Tilskot til kompetanseutvikling i Solkraftbransjen for 2025 - 2027
• Treparts bransjeprogram for kompetanseutviklingTilskot til bransjeprogram for Solkraft er ein del av tilskotet gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Tilskotet i denne utlysinga skal dekke utvikling og løpande gjennomføring av tilbod frå 2025 til november 2027.
Kven kan søke
Tilskotsmottakarar kan vere:
- akkrediterte universitet
- akkrediterte statlege og private høgskular med offentleg stønad
- offentlege fagskular og private fagskular med offentleg stønad
- fylkeskommunar
- studieforbund som ligg inn under Kunnskapsdepartementets tilskotsordning
- andre private tilbydarar med opplæring som hovudformål
Fleire tilbydarar kan samarbeide om tilbodet, men berre ein kan oppførast som søkar og vere tilskotsmottakar. Tilskotsmottakar skal ha hovudansvar for utviklinga, gjennomføringa og rapporteringa av prosjektet.
Søkar og alle samarbeidspartnarar skal vere registrerte i Brønnøysundregistera.
5. februar 2025 kl. 15.00 (norsk tid)
Om tilskotet
Om bransjen
Utbygging av solkraft er ein nøkkelkomponent i Noreg sin fornybare energistrategi, med rask vekst driven av klima- og miljøinvesteringar. Bransjen, som inkluderer mange små og mellomstore verksemder, står ovafor betydelege kompetansebehov, særleg innan elektro- og byggteknisk kompetanse. For å møte utfordringar som elektrifisering og auka internasjonal konkurranse, er det avgjerande for norske verksemder og tilsette å utvikle ny og oppdatert kompetanse. Det er nødvendig med tiltak for kompetanseheving på tvers av fagfelt og yrkesgrupper. Relevante målgrupper i denne bransjen kan vere energimontørar, elektrikarar, tømrarar, taktekkarar, blikkenslagarar, glas- og fasademontørar, installatørar, ingeniørar, prosjektleiarar, saksbehandlarar og arkitektar.
Det er få tilbod innan solenergi på alle utdanningsnivå, og behovet for meir målretta kurs for ulike aktørar er stort. Med regjeringa sitt mål om auka solenergi, er det essensielt med kompetanseheving gjennom heile verdikjeda, for å nå politiske klimamål og møte aukande energibehov.
Bransjeprogram for solkraftutbygging er representert ved organisasjonane EL og IT Forbundet, NHO Elektro, Solenergiklyngen, Fellesforbundet, LO og NHO. Partane samarbeider med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om å legge til rette for at det blir utvikla korte og relevante kompetanseutviklingstilbod på alle nivå. Sjå nettside om treparts bransjeprogram for kontaktinformasjon til relevante partar under Solkraftbransjen:Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling | HK-dir
Om tilskotet
Målet for tilskotsordninga er auka deltaking i kompetanseutvikling i dei bransjane som inngår i bransjeprogrammet. Tilskotsordninga skal føre til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling.
Ein kan søke om tilskot til
Ein kan søke om tilskot til utvikling av nye tilbod eller vidareutvikling av tilbod, slik at det blir retta spesifikt mot kompetansebehovet til bransjen. Søknadene skal inkludere budsjett for utvikling og gjennomføringar av tilboda. Det blir føresett at tilboda blir tilbodne kontinuerleg innanfor prosjektperioden, gitt at det er etterspurnad.
Kompetansebehovet til kvar bransje er definert av representantar frå bransjen sine arbeidslivsorganisasjonar, sjå nedanfor.
Tilskotsordninga blir forvalta etter retningslinjene for bransjeprogrammet (pdf), som er fastsette av Kunnskapsdepartementet.
Vi støtter hovudsakleg inntil eitt tilbod per tema innanfor kvart formål.
A) Installasjon av solkraftanlegg
Arbeid med solkraftanlegg krev tverrfagleg kompetanse og samarbeid mellom ulike fagområde for å sikre at installasjon, dokumentasjon, praktisk utføring og idriftsetting er i samsvar med tekniske krav, regulative krav og HMS-krav. Tilbodet skal inkludere kunnskap om å bruke utrekningar som snø- og vindbelasting og andre ytre påverknader. Tilbodet skal omfatte kompetanse for arbeid med solkraftanlegg på alle typar bygg, og/eller bakkemonterte solkraftanlegg.
Målgruppe: Fagarbeidarar, basar, anleggsleiarar, saksbehandlarar i bedrifter
Nivå: Fagskole eller ikkje-formelt kurs
Omfang: 2,5 til 5 studiepoeng (fagskole) eller 20-60 timar (ikkje-formelt)
Begge nivåa skal inkludere ein praktisk del.
B) Drift og vedlikehald av solkraftanlegg
Tilbodet skal omfatte kompetanse om feilsøking, reparasjon, drift og vedlikehald av solkraftanlegg for å forlenge levetida og sikre kontinuerleg drift. Tilbodet skal omfatte kompetanse for arbeid med solkraftanlegg på alle typar bygg, og/eller bakkemonterte solkraftanlegg.
Målgruppe: Fagarbeidarar, basar, anleggsleiarar, saksbehandlarar i bedrifter
Nivå: Fagskole eller ikkje-formelt kurs
Omfang: 2,5 til 5 studiepoeng (fagskole) eller 20-60 timar (ikkje-formelt)
Begge nivåa skal inkludere ein praktisk del.
Tilbodet skal omfatte gjeldande regelverk, forskrifter og normer, inkludert bygg- og energilovgiving. I tillegg skal tilbodet inkludere helse, miljø og sikkerheit, elsikkerheit og brannførebygging.
Tilbodet skal omfatte arbeid med solkraftanlegg på alle typar bygg og/eller bakkemonterte solkraftanlegg.
Målgruppe: Fagarbeidarar, basar, anleggsleiarar, saksbehandlarar i bedrifter
Nivå: Fagskole eller ikkje-formelt kurs
Omfang: 2,5 til 5 studiepoeng (fagskole) eller 20-60 timar (ikkje-formelt)
Tilbodet skal omfatte kunnskap om prosjektering av solkraftanlegg med eller utan energilagring, inkludert gjeldande regelverk. Tilbodet gjeld prosjektering av solkraftanlegg på alle typar bygg og/eller bakkemonterte solkraftanlegg. Tilbodet skal omfatte berekraft og sirkulærøkonomi i heile verdikjeda.
Målgruppe: Saksbehandlarar og ingeniørar
Nivå: Fagskole eller universitet/høgskole
Omfang: 5 – 30 studiepoeng (ønskeleg med minimum 10 stp til saman)
Formelle tilbod bør delast opp i fleksible og frittståande modular på mellom 5 og 10 studiepoeng, med moglegheit til å ta enkeltmodular eller heile tilbodet samla.
Tema nedanfor (A og B) gjeld arbeid innan eitt eller fleire av følgande område:
- Solkraftanlegg på alle typar bygg, både nybygg og rehabilitering
- Bakkemonterte solkraftanlegg
- Flytande solkraft
- Hybride anlegg
A) Maskinlæring og kunstig intelligens til styring av solkraftanlegg og energilagring
Dette tilbodet skal omfatte optimalisering av energiproduksjon, energilagring, vedlikehald og drift, samt forbetring av beslutningstaking i designprosessar. Det skal òg omfatte digital sikkerheit.
Målgruppe: Saksbehandlarar og ingeniørar
Nivå: Fagskole eller universitet/høgskole
Omfang: 5 – 30 studiepoeng
Formelle tilbod bør delast inn i korte, fleksible og frittståande modular på mellom 5 og 10 studiepoeng, med moglegheit til å ta enkeltmodular eller heile tilbodet samla. Maksimalt tal på studiepoeng for tilbodet er 30 studiepoeng.
B) Kompetanse om digitalisering og automatisering
Dette tema skal omfatte bruk av digitale verktøy og aktuell teknologi for å effektivisere og automatisere solkraftproduksjon og energilagring.
Målgruppe: Fagarbeidarar og saksbehandlarar
Nivå: Fagskole
Omfang: 2,5 – 10 studiepoeng
Formelle tilbod bør delast inn i korte, fleksible og frittståande modular på mellom 2,5 og 10 studiepoeng, med moglegheit til å ta enkeltmodular eller heile tilbodet samla.
Tilskotet dekker
Det er ein føresetnad at offentlege tilskot i sin heilskap går til formålet dei er gitt til.
Tilskotet dekker direkte kostnader knytte til utvikling/vidareutvikling, gjennomføringar av tilbod, og oppfølging av deltakarane.
Døme på slike kostnader kan vere:
- Lønn, inkludert arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjon
- Innkjøp av tenester
- Reiser og møte
- Leige av lokale og utstyr
- Opplæringsmateriell
- Marknadsføring
- Revisjon, viss det er stilt krav om det i tilskotsbrevet
I tillegg blir òg indirekte kostnader knytte til lønn som er avgrensa oppover til eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader dekka.
Tilskotet blir vurdert ut frå budsjett i søknaden, og skal avstemmast mot rekneskap etter gjennomføring.
For tilbydarar som driv blanda verksemd, er det ein føresetnad at tilskotet verken direkte eller indirekte kjem den økonomiske aktiviteten til gode. Det skal oppstillast rekneskapsmessig skile mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet som kan dokumentere at tilskotet i sin heilskap går til det etla formålet og at det ikkje er kryssubsidiering.
Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane. Det er ein føresetnad at tilbodet heilt eller i hovudsak er finansiert av staten.
Tilskotet dekker ikkje
Tilskotet skal ikkje nyttast til:
- Forteneste/utbytte
- Innkjøp av varig utstyr, lisensar eller liknande
- Vikarutgifter, lønnsrefusjon eller reiseutgifter for kursdeltakarar
- Indirekte kostnader som overstig eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader
Med bakgrunn i reglar for statsstøtte kan ikkje tilbydarar bruke offentleg tilskot til å utvikle eit produkt som seinare blir tilbode i ein marknad. Eit opplæringstilbod som er utvikla og gjennomført på UH-og fagskolenivå gjennom bransjeprogramordninga, vil mest sannsynleg falle utanfor reglane for statsstøtte, og blir ikkje ramma av denne føresegna. Det same gjeld for opplæringstilbod på fagskolenivå.
Tilskotet dekker ikkje aktivitetar som er gjennomførte før dato for vedtak.
Tilskotet kan ikkje finansiere aktivitetar som allereie blir støtta av staten, medrekna aktivitetar som er finansiert gjennom rammeoverføringane til fylkeskommunane og fagskoletilbod som er ein del av industrifagskolen (utdanning.no).
Informasjon til fagskolar
Fylkeskommunen har ein sentral rolle som regional utviklingsaktør, og har ansvar for å sikre at det blir tilbode høgare yrkesfagleg utdanning i samsvar med behovet for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt. Fagskolar som søker må derfor involvere fylkeskommunen ved utvikling/tilpassing av fagskoletilbod. Dette føreset ein prosess mellom fylkeskommunen og fagskolen i forkant av søknadsfristen. Involveringa skal bli forklart i søknaden.
Tilskotsbeløp
Det lyses ut 15 millionar kroner til utvikling og gjennomføring i 2025, og itillegg ein sum til vidare gjennomføringar i 2026 og 2027. Midlane er med atterhald om vidare løyving avmidlar til bransjeprogram i statsbudsjett.
Vilkår
Krav til samarbeid
Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og minst to verksemder med tilsette som har eit behov for opplæring i tilbodets innhald.
Dersom det ikkje er oppretta samarbeid med to slike verksemder allereie på søkartidspunktet, må søknaden førebels som eit minimum omtale kontakt og dialog om prosjektet med ei namngitt næringsforeining, klynge eller annan type samanslutning som representerer verksemder med eit opplæringsbehov.
Dialogen med den namngitte næringsforeininga eller klynga viser ei forankring i bransjen på søkartidspunktet. Dialogen skal handle om prosjektet det blir søkt om, og kontakten skal beskrivast i søknaden. Næringsforeining, klynge eller annan samanslutning blir ikkje godteken som ei av dei to verksemdene som tilbodet skal bli utvikla i samband med, men kan inngå i samarbeidet saman med desse.
I tillegg kan òg andre aktørar vere samarbeidspartnarar. Dette gjeld til dømes andre utdanningsinstitusjonar, eller arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar. Tilbodet må vere forankra på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i dei samarbeidande verksemdene. Dette skal bli beskrive i søknaden.
Samarbeidsavtalar mellom to namngitte verksemder og tilbydar kan bli lagt ved søknaden, eller ein kan ettersende innan 16. juni2025.Bruk rettleiande mal for samarbeidsavtalen:
Krav til kompetanseutviklingstilbodet
- Tilboda skal vere korte og fleksible og kunne kombinerast med tilnærma full jobb.
- Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane.
- Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og konkrete verksemder.
- Tilbodet skal ògvere tilgjengeleg for deltakarar som ikkje er tilsette i dei samarbeidande verksemdene.
- Tilbydar skal ha konkrete planar for marknadsføring og rekruttering, og vise til at påmelding er retta mot målgruppa til bransjeprogrammet.
Det skal vere mogeleg å søke om opptak til tilbod på høgare yrkesfagleg nivå og på universitets- og høgskolenivå på bakgrunn av realkompetanse. Det skal informerast om denne moglegheita i omtalen av studietilbodet. HK-dir vil innhente rapportering av tal på personar som har søkt om opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering og tal på personar som har fått opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering.
Andre krav og vilkår for gjennomføring vil kome fram av tilsegnsbrev.
Slik søker du
Krav til søknaden
I søknaden skal søker blant anna gi ei skildring av tilbodet, inkludert planar for det faglege innhaldet og korleis opplæringa er organisert og tilrettelagt for å ivareta behova til deltakarane.
Det skal leggast ved:
- Ein tidsplan for prosjektet der start og slutt for utviklingsperioden kjem fram, og som inkluderer alle gjennomføringar av tilbodet med tidspunkt for start og slutt for kvar gjennomføring.
- Budsjett for utvikling/vidareutvikling av tilbod og gjennomføringar av dette fram til sluttrapportering.
- Samarbeidsavtalar kan leggast ved søknaden, eller dei kan bli sendt inn i etterkant.
Budsjettet må sannsynleggjere at prosjektet er mogleg å gjennomføre.
Det skal nyttast følgande mal for budsjett:
Tilskot til universitet og høgskolar i Bransjeprogrammet skal kategoriserast som bidragsaktivitet i tråd med reglementet for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA-reglementet).
Søknader som kjem etter frist, vil ikkje bli realitetsbehandla. Søknadene blir behandla slik dei føreligg ved utløpet av søknadsfristen.
Registrer søknad
Søkar skal fylle ut søknadsskjema i tilskotsportalen. Etter at du har logga inn, vel du tilskotsordninga du vil søke på. Søknadsskjemaet blir lagt ut i løpet av desember.
Slik behandlar vi søknaden
Dersom alle krav i utlysingsteksten er oppfylt, blir det gjort vurdering av søknaden ut frå prioriteringskriterium spesifisert nedanfor. Her vurderer ein kvaliteten på innhaldet i prosjektet, og ser det opp mot behovet til bransjen og målet for Bransjeprogrammet.
Prosjekt som i størst grad oppfyller kriteria, blir prioritert. Kriteria er lista i tilfeldig rekkefølge. Det blir etterstreve ei fordeling av midlane som sikrar breidde, både når det gjeld formåla i dei ulike bransjane, utdanningsnivå og geografi.
Det vil bli prioritert tilbod som:
- i størst grad treffer målgruppa og kompetansebehova i bransjen
- i stor grad er tilrettelagt slik at flest mogleg aktuelle deltakarar kan gjennomføre opplæringa i kombinasjon med arbeid
- gir praksisnær opplæring, som tek utgangpunkt i deltakaranes daglege arbeidsoppgåver
- gir opplæring som skal auke produktiviteten og omstillingskapasiteten til verksemda og den einskilde arbeidstakaren
- ikkje allereie finst eller er tilgjengeleg for målgruppa. Dette omfattar også gjeldande kurs innanfor fagområdet som ikkje er tilgjengelege som etter- og vidareutdanning
- er kostnadseffektivt
Når får du svar?
Alle søkarar vil bli informert om utfallet av søknadsprosessen. Vedtak om tilskot blir sendt ut i april 2025.
Rapportering og oppfølging
HK-dir vil følge progresjonen til prosjektet. Prosjekt som får tilskot, må utvikle eit detaljert undervisningsopplegg. Nærare informasjon og krav til dette vil kome fram av tilsegnsbrev.
Utdanningstilbydar forpliktar seg til å levere oppdatert og utfyllande informasjon om kompetanseutviklingstilbodet til utdanning.no.
Både utdanningstilbydarar og verksemder som er part i prosjektet er forplikta til å gjennomføre ei eventuell evaluering.
Tidsfristar
Prosjekta må sluttrapporterast seinast 18. november 2027. Meir informasjon om fristar vil stå i tilsegnsbrevet.