Hopp til hovudinnhald

Prøve i skriftleg framstilling

Delprøven i skriftleg framstilling er ein digital prøve som måler skriftlege kommunikative ferdigheiter på norsk på nivå A1, A2, B1 og B2.

Sist oppdatert : 23. april 2024

Kva måler prøven?

Prøven måler generelle skriftlege kommunikative ferdigheiter på norsk. Dette inneber at prøven testar kandidaten si evne til å bruke det norske språket til å løyse gitte oppgåver på ein forståeleg og hensiktsmessig måte.

Sidan det er snakk om generelle kommunikative ferdigheiter, handlar oppgåvene i prøven om tema som er kjende for alle vaksne med ein viss kjennskap til norsk språk.

Kandidatane blir også vurderte etter språklege kriterium:

  • tekstoppbygging
  • rettskriving og teiknsetjing
  • ordforråd
  • grammatikk

Ingen av oppgåvene på norskprøven måler sjangerkunnskap eller kunnskap om tema.

Om prøvenivåa

Prøven gir kandidatane resultat i form av rammeverksnivå, altså A1, A2, B1 eller B2. A1 er det lågaste nivået, og B2 er det høgaste. Les meir om rammeverksnivåa på nettstad for prøvekandidatar.

Kandidaten må anten melde seg opp til skriveprøven på nivå A1–A2, A2–B1 eller B1–B2. Det er ikkje mogleg å bli vurdert til eit høgare nivå enn nivåa den valde prøven måler på.

Viss ein til dømes har meldt seg opp til A1-A2-prøven, er altså A2 det høgaste nivået ein kan få på prøven. Men ein kan bli vurdert til eit lågare nivå enn nivåa prøven måler på, altså er det mogleg å til dømes få A2 på B1-B2-prøven.

Det er likevel viktig at kandidatane melder seg opp til eit prøvenivå som passar for dei, i og med at dei elles lett kan misforstå dei vanskelegaste oppgåvene, eller i for stor grad prøve seg på strukturar dei ikkje meistrar, slik at prøvesvara deira blir vanskelege for sensor å forstå.

Oppgåvetypar i prøven

Nokre oppgåvetypar går igjen på to prøvenivå. «Beskrive eit bilete» og «Fortelje om eit kjent tema» finn vi i både A1-A2-prøven og A2-B1-prøven, medan vi finn e-postoppgåva i både A2-B1-prøven og B1-B2-prøven. Dette sikrar ein samanheng i kva som blir testa på A2- og B1-nivå på tvers av dei ulike prøvenivåa.

Beskriving av dei ulike oppgåveformata

Ordgrenser

Talet ord som er oppgitt i oppgåveteksten, er berre meint som ei rettleiing for kandidaten, for at sensorane skal få nok vurderingsgrunnlag og for at kandidatane ikkje skal bruke for mykje tid på ei oppgåve. Sensorane les alltid heile kandidatteksten før dei gjer ei vurdering, og kandidatane blir ikkje straffa for å skrive fleire ord enn det som er oppgitt.

Idiomatiske uttrykk

Mange kandidatar på B1–B2-prøven bruker idiomatiske uttrykk dei ikkje meistrar i svara sine, og det verkar som om mange kandidatar trur at det er viktig å ha med idiomatiske uttrykk for å kunne få B2 som resultat. Sensorane legg ikkje vekt på førekomst av slike uttrykk når dei vurderer tekstane. Det å bruke idiomatiske uttrykk ein ikkje meistrar, kan i ein del tilfelle verke negativt inn på vurderinga på lik linje med andre vokabularfeil.

Eksempeloppgåver

Eksempel på oppgåvesvar

Det kan vere nyttig for både lærarar og deltakarar å sjå døme på oppgåvesvar på dei ulike nivåa, med grunngivingar for vurderingane som er gitte. Det er ulike oppgåvesvar i bokmålversjonen og nynorskversjonen.

Vurdering

Sensur av skriveprøven

Sensur av delprøven i skriftleg framstilling blir gjennomført av eit sensorkorps som består av sensorar frå heile landet. Sensorane er høgt kvalifiserte lærarar med mykje erfaring frå undervisning og vurdering i norsk som andrespråk for vaksne. Korpset blir administrert av HK-dir, og når det er behov for å rekruttere nye sensorar, blir stillingane offentleg utlyste.

Sensorane får tilgang til kandidatsvar gjennom eit digitalt sensorverktøy, der dei sender inn individuelle, uavhengige vurderingar. Kvart kandidatsvar blir vurdert av to sensorar, og av ein tredje sensor ved ueinigheit mellom dei to første. Sensorane får ingen opplysningar om kandidatane sin identitet eller tidlegare resultat.

Vurderingsskjema

Kandidatsvara blir vurderte ut frå klart definerte vurderingskriterium, som er baserte på nivåa i Det felles europeiske rammeverket for språk. Minst ein gong i året blir det arrangert samlingar for alle sensorane, for å sørge for størst mogleg einigheit om tolkinga av desse kriteria. Kvart år blir det dessutan gjort grundige statistiske analysar av sensorane sitt arbeid, og sensorkorpset møter språktestorganisasjonen ALTE sine strenge krav til resultat på desse analysane.

Det finst eitt vurderingsskjema for kvart av prøvenivåa, altså eitt for A1–A2, eitt for A2–B1 og eitt for B1–B2.

Skjemaa blir brukte ved sensur av skriveprøven, men dei er òg til hjelp for lærarar og deltakarar når dei skal vurdere kva for prøve deltakaren skal gå opp til.

Eigenvurdering

Skjemaa under kan vere nyttige for kandidatar for å finne ut kva for eit prøvenivå dei bør melde seg opp til (A1-A2, A2-B1 eller B1-B2). ) I lenkene under finn du eigenvurderingsskjema for skriftleg prøve.

Klage

Klage på resultat

På skriveprøven kan kandidatane klage på resultatet viss dei ikkje har fått det høgaste nivået den aktuelle prøven måler på. Klagefristen er tre veker etter at prøvebeviset skal vere mottatt.

Klagebehandlinga kan føre til at vurderinga blir ståande, eller at ho blir endra til eit dårlegare eller eit betre resultat. Avgjerda er endeleg. Klagesensuren er klar fire til seks veker etter at kandidaten har klaga.

Klagesensur

Ved klagebehandling blir vurderinga gjort omtrent på same måte som i den første sensuren. Prøven blir fordelt automatisk til to heilt nye sensorar. Klagesensorane får sjå kva for eit resultat dei to første sensorane har gitt. Ved ueinigheit mellom klagesensorane blir prøven også her vurdert av ein tredje, heilt ny klagesensor. Så viss ein blir ståande på for eksempel B1 etter å ha klaga, er det totalt fire sensorar som er einige om at prøven er på B1.

Fusk

Fusk på norskprøven kan anten bli oppdaga på prøvestaden under eller etter avviklinga, eller i sensuren av delprøven i skriftleg framstilling.

På delprøven i skriftleg framstilling blir kandidaten sitt arbeid loggført. Dette er ein av metodane HK-dir bruker for å avsløre fusk i etterkant av sjølve avviklinga. I loggen blir nokre former for bruk av ulovlege hjelpemiddel tydeleg. I tillegg melder sensorane frå når dei mistenkjer fusk, og i slike tilfelle kan plagiat bli avslørt, også når kandidatane har pugga teksten og ikkje har brukt ulovlege hjelpemiddel. Når kandidatar bruker tekst andre har skrive, i svaret dei leverer, blir det uansett rekna som fusk. 

HK-dir informerer kandidatane om dette både i forkant av avviklinga, og i sjølve prøven, men det er viktig at lærarar og prøveleiarar også informerer kandidatane om dette. Ikkje alle kandidatar har forståing for at innøvd plagiat blir rekna som fusk, så her speler lærarane ei viktig rolle.