Hopp til hovudinnhald

Tilskot til kompetanseutvikling i Helse- og omsorgstenestene for 2025 – 2027

• Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Tilskot til Helse- og omsorgstenestene er ein del av tilskotsordninga gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Tilskotet i denne utlysinga skal dekke utvikling og løpande gjennomføring av kompetansehevingstilbod frå 2025 til november 2027.

Kven kan søke

Tilskotsmottakarar kan vere:

  • akkrediterte universitet
  • akkrediterte statlege og private høgskular med offentleg støtte
  • offentlege fagskular og private fagskular med offentleg støtte
  • fylkeskommunar
  • studieforbund som høyrer inn under tilskotsordninga til Kunnskapsdepartementet
  • andre private tilbydarar med opplæring som hovudføremål

Fleire tilbydarar kan samarbeide om tilbodet, men berre éin kan førast opp som søkjar og vere tilskotsmottakar. Tilskotsmottakaren skal ha hovudansvar for utvikling, gjennomføring og rapportering av prosjektet.

Søkar og alle samarbeidspartnarar skal vere registrerte i Brønnøysundregistera.

Søknadsfrist

19. mars 2025 kl. 15.00
(norsk tid)

Om tilskotet

Om sektoren

Helse- og omsorgstenestene har behov for tilstrekkeleg personell med nødvendig kompetanse. Tenestene er i kontinuerleg utvikling og omstilling. Det er avgjerande å sikre tenester av god kvalitet tilpassa behova i befolkninga, i ei tid der den demografiske utviklinga tilseier redusert aldersbereevne og eit stadig aukande tal innbyggarar med høg levealder og auka behov for helse- og omsorgstenester.

Gjennom dette bransjeprogrammet er målet å bidra til at personell som allereie er tilsett, får tilgang til kompetanseutvikling og spesialisering, uavhengig av kvar i landet dei bur, innanfor dei formåla som er skildra lengre ned i denne utlysningsteksten. Kompetansehevingstilboda som blir utvikla gjennom denne ordninga, må kunne gjennomførast ved sidan av full jobb. Fagleg sett skal tilboda gi kompetanse med utgangspunkt i behova til pasientar og deira pårørande.

I styret for bransjeprogrammet for helse- og omsorgstenestene er fagforbunda Delta, Fagforbundet, Norsk Sjukepleiarforbund og Parat, samt arbeidsgivarforeiningane KS, NHO, Spekter og Virke, representerte. Partane samarbeider med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) for å legge til rette for utvikling av fleire korte og relevante kompetanseutviklingstilbod.

Sjå nettside om treparts bransjeprogram for kontaktinformasjon til relevante partar under Helse- og omsorgstenestene: Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling | HK-dir

Om tilskotet

Målet for tilskotsordninga er auka deltaking i kompetanseutvikling i dei bransjane som inngår i bransjeprogrammet. Tilskotsordninga skal føre til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling.

Ein kan søke om tilskot til

Ein kan søke om tilskot til utvikling av nye tilbod eller vidareutvikling av tilbod til tilsette og leiarar, slik at det blir retta spesifikt mot kompetansebehovet til bransjen. Søknadene skal inkludere budsjett for utvikling og gjennomføringar av tilboda. Det blir føresett at tilboda blir tilbodne kontinuerleg innanfor prosjektperioden, gitt at det er etterspurnad.

Kompetansebehovet til kvar bransje er definert av representantar frå bransjen sine arbeidslivsorganisasjonar, sjå nedanfor.

Kompetansehevingstilboda som blir utvikla skal kunne gjennomførast i kombinasjon med jobb, og vere fleksible og tilgjengelige uavhengig av kvar i landet deltakerane bur og arbeider. Det er naudsynt at tilboda som blir utvikla kombinerer nett- og stadbasert undervisning tilpassa deltakeranes arbeidssituasjon og grad av turnusarbeid.

Tilboda skal vere innretta slik at personar med utdanning på ulike nivå kan delta Det kan utviklast tilbod for spesifikke yrkesgrupper. Det kan óg utviklast tilbod der fleire yrkesgrupper kan delta saman.

Tilskotsordninga blir forvalta etter retningslinjene for bransjeprogrammet (pdf), som er fastsette av Kunnskapsdepartementet.

Vi støtter hovudsakeleg inntil eitt tilbod per tema innanfor kvart av formåla nedanfor.

Tilskotet dekker

Det er ein føresetnad at offentlege tilskot i sin heilskap går til formålet dei er gitt til.

Tilskotet dekker direkte kostnader knytte til utvikling/vidareutvikling, gjennomføringar av tilbod, og oppfølging av deltakarane.

Døme på slike kostnader kan vere:

  • Lønn, inkludert arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjon
  • Innkjøp av tenester
  • Reiser og møte
  • Leige av lokale og utstyr
  • Opplæringsmateriell
  • Marknadsføring
  • Revisjon, viss det er stilt krav om det i tilskotsbrevet

I tillegg blir òg indirekte kostnader knytte til lønn som er avgrensa oppover til eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader dekka.

Tilskotet blir vurdert ut frå budsjett i søknaden, og skal avstemmast mot rekneskap etter gjennomføring.

For tilbydarar som driv blanda verksemd, er det ein føresetnad at tilskotet verken direkte eller indirekte kjem den økonomiske aktiviteten til gode. Det skal oppstillast rekneskapsmessig skile mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet som kan dokumentere at tilskotet i sin heilskap går til det etla formålet og at det ikkje er kryssubsidiering.

Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane. Det er ein føresetnad at tilbodet heilt eller i hovudsak er finansiert av staten.

Tilskotet dekker ikkje

Tilskotet skal ikkje nyttast til:

  • Forteneste/utbytte
  • Innkjøp av varig utstyr, lisensar eller liknande
  • Vikarutgifter, lønnsrefusjon eller reiseutgifter for kursdeltakarar
  • Indirekte kostnader som overstig eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader

Med bakgrunn i reglar for statsstøtte kan ikkje tilbydarar bruke offentleg tilskot til å utvikle eit produkt som seinare blir tilbode i ein marknad. Eit opplæringstilbod som er utvikla og gjennomført på UH- og fagskolenivå gjennom bransjeprogramordninga, vil mest sannsynleg falle utanfor reglane for statsstøtte, og blir ikkje ramma av denne føresegna. Det same gjeld for opplæringstilbod på fagskolenivå.

Tilskotet dekker ikkje aktivitetar som er gjennomførte før dato for vedtak.

Tilskotet kan ikkje finansiere aktivitetar som allereie blir støtta av staten, medrekna aktivitetar som er finansiert gjennom rammeoverføringane til fylkeskommunane og fagskoletilbod som er ein del av industrifagskolen (utdanning.no).

Informasjon til fagskolar

Fylkeskommunen har ein sentral rolle som regional utviklingsaktør, og har ansvar for å sikre at det blir tilbode høgare yrkesfagleg utdanning i samsvar med behovet for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt. Fagskolar som søker må derfor involvere fylkeskommunen ved utvikling/tilpassing av fagskoletilbod. Dette føreset ein prosess mellom fylkeskommunen og fagskolen i forkant av søknadsfristen. Involveringa skal bli forklart i søknaden.

Tilskotsbeløp

Det lyses ut 15 millionar kroner til utvikling og gjennomføring i 2025, og i tillegg ein sum til vidare gjennomføringar i 2026 og 2027. Midlane er med atterhald om vidare løyving avmidlar til bransjeprogram i statsbudsjett.

Vilkår

Krav til samarbeid

Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og minst to verksemder med tilsette som har eit behov for opplæring i tilbodets innhald.

Dersom det ikkje er oppretta samarbeid med to slike verksemder allereie på søkartidspunktet, må søknaden førebels som eit minimum omtale kontakt og dialog om prosjektet med ei namngitt næringsforeining, klynge eller annan type samanslutning som representerer verksemder med eit opplæringsbehov.

Dialogen med den namngitte næringsforeininga eller klynga viser ei forankring i bransjen på søkartidspunktet. Dialogen skal handle om prosjektet det blir søkt om, og kontakten skal beskrivast i søknaden. Næringsforeining, klynge eller annan samanslutning blir ikkje godteken som ei av dei to verksemdene som tilbodet skal bli utvikla i samband med, men kan inngå i samarbeidet saman med desse.

I tillegg kan òg andre aktørar vere samarbeidspartnarar. Dette gjeld til dømes andre utdanningsinstitusjonar, eller arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar. Tilbodet må vere forankra på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i dei samarbeidande verksemdene. Dette skal bli beskrive i søknaden.

Samarbeidsavtalar mellom to namngitte verksemder og tilbydar kan bli lagt ved søknaden, eller ein kan ettersende innan 16. juni 2025.Bruk rettleiande mal for samarbeidsavtalen:

Krav til kompetanseutviklingstilbodet

  • Tilboda skal vere korte og fleksible og kunne kombinerast med tilnærma full jobb.
  • Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane.
  • Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og konkrete verksemder.
  • Tilbodet skal også vere tilgjengeleg for deltakarar som ikkje er tilsette i dei samarbeidande verksemdene.
  • Tilbydar skal ha konkrete planar for marknadsføring og rekruttering, og vise til at påmelding er retta mot målgruppa til bransjeprogrammet.

Det skal vere mogeleg å søke om opptak til tilbod på høgare yrkesfagleg nivå og på universitets- og høgskolenivå på bakgrunn av realkompetanse. Det skal informerast om denne moglegheita i omtalen av studietilbodet. HK-dir vil innhente rapportering på tal på personar som har søkt om opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering og tal på personar som har fått opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering.

Andre krav og vilkår for gjennomføring vil kome fram av tilsegnsbrev.

Slik søker du

Krav til søknaden

I søknaden skal søker blant anna gi ei skildring av tilbodet, inkludert planar for det faglege innhaldet og korleis opplæringa er organisert og tilrettelagt for å ivareta behova til deltakarane.

Det skal leggast ved:

  1. Ein tidsplan for prosjektet der start og slutt for utviklingsperioden kjem fram, og som inkluderer alle gjennomføringar av tilbodet med tidspunkt for start og slutt for kvar gjennomføring.
  2. Budsjett for utvikling/vidareutvikling av tilbod og gjennomføringar av dette fram til sluttrapportering.
  3. Samarbeidsavtalar kan leggjast ved søknaden, eller dei kan bli sendt inn i etterkant.

Budsjettet må sannsynleggjere at prosjektet er mogleg å gjennomføre.

Det skal nyttast følgande mal for budsjett:

Tilskot til universitet og høgskular i bransjeprogrammet skal kategoriserast som bidragsaktivitet i tråd med reglementet for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA-reglementet).

Søknader som kjem etter frist, vil ikkje bli realitetsbehandla. Søknadene blir behandla slik dei føreligg ved utløpet av søknadsfristen.

Registrer søknad

Søkar skal fylle ut søknadsskjema i tilskotsportalen. Etter at du har logga inn, vel du tilskotsordninga du vil søke på.

Slik behandlar vi søknaden

Dersom alle krav i utlysingsteksten er oppfylte, blir det gjort vurdering av søknaden ut frå prioriteringskriterium spesifisert under. Her vurderer ein kvaliteten på innhaldet i prosjektet, og ser det opp mot behovet til bransjen og målet for bransjeprogrammet.

Prosjekt som i størst grad oppfyller kriteria, blir prioriterte. Kriteria er lista i tilfeldig rekkefølgje. Det blir etterstreve ei fordeling av midlane som sikrar breidde, både når det gjeld formåla i dei ulike bransjane, utdanningsnivå og geografi.

Det vil bli prioritert tilbod som:

  • i størst grad treffer målgruppa og kompetansebehova i bransjen
  • i stor grad er tilrettelagt slik at flest mogleg aktuelle deltakarar kan gjennomføre opplæringa i kombinasjon med arbeid
  • gir praksisnær opplæring, som tek utgangpunkt i deltakaranes daglege arbeidsoppgåver
  • gir opplæring som skal auke produktiviteten og omstillingskapasiteten til verksemda og den einskilde arbeidstakaren
  • ikkje allereie finst eller er tilgjengeleg for målgruppa. Dette omfattar også gjeldande kurs innanfor fagområdet som ikkje er tilgjengelege som etter- og vidareutdanning
  • er kostnadseffektivt
  • blir utvikla av tilbydar som gjennom beskrivelser i søknaden dokumenterer kjennskap og erfaring med kompetanseutvikling relatert til helse og omsorgssektoren

Når får du svar?

Alle søkarar vil bli informerte om utfallet av søknadsprosessen. Vedtak om tilskot blir sendt ut i april 2025.

Rapportering og oppfølging

HK-dir vil følge progresjonen til prosjektet. Prosjekt som får tilskot, må utvikle eit detaljert undervisningsopplegg. Nærare informasjon og krav til dette vil kome fram av tilsegnsbrev.

Utdanningstilbydar forpliktar seg til å levere oppdatert og utfyllande informasjon om kompetanseutviklingstilbodet til utdanning.no.

Både utdanningstilbydarar og verksemder som er part i prosjektet er forplikta til å gjennomføre ei eventuell evaluering.

Tidsfristar

Prosjekta må sluttrapporterast seinast 18. november 2027. Meir informasjon om fristar vil stå i tilsegnsbrevet.

Kontakt oss

Bransjeprogrammet

E-post:bransjeprogrammet@hkdir.no