og under halvparten av tilboda har no ei stadbasert organisering. Som omtalt i kapittel 3 følgjer to tredelar av studentmassen ei utdanning som har nettbasert- eller nett- og samlingsbasert organisering. Dette heng saman med at fagskulestudenten stort sett er vaksen og i arbeid, og er avhengig av utdanningstilbod som er tilpassa ein slik livssituasjon. Frå Samordna Opptak sine søkjartal ser ein og ein auke i talet på søkjarar med tilbod på nett- og samlingsbaserte utdanningar (HK-dir, 2023a).

Det at dei stadbaserte tilboda har langt færre studentar per tilbod kan vidare forklarast med at fleire av desse tilboda kan ha naturlege avgrensinga med tanke på lokale og utstyr som trengs i undervisninga, og har derfor andre rammer for talet på studentar.

I Figur 4.13 går vi nærare på utviklinga, og ser på korleis utdanningstilboda i de ulike fagområda vert organisert.

I helse- og velferdsfaga er 57 prosent av tilboda stadbasert. Dette er ein nedgang på 7 prosentpoeng sidan 2022. Samstundes er nesten alle tilboda organiserte som deltidsstudiar, noko som likevel gir ein høg grad av fleksibilitet (figur 4.11). Den høge delen stadbasert undervisning innanfor helseutdanningar har å gjere med at det er mange av utdanningane har eit stort innslag av praksis som vanskeleg lar seg digitalisere. Av den grunn kjem vi truleg til å ha ein stor del stadbaserte tilbod i dette fagområdet framover òg. Det har likevel vore ei utvikling særleg i retning av samlingsbaserte utdanningar, ei utdanningsform som hentar det beste frå begge dei to andre utdanningsformane.

Figur ‎4.13 Utdanningstilbod innan ulike utdanningsformer etter fagområde, 2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F4.13

Innan dei tekniske faga er 39 prosent av tilboda stadbaserte, medan 35 prosent av tilboda er samlingsbaserte. Meir enn ein fjerdedel av tilboda er heilt nettbaserte. Forklaringa på den høge delen stadbaserte- og samlingsbaserte utdanningar heng saman med at mange av desse utdanningane er praktisk orienterte, og at studentane treng fysisk tilgang til utstyr og maskinar i opplæringa. Vi ser likevel ein auke i heilt nettbaserte utdanningar innan det tekniske fagområdet på ni prosentpoeng frå 2022 til 2023. Auken er i stor grad knytt til utdanningar innan data/IT, modellering og industrifag som cybersikkerheit, digitalisering og robotisering, der bruk av programvare og skyløysingar er sentralt.

Innan økonomi og administrasjonsfaga er det flest heilt nettbaserte utdanningar. Likevel er det ein relativt høg del stadbasert på 38 prosent. 22 prosent av tilboda er samlingsbasert.

Sjølv innan samferdselsfaga ser vi at talet på utdanningar med samlingsbasert organisering aukar med tre prosentpoeng. Det er likevel stadbasert undervisning som er den vanlegaste organiseringa. 91 prosent av tilboda her er stadbaserte.

På vegne av Kunnskapsdepartementet forvaltar HK-dir ei søknadsbasert tilskotsordning til studiesenter. Formålet med ordninga er at kompetansehevingstilbod skal bli meir tilgjengeleg for alle, og at regionale og lokale kompetansebehov blir vareteke.

Eit studiesenter er ei fysisk eining utanfor utdanningsinstitusjonane sine eigne studiestader, som legg til rette for utdanning og kompetanseutvikling i samsvar med regionale behov. Studiesentera blir ofte omtalte som motor, meklar og møteplass, gjennom å vera pådrivar for kompetanseutvikling, kartleggja kompetansebehov, utvikla tilbod i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og organisering av tilbod basert på lokale og individuelle behov.

Samarbeid mellom fagskular og studiesenter

Fagskulane er ein viktig del av porteføljen på studiesentera, og vi erfarer frå rapporteringa på tilskotsordninga at det er svært gode samarbeid med fagskulane og studiesentera. Opp mot 85 % av dei studiesentera som har fått midlar har eitt eller fleire fagskuletilbod. Fagskuletilboda inkluderer helse- og oppvekst, bygg og anlegg, industri, prosjektleiing, elektro, og dessutan tekniske fag og digitalisering. Tilboda varierer frå korte modular til heile fagskulegrader, med organisering som passar med dei lokale behova.

Lokalisering av studiesentera og organisering av utdanningstilboda blir avgjort av fleire faktorar, som kva som passar for faget, behovet hos deltakarar og ønskjer frå arbeidsgivar. I enkelte rapportar blir det nemnt at fagområdeakkreditering hos fagskulane kan påverka samarbeidet med studiesentera positivt, fordi det kan gje auka fleksibilitet i å utvikla lokalt tilpassa tilbod. Døme på slik utvikling er deling av meir omfattande tilbod til små modular, fordi dette er svært etterspurt i arbeidslivet.

Døme på samarbeid mellom fagskular og studiesenter er:

Fagskulen i Viken har i samarbeidet med Utdanningssenteret på Geilo om Prosjektleiing for anleggsbransjen.

Fagskulen Vestland har i samarbeid med Studiesenter Kysten bygd opp bransjespesifikt tilbod for konkrete bedrifter i regionen og planlegg fleire.

Fagskulen Innlandet og Tynset studiesenter har samlingsbaserte tilbod innan mellom anna demens og alderspsykiatri for helsefagarbeidarar i omkringliggjande kommunar.

Kjelde: HK-dir