Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2024

Forord

Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning blir kvart år utarbeida av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. I år er tilstandsrapporten et viktig kunnskapsgrunnlag for den komande stortingsmeldinga om høgare yrkesfagleg utdanning. Elles er tilstandsrapporten også brukt som grunnlag for styring og forvalting, og av sektoren sjølv.

Database for statistikk om høgare utdanning (DBH-F) er den primære kjelda for tala i rapporten. Det vert òg nytta tal frå Statistisk sentralbyrå. Data som blir presenterte i tilstandsrapporten er kvalitetssikra og sett i samanheng, og rapporten beskriv fagskulesektoren i tal og analyser om studentar, fagskular, utdanningstilbod og økonomi for 2023. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling av rapportane, slik at dei er tilpassa ein sektor i vekst og endring.

Sektorbiletet fyrst i rapporten viser nasjonale nøkkeltal frå dei siste tre åra innan dei ulike områda rapporten dekker. Sist i rapporten finn ein eit utval nøkkeltal om fagskulesektoren i kvart av dei ulike fylka.

HK-dir takkar Kunnskapsdepartementet for oppdraget og for tilbakemeldingar undervegs i prosessen.