Hopp til hovudinnhald
Planlagt nedetid for påmelding til arrangementer

På grunn av en planlagt oppgradering vil det ikke være mulig å melde seg på arrangement fredag 4. september fra kl. 16.00. Nedetiden varer inntil tre timer. Vi beklager ulempen dette medfører.

Rettleiingsprosessar og relasjonar

Området Rettleiingsprosessar og relasjonar handlar om dei generelle rettleiings- og relasjonsferdigheitene som utgjer kjernen i alt rettleiingsarbeid.

Sist oppdatert : 23. august 2024

Karriererettleiaren forstår at profesjonelle rettleiingssamtalar føreset ei bevisst framdrift og ein bevisst struktur, brukar adekvate rettleiingsmetodar og verktøy og utviklar kontinuerleg sine eigne kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter.

Kunnskap

Karriererettleiaren:

  • har kunnskap om kva som bidrar til refleksjon, framdrift og struktur (dei ulike fasane i rettleiing)
  • har kunnskap om korleis ein kan etablere, utvikle og halde ved like gode relasjonar i rettleiing
  • har kunnskap om betydinga av å etablere ein tydeleg rettleiingskontrakt som spesifiserer målet og rammene for rettleiingsprosessen
  • har kunnskap om korleis legge til rette for rettleiingsprosessar for individ og gruppe

Ferdigheiter

Karriererettleiaren:

  • er bevisst på val av metodar for å kunne kartlegge og analysere bakgrunn, no-situasjon og forventningar saman med vegsøkjaren
  • utviklar gode relasjonelle rammer for rettleiing
  • nyttar sentrale rettleiingsferdigheiter, til dømes hensiktsmessige og varierte spørsmål og lytteteknikkar, for å:
  • skape nødvendig struktur og framdrift
  • bidra til at vegsøkjaren set seg mål og planlegg og reflekterer over val og handlingar, her og no og for framtid
  • saman med vegsøkjaren skape meining og forståing, og legge til rette for meistring.

Generell kompetanse

Karriererettleiaren:

  • forstår betydinga av at relasjons- og rettleiingsferdigheiter kontinuerleg og systematisk må haldast ved like og vidareutviklast, gjennom både praksis, refleksjon og kollegasamarbeid

Plakat