Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2024

2. Metode og datagrunnlag

Datakjelder

Data til tilstandsrapporten er i hovudsak henta frå fagskulestatistikken i Database for statistikk om høgare utdanning (DBH-F) som er drifta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Tala er innrapporterte frå fagskular og fylkeskommunar til DBH-F, og speglar sektoren i tal frå 2023.

Vi har òg brukt tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for å kople studentar til bustadfylke og studiefylke.

Teljing av studentar

Aktive studentar på utdanningstilbod på 30 studiepoeng og over vert talde 1. oktober, og rapporterte inn til DBH-F 15. oktober. Dersom ein student er registrert på fleire utdanningstilbod, vert studenten talt fleire gangar. Talet på studentar er derfor noko høgare enn talet på individ i sektoren, som er måten SSB tel studentar.

For studentar på kortare studietilbod under 30 studiepoeng er det tre rapporteringar i løpet av året, der fagskulane kan rapportere talet på studentar som er aktive mellom teljetidspunkta. Studentar på studietilbod under 30 studiepoeng kan vere meldt opp til fleire korte tilbod både vår, sommar og haust. Sidan det er meir vanleg at ein student er registrert på fleire tilbod ved same studiestad innafor eit semester, vel vi å telje desse som unike individ frå heile året.

Studenttalet for 2023 (31 380) er derfor ein kombinasjon av aktive studentar på utdanningstilbod på 30 studiepoeng og over på teljetidspunktet 1. oktober og studentar (individ) på studietilbod under 30 studiepoeng frå heile året.

I tabell 3.3 fokuserer vi på utviklinga av korte studietilbod innanfor dei ulike fagområda. I den tabellen tel vi alle oppmeldingar, og nokre studentar er derfor talde fleire gonger i den tabellen.

Teljing av nye studentar

Nye studentar blir talde fyrste gongen dei vert registrert på ei utdanning med ein gitt NUS-kode. I tilfelle der ein student har vore registrert på fleire ulike utdanningar med same NUS-kode, har vi i tidlegare tilstandsrapportar talt dei fleire gonger. I årets rapport er desse dublettane fjerna og kvar student er berre telt ein gong, òg for historiske tal. Dette er grunnen til at historiske tall kan vere noko lågare enn tidlegare.

Fullføring

Fullføringstala vert berekna på grunnlag av kor tid ein student vart registrert på ein bestemt NUS-kode første gong, og kor lenge utdanninga er estimert til å vare med utgangspunkt i talet på studiepoeng og del av heiltid.

Det er einskilde utfordringar med måten nokre fagskular registrerer og rapporterer studentar på. Dette er særleg knytt til ulike formar for fleksibilitet i utdanningsløpet som ikkje tillét ei vurdering av fullføring på normert tid på vanleg måte. Av desse grunnane har vi ekskludert Noroff og NKI frå fullføringstal for alle åra. Vi har i tillegg sett oss nøydd til òg å ekskludere Fagskulen i Viken, men berre frå 2022-grunnlaget. Fullføringsgraden vi bereknar for denne fagskulen er svært låg dette året, og dette kan knytast til utfordringane som er omtala over. I grunnlaget for 2023 har vi ekskludert Norsk fagskole for lokomotivførere og Trøndelag høyere yrkesfagskole på liknande grunnlag. I tillegg er alle luftfartsfaga, med om lag 400 studentar kvart år, tatt ut av talgrunnlaget for fullføring, men av ein anna grunn enn dei andre. Grunngjevinga for å ekskludere desse er at fullføringa i luftfartsfaga er så låg at det gir eit feilaktig bilete av resten av sektoren. Nokre einskildtilbod er også ekskludert frå talgrunnlaget for alle åra. Dette er omtala i merknadane til figurane og tabellane det gjeld.

Fagskulegrad

Når vi omtalar utdanningar av ulikt omfang, nytter vi følgjande inndelingar:

  • Høgare fagskulegrad (120 studiepoeng)
  • Fagskulegrad (60–119 studiepoeng)
  • Korte utdanningstilbod (30–59 studiepoeng)
  • Kortare studietilbod (<30 studiepoeng)

Felles klassifiseringssystem for fagskulestudentar

Vi nyttar felles klassifiseringssystem for fagskulestudentar ved inndeling i fagområde og utdanningstype. I figurar der fagområda er inkludert, har vi ekskludert kategorien uoppgitt fagområde. Kategorien inneheld studentar på studietilbod under 30 studiepoeng, der vi ikkje har informasjon om fagområde.

Tabell 2.1 Felles klassifiseringssystem for fagskulesektoren (FKF)
Utdanningskategori
Utdanningstype
Kreative fag (kreativ)
Visuell kunst
Musikk, dans og drama
Film og foto
Design
Interiør
Mote
Anna
ØkAdm-fag (ØkAdm)
Leiing
Kontor
Lønn og rekneskap
Marknadsføring
Reiseliv
Anna
Tekniske fag (teknisk)
Bygg og anlegg
Elektro/energi
Industri/kjemi
Petroleum
Data-IT
Modellering
Anna
Helse- og velferdsfag (helse og velferd)
Helse
Oppvekst
Anna
Samferdselsfag (samferdsel)
Jernbane
Luftfart
Maritim-Dekk
Maritim-Maskin
Anna
Anna
Grøne fag
Mat og drikke
Religion
Skjønnhetspleie
Anna
Merknad: versjon 1.16.
Kjelde: NOKUT Vedlegg: T2.1

Datakvalitet

Gjennom arbeidet med tilstandsrapporten gjer vi ein stor kvalitetssikringsjobb på tala som er innrapporterte frå fagskulane. På generelt grunnlag ser vi at det ligg eit stort potensiale for betre datakvalitet og meir effektiv administrering og forvaltning av fagskulesektoren.

Arbeidet med rapporten avdekker eit behov for betre tilpassa studieadministrative system og kodeverk for utdanningstilbod, som kan handtere fleksibiliteten og det heilskaplege studie- og utdanningstilbodet fagskulane har.