Praktisk informasjon til prøvestader som skal delta i pilotering
Her finn du informasjon til prøvestader som skal delta i pilotering av oppgåver til norskprøvane.
Sist oppdatert : 23. oktober 2026Registrering av kandidatar
Prøvestadene må registrere kandidatane i Prøve-administrativt system (PAD) slik dei gjer ved ordinære prøvar. Prøvestadene kan melde opp kandidatar frå to veker før piloteringen startar.
Når kandidatane er registrerte til pilotering, kan den same registreringa nyttast ved oppmelding til seinare prøvar. Det er derfor nyttig å leggje inn all den informasjonen om eleven som ein uansett må registrere i samband med oppmelding til ordinær prøve.
Det er berre kommunale vaksenopplæringssenter eller andre tilbydarar som har avtale med kommunen om opplæring og prøvegjennomføring, som kan delta i piloteringa.
Slik melder du opp deltakarar i PAD
I det prøveadministrative systemet (PAD) kan du melde opp deltakarar til prøve, setje opp prøveparti og skrive ut innkallingsbrev og prøvebevis. Deltakarar skal også logge seg inn via innloggingsbiletet til PAD.
Dersom kandidatane allereie er registrerte, treng dei ikkje å bli registrerte på nytt. Antatt nivå treng ikkje fyllast ut. Det er mogleg å oppdatere informasjonen (for eksempel mobilnummer). Sjå rettleiing for registrering av deltakarar.
Piloteringsprøvane ligg i PAD saman med dei ordinære prøvane i norsk og samfunnskunnskap. For å kunne pilotere, må opplæringsstaden vere sett opp som prøvestad i PAD. Sjå rettleiing for å opprette prøve i PAD
Nivå og oppmelding
Deltakarane kan meldast opp til anten A1–A2 eller B1–B2. Dei får då tilgang til fire prøvar.
«Pilotering A1–A2, bokmål (/nynorsk)» inneheld desse fire prøvane:
- norsk lytting A1–A2
- norsk lesing A1–A2
- norsk lytting A2–B1
- norsk lesing A2–B1
«Pilotering B1–B2, bokmål (/nynorsk)» inneheld desse fire prøvane:
- norsk lytting A2–B1
- norsk lesing A2–B1
- norsk lytting B1–B2
- norsk lesing B1–B2
Kva prøvar skal deltakaren ta?
Læraren informerer deltakarane om kva prøvar dei skal ta når dei startar piloteringa.
- Deltakarar som ikkje har nådd A1-nivå, skal ikkje delta i pilotering.
- Deltakarar som er på A1, blir melde opp til «Pilotering A1-A2». Dei skal berre ta A1-A2-prøvane.
- Deltakarar på antatt A2-nivå, blir melde opp til «Pilotering A1-A2». Dei kan ta anten A1-A2-prøven eller A2-B1. Dei kan også ta begge to, dersom det er mogleg å dele dei på to dagar. Vi anbefaler ikkje at dei tar fire pilotprøvar (to lytt og to les) på same dag.
- Deltakarar på antatt B1-nivå, blir melde opp til «Pilotering B1-B2». Dei kan ta anten A2-B1-prøven eller B1-B2. Dei kan også ta begge to, dersom det er mogleg å dele dei på to dagar. Vi anbefaler ikkje at dei tar fire pilotprøvar (to lytteprøvar og to leseprøvar) på same dag.
- Deltakarar på B2-nivå, blir melde opp til «Pilotering B1-B2». Dei skal berre ta B1-B2-prøvane.
Tidsbruk
Lytteprøve: ca. 30 minutt (A1–A2), ca. 45 minutt (A2–B1) og ca. 40 minutt (B1–B2) - Lytteprøvane går av seg sjølve og blir avslutta automatisk.
Leseprøve: 75 minutt (A1–B2) – det er læraren sitt ansvar å avslutte prøven etter 75 minutt.
Førebu deltakarar på pilotering
Forklar deltakarane at dei får oppgåver av ulik vanskegrad, og at desse er blanda. Ein A2-ar vil til dømes få mange oppgåver på B1-nvå. Det er ikkje meininga at dei skal klare alle oppgåvene, men dei bør rekke å svare på alle oppgåvene. På leseprøven bør lærarane be deltakarane om å gjette svaret og gå vidare når dei kjem til oppgåver som er for vanskelege.
Kor vanskelege er prøvane?
Kor vanskelege dei avsluttande prøvane i norsk er, avheng av at dei som deltar i pilotering, er representative for kandidatane som skal ta prøven. Derfor er det viktig at også svake A1-deltakarar deltar i utprøving på A1-A2-nivå. Det same gjeld sterke deltakarar på B1-B2.
Dersom lærarar eller andre morsmålsbrukarar tar pilotprøver, kan dette påverke analyseresultata og gjere prøvane vanskelegare.
Dette kan gjere prøvane vanskelegare:
- lærarar/nordmenn deltek i pilotering
- deltakarane får hjelp
- deltakarar bruker hjelpemiddel
- deltakarar tar piloteringa fleire gonger
- deltakarar piloterer heime (og kan bruke lang tid)
Råd til deltakarar på A1-nivå
Informer svake A1-deltakarar om at prøven er vanskeleg, og at minst halvparten av oppgåvene er meint å vere på A2-nivå. Kanskje klarer dei berre nokre få oppgåver, og det er heilt greitt. Dei skal ikkje streve lenge med vanskelege oppgåver. Dei bør gjere eit forsøk, og så gå vidare. Slik bidrar dei til at prøvane ikkje blir for vanskelege for A1-arar. Dei får også øvd på prøvesituasjonen, der det er viktig å ikkje bruke lang tid på vanskelege oppgåver.
Bli kjend med prøvesystemet
Før piloteringa kan det vere lurt at kandidaten går gjennom eksempeloppgåvene i lytting og eksempeloppgåvene i lesing, slik at dei blir litt kjende med prøve-systemet og oppgåvetypane. Deltakarane må velje målform sjølve. Dette gjeld både eksempeloppgåvene, piloteringa og ekte prøve.
Førebuing på prøvestaden
For å sikre at piloteringa gir rette resultat – altså viser kva oppgåver det er realistisk at deltakarane klarar på ein prøve – må sikkerheita vere som på ein ekte prøve. Deltakarane må ikkje ha tilgang til internett.
Prøvestadene bør gå gjennom nettverk/bandbreidde og sjekkliste for it-ansvarlege før pilotering.
For å delta, treng kandidatane brukarnamn og passord. Kandidatane loggar seg inn frå PAD. Her finn du hjelp til å skrive ut brukarnamn og passord til kandidatar.