Realkompetansevurdering
Vi arbeider for å fremje bruken av realkompetansevurdering i ulike nivå i opplæring, utdanning og arbeid.
Sist oppdatert : 28. oktober 2023Målgruppa for desse nettsidene er fylkeskommunar, kommunar, utdanningsinstitusjonar og andre forvaltningsnivå som har interesse i å lære meir om realkompetansevurdering. Privatpersonar som besøkjer nettsidene om realkompetanse i HK-dir, og har spørsmål, skal rette henvendelsar til det forvaltningsnivået som saka gjeld.
Kva er realkompetanse?
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har. Altså den kompetansen personen har tileigna seg gjennom formell læring som skulegang og studiar, ikkje-formell læring som ulike typar kurs eller uformell læring som eksempelvis læring gjennom ulike typar løna eller uløna arbeid, i omsorgsarbeid heime eller i aktiviteter i fritida.
Realkompetansevurdering er dermed prosessen å vurdere og verdsetje denne kompetansen. Realkompetansevurdering kan skje på ulike nivå i utdanningssystemet og ulike lovverk regulerer bruken av realkompetansevurdering på dei ulike nivåa.
Delt ansvar for feltet realkompetansevurdering
Dikretoratet for høgare og utdanning og kompetanse (HK-dir) og Utdanningsdirektoratet (Udir) har eit delt nasjonalt ansvar for realkompetansevurdering i grunnskule og vidaregåande opplæring (grunnopplæring).
Ansvarsfordelinga er slik:
- HK-dir har ansvaret for rettleiing, føredragsverksemd, arbeid med kompetanseheving og nettverksarbeid knytta til realkompetansevurdering i grunnopplæringen for vaksne.
- Udir har ansvaret for regelverk, arbeid med læreplanar, statistikk og nasjonale eksamenar i grunnopplæringa for vaksne.
Tiltak for kompetanseheving
Vi har desse tiltaka for kompetanseheving innen feltet realkompetansevurdering:
- Studiet i realkompetansevurdering ved OsloMet rettar seg mot fagpersonar, veiledere og administrativt tilsette på alle utdanningsnivå og ellers i fagmiljø som jobbar med kompetanseutvikling av vaksne.
- Vi har i samarbeid med OsloMet utvikla nokre nettbaserte ressursar som ledd i kompetansetanseheving av fagkonsulentar innan vidaregåande opplæring for vaksne. Tilbodet rettar seg spesielt mot fagkonsulentar, men kan være aktuelt for fleire. Sjå egen side for ressursane.
- Nasjonalt nettverk for realkompetansevurdering er eit lærande nettverk på digital plattform (Microsoft Teams). Målgruppa er alle som arbeider med realkompetansevurdering i grunnskule og vidaregåande opplæring for vaksne. Lyst å bli medlem i nettverket? Send e-post til rkv@hkdir.no.
- Nordisk Kvalitetskompass for realkompetansevurdering er utvikla av valideringsnettverket i Nordisk nettverk for voksnes læring (NVL). Det består av 5 ulike verktøy for arbeide med kvalitetsutvikling i alle faser i arbeidet med realkompetansevurdering.
- HK-dir har utvikla rettleiiarar til hjelp i arbeidet med realkompetansevurdering:
Lovverk
Det er ulike lovverk med føresegner knytt til realkompetansevurdering på dei ulike utdanningsnivåa:
- Vidaregåande opplæring for vaksne
- Høgare yrkesfagleg utdanning
- Lov: Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven)
- Klageinstans: Utdanningsinstitusjonane sjølve
- Høgare utdanning
- Lov: Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven)
- Klageinstans: Utdanningsinstitusjonane sjølve.
Udir har også gitt ut rundskriv (Udir-2-2008) for vidaregåande opplæring og rundskriv (Udir-3-2012) for grunnskuleopplæring.
Aktørar
- Kommunane har ansvaret for gjennomføring av grunnskuleopplæring og realkompetansevurdering for vaksne.
- Fylkeskommunane har ansvaret for gjennomføring av videregåande opplæring for vaksne. Realkompetansevurdering er ein implisitt del av retten til opplæring i vidaregåande opplæring for vaksne.
- Universitets- og høgskulesektoren og tilbydarar av høgare yrkesfagleg utdanning (fagskule) har ansvaret for realkompetansevurdering.