Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2024

Samandrag

Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning omtalar sektoren i tal og analyser om studentar, fagskular, utdanningstilbod og økonomi for 2023.

Studentane

I 2023 tel vi om lag 31 400 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Det er 3 400 fleire studentar enn året før. Veksten har tatt seg opp igjen sidan utflatinga i 2022, og samla sett har studenttalet fordobla seg sidan 2017. Det er òg ein jamn auke i studiepoengproduksjon, men kvar student avlegg noko færre studiepoeng enn året før. Dette heng saman med ein 60 prosent auke i talet på studentar som tar kortare studietilbod under 30 studiepoeng frå 2022 til 2023.

Dei tre største fagområda er tekniske fag, helse- og velferdsfag, og økonomi- og administrasjonsfag. Studentane på desse fagområda utgjer ein stadig større del av studentane. Fagskulane bidreg i så måte til å dekke framtidige kompetansebehov innan desse fagområdane. .

Fleksible utdanningar

Studentane er i snitt 33 år gamle og i stor grad etablerte arbeidstakarar med lang arbeidserfaring som studerer ved sidan av jobb. Dei fleste studentane nyttar seg av fleksible utdanningstilbod. Deltidsstudentane står for 90 prosent av auken i studenttalet. Med denne auken er over 70 prosent av alle studentane deltidsstudentar, men det er store skilnader mellom dei ulike fagområda. To av tre studentar følger nettbaserte tilbod med eller utan samling.

Opptaksgrunnlag

Yrkesfagleg kompetanse er det mest vanlege opptaksgrunnlaget i høgare yrkesfagleg utdanning, men bruken av realkompetansevurdering aukar, særleg innan tekniske fag og økonomi- og administrasjonsfag. Kvar tredje student på kvart av desse fagområda vert tatt opp på grunnlag av realkompetansevurdering. Dette er i tråd med målsettinga om å bidra til å få fleire folk i arbeid.

Uteksaminering, studiepoeng og fullføringsgrad

Det har vore ein markant oppgang i talet på uteksaminerte kandidatar i 2023, i hovudsak innan tekniske utdanningar, og først og fremst på kortare studietilbod. Medan talet på uteksaminerte studentar innan helse og velferd og kreative fag held seg meir eller mindre stabilt, ser vi ein nedgang i uteksaminertefor både økonomi og administrasjon og samferdsel.

Fullføringsgraden går noko ned i 2023. Dei siste sju åra ser vi at over 80 prosent av alle forventa studiepoeng vert avlagte kvart år, med unntak av i 2020 og 2021. Det er desse studentane i 2020 og 2021 som bidreg til lågare fullføring i 2023, fordi dei ikkje har kome i mål med utdanninga si. Dette er ein effekt som i stor grad kan tilskrivast pandemien.

Institusjonslandskapet

Hausten 2023 var det 60 fagskular, 16 offentlege og 44 private, som rapporterte aktivitet på 175 studiestader. Det har vorte færre små og fleire store fagskular. Sidan 2017 har talet på fagskular med 100 studentar eller færre gått ned frå 48 til 27, medan fagskular med over 1 000 studentar har auka frå fire til tolv. Innlandet, Oslo, Rogaland, Troms og Finnmark, Trøndelag og Viken har fått fleire studiestader hausten 2023.

Fagområdeakkreditering

I 2023 var det 12 fagskular som hadde fagområdeakkreditering på eitt eller fleire fagområde. Det er gitt 21 fagområdeakkrediteringar totalt, fordelt på desse 12 fagskulane. Det er ein auke på fire frå i fjor, og tre av desse er innan fagområdet helse og velferd.

Utdanningstilbod

Hausten 2023 var det totalt 389 ulike utdanningstilbod. Om ein reknar med variasjonar i tilboda i forma av finansiering (offentleg eller skolepengar), organisering (heiltid og deltid), utdanningsform (stadbasert, nettbasert og samlingsbasert), er det registrert 1 866 utdanningstilbod innan høgare yrkesfagleg utdanning. Dette syner eit breitt spekter av utdanningstilbod som gjer utdanningane meir tilgjengelege. Generelt går utviklinga i retning av fleire nettbaserte og nett- og samlingsbaserte tilbod, heller enn stadbaserte tilbod.

Økonomi og styring

I 2023 blei det brukt om lag 2,5 milliardar kroner på høgare yrkesfagleg utdanning. Om lag 1,23 milliardar av finansieringa var i form av tilskot frå Kunnskapsdepartementet, medan 834 millionar kroner var i form av skulepengar. Resten var midlar frå fylkeskommunane, frå offentlege tilskotsordningar, og direktetildelingar over statsbudsjettet til nokre statlege fagskular.

Vi ser at dei offentlege midlane som vert fasa inn som nye studieplassar i stor grad følgjer den venta utviklinga i studiepoengproduksjon.

Digitalt vedlegg

Vedlegga er digitale og kan lastast ned frå . Der finn ein talgrunnlag for alle figurane og tabellane i rapporten. Den inkluderer òg tidsseriar utover det vi viser i sjølve rapporten.