Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2024

5. Styring og økonomi

Høgare yrkesfagleg utdanning skal bidra til å dekke arbeidslivet sine behov for kompetanse. Fagskulane er sentrale for å utvikle utdanningar som svarar på utfordringane som samfunnet står overfor. Tilbodsstrukturen i høgare yrkesfagleg utdanning vert styrt av fleire faktorar: fagskulane sine prioriteringar og samarbeid med arbeidslivet, fylkeskommunane sine prioriteringar av tilskot til drift, statlege prosjektmidlar, etterspurnaden frå studentane, og betalingsvilje for tilbod som ikkje er gratis.

Representantar frå arbeidslivet deltar i styra til fagskulane, og fleire fagskular involverer òg representantar frå arbeidslivet i dei lokale faglege råda, for å sikre samsvar mellom utdanningar og behova i arbeidslivet (Høst, m.fl., 2024). Men sjølv om arbeidslivet er i endring og fagskulane skal snu seg raskt rundt for å tilby relevant kompetanse, er det òg mykje som ligg fast over tid. Til dømes er kompetanse som leiing, økonomi og marknadsføring viktige generiske emne innanfor dei tekniske faga som nye fagarbeidarar treng. I tillegg er det eit stort omfang av fagkompetanse som utfyller dei ulike tekniske fagbreva, og som dermed sett ein fagarbeidar i stand til å gjere meir spesialiserte oppgåver, eller til å leie arbeidsprosessar.

For å tilby utdanningane til arbeidstakarar som treng eller ønskjer kompetanseutvikling, kan fagskulane anten ta betalt for utdanninga, eller søkje fylkeskommunane om tilskot til drift for å kunne tilby utdanninga utan skulepengar. Nokre offentleg finansierte tilbod har litt skulepengar i tillegg. Utdanningstilbod som vert fullfinansierte gjennom skulepengar, vert i praksis dimensjonerte av betalingsviljen for slike utdanningar. Ofte vil slike utdanningar bli finansiert gjennom lån i Lånekassen, men nokre får økonomisk støtte til utdanning av arbeidsgjevar (Alne, m.fl., 2023).

Når det kjem til den økonomiske styringa av statlege driftstilskot til høgare yrkesfagleg utdanning, er forvaltninga lagt til fylkeskommunane. Ifølge dei overordna måla og retningslinjene for forvaltninga, som er fastsett av Kunnskapsdepartementet, skal driftstilskotet bidra til høg kvalitet i utdanninga, at utdanninga skal vere yrkesretta, vere lett tilgjengeleg for studentane, og at sektoren skal vere effektiv og solid.

Fylkeskommunane lyser kvart år ut driftsmidlar til fagskulane på grunnlag av løyvingane i statsbudsjettet. Kor mykje som vert lyst ut kvart år vil avhenge av om det er midlar til nye studieplassar å fordele, og kor mykje av midlane som er bundne til tilbod som allereie er i gang. Fylkeskommunen har ansvar for å sikre at det vert tilbydd høgare yrkesfagleg utdanning i samsvar med behova for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt, jamfør fagskoleloven (2018, §3). Dette er viktig for rolla til fylkeskommunane som kompetansepolitisk aktør. Det varierer mellom fylka korleis dei arbeider for å kartlegge behova til arbeidslivet, og gjer prioriteringar på faglege tilbod i høgare yrkesfagleg utdanning.

I tillegg til styring gjennom driftstilskot kjem styring gjennom prosjektbaserte midlar. Eit døme på dette er bransjeprogramma for kompetanse, som bidreg til å utvikle målretta tilbod retta mot konkrete bransjar. Eit anna døme er utviklingsmidlane, som bidreg til auka fokus på kvalitetsfremjande tiltak og utvikling av nye utdanningstilbod. Seinare i kapitelet ser vi nærare på korleis utviklingsmidlane har blitt tildelt sidan ordninga vart innført.

5.1 Finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning

Det er i hovudsak tre kjelder til finansiering av fagskuledrift; statleg driftstilskot frå Kunnskapsdepartementet, fylkeskommunane sine frie midlar, og skulepengar. I tillegg er det tilskot i form av prosjektmidlar og bidrag frå verksemder.

I 2023 blei det brukt om lag 2,5 milliardar kroner på høgare yrkesfagleg utdanning når vi reknar med alle offentlege tilskot og skulepengar. Om lag halvparten av desse midlane kjem i form av tilskot frå Kunnskapsdepartementet som fylkeskommunane forvaltar, medan ein dryg tredel kjem i form av skulepengar. Resten er midlar frå fylkeskommunane, frå offentlege tilskotsordningar, og direktetildelingar over statsbudsjettet til nokre statlege fagskular. Både offentlege og private fagskular kan søke om offentleg tilskot til drift frå fylkeskommunane.

Figur ‎5.1 Ulike finansieringskjelder, 2023
Kjelde: HK-dir, DBH-F, Utdanningsdirektoratet, Prop. 1 S (2022–2023) Vedlegg: F5.1

Statleg driftstilskot forvalta av fylkeskommunane

I 2023 vart i overkant av 1,23 milliardar kroner løyvd av Stortinget til drift av høgare yrkesfagleg utdanning. Dette tilskotet er den største av finansieringskjeldene for fagskulane og utgjorde om lag halvparten av den samla finansieringa av sektoren i 2023. Alle fagskulane kan kvart år søke fylkeskommunane om tilskot til drift av utdanningstilboda. Fylkeskommunane gjer prioriteringar av kva som skal finansierast på grunnlag av vurderingar av behov i arbeidslivet.

Ein del av dei statlege driftsmidlane som fylkeskommunane forvaltar, er øyremerka nokre spesifikke fagskular eller utdanningstilbod. Nokre av desse midlane blir tildelt Industrifagskulen, som er ei ordning for finansiering av korte utdanningstilbod retta mot industri og bygg. Denne ordninga omfatta 40,8 millionar kroner i 2023.

Ei anna øyremerking gjeld enkelte private fagskular og nokre utdanningstilbod ved ein privat fagskule, etter vedtak i Stortinget i 2019. I 2023 fekk desse fagskulane i underkant av 80 millionar kroner. Dei fleste av desse fagskulane tilbyr i hovudsak kreative utdanningar og utdanningar knytt til livssyn. Samla hadde desse fagskulane i overkant av 600 studentar hausten 2023. Dei fleste av desse fagskulane er små.

Utover midlane til Industrifagskulen og spesifikke private fagskular, var det i overkant av 1,1 milliard kroner som vart forvalta av fylkeskommunane i 2023. Under ser vi nærare på kva for utdanningar som er offentleg finansierte.

Fylkeskommunane sine frie midlar

Fylkeskommunane kan òg bruke av dei frie midlane sine til fagskulane. Med frie midlar meiner vi her overføringar frå Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett, som ikkje er øyremerka drift av fagskular. Fylkeskommunane tildelte totalt 172,5 millionar kroner frå dei frie midlane til drift av fagskular i 2023, som vist i tabell 5.1. Dette er ein stor auke i høve til åra før, men det er store skilnader i omfanget mellom dei ulike fylka.

Den største skilnaden ligg i kva fylkeskommunane rapporterer til DBH-F og ikkje. Nokre fylkeskommunar gir indirekte tilskot til fagskular i form av gratis husleige, HR- og IT-tenester og liknande, som ikkje blir rapportert til DBH-F, og derfor ikkje rekna med her. Ulik praksis mellom fylkeskommunane på dette området gjer at tala ikkje er fullstendig samanliknbare. Tala kan likevel seie oss noko om nivået på det som vert rapportert, og endringar over tid.

Det er særleg Troms og Finnmark som gjev eit stort utslag på auken i tilskot frå 2022, med nær ei dobling til 47,6 millionar kroner i frie midlar i 2023. Dei frie midlane utgjer dermed nesten halvparten av alle midlane som vert brukt på fagskular i fylket. Troms og Finnmark har lenge vore fylket som brukar høgast andel frie midlar til fagskulane i høve til det totale tilskotet til fagskular i fylket.

Tabell 5.1 Statleg driftstilskot forvalta av fylkeskommunane, tilskot til Industrifagskulen, og tilskot frå dei frie midlane til fylkeskommunane per fylke rapportert tildelt til fagskular i 2023
Fylkeskommunar
Statlege
driftsmidlar
forvalta av
fylkeskommunane
Tilskot til
fagskular frå
fylkeskommunane
sine frie midlar
Andel tilskot
av frie midlar
til fagskular
Agder fylkeskommune
76 496 000
2 900 000
4 %
Innlandet fylkeskommune
102 246 000
0
0 %
Møre og Romsdal
fylkeskommune
50 895 000
18 000 000
26 %
Nordland fylkeskommune
34 950 000
10 390 000
23 %
Rogaland fylkeskommune
109 522 000
5 958 000
5 %
Troms og Finnmark
fylkeskommune
51 574 000
47 649 000
48 %
Trøndelag fylkeskommune
137 513 000
18 333 000
12 %
Vestfold og Telemark
fylkeskommune
118 132 000
0
0 %
Vestland fylkeskommune
171 206 000
21 611 000
11 %
Viken fylkeskommune
173 488 000
47 690 000
22 %
Totalt
1 026 021 000
172 531 000
14 %
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: T5.1

Tabell 5.1

Skulepengar

Skulepengar utgjorde om lag 834 millionar kroner i 2023, eller ein av tre kroner til sektoren. Med skulepengar meiner vi betaling for sjølve utdanninga, og ikkje semesteravgift, læremateriell, samskipnadsavgift eller liknande. Mesteparten av skulepengane, 819 millionar kroner, kom frå betaling for utdanningstilbod frå og med 30 studiepoeng og over. Knapt 16 millionar kroner kom frå betaling for kortare tilbod under 30 studiepoeng. I det videre ser vi på disse gruppene kvar for seg i samsvar med korleis disse studentane vart talde i kapittel 3. For tilbod frå og med 30 studiepoeng og over ser vi nærmare på studentar som betalte skulepengar hausten 2023. Betaling frå desse studentane utgjer om lag 423 millionar av dei totalt 819 millionane som blei betalt av denne gruppa studentar i løpet av heile 2023. For tilbod under 30 studiepoeng ser vi på tal for heile 2023.

Hausten 2023 var det totalt om lag 11 700 studentar som betalte skulepengar for utdanningstilbod frå og med 30 studiepoeng og over, ein nedgang på om lag 400 studentar samanlikna med 2022. Av desse gjekk i underkant av 3 900 studentar på tilbod som var delvis offentleg finansiert, noko som er 900 færre enn året før. Ein medverkande årsak til den relativt store endringa her, er at Fagskulen i Viken avvikla skulepengar for alle sine tilbod frå og med hausten 2023.

Rett over 7 800 studentar gjekk på utdanningstilbod som var fullfinansiert av skulepengar eller andre eksterne tilskot, noko som er rundt 500 fleire enn i 2022. Det er i hovudsak Noroff, NKI Fagskoler og OSM Aviation Academy som står bak auken i denne kategorien.

Studentane som betalte skulepengar hausten 2023 betalte i snitt 28 525 kroner. Dette er om lag åtte prosent (2 140 kroner) meir enn i 2022. Det er likevel store skilnader i kva studentane betaler. Gjennomsnittleg betaling i haustsemesteret for utdanningstilbod som er fullfinansiert av skulepengar, var på nesten 38 500 kroner i 2023. For tilbod som er delvis offentleg finansiert, var gjennomsnittleg betaling på litt under 9 350 kroner.

Samstundes har talet på studentar som ikkje betalar skulepengar auka med 21 prosent frå hausten 2022, og tel no over 17 400 studentar, eller om lag 60 prosent av alle studentane på ordinære tilbod frå og med 30 studiepoeng. Auken i denne kategorien kjem i stor grad av auken i statlege studieplassmidlar. I tillegg gjer det utslag at tilbod som tidlegare var delvis offentleg finansiert ved Fagskulen i Viken no har avvikla skulepengar og dermed er fullfinansiert av offentleg tilskot.

Figur ‎5.2 Studentar på utdanningstilbod frå og med 30 studiepoeng etter finansiering, haust 2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F5.2

Kortare studietilbod under 30 studiepoeng skil seg frå resten av tilboda ved at dei einskilde studentane oftare er meldt opp til fleire korte tilbod i løpet av eit år. Dei 2 324 individa på slike kortare studietilbod i 2023 var til saman meldt opp til slike korte tilbod 3 471 gongar. Av desse var 2 248 av oppmeldingane til fullstendig offentleg finansierte tilbod, 203 til delvis offentleg finansierte tilbod og 1 020 til tilbod fullfinansiert av skulepengar. Snittbetalinga per delvis offentleg finansierte tilbod var 1 520 kroner, medan tilbod fullfinansiert av skulepengar hadde ein snittbetaling på 15 072 kroner. Samla var snittbetalinga for tilbod under 30 studiepoeng som ikkje var fullfinansiert av offentleg tilskot på 12 823 kroner.

I studieåret 2022–2023 utbetalte Lånekassen 38 milliardar kroner til stipend og lån. Av desse midlane gjekk 8 prosent til studentar ved fagskular, eller om lag 3 milliardar kroner. Ein del av desse midlane er tilskot for å dekke skulepengar (Lånekassen, 2023).

Dei statlege fagskulane

I 2023 var det fem statlege fagskular: Sjøforsvarets fagskule, Noregs grøne fagskule – Vea, Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet og Norsk fagskule for lokomotivførarar. Den femte statlege fagskulen, Brann- og redningsskolen, tok opp studentar hausten 2023, men hadde ikkje studiestart før januar 2024.

Sjøforsvarets fagskule er førebels organisert som ei forsøksordning knytt til Forsvarets fag- og funksjonsutdanning, og hadde berre seks studentar hausten 2023. Fagskulen ver finansiert av Forsvarsdepartementet.

Dei tre resterande statlege fagskulane, Vea, dykkarutdanninga og lokførarskulen, fekk totalt 134 millionar kroner i 2023. Norsk fagskule for lokomotivførarar vert finansiert over budsjettet til Samferdselsdepartementet, og fekk om lag 78 millionar av desse pengane. Noregs grøne fagskule – Vea fekk om lag 32,8 millionar, medan Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet fekk 23 millionar kroner, begge finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Statlege prosjektmidlar

Kvart år vert det lyst ut midlar til ulike prosjekt i høgare yrkesfagleg utdanning. I 2023 vart det tildelt 128 millionar kroner til fagskular gjennom ulike prosjektbaserte ordningar. Dette var om lag 50 millionar kroner mindre enn i 2022. Det var særleg ein reduksjon i tilskot til fagskulane frå mellom anna bransjeprogramma, program for maritim kompetanse, og program for fleksible og desentraliserte tilbod. I tabell 5.2 under nemner vi hovudtrekka ved dei ulike tilskotsordningane, og kor mykje som vart tildelt til fagskular frå dei ulike ordningane i 2023.

Erasmus+ er ei tilskotsordning for internasjonal mobilitet og samarbeid. Ordninga er finansiert av EU, medan dei andre ordningane er finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dei statlege tilskota har noko ulik innretning, men eit fellestrekk er utvikling av nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet. Nokre ordningar er tilskot til investeringar, til implementering av digitale verktøy og tilskot til drift eller utprøving av nye tilbod.

Tabell 5.2 Statlege prosjektmidlar tildelt i 2023
Prosjektmidlar
Tilskot
Kort omtale
Utviklingsmidlar for
høgareyrkesfagleg
utdanning
51,1 millionar
Tildeling til 40 prosjekt ved 20
private og offentlegefagskular.
Nye utdanningstilbod,
investeringar i utstyr og infrastruktur
og pedagogisk kompetanse er nokre
av prosjektområda.
Treparts
bransjeprogram for
kompetanse
28,6 millionar
Ordninga dekker fleire ulike bransjar,
og ulike utdanningsnivå. For
fagskulesektoren handlar det om
korte, fleksible utdanningstilbod inntil
30 studiepoeng.
Tilskot til fleksible
utdanningstilbod
21,7 millionar
Midlar til å oppskalere eksisterande
fleksible utdanningstilbod på alle
utdanningsnivå. Tilboda skulle særleg
tilpassast nyutdanna unge med liten
erfaring frå arbeidslivet, og ledige og
permitterte. Av om lag 150 millionar
kroner fekk ni prosjekt ved fagskular
tildelt 21,7 millionar til fleksible og
desentraliserte utdanningstilbod.
Erasmus+
5,3 millionar
Tilskot til internasjonale
mobilitetsprosjekt og
samarbeidsprosjekt innan EU sitt
utdanningsprogram.
Program for
maritim
kompetanse
5,3 millionar
Tilskot til utvikling av kvalitet og
relevans i maritime utdanningar ved
fagskular, høgskular og universitet.
Løyvinga var på 26 millionar kroner i 2023. 
Senter for framifrå
høgare
yrkesfagleg
utdanning
6 millionar
Senter for framifrå høgare
yrkesfagleg utdanning er ei
forsøksordning etablert i 2022. To
sentre vart tildelt ein slik senterstatus,
og tolv millionar kroner kvar
fordelt på fire år. Formålet med sentra er at
dei skal vere spydspissar i sektoren,
og bidra til kvalitetsutvikling.
Kjelde: HK-dir Vedlegg: T5.2

Internasjonalt samarbeid i høgare yrkesfagleg utdanning

HK-dir har gjennomført ei undersøking om omfang, innhald og nytte av internasjonalt samarbeid i høgare yrkesfagleg utdanning. I undersøkinga kom føljande fram:

Kva fagskular driv med internasjonalt samarbeid?

Dei er i størst grad dei store fagskulane som deltar mest i internasjonal samarbeid. Samarbeidet er særleg innanfor det tekniske fagområdet, som har flest studentar. Enkelte små, spesialiserte fagskolar er òg aktive i internasjonalt samarbeid for å finne større fagmiljø.

Kva gjer dei?

Det er i første rekke tilsette som samarbeider gjennom ulike former for studieturar og kontakt med tilsette i andre land. Studieturane omfattar også nokre studentar. Nokre fagskolar har samarbeid med utanlandske institusjonar som gir påbygging til bachelorgrad.

Korleis blir det finansiert?

Studieturane blir finansierte for dei tilsette av institusjonen, og studentane må i stor grad betale sjølve. Internasjonale samarbeidsprosjekt blir i hovudsak finansierte gjennom ordningar som Erasmus+ og Norplus.

Kva er nytten?
  • Fagleg oppdatering som kan gi betre fagleg innhald i utdanningane og utvikle nye og meir relevante utdanningstilbod.
  • Kunnskap om organisering av fagskular i andre land kan bidra til organisasjonsutvikling.
  • Kunnskap om, og erfaring frå, arbeidsliv og utdanning frå andre land er viktig i eit meir internasjonalisert arbeidsliv.
  • Inspirasjon for tilsette og studentar
Kva skal til for å få til meir internasjonalt samarbeid?
  • Fagskulane må ha eller skape kontaktar og (vidare)utvikle nettverk med aktørar som kan vere relevante å samarbeide med.
  • Fagskulane må støtte opp under tilsette med interesse for internasjonalt samarbeid, og arbeidet må forankrast i institusjonen.
  • Meir internasjonal aktivitet krev tilgang til finansiering og kjennskap til finansieringskjelder. For å kunne nytte desse kjeldene er det naudsynt med administrativ kapasitet og kompetanse.

Kjelde: (HK-dir, 2024a)

5.2 Studentar og utdanningar etter finansiering

Som omtala i kapittel 5.1, er offentlege tilskot og studentbetaling hovudkjelda for finansiering i høgare yrkesfagleg utdanning. Dei ulike kjeldene kan vi òg sortere i tre kategoriar knytt til offentleg finansiering:

  • Fullstendig offentleg finansiert omfattar utdanningstilbod som er fullfinansiert av offentlege midlar.
  • Delvis offentleg finansiert omfattar utdanningstilbod som delvis vert finansiert av skulepengar
  • Utan offentleg tilskot betyr at utdanningstilboda er fullfinansiert av studentbetaling eller andre formar for finansiering.

Elles i rapporten har vi gjort eit skilje på eigarskapen til fagskulane; offentleg og privat. I dette delkapittelet tar vi utgangspunkt i finansieringa og ser på kjenneteikn ved studentar og utdanningar sortert på dei ulike finansieringskategoriane.

Studentar på offentleg finansierte utdanningstilbod

Hausten 2023 var det 19 000 studentar (61 prosent) på fullstendig offentleg finansierte utdanningar. Om lag 4 000 (13 prosent) var på delvis offentleg finansierte tilbod, og om lag 8 400 (27 prosent) på utdanningar utan offentleg finansiering. Figur ‎5.3 viser korleis desse studentane fordel seg på dei ulike fagområda på utdanningstilbod i dei ulike finansieringskategoriane.

Hovuddelen av dei fullstendig offentleg finansierte utdanningane er innan tekniske fag, og helse- og oppvekstfag. Innan fullstendig offentleg finansierte tekniske fag var det om lag 8 000 studentar (42 prosent), og innan helse- og velferdsfag var det om lag 7 300 studentar (38 prosent). Det var i overkant av 2 100 studentar (11 prosent) innan økonomi- og administrasjonsfag i denne finansieringskategorien.

Tekniske fag, som er det største fagområdet, har òg størst del av studentar på delvis offentleg finansierte utdanningar (om lag 2 400 studentar; 60 prosent). Deretter kjem økonomi- og administrasjonsfag (om lag 850 studentar; 21 prosent), og kreative fag (380 studentar; 10 prosent). På desse tilboda er det altså ein kombinasjon av offentleg finansiering og skulepengar.

Om ein ser samla på studenttalet på fullstendig og delvis offentlege finansierte utdanningstilbod, er det dei tekniske faga som er størst (10 300 studentar; 45 prosent), helse- og velferdsfag (7 350 studentar; 32 prosent) og økonomi- og administrasjonsfag (3 000 studentar; 13 prosent).

Figur ‎5.3 Studentar etter fagområde og finansiering, alle utdanningstilbod, 2023
Merknad: Studentar med uoppgitt fagområde vert ikkje vist i figuren. Sjå tabellvedlegg for tal på desse studentane.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F5.3

Dei fullstendig og delvis offentleg finansierte utdanningane innan tekniske fag har flest studentar innan bygg og anlegg (3 750 studentar), elektro/energi (3 000 studentar), og industri/kjemi (1 900 studentar). På tilsvarande offentleg finansierte utdanningstilbod innan helse- og velferdsfag, fordeler studentane seg med to tredelar på helsefag (om lag 5 000 studentar) og ein tredel på oppvekstfag (2 100 studentar). Innanfor økonomi- og administrasjonsfag går litt over halvparten av studentane på offentleg finansierte tilbod på leiarfag (1 600 studentar), og ein firedel av studentane (om lag 800 studentar) på kontorfaglege tilbod.

Samferdselsfaga er todelt. Dei maritime utdanningane og lokførarutdanninga er fullfinansiert av offentlege midlar, medan utdanningane i luftfart er finansiert av skulepengar. Det var litt over 1 000 studentar ved offentleg finansierte samferdselstilbod, og 350 studentar ved luftfartstilboda. Sjå elles vedleggstabell (V27) for ein tidsserie over fordelinga av studentar på fagtypane under kvart fagområde.

Studentar på utdanningstilbod finansiert av skulepengar

Utdanningar utan offentleg finansiering blir finansierte med skulepengar. I denne finansieringskategorien var det totalt litt over 8 200 studentar hausten 2023. Om lag 3 000 av desse studentane (36 prosent) på tekniske fag, og av dei var om lag 2 800 (90 prosent) studentar i data/IT-fag ved Noroff.

Vidare var det over 2 600 studentar (32 prosent) på økonomi- og administrasjonsfag, og over halvparten av dei studerte løn og rekneskap eller leiing ved NKI Fagskoler AS.

Kreative fag er det tredje fagområdet som vert finansiert av skulepengar. Her var det 2 000 studentar (24 prosent), og igjen er det Noroff som peikar seg ut med over halvparten av studentane.

Yrkesfagleg kompetanse som opptaksgrunnlag til offentleg finansierte tilbod

I 2023 var det store fleirtalet av studentane (75-80 prosent) på heilt og delvis offentleg finansierte utdanningar tatt opp på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse. Delen som vart tatt opp på grunnlag av realkompetanse, låg mellom 10 og 14 prosent.

Dette samsvarar med fagområda som vert prioriterte med offentlege tilskot. I kapittel ‎3.6, i tilknyting til figur 3.14, omtalar vi samanhengen mellom opptaksgrunnlag og fagområde. Helse- og velferdsfag, samferdsel og tekniske fag er størst på yrkesfagleg opptaksgrunnlag, medan ein stor del studentar i tekniske fag òg blir tatt opp på grunnlag av realkompetanse.

Eldre studentar studerer i større grad på offentleg finansierte tilbod

I Figur 5.4 har vi sett på samanhengen mellom alderen til studentane og finansieringskategori. Der ser vi at dei fullstendig offentleg finansierte utdanningstilboda, som er gratis for studentane, rekrutterer over halvparten av studentane i alle aldersgruppene over 20 år, og større del dess eldre studentane er.

Utdanningar som vert finansierte av skulepengar, har flest studentar i dei yngre alderskategoriane, og lågare del dess eldre studentane er.

Dette kan forklarast med samanhengen mellom fagområde og utdanningsbakgrunn/opptaksgrunnlag. Utdanningstilboda som krev skulepengar, er i stor grad data/IT-utdanningar og kreative utdanningar som rekrutterer yngre studentar med generell studiekompetanse (sjå kapittel ‎3.6). Dette er utdanningstilbod som gir studentane ein grunnkompetanse, i motsetnad til utdanningane som bygger på fagutdanningar frå vidaregåande. Samstundes er truleg betalingsviljen, eller viljen til å ta opp studielån for å betale skulepengar, lågare dess eldre ein blir, sjølv om den økonomiske situasjonen er betre hos eldre studentar (Lervåg, m.fl., 2022).

Figur ‎5.4 Studentar etter alder og finansiering, 2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F5.4

Offentleg finansierte utdanningar er stort sett på deltid

For å svare på behovet arbeidslivet har for kompetanse må høgare yrkesfagleg utdanning vere tilpassa personar i ulike livsfasar og arbeidstilhøve. Difor må utdanningane vere kjenneteikna av høg grad av fleksibilitet.

I figur 5.5 har vi sett på studentar på heiltid og deltid, fordelt på dei tre finansieringskategoriane. For utdanningar som er heilt eller delvis offentleg finansiert er det 80 prosent av studentane som studerer på deltid. Når studentane betalar for utdanninga si sjølv, studerer fleirtalet (53 prosent) på heiltid.

I kapittel ‎3.5 såg vi at studentar i høgare yrkesfagleg utdanning nytta seg av fleksibilitet i form av deltid og nettbaserte tilbod i større grad i 2023 enn i 2022.

Utviklinga går altså i retning av meir bruk av fleksible studiar, anten det er deltid, nettbaserte eller desentraliserte tilbod. Men det er ikkje godt å seie om det er søkarane som tilpassar seg utdanningstilboda, eller om det fagskulane som tilpassar seg søkarane sine ønske. I søkjartala frå Samordna Opptak frå 2023, er det om lag 8 prosent fleire søkjarar med tilbod til deltidsstudiar enn året før. Tilsvarande har det vore 3 prosent nedgang i søkjarar med tilbod til heiltidsstudiar (HK-dir, 2023a).

Figur ‎5.5 Andelen studentar på heiltid og deltid etter finansieringskategori ved offentlege og private fagskular, 2023

Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F5.5

5.3 Endringar sidan 2017 i lys av finansiering

Mykje av veksten i fagskulesektoren er knytt til auken i statleg driftstilskot. Frå 2017 til 2023 auka dette tilskotet frå om lag 742 millionar kroner omrekna til 2023-kroner, til 1,2 milliardar kroner. Den skulepengefinansierte delen av sektoren har òg vekse med om lag 280 millionar kroner (omrekna til 2023-kroner) sidan 2017.

Vekst gjennom nye offentleg finansierte studieplassar

Opptrappinga i høgare yrkesfagleg utdanning starta etter at fagskulemeldinga vart vedteke av Stortinget (Meld. St. 9 (2016–2017)). Etter 2017 har Stortinget løyvd midlar til over 2 700 nye, ordinære toårige studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning; 638 plassar i 2018, 1 600 i 2020, og 500 plassar i 2023. I tillegg kom det 498 studieplassar til ordninga Industrifagskulen i 2021.

Dei ordinære studieplassane vert fordelte av fylkeskommunane, som rapporterer på fordelinga første gong dei fordeler midlane. I figur 5.6 ser vi korleis fylkeskommunane har prioritert i dei tre rundane med fordeling som er rapportert så langt. Tala viser den relative fordelinga av midlar til nye studieplassar for det året studieplassane vart innført. Helse- og velferdsfaga er klart høgast prioritert av fylkeskommunane, tett følgt av tekniske fag.

Figur ‎5.6 Fordeling av studieplassmidlar etter fagområde, 2018, 2020 og 2023
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F5.6

Toårige studieplassar betyr i denne samanhengen at tilskotet til fylkeskommunane vert berekna med utgangspunkt i at det skal vere økonomisk grunnlag for å starte eit kull med studentar på eit toårig utdanningstilbod haustsemesteret (som då vert finansiert i to år), og i tillegg eit nytt kull hausten etter (som òg vert finansiert for toårig utdanning). Sjølv om ein studieplass vert finansiert som ein fulltids toårig studieplass, blir tilskotet i stor grad brukt til å finansiere fleire studentar på deltidstilbod og kortare tilbod, noko som betyr at talet på studentar truleg aukar meir enn talet på studieplassar.

For å analysere effekten av dei nye studieplassane vil vi sjå nærare på utviklinga i sektoren for alle utdanningstilbod frå og med 30 studiepoeng som er heilt eller delvis offentleg finansiert. Vi startar med å sjå på utviklinga i studenttalet, før vi ser nærare på studiepoengproduksjonen.

Figur ‎5.7 viser utviklinga i talet på studentar på heilt og delvis offentleg finansierte utdanningstilbod frå 2017 til 2023. Figuren viser òg korleis studentane fordeler seg på offentlege og private fagskular.

Talet på studentar på heilt og delvis offentleg finansierte utdanningar auka med 90 prosent, frå om lag 11 100 til om lag 21 100 studentar i denne perioden, fordelt på 12 919 studentar på offentlege fagskular og 8 139 studentar på private. Den største delen av auken er frå 2019 til 2020, med om lag 24 prosent. Deretter vaks det med ytterlegare 15 prosent i 2021 og 12 prosent i 2023. Veksten sidan 2017 fordeler seg nesten heilt likt på offentlege og private fagskular, der offentlege fagskular har vokse med 4 988 studentar har dei private fagskulane fått 4 992 fleire studentar på offentleg eller delvis offentleg finansierte tilbod. Den relative auken sidan 2017 er derimot mykje større hos dei private (159 prosent) enn hos dei offentlege fagskulane (63 prosent).

Figur ‎5.7 Studentar på heilt og delvis offentleg finansierte utdanningstilbod, fordelt på offentlege og private fagskular, 2017–2023
Merknad: I dette talgrunnlaget har vi ekskludert dei fire statlege fagskulane som får tilskot direkte over statsbudsjettet.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F5.7

Studiepoengproduksjonen aukar med nye studieplassar

I tillegg til endringane i talet på studentar er det naudsynt å sjå på utviklinga i studiepoengproduksjonen for å sjå heile biletet av utviklinga. Figur 5.8 viser utviklinga i 60-studiepoengeiningar (SPE) saman med den venta auken i SPE som følgje av auka finansiering. Med dei ordinære studieplassmidlane som har blitt innført sidan 2017 følger det ei forventing om ein auke i studiepoengproduksjon på 4 476 SPE innan 2023.

I 2017 vart det produsert rett i underkant av 6 100 SPE i dei offentleg finansierte fagskuleutdanningane. I 2023 vart det avlagt i underkant av 10 200 SPE ved offentleg finansierte utdanningar frå og med 30 studiepoeng. Det er om lag 4 000 fleire SPE enn i 2017, ein auke på 66 prosent. Vi har lagt til grunn at rapporteringa av studiepoeng skjer seinare enn auken i tilskot. Derfor har vi lagt inn eitt års forseinking i den forventa auken i SPE-produksjon, i høve til innføringa av studieplassane. Den forventa auken er òg basert på ein-til-ein tilhøve mellom auka finansiering og auka SPE-produksjon.

Tala tydar framleis på at utviklinga i den offentleg finansierte delen av sektoren er i tråd med den finansielle utviklinga, noko samvariasjonen mellom dei to linjene tydeleg viser. Nivået på SPE ligg likevel noko lågare enn forventa. Det «manglar» kring 400 SPE (10 prosent) i høve til venta vekst på 4 476 sidan 2017. Dette kan skuldast fleire ting, mellom anna forseinkingar knytt til implementering av studieplassar, lite bruk av «overbooking» for å ta høgde for naturleg fråfall, utfordringar med å rekruttere studentar, eller at utdanningane kostar meir enn det som vert lagt til grunn når ein set forventningar til eit visst antal SPE.

Figur ‎5.8 Studiepoengeiningar i offentleg finansierte utdanningstilbod, 2017–2023
Merknad: utviklinga i 60-studiepoengeiningar (SPE) ved offentleg finansierte utdanningar frå og med 30 studiepoeng.
Kjelde: HK-dir/DBH-F Vedlegg: F5.8

5.4 Utviklingsmidlar for kvalitet

Tilskotsordninga for utviklingsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning var eitt av fleire tiltak som blei introdusert i fagskulemeldinga i 2017. Ordninga har som mål å stimulere til høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning (HK-dir, 2024b). Gjennom ordninga får fagskulane midlar til å I) utvikle nye utdanningar i samarbeid med arbeidslivet; II) utforske og ta i bruk digital teknologi i læring og undervisning for å auke studentanes læringsutbyte; III) tilby kompetanseheving for lærarar for å sikre undervisning av høg kvalitet; samt IV) få på plass naudsynt utstyr som til dømes simulatorar for å kunne tilby utdanningar som gjev kompetanse og ferdigheiter som arbeidslivet treng.

Utviklingsmidlar sidan 2017

Figur ‎5.9 viser fordelinga av midlar til dei ulike fagområda sidan opprettinga av ordninga i 2017. Av det totale tilskotet sidan starten, har 29 prosent (116,6 millionar kroner) gått til tekniske fag. Desse faga har alltid fått store deler av midlane, men deira del har gått noko ned dei siste åra til fordel for andre fagområde.

Ser vi bort frå tverrfaglege prosjekt, som inneheld ein stor variasjon av ulike fagområde, er det helse- og velferdsfaga som har fått nest mest av midlane totalt sett. Til helse- og velferd har det vorte tildelt 70,4 millionar kroner totalt, det utgjer 18 prosent. Dei siste åra har ein stadig større del tilskot gått til dette fagområdet. Denne utviklinga kan seiast å spegle analysane av kompetansebehov i arbeidslivet, og signal frå stat og fylkeskommunar om kva som er viktig å prioritere på utdanningsfeltet.

Økonomiske og administrative fag har motteke til saman 32 millionar kroner, rundt 10 prosent av total tildeling. Det er verdt å merke seg at nesten halvparten av desse midlane, 14 millionar kroner, vart tildelt i 2023. Den store tildelinga i 2023 heng saman med at det var fire fagskular som fekk tildelt relativt store prosjekt knytt til økonomi og administrasjon dette året. I motsetnad til utviklinga i tildelingar til helse- og velferdsfaga, er det ikkje nærliggande å tolke dette som eit uttrykk for ein trend.

Prosjekt innanfor samferdselsfag har motteke 70 millionar kroner sidan 2017. Det aller meste av desse midlane har gått til maritime fag, medan noko har gått til luftfartsfaga. Andelen tilskot til samferdselsfaga har hatt ein jamn nedgang sidan oppstarten. Der snautt 10 millionar kroner gjekk til prosjekt innan samferdsel i 2017, var det ingen samferdselsprosjekt som fekk midlar i 2023. Dette har truleg samanheng med at maritime utdanningar har hatt tilgang til andre kjelder for tilskotsmidlar, som til ein viss grad har erstatta utviklingsmidlane. Til utlysinga av utviklingsmidlar i 2024 vart 9,7 millionar kroner overført frå MARKOM-programmet, saman med ein føring at maritime fag skal prioriterast. Dette vil føre til at meir midlar vert tildelt samferdselsprosjekt frå 2024.

Fagområda kreativ og anna har motteke høvesvis 13,5 (3 prosent) og 18,5 (5 prosent) millionar kroner frå 2017-2023. Desse fagområda er relativt små i antal studentar samanlikna med dei andre fagområda.

Figur ‎5.9 Utviklingsmidlar totalt, sortert på fagområde, 2017–2023
Kjelde: HK-dir Vedlegg: F5.9

Figur ‎5.10 viser korleis utviklingsmidlane har blitt fordelt på dei ulike utviklingsområda i ordninga. Innkjøp av nytt utstyr, «eingongsinvesteringar», har vore den største kategorien i dei fleste åra. I 2021 vart det tildelt ekstra mykje til dette føremålet. Dette kjem mellom anna av at det vart utlyst ein ekstra pott med midlar på 10 millionar kroner til dette føremålet, som eit ledd i utdanningsløftet i samband med covid-pandemien.

Elles ser vi ei tydeleg utvikling i retning av at stadig meir tilskot går til utvikling av nye utdanningar. Berre frå 2021 til 2023 har beløpet som går til nye utdanningar meir enn dobla seg. Dette tydar på at tilskotsordninga er viktig for fagskulane sitt oppdrag med å svare på arbeidslivet sine nye og skiftande kompetansebehov. Samstundes har dette bidratt til den nemnde køen for akkreditering hos NOKUT.

Figur ‎5.10 Utviklingsmidlar fordelt på utviklingsområde, 2017–2023

Kjelde: HK-dir Vedlegg: F5.10

Biletet som til saman vert danna er at utviklingsmidlane for høgare yrkesfagleg utdanning er ei ordning som treff sektoren breitt med tanke på både fagområde og utviklingsområde.

Eit nærblikk på utviklingsmidlane i 2023

I 2023 fekk 40 prosjekt ved 20 fagskular tildelt til saman 51,1 millionar kroner (Kunnskapsdepartementet, 2023b). Figur ‎5.11 syner fordelinga mellom dei ulike fagområda. Helse- og velferdsfag fekk den største delen av potten, tett etterfølgt av økonomiske og administrative fag, og tekniske fag. Desse fagområda mottek til saman over 80 prosent av utviklingsmidlane i 2023, noko som speglar den dominerande posisjonen deira i sektoren (sjå t.d. figur 3.6). Som nemnd over fekk økonomi- og administrasjonsfaga ein særleg stor del tilskot i 2023 samanlikna med tidlegare år.

«Tverrfagleg»-kategorien fekk 12 prosent av midlane i 2023. I denne kategorien inngår prosjekter der søkarinstitusjonane har merka av for fleire enn eitt fagområde. Dette inkluderer prosjekt som rettar seg spesifikt inn på fleire fagretningar, og prosjekt som har ein meir overordna natur, utan å gå inn på fagområde. Eit eksempel på eit tverrfagleg prosjekt er oppgradering av en elektrolab tilknytt maritime fag, eit prosjekt som grip inn i to ulike fagområde.

Figur ‎5.11 Fordeling av utviklingsmidlar på fagområde, 2023
Kjelde: HK-dir Vedlegg: F5.11

Figur ‎5.12 visar korleis utviklingsmidlane vart fordelte på dei ulike utviklingsområda i 2023. Mest midlar gjekk til utvikling av nye utdanningar i 2023, med meir enn 20 millionar kroner (40 prosent). Prosjekt knytt til bruk av digital teknologi for læring stod for drygt 14 millionar (28 prosent), medan eingongsinvesteringar utgjorde 12,5 millionar (25 prosent). Snautt 4 millionar gjekk spesifikt til kompetanseheving av lærarar. Det kan likevel vere element av kompetanseheving av lærarar integrert i dei andre utviklingsområda.

Figur ‎5.12 Utviklingsmidlar fordelt på utviklingsområde, 2023

Kjelde: HK-dir Vedlegg: F5.12

Tala som er oppgitt i rapporten er basert på budsjettvedtak av statlege tilskot, og vedtak om tildelingar i ulike tilskotsordningar. Tala på skulepengar og fylkeskommunale frie midlar er basert på innrapporteringar til DBH-F frå høvesvis fagskular og fylkeskommunar. Nokre fylkeskommunar gir indirekte tilskot til fagskular i form av gratis husleige og diverse tenester som ikkje blir rapportert til DBH-F, og derfor ikkje rekna med her.

Nokre fylkeskommunar gir indirekte tilskot til fagskular i form av gratis husleige, HR- og IT-tenester og liknande, som ikkje blir rapportert til DBH-F, og derfor ikkje rekna med her.

Skulepengane fordeler seg på 61 millionar i betaling for korte utdanningstilbod (30–59 studiepoeng), 273 millionar i betaling for fagskulegradar (60–119 studiepoeng) og 485 millionar i betaling for høgare fagskulegradar (120 studiepoeng).

Tilsvarande tal for vårsemesteret 2023 er 396 millionar kroner.

Dette er ekskludert luftfartsfaga. Her er det om lag 350 studentar som betaler mellom 220 000 og 700 000 kronar per semester for utdanninga. Dette gir eit stort utslag på gjennomsnittet, og bidreg til å gi eit skeivt bilete av omfanget av skulepengar for hovudvekta av studentane. Gjennomsnittleg betaling inkludert luftfartsfaga er på kring 36 200 kroner.

I snitt var individa på slike kortare tilbod meldt opp til 1,5 tilbod og 11,8 studiepoeng i 2023. Individ som betalte skulepengar vart i snitt meldt opp til 1,8 tilbod og 11 studiepoeng.

I dette talgrunnlaget har vi ekskludert dei fire statlege fagskulane som får tilskot direkte over statsbudsjettet. Vi har òg ekskludert tilbod som er under 30 studiepoeng, då desse i stor grad er prosjektfinansiert gjennom bransjeprogram eller tilskot til fleksible og desentraliserte tilbod, finansiert gjennom den industrifagskulen.

Det kom òg 500 nye studieplassar i budsjettet for 2024, men desse er ikkje talt med her då rapporten gjeld for 2023-tala.

Den venta auken i SPE er utan studieplassmidlane som er øyremerkt Industrifagskulen. Vi samanliknar med produksjonen av studiepoeng utan tilbod under 30 studiepoeng. Vi har heller ikkje rekna med effekten av studieplassane som vart innført frå hausten 2023, då vi ikkje ventar å sjå effekten i innrapporterte tal til DBH-F før haustrapporteringa i 2024.

Dette er fordi det tar lengre tid frå ein student startar utdanninga og vert tald som aktiv, til eksamenar vert avlagd og studiepoenga rapportert til DBH-F. Stort sett startar studentar i haustsemesteret, men tar dei fleste eksamenar i vårsemesteret. Desse resultata vert då rapportert til DBH-F den 15. august året etter at studenten vart registrert som student på tilbodet. Finansieringa og talet på studentar aukar derfor fortare enn talet på SPE.

Det har vert nokre mindre justeringar av innretningane gjennom åra. Dette er kriteria som gjaldt for utlysinga i 2023.

Dei ulike utviklingsområda er ikkje gjensidig ekskluderande. Eit innkjøpsprosjekt kan til dømes òg inkludere midlar til utvikling av læringsmateriell, og eit prosjekt som dreier seg om bruk av digital teknologi kan inkludere eitt eller fleire innkjøp. Fagskulane kategoriserer sjølve prosjekta ut frå kva som utgjer det største delen av prosjektet.