Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2024

1. Innleiing

For snart eit kvart århundre sidan blei uttrykket «mellom barken og veden» brukt for å omtale det vi i dag kjenner som høgare yrkesfagleg utdanning. Uttrykket vart tittelen på ei offentleg utgreiing om fagskuleutdanningar (NOU 2000:5). Uttrykket tydar til vanleg det å være fast mellom to onder, eller å vere i ein skvis. Fagskuleutdanningane var den gongen nettopp på eit mellomnivå, der det korkje var vidaregåande utdanning eller høgare utdanning. Utdanningane hadde ein uklar status, og inga tydeleg plassering i utdanningssystemet.

Samstundes er det nett mellom barken og veden at treets vekst skjer, slik at treet blir breiare og høgare. Den nemnde utgreiinga frå 24 år sidan trefte godt med skildringa si. Ho kan nok òg seiast å ha lagt eit viktig grunnlag for den utviklinga vi har sett i nyare tid. Fagskulesektoren har vakse mykje og fort. Sidan utviklinga for alvor skaut fart etter fagskulemeldinga i 2017 har fagskulesektoren nøyaktig dobla seg i tal på studentar i 2023.

Ein raud tråd i utviklinga av sektoren har vore behovet for ein utdanningssektor som leverer kvalitetssikra praktisk-teoretiske utdanningar som sikrar behova for kompetanse både for den einskilde og for bedriftene. Samstundes som det er ein tydeleg raud tråd i utviklinga, ser vi store endringar. Studentane har vorte eldre, og har no ei snittalder på 33 år. 70 prosent av dei studerer på deltid. Svært mykje av utdanningane skjer ved hjelp av nettbasert undervisning og rettleiing, og heile 76 prosent av studentane følger eit slikt tilbod. Fleire utdanningar vert tilbodne som kortare studietilbod for senke terskelen for å starte på ei utdanning.

Ein kan gjerne seie at fagskulesektoren er seg sjølv lik, men likevel annleis. Endringar i lov- og regelverk, auka økonomisk tilskot, tettare involvering av arbeidslivet og partane, og ikkje minst ein endringsvillig utdanningssektor, har bidrege til denne utviklinga som utgreiinga frå 24 år sidan peika på med det tosidige bilete «mellom barken og veden».

Regjeringa vil foreslå ei vidare utvikling for høgare yrkesfagleg utdanning i den kommande stortingsmeldinga som skal sendast til Stortinget våren 2025. Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning vil vere ein del av kunnskapsgrunnlaget til arbeidet med denne meldinga.