Hopp til hovudinnhald

Tilskot til kompetanseutvikling i Industri- og byggenæringa for 2025-2027

• Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Tilskot til Industri- og byggenæringa er ein del av tilskotet gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Tilskotet i denne utlysinga skal dekke utvikling og løpande gjennomføring av tilbod frå 2025 til november 2027.

Kven kan søke

Tilskotsmottakarar kan vere:

  • akkrediterte universitet
  • akkrediterte statlege og private høgskolar med offentleg stønad
  • offentlege fagskolar og private fagskolar med offentleg stønad
  • fylkeskommunar
  • studieforbund som ligg inn under Kunnskapsdepartementets tilskotsordning
  • andre private tilbydarar med opplæring som hovudformål

Fleire tilbydarar kan samarbeide om tilbodet, men berre ein kan oppførast som søkar og vere tilskotsmottakar. Tilskotsmottakar skal ha hovudansvar for utviklinga, gjennomføringa og rapporteringa av prosjektet.

Søkar og alle samarbeidspartnarar skal vere registrerte i Brønnøysundregistera.

Søknadsfrist

5. februar 2025 kl. 15.00
(norsk tid)

Om tilskotet

Om bransjen

Bransjeprogrammet har som mål å utvikle og tilby korte utdanningsmodular som aukar konkurransekraft og produktivitet i Industri- og byggenæringa. Eit anna mål er å bidra til betre omstillingsevne både i bedriftene og hos den enkelte arbeidar. Ny teknologi og digitalisering er blant drivarane for eit grønt skifte og ei meir berekraftig utvikling. Det er behov for kompetanse knytt til energiformer som er framtidsretta og klima- og miljømessig berekraftige. Klimaendringar, digital og teknologisk utvikling fører òg med seg eit auka behov for kompetanse innan risikoførebygging og sikkerheit, medrekna leiing på byggeplass og samarbeidsdreven innovasjon for grøn omstilling, HMS-aspekt ved industrimuring, kvalitetskontroll, cybersikkerheit og kompetanse om kunstig intelligens. Det er òg behov for ny og endra kompetanse når det gjeld materialar, prosessar, arbeidsmetodar og leiingsformer.

Bransjeprogramsstyret i Industri- og byggenæringa er ved Fellesforbundet, LO, NHO Byggenæringen, NITO, Norsk Industri, Parat, Styrke og Tekna. Partane samarbeider med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om å legge til rette for at det blir utvikla fleire korte og relevante kompetanseutviklingstilbod. Sjå nettside om treparts bransjeprogram for kontaktinformasjon til relevante partar under Industri- og byggenæringa: Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling | HK-dir

Målgruppe

Målgrupper for dette bransjeprogrammet er fagarbeidarar, spesialarbeidarar, operatørar hjelpearbeidarar og tilsette med høgare yrkesfagleg utdanning, samt universitets- og høgskoleutdanna.

Opplæringstilbydarar blir oppfordra til å organisere utdanning/opplæring slik at den i størst mogeleg grad treffer deltakarar og senker terskelen for å kombinere opplæring og arbeid.

Om tilskotet

Målet for tilskotsordninga er auka deltaking i kompetanseutvikling i dei bransjane som inngår i bransjeprogrammet. Tilskotsordninga skal føre til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling.

Ein kan søke om tilskot til

Ein kan søke om tilskot til utvikling av nye tilbod eller vidareutvikling av tilbod, slik at det blir retta spesifikt mot kompetansebehovet til bransjen. Søknadene skal inkludere budsjett for utvikling og gjennomføringar av tilboda. Det blir føresett at tilboda blir tilbodne kontinuerleg innanfor prosjektperioden, gitt at det er etterspurnad.

Kompetansebehovet til kvar bransje er definert av representantar frå bransjen sine arbeidslivsorganisasjonar, og er beskrive nærare for dei einskilde bransjane, sjå utlysinga nedanfor.

Tilskotsordninga blir forvalta etter retningslinjene for bransjeprogrammet (pdf), som er fastsette av Kunnskapsdepartementet.

Vi støtter hovudsakleg inntil eitt tilbod per tema innanfor kvart av formåla nedanfor.

Tilskotet dekker

Det er ein føresetnad at offentlege tilskot i sin heilskap går til formålet dei er gitt til.

Tilskotet dekker direkte kostnader knytte til utvikling/vidareutvikling, gjennomføringar av tilbod, og oppfølging av deltakarane.

Døme på slike kostnader kan vere:

  • Lønn, inkludert arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjon
  • Innkjøp av tenester
  • Reiser og møte
  • Leige av lokale og utstyr
  • Opplæringsmateriell
  • Marknadsføring
  • Revisjon, viss det er stilt krav om det i tilskotsbrevet

I tillegg blir òg indirekte kostnader knytte til lønn som er avgrensa oppover til eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader dekka.

Tilskotet blir vurdert ut frå budsjett i søknaden, og skal avstemmast mot rekneskap etter gjennomføring.

For tilbydarar som driv blanda verksemd, er det ein føresetnad at tilskotet verken direkte eller indirekte kjem den økonomiske aktiviteten til gode. Det skal oppstillast rekneskapsmessig skile mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet som kan dokumentere at tilskotet i sin heilskap går til det etla formålet og at det ikkje er kryssubsidiering.

Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane. Det er ein føresetnad at tilbodet heilt eller i hovudsak er finansiert av staten.

Tilskotet dekker ikkje

Tilskotet skal ikkje nyttast til:

  • Forteneste/utbytte
  • Innkjøp av varig utstyr, lisensar eller liknande
  • Vikarutgifter, lønnsrefusjon eller reiseutgifter for kursdeltakarar
  • Indirekte kostnader som overstig eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader

Med bakgrunn i reglar for statsstøtte kan ikkje tilbydarar bruke offentleg tilskot til å utvikle eit produkt som seinare blir tilbode i ein marknad. Eit opplæringstilbod som er utvikla og gjennomført på UH- og fagskolenivå gjennom bransjeprogramordninga, vil mest sannsynleg falle utanfor reglane for statsstøtte, og blir ikkje ramma av denne føresegna. Det same gjeld for opplæringstilbod på fagskolenivå.

Tilskotet dekker ikkje aktivitetar som er gjennomført før dato for vedtak.

Tilskotet kan ikkje finansiere aktivitetar som allereie blir støtta av staten, medrekna aktivitetar som er finansiert gjennom rammeoverføringane til fylkeskommunane og fagskoletilbod som er ein del av industrifagskolen (utdanning.no).

Informasjon til fagskolar

Fylkeskommunen har ein sentral rolle som regional utviklingsaktør, og har ansvar for å sikre at det blir tilbode høgare yrkesfagleg utdanning i samsvar med behovet for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt. Fagskolar som søker må derfor involvere fylkeskommunen ved utvikling/tilpassing av fagskoletilbod. Dette føreset ein prosess mellom fylkeskommunen og fagskolen i forkant av søknadsfristen. Involveringa skal bli forklart i søknaden.

Tilskotsbeløp

Det lyses ut 5 millionar kroner til utvikling og gjennomføring i 2024, og i tillegg ein sum til vidare gjennomføringar.

Gjennomføringar i 2025 til 2027 er med eit atterhald om vidare løyve av midlar til bransjeprogram i statsbudsjett.

Vilkår

Krav til samarbeid

Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og minst to verksemder med tilsette som har eit behov for opplæring i tilbodets innhald.

Dersom det ikkje er oppretta samarbeid med to slike verksemder allereie på søkartidspunktet, må søknaden førebels som eit minimum omtale kontakt og dialog om prosjektet med ei namngitt næringsforeining, klynge eller annan type samanslutning som representerer verksemder med eit opplæringsbehov.

Dialogen med den namngitte næringsforeininga eller klynga viser ei forankring i bransjen på søkartidspunktet. Dialogen skal handle om prosjektet det blir søkt om, og kontakten skal beskrivast i søknaden. Næringsforeining, klynge eller annan samanslutning blir ikkje godteke som ei av dei to verksemdene som tilbodet skal bli utvikle i samband med, men kan inngå i samarbeidet saman med desse.

I tillegg kan òg andre aktørar vere samarbeidspartnarar. Dette gjeld til dømes andre utdanningsinstitusjonar, eller arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar. Tilbodet må vere forankra på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i dei samarbeidande verksemdene. Dette skal bli beskrive i søknaden.

Samarbeidsavtalar mellom to namngitte verksemder og tilbydar kan bli lagt ved søknaden, eller ein kan ettersende innan 16. juni 2025.Bruk rettleiande mal for samarbeidsavtalen:

Krav til kompetanseutviklingstilbodet

  • Tilboda skal vere korte og fleksible og kunne kombinerast med tilnærma full jobb.
  • Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane.
  • Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og konkrete verksemder.
  • Tilbodet skal òg vere tilgjengeleg for deltakarar som ikkje er tilsette i dei samarbeidande verksemdene.
  • Tilbydar skal ha konkrete planar for marknadsføring og rekruttering, og vise til at påmelding er retta mot målgruppa til bransjeprogrammet.

Det skal vere mogeleg å søke om opptak til tilbod på høgare yrkesfagleg nivå og på universitets- og høgskolenivå på bakgrunn av realkompetanse. Det skal informerast om denne moglegheita i omtalen av studietilbodet. HK-dir vil innhente rapportering av tal på personar som har søkt om opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering og tal på personar som har fått opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering.

Andre krav og vilkår for gjennomføring vil kome fram av tilsegnsbrev.

Slik søker du

Krav til søknaden

I søknaden skal søker blant anna gi ei skildring av tilbodet, inkludert planar for det faglege innhaldet og korleis opplæringa er organisert og tilrettelagt for å ivareta behova til deltakarane.

Det skal leggast ved:

  1. Ein tidsplan for prosjektet der start og slutt for utviklingsperioden kjem fram, og som inkluderer alle gjennomføringar av tilbodet med tidspunkt for start og slutt for kvar gjennomføring.
  2. Budsjett for utvikling/vidareutvikling av tilbod og gjennomføringar av dette fram til sluttrapportering.
  3. Samarbeidsavtalar kan leggast ved søknaden, eller dei kan bli sendt inn i etterkant.

Budsjettet må sannsynleggjere at prosjektet er mogleg å gjennomføre.

Det skal nyttast følgande mal for budsjett:

Tilskot til universitet og høgskolar i bransjeprogrammet skal kategoriserast som bidragsaktivitet i tråd med reglementet for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA-reglementet).

Søknader som kjem etter frist, vil ikkje bli realitetsbehandla. Søknadene blir behandla slik dei føreligg ved utløpet av søknadsfristen.

Registrer søknad

Søkar skal fylle ut søknadsskjema i tilskotsportalen. Etter at du har logga inn, vel du tilskotsordninga du vil søke på. Søknadsskjemaet blir lagt ut i løpet av desember.

Slik behandlar vi søknaden

Dersom alle krav i utlysingsteksten er oppfylt, blir det gjort vurdering av søknaden ut frå prioriteringskriterium spesifisert nedanfor. Her vurderer ein kvaliteten på innhaldet i prosjektet, og ser det opp mot behova til bransjane og målet for bransjeprogrammet.

Prosjekt som i størst grad oppfyller kriteria, blir prioriterte. Kriteria er lista i tilfeldig rekkefølge. Det blir etterstreve ei fordeling av midlane som sikrar breidde, både når det gjeld formåla i dei ulike bransjane, utdanningsnivå og geografi.

Det vil bli prioritert tilbod som:

  • i størst grad treffer målgruppa og kompetansebehova i bransjen
  • i stor grad er tilrettelagt slik at flest mogleg aktuelle deltakarar kan gjennomføre opplæringa i kombinasjon med arbeid.
  • gir praksisnær opplæring, som tek utgangpunkt i deltakarane sine daglege arbeidsoppgåver
  • gir opplæring som skal auke produktiviteten og omstillingskapasiteten til verksemda og den einskilde arbeidstakaren
  • ikkje allereie finst eller er tilgjengeleg for målgruppa. Dette omfattar også gjeldande kurs innanfor fagområde som ikkje er tilgjengelege som etter- og vidareutdanning
  • er kostnadseffektivt

Når får du svar?

Alle søkarar vil bli informerte om utfallet av søknadsprosessen. Vedtak om tilskot blir sendt ut i april 2025.

Rapportering og oppfølging

HK-dir vil følge progresjonen til prosjektet. Prosjekt som får tilskot, må utvikle eit detaljert undervisningsopplegg. Nærare informasjon og krav til dette vil kome fram av tilsegnsbrev.

Utdanningstilbydar forpliktar seg til å levere oppdatert og utfyllande informasjon om kompetanseutviklingstilbodet til utdanning.no.

Både utdanningstilbydarar og verksemder som er part i prosjektet er forplikta til å gjennomføre ei eventuell evaluering.

Tidsfristar

Prosjekta må sluttrapporterast seinast 18. november 2027. Meir informasjon om fristar vil stå i tilsegnsbrevet.

Kontakt oss

Bransjeprogrammet

E-post:bransjeprogrammet@hkdir.no