Hopp til hovudinnhald

Pilotering

Alle registrerte prøvestader kan melde opp deltakarar til utprøving av lese- og lytteoppgaver, såkalla pilotering.

Sist oppdatert : 15. mai 2024

Piloteringsdatoar

Det er vanlegvis pilotering to gonger i året, vår og haust. Når datoane for neste pilotering er klare, vil skulane få ein e-post om dette, og det blir også lagt ut her på denne sida.

Pilotering våren 2024

Piloteringsdatoar for våren 2024 er 2. - 30. april.

Kvifor pilotering?

Lese- og lytteoppgåvene må ha rett vanskegrad, slik at dei gir ei god måling av nivået. For å sikre dette, piloterer vi alle oppgåver som seinare skal bli brukt i norskprøvane. Det vil seie at vi prøver ut oppgåver på deltakarar i norskopplæringa. Slik får vi informasjon om kor vanskelege dei ulike oppgåvene er, og kor godt dei skil mellom dei ulike kandidatane. Samtidig får deltakaren øvd seg på å ta ein prøve og blir kjend med prøven og oppgåvetypane.

Poeng og resultat

På førehand veit vi ikkje kor lette eller vanskelege oppgåvene i piloteringsprøvane er. Det er derfor ikkje mogleg å seie noko om kor mange poeng eller prosent rette svar ein deltakar må ha, for å bli plassert på eit bestemt nivå. Deltakarane kan ikkje sjå om dei svarer rett eller feil på oppgåvene, men dei kan sjå kor mange rette svar dei får.

Kven kan delta?

Alle registrerte prøvestader kan melde opp deltakarar til pilotering. Det er berre kommunale vaksenopplæringssenter eller andre tilbydarar som har avtale med kommunen om opplæring og prøvegjennomføring, som kan delta i piloteringa.

Til pilotering treng vi deltakarar som samla sett speglar den gruppa som skal ta prøven. Alle som er på nivå A1 til B2 kan derfor delta.

Vi har spesielt stort behov for deltakarar på B2-nivå (fordi det ikkje er så mange av desse i opplæringa). Men også deltakarar på A1-nivå er viktige.

Vi anbefaler likevel ikkje at elevar som er langt unna å klare ein A1-prøve deltar i pilotering. Pilotering av leseoppgåver skal teste om dei fungerer til lesing. Elevar som ikkje kan lese sjølve, kan derfor ikkje delta.

Utprøving av oppgåver fortel oss kor vanskelege oppgåvene er for den gruppa som skal ta prøven. Viss dei som tar pilotprøvane, ikkje speglar kandidatmassen, kan det føre til feil vanskegrad på oppgåvene i prøven. Det same skjer dersom piloteringa ikkje skjer under same vilkår som ekte prøvar.

Dette kan gjere prøvane vanskelegare:

  • lærarar/nordmenn deltek i pilotering
  • deltakarane får hjelp
  • deltakarar bruker hjelpemiddel
  • deltakarar tar piloteringa fleire gonger
  • deltakarar piloterer heime (og kan bruke lang tid)

Tryggleik

For å sikre at piloteringa gir rette resultat – altså viser kva oppgåver det er realistisk at deltakarane klarer på ein prøve – må sikkerheita vere som på ein ekte prøve. Deltakarane må ikkje ha tilgang til internett. Sjå sjekkliste for it-ansvarlege .

Tilbakemelding etter pilotering 

Etter pilotering vil deltakarane få individuelle tilbakemeldingar i form av rammeverksnivå. Tilbakemeldingane krev analyse, og det tar ca. to veker å analysere data etter piloteringsperioden. Tilbakemeldingane blir så sende til prøvestadene, men av omsyn til personvern og tryggleik, må prøvestadane registrere at dei vil ha tilbakemelding. Før kvar pilotering får prøvestadane ein e-post med informasjon om korleis ein registrerer seg.

Det held å registrere seg éin gong. Når ein prøvestad først er påmeld, vil han fortsette å å få tilbakemelding til ein eventuelt melder frå om endring.

Ifølge våre analyser, er det godt samsvar mellom resultat på pilot og resultat på reell prøve.

Etter ein gjennomført prøve, får deltakarane ein poengsum. Det er ikkje noko enkelt og lineært forhold mellom denne poengsummen og den vurderinga deltakaren får i tilbakemeldingane. For eksempel vil poengsummen kunne inkludere somme oppgåver som vi forkastar etter pilotering på grunn av dårlege analyseverdiar. Vi tilrår derfor ikkje at poengsummen blir vektlagt i avgjersler som påverkar rettane til deltakarane.

Forskjellar mellom piloteringsprøvane og reelle prøvar

  • Piloteringsprøvane skal ikkje publiserast i privatistportalen.
  • Det er ikkje dagspassord på piloteringsprøvane. Prøvane er tilgjengelege for deltakaren frå den datoen prøven er planlagt gjennomført, og ut piloteringsperioden.
  • Piloteringsprøvane er ikkje adaptive.
  • Vanskegraden på oppgåvene er ikkje kjend – det veit vi først etter at piloteringsprøvane er analyserte. Poenga seier derfor ikkje noko om nivået til deltakaren.
  • Det er fleire pilot-prøvar på kvart nivå, og deltakarar i same klasse vil få ulike prøvar. Resultata bør derfor ikkjesamanliknast.

Praktisk informasjon til prøvestader som skal delta i pilotering

Før piloteringa kan det vere lurt at kandidaten går gjennom eksempeloppgåvene i lytting og lesing, slik at dei blir litt kjende med prøve-systemet og oppgåvetypane. Deltakarane må velje målform sjølve. Dette gjeld både eksempeloppgåvene, piloteringa og ekte prøve.

Tidsbruk

Lytteprøve: ca. 30 minutt (A1–A2), ca. 45 minutt (A2–B1) og ca. 40 minutt (B1–B2) - Lytteprøvane går av seg sjølve og blir avslutta automatisk.

Leseprøve: 75 minutt (A1–B2) – det er læraren sitt ansvar å avslutte prøven etter 75 minutt.

Førebu deltakarar på pilotering

Forklar deltakarane at dei får oppgåver av ulik vanskegrad, og at desse er blanda. Ein A2-ar vil til dømes få mange oppgåver på B1-nvå. Det er ikkje meininga at dei skal klare alle oppgåvene, men dei bør rekkje å svare på alle oppgåvene. På leseprøven bør lærarane be deltakarane om å gjette svaret og gå vidare når dei kjem til oppgåver som er for vanskelege.

Kor vanskelege dei avsluttande prøvane i norsk er, avheng av at dei som deltar i pilotering, er representative for kandidatane som skal ta prøven. Derfor er det viktig at også svake A1-deltakarar deltar i utprøving på A1-A2-nivå. Det same gjeld sterke deltakarar på B1-B2.

Dersom lærarar eller andre morsmålsbrukarar tar pilotprøver, kan dette påverke analyseresultata og gjere prøvane vanskelegare.

Informer svake A1-deltakarar om at prøven er vanskeleg, og at minst halvparten av oppgåvene er meint å vere på A2-nivå. Kanskje klarer dei berre nokre få oppgåver, og det er heilt greitt. Dei skal ikkje streve lenge med vanskelege oppgåver. Dei bør gjere eit forsøk, og så gå vidare. Slik bidrar dei til at prøvane ikkje blir for vanskelege for A1-arar. Dei får også øvd på prøvesituasjonen, der det er viktig å ikkje bruke lang tid på vanskelege oppgåver.

Nivå og oppmelding

Deltakarane kan meldast opp til anten A1–A2 eller B1–B2. Dei får då tilgang til fire prøvar.

«Pilotering A1–A2, bokmål (/nynorsk)» inneheld desse fire prøvane:

  • Pilotering av norsk lytting A1–A2
  • Pilotering av norsk lesing A1–A2
  • Pilotering av norsk lytting A2–B1
  • Pilotering av norsk lesing A2–B1

«Pilotering B1–B2, bokmål (/nynorsk)» inneheld desse fire prøvane:

  • Pilotering av norsk lytting A2–B1
  • Pilotering av norsk lesing A2–B1
  • Pilotering av norsk lytting B1–B2
  • Pilotering av norsk lesing B1–B2

Læraren informerer deltakarane om kva prøver dei skal ta når dei startar piloteringa.

  • Deltakarar som er på A1 eller A2, skal meldast opp til «Pilotering A1–A2». Deltakarar som er antatt å vere på A1-nivå, tar berre A1–A2-prøvane. Deltakarar på antatt A2-nivå bør ta piloteringsprøvar både på A1–A2 og A2–B1-nivå.
  • Deltakarar som er på B1 eller B2, skal meldast opp til «Pilotering B1–B2». Deltakarar på antatt B1-nivå bør ta piloteringsprøvar både på A2–B1 og B1–B2-nivå. B2-arar tar berre B1–B2-prøvane.

Prøve-administrativt system (PAD)

Det er berre kommunale vaksenopplæringssenter eller andre tilbydarar som har avtale med kommunen om opplæring og prøvegjennomføring, som kan delta i piloteringa.

Piloteringsprøvane ligg i det prøveadministrative systemet (PAD) saman med dei ordinære prøvane i norsk og samfunnskunnskap. For å kunne pilotere, må opplæringsstaden vere sett opp som prøvestad i PAD.

I PAD kan du melde opp deltakarar til prøve, setje opp prøveparti og skrive ut innkallingsbrev og prøvebevis. Deltakarar skal også logge seg inn via innloggingsbiletet til PAD.

 

Registrering av kandidatar

Prøvestadene må registrere kandidatane i PAD slik dei gjer ved ordinære prøvar. Dersom kandidatane allereie er registrerte, treng dei ikkje å bli registrerte på nytt. Antatt nivå treng ikkje fyllast ut. Det er mogleg å oppdatere informasjonen (for eksempel mobilnummer). Sjå rettleiing for registrering av deltakarar.

Når kandidatane er registrerte til pilotering, kan den same registreringa nyttast ved oppmelding til seinare prøvar. Det er derfor nyttig å leggje inn all den informasjonen om eleven som ein uansett må registrere i samband med oppmelding til ordinær prøve.

Førebuing på prøvestaden

Prøvestadene bør gå gjennom nettverk/bandbreidde og sjekkliste for it-ansvarlege før pilotering.

For å delta, treng kandidatane brukarnamn og passord. Kandidatane loggar seg inn frå PAD. Her finn du hjelp til å skrive ut brukarnamn og passord til kandidatar.