Hopp til hovudinnhald

Kompetansepluss Frivilligheit 2025

• Kompetansepluss

I Kompetansepluss frivilligheit kan du søkje om tilskot til kurs i grunnleggande lese-/skrive-, rekne-, munnlege- og digitale ferdigheiter, samt opplæring i norsk og/eller samisk for vaksne. Hovudmålgruppa for ordninga er vaksne med låg formell utdanning.

Kven kan søke

Frivillige organisasjonar kan søkje om tilskot frå Kompetansepluss frivilligheit. Søkjar må vere registrert i Frivillighetsregisteret (sjå krav til registrering i kvalifikasjonskriteria).

Ein søknad kan utformast i samarbeid med ein opplæringstilbydar, som då er samarbeidspartnar i søknaden.

Alternativt kan søkjarorganisasjonen sjølv fungere som tilbydar. Dersom søkjarorganisasjonen sjølv er tilbydar, treng han ikkje søkje med samarbeidspartnarar. Det er den verksemda som står som søkjar som er ansvarleg for å ta imot og forvalte tilskotet, halde kontakt med HK-dir undervegs i prosjektet, og å rapportere når opplæringa er avslutta.

OBS: Ny søknadsfrist!

Søknadsfrist

6. januar 2025 kl. 15.00
(norsk tid)

Om tilskotet

Kompetansepluss frivilligheit gir midlar til opplæring i grunnleggande ferdigheiter for deltakarar frå frivillige organisasjonar. Ordninga skal gi moglegheiter til relevant og praksisnær opplæring knytt til deltakarane sitt kvardagsliv og interessa.

Målet med ordninga er å styrkje vaksne sine grunnleggande ferdigheiter i lesing/skriving, munnlege ferdigheiter, rekning, samisk, norsk og digitale ferdigheiter.

Kva er nytt i utlysinga for 2025?

Det er gjort fleire endringar i prioriteringskriteria sidan 2024 - sjå prioriteringskriteria (pdf) for fullstendig oversikt:

  • I 2025 blir ikkje enkelte ferdigheiter prioriterte framfor andre, og det krevst ikkje lenger ein kombinasjon av minimum 2 ferdigheiter per kurs.
  • Prioritert målgruppe er endra i 2025: kursdeltakarar med grunnskule som høgaste fullførte utdanning blir prioritert (uavhengig av om grunnskule er gjennomført i Norge eller utlandet).

Prioritering av prosjekt for opplæringsmottakarar med deltakarar i tiltakssona blir vidareført i 2025 (sjå punktet Satsingar i 2025).

Formål

Ei sentral målsetting med Kompetansepluss er å auke deltakinga i samfunns- og arbeidsliv ved å heve kompetansenivået for vaksne. Dei som står utanfor samfunns- og arbeidslivet må òg få moglegheit til å styrkje kompetansen sin for å betre sjansane for deltaking.

Tilskotsbeløp

Tilskotet er basert på antal kurstimar à 60 minutt oppgitt i søknaden, multiplisert med ein timesats på kr 1 500. Totalt søknadsbeløp per søknad kan ikkje overskride kr 600 000.

Søknadsbeløpet blir generert automatisk i søknadsskjemaet basert på utfyllinga av antalet kurstimar.

Vilkår

Kvalifikasjonskriteria er vilkår som må vere oppfylte for å kvalifisere for tilskot i Kompetansepluss-ordninga. Kriteria byggjer på Kunnskapsdepartementet sine retningslinjer for Kompetansepluss frivilligheit.

Dersom kvalifikasjonskriteria ikkje er oppfylte, avslår HK-dir søknaden utan vidare behandling.

Kvalifikasjonskriteria og prioriteringskriteria må vere oppfylte gjennom heile prosjektperioden. Les meir om krav til søknaden i kvalifikasjonskriteria.

Det er berre mogleg å søkje om inntil fem kurs per søknad.

  • Eitt kurs kan maksimalt omfatte 150 timar.
  • Det kan berre innvilgast inntil to søknader per søkjar.
  • Ein søkjar (tilbydar eller opplæringsmottakar) kan ikkje få tilskot til likelydande søknader. Med likelydande søknader meiner vi søknad om opplæring i dei same ferdigheitene, for den same målgruppa og med dei same samarbeidspartnarane.
  • Totalt søknadsbeløp per søknad kan ikkje overskride kr 600 000..

Kompetansepluss har føringar om å nå ut til alle regionar og omfatte opplæring i alle ferdigheiter. Ved oversøking vil vi gjere ei heilskapleg vurdering av søknadene på bakgrunn av dei nemnde føringane, som kan få betydning for kva søknader som blir innvilga.

Samansetting av kurs

I søknadsskjemaet set søkjar saman kurs ut frå modular. Kvar modul angir eit bestemt antal timar med opplæring i ei grunnleggande ferdigheit. Storleiken på modulane er fastsett ut frå faglege vurderingar, og ulike ferdigheiter har dermed forskjellige modular.

I søknadsskjemaet kan ein ikkje i same kurset kombinere modular i opplæring i norsk eller samisk med opplæring i lesing/skriving eller munnlege ferdigheiter.

Søkjar kan setje saman kurs av desse modulane:

Samansetting av kurs
Antall timer
20
30
40
50
80
Lesing/skriving
-
x
x
x
x
Regning
x
x
x
x
x
Digitale ferdigheter
x
x
x
x
-
Muntlige ferdigheter
-
x
x
x
-
Norsk eller samisk
-
x
x
x
x

Satsingar i 2025

Prosjekt som blir gjennomførte i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms blir særleg prioriterte for å sikre geografisk spreiing. Det er avsett øyremerkte midlar til dette.

Ein liten del av midlane er øyremerkte til prosjekt i samiske område. For å vere kvalifisert til samisksatsing, må opplæringsmottakarar og deltakarar høyre til i samiske språkforvaltningskommunar. For 2025-utlysinga gjeld dette kommunane Gáivuotna/Kåfjord, Loabák/Lavangen, Guovdageaidnu/Kautokeino, Kárášjohka/Karasjok, Deatnu/Tana, Unjárga/Nesseby, Porsáŋgu/Porsanger, Dielddanuorri/Tjeldsund, Hábmer/Hamarøy, Aarborte/Hattfjelldal, Snåase/Snåsa, Raarvihke/Røyrvik, Rosse/Røros.

Tilskotet dekkjer

Tilskotet skal dekkje alle kostnader i samband med opplæringa, som kartlegging av deltakarar ved kursstart, førebuingar, undervisning inkludert før- og etterarbeid, motivasjonsarbeid, møter med samarbeidspartar, utarbeiding av materiell, fagleg oppfølging av deltakarar og evaluering.

Tilskotet dekkjer ikkje:

  • opplæring som mottar annan offentleg finansiering, til dømes tiltak gjennom Nav
  • opplæring organisert som sjølvstudium
  • anskaffingar som til dømes teknisk utstyr

Slik søker du

Bruk Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sin tilskotsportal for å fylle ut søknadsskjemaet. Søknadsskjemaet er under utarbeiding, og lenke til skjemaet kjem.

Krav til søknaden

Søknaden må vere komplett med all nødvendig dokumentasjon og relevante signaturar innan søknadsfristen. Søknadene blir handsama med dei opplysningane som er tilgjengelege ved søknadsfristens utløp. Søknadsfristen er absolutt.

Rettleiing og malar

Rettleiing for samarbeidspartnarar som skal signere søknad i tilskotsportalen.

Mal for opplæringsplan som skal nyttast dersom det ikkje er samarbeidspartar i opplæringstiltaket.

Slik behandlar vi søknaden

Slik vurderer vi søknaden

Kompetansepluss frivilligheit mottar kvart år langt fleire kvalifiserte søknader enn det er midlar til å innvilge. Alle søknader som oppfyller kvalifikasjonskriteria, vil etter søknadsfristen bli vurderte ut frå dei poenggivande kriteria (prioriteringskriteria) og tildelte ein poengsum mellom 0 og 100.

Når vi behandlar kvalifiserte søknader og gir poeng i samsvar med prioriteringskriteria, tar vi utgangspunkt i opplysningane som søkjaren har oppgitt i søknadsskjemaet.

Ved oversøking til ordninga rangerer HK-dir søknadene etter prioriteringskriteria og tildeler så langt løyvinga rekk. I tillegg gir vi ei heilskapleg vurdering av alle søknadene for å sikre brei geografisk og bransjemessig spreiing, samt eit mangfald av ferdigheiter. Etter ei samla vurdering kan vi også avkorte søknader for at midlane skal nå ut til fleire.

Når får du svar?

I februar 2025.

Opplæringa skal i utgangspunktet ikkje starte før søkjaren har fått tilsegn om tilskot. Søkjarar som startar opplæring før tilsegn er gitt, gjer dette på eiga rekning og risiko.

Rapportering og oppfølging

Kursa skal vere avslutta slik at tilskotsmottakar har tid til å lage sluttrapport innan 1. oktober 2026. Eventuelle endringar undervegs i prosjektet skal skje i dialog med HK-dir. Prosjekt som får tilskot, skal gjennomførast innanfor tidsramma søkjar har sett opp i søknaden, og før oppgitt frist for å sluttrapportere.

Dei som mottar tilskot, må registrere deltakarar ved oppstart av kurs og rapportere om økonomi og gjennomføring ved avslutning av prosjektet.

Tilbydar av opplæringa har ansvar for å føre frammøtelister. Vi anbefaler at de brukar HK-dir sin mal for registrering av frammøte. Lenke til HK-dir sin frammøtemal (word).

Meir utfyllande informasjon om registreringar og rapporteringar i tilskotsportalen kjem i tilsegnsbreva.

Spørsmål om tilskotet

Send e-post til post@hkdir.no og merk mailen med Kompetansepluss 2025.

Søknadsskjemaet er under utarbeiding, og lenke til skjema kjem.

Kontakt oss

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

E-post:post@hkdir.no

Telefonnummer:55 30 38 00