Søkarseminar for tilskot i bransjeprogram
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) lyser ut tilskot gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling.
Om arrangementet
Søkarseminaret er for opplæringstilbydarar som vil søke om tilskot til kompetanseutvikling gjennom treparts bransjeprogram.
Program for seminaret
- Generell informasjon om treparts bransjeprogram og årets utlysing
- Kort informasjon om utlysinga ved kvart bransjeprogram
- Praktisk informasjon om å søkje på tilskotsordninga
- Gjennomgang av budsjettmal
- Open del med moglegheit for spørsmål
Om utlysninga av tilskota
Formålet med utlysinga er økt deltaking i kompetanseutvikling i de bransjane som inngår i bransjeprogrammet.
I år er det fem bransjar som er med i programmet:
- Industri- og byggenæringa
- Finansnæringa
- Informasjonssikkerheit og IKT
- Solkraftbransjen
- Helse- og omsorgstenestene
På grunn av utsatt oppstart for Helse- og omsorgstenestene, blir det eit eige søkarseminar for denne bransjen. Meir informasjon om dette seinare.
Under denne utlysinga kan følgande typar organisasjonar søke om midlar:
- akkrediterte universitet
- akkrediterte statlege og private høgskolar med offentleg stønad
- offentlege fagskolar og private fagskolar med offentleg stønad
- fylkeskommunar
- studieforbund som ligg inn under Kunnskapsdepartementets tilskotsordning
- andre private tilbydarar
Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og arbeidslivet. Samarbeidet skal vere med to eller fleire konkrete verksemder.
Frist for å søke om tilskot er 5. februar 2025, kl. 15:00.
Ofte stilte spørsmål og svar
Har du andre spørsmål?
Send gjerne spørsmåla dine i forkant.
Send e-post merka «Spørsmål søkarseminar» til bransjeprogrammet@hkdir.no
Praktisk informasjon
Møtet er gratis og ope for alle interesserte, men påmelding er påkravd.
Vi bruker Zoom som plattform.
Vi gjer ikkje opptak av seminaret, men presentasjonar frå seminaret blir publisert på denne nettsida saman med ein oppdatert versjon av «spørsmål og svar om utlysinga». Vi oppmodar derfor til aktiv møtedeltaking.
HK-dir kan svare på spørsmål om utlysinga, men kan ikkje lese gjennom eller kommentere på konkrete søknadsutkast. Send spørsmålet ditt til bransjeprogrammet@hkdir.no. Vi svarar på spørsmåla kontinuerleg.
Velkomen til søkarseminar!