Tilrettelegging av norskprøven A1–B2
Alle delprøvane kan bli tilpassa eller tilrettelagt på ulike måtar.
Sist oppdatert : 19. august 2025Alle delprøvane kan bli tilpassa eller tilrettelagt på ulike måtar. Det finst tre gradar av tilpassing:
- Lokal tilpassing
- Særskilt tilrettelegging
- Særskilt tilrettelegging i form av alternativ prøve
Ver merksam på at det er forskjellige reglar for dei tre typane tilpassing/tilrettelegging. Prøvestaden må ikkje melde lokale tilpassingar eller særskilt tilrettelegging til oss. Dette må gjerast for særskilt tilrettelegging i form av alternativ prøve eller bruk av digitale hjelpemiddel.
Søknad om tilrettelegging og påmelding
Nokre former for tilrettelegging, som å justere lyd og skriftstorleik, blir rekna som lokal tilpassing og kandidatar skal ikkje søke om dette på førehand.
Kandidatar som skal ha særskilt tilrettelegging, må søke til prøvestaden. Prøvestaden behandlar søknaden, og HK-dir skal berre ha beskjed dersom tilrettelegginga inneber bruk av digitale hjelpemiddel.
Kandidatar som skal ha særskild tilrettelegging i form av ein alternativ prøve, må søke til prøvestaden. Når prøvestaden har innvilga ein slik søknda, skal prøvestaden melde opp kandidaten via dette skjemaet:
Skjemaet må ein sende inn seinast tre veker før prøven.
Kandidatar som skal ta en alternativ prøve skal i tillegg bli melde opp til ordinær prøve i prøveadministrativt system (PAD).
Om du har spørsmål om tilrettelegging, send e-post til tilrettelegging@hkdir.no.
Særskilt tilrettelegging
Kandidatar som meiner dei har behov for særskilt tilrettelegging, kan søke kommunen om å få forholda lagt til rette ved gjennomføring av prøven. Prøvestaden skal sørge for all slik tilrettelegging, og det er behova til den enkelte kandidat som skal ligge til grunn for tilrettelegginga.
I prøvereglementet kan du lese meir om kva som kan gi rett til særskilt tilrettelegging.
Særskilt tilrettelegging i form av alternativ prøve
Kandidatar som treng det, kan få ein alternativ prøve. For eksempel kan dei ta prøven på papir, få pause mellom lytteoppgåvene eller få ein prøve utan bilete. Prøvestaden må då melde behovet til HK-dir. Den alternative prøven blir ikkje tatt i PAD, men blir sendt til prøvestaden av oss. I prøvereglementet kan du lese om kva som kan gi rett til særskilt tilrettelegging i form av ein alternativ prøve.
Eksempel på tilretteleggingstiltak på dei ulike delprøvane
Delprøve i skriftleg framstilling: særskilt tilrettelegging
Moglege tiltak kan vere:
- Ta prøven i eige rom
- Utvida tid (45 minutt)
- Digitale hjelpemiddel
Delprøve i skriftleg framstilling: Særskilt tilrettelegging i form av alternativ prøve
Moglege tiltak kan vere
- Ta tilpassa prøve på papir
- Ta prøven tilpassa svaksynte
- Ta prøven over fleire dagar
Delprøve i lytteforståing: Særskilt tilrettelegging
Moglege tiltak kan vere
- Ta prøven i eige rom
Delprøve i lytteforståing: Særskilt tilrettelegging i form av alternativ prøve
Moglege tiltak kan vere
- Ta tilpassa prøve på papir
- Ta prøven tilpassa svaksynte
- Ta prøven med pause mellom oppgåvene
Delprøve i leseforståing: Særskilt tilrettelegging
Moglege tiltak kan vere
- Ta prøven i eige rom
- Utvida tid (30 minutt)
- Digitale hjelpemiddel
Delprøve i leseforståing: Særskilt tilrettelegging i form av alternativ prøve
Moglege tiltak kan vere
- Ta tilpassa prøve på papir
- Ta prøven tilpassa svaksynte
- Ta prøven over fleire dagar
Delprøve i munnleg / teiknspråkleg kommunikasjon: Særskilt tilrettelegging
Moglege tiltak kan vere
- Ta prøven utan medkandidat
- Utvida tid (5 minutt)
- Erstatte bildeoppgåve med ei ekstraoppgåve
Digitale hjelpemiddel
Kandidatar med dokumenterte lese- og/eller skrivevanskar, som for eksempel dysleksi, kan søke om å få bruke digitale hjelpemiddel. Dei må søke prøvestaden om særskilt tilrettelegging, og dersom søknaden blir innvilga, får dei bruke utvalde funksjonar i digitale hjelpemiddel på delprøve i leseforståing og delprøve i skriftleg framstilling.
Hjelpemidla Lingdys og IntoWords (CD-ord) er spesielt utvikla for å gi lese- og skrivestøtte til dei som har lese- og/eller skrivevanskar, og dette er dei mest brukte programma. Vanlege nettapplikasjonar gir ofte ikkje tilstrekkeleg lese- og skrivestøtte.
Utvalde funksjonar i digitale hjelpemiddelprogram
Ikkje alle funksjonane i dei digitale hjelpemidla er tillatne på prøvane.
På delprøve i leseforståing er den tillatne funksjonen:
- Skjermlesar (enten ved hjelp av å markere tekst eller ved hjelp av å ta skjermbilde av tekst).
På delprøve i leseforståing er det ikkje tillate å bruke:
- Ordbok
På delprøve i skriftleg framstilling er dei tillatne funksjonane:
- Skjermlesar
- Ordprediksjon
- Kontroll av tekst/skrivestøtte
På delprøve i skriftleg framstilling er det ikkje tillate å bruke:
- Ordbok
- Tale-til-tekst
Eigendefinerte innstillingar tillatne for begge delprøvane:
Mange funksjonar kan bli spesialtilpassa i både Lingdys og IntoWords. Dialekt og tempo på opplesar, bakgrunnsfarge, og så vidare, kan ein endre i innstillingar. Kandidatane bør gjere seg kjende med desse vala, så dei kan tilpasse programmet til sine behov på best mogleg måte.
Nokre av funksjonane kan ein ikkje deaktivere i programma. Det er difor viktig at prøveleiar informerer kandidatar nøye om kva for funksjonar dei kan og ikkje kan bruke på prøven.
Spesielle omsyn ved bruk av digitale hjelpemiddel i PAD
Delprøve i skriftleg framstilling
Lingdys: Kandidatar som bruker Lingdys skriv i eit tekstverktøy som for eksempel Notepad, men kan levere svaret i PAD. Dette er fordi ikkje alle funksjonane i Lingdys fungerer i PAD. Når teksten er skriven, skal den kopierast og limast inn i PAD. Det er mogleg å bruke andre tekstverktøy enn Wordpad, men då er det viktig at alle hjelpefunksjonar i gjeldande program er deaktiverte. Fordelen med Wordpad er at det ikkje ligg hjelpefunksjonar tilgjengeleg. Wordpad er inkludert i nesten alle versjonar av Microsoft Windows.
Når ein skriv i eit tekstverktøy utanfor PAD, må prøvestaden passe på at kandidatar ikkje får tilgang til andre hjelpefunskjonar enn dei som er tillatne for prøven. Nokre funksjonar, som autokorrektur, kan vere aktiverte i for eksempel Notepad, og det er viktig at desse blir deaktiverte før prøven.
IntoWords: Alle skrivestøttefunksjonar fungerer i IntoWords når teksten blir skriven i PAD.
Delprøve i leseforståing
For å bruke skjermlesar er det vanleg at brukaren merkar den teksten som skal bli lest opp, for så å trykke på ein avspelingsknapp (playknapp) i programmet. Slik er det også i IntoWords (CD-ord) Lingdys.
Oppgåver av typen «vel tekst» og «flytt avsnitt» kan ikkje merkast på denne måten. Her må ein ta eit skjermbilete av teksten (ved hjelp av ein egen funksjon i Lingdys/IntoWords), og så blir denne teksten lesen opp av skjermlesaren.
Kjennskap til digitale hjelpemiddel
Lingdys og IntoWords er lese- og skrivestøtteprogram som er spesielt utvikla for personar med spesifikke lese- og skrivevanskar. For å kunne gjere seg nytte av den støtta som eit digitalt hjelpemiddel kan gi, må ein kjenne til korleis det fungerer. Det er derfor svært viktig at kandidatar som skal bruke eit digitalt hjelpemiddelprogram på norskprøven, er kjende med bruken av dette på førehand. Kandidaten skal gjere seg kjend med det aktuelle hjelpemiddelet i god tid før prøven og teste ut bruken av dette på dei ulike formata i eksempelprøvane på nettsidene våre (lenke kommer). Kandidatar som ikkje er kjende med bruken av eit digitalt hjelpemiddel, bør ikkje bruke det på prøven.
Støtte til digitale hjelpemiddel
NAV Hjelpemiddelsentral kan innvilge stønad til Lingdys og IntoWords. Kandidatar kan få hjelp av vaksenopplæringa til å søke om stønad.
For å få innvilga stønad må kandidaten:
- vere under utdanning /opplæring
- ha dokumentasjon frå ein fagperson på spesifikke språkvanskar (for eksempel dysleksi)