Kompetansepluss Arbeid 2025
• KompetanseplussI Kompetansepluss arbeid kan du søkje om tilskot til kurs i grunnleggande lese-/skrive-, rekne-, munnlege- og digitale ferdigheiter, samt opplæring i norsk og/eller samisk for vaksne som er i arbeid. Hovudmålgruppa for ordninga er arbeidstakarar med låg formell utdanning.
Kven kan søke
Ein søknad til Kompetansepluss arbeid skal vere eit samarbeid mellom ein tilbydar (av opplæring), minst éin bedrift som opplæringsmottakar (privat eller offentleg verksemd), og eventuelt andre organisasjonar som er involverte i prosjektet, som ein næringsforeining eller ein arbeidslivsorganisasjon. Alle desse partane kan vere ansvarleg søkjar.
Det er den verksemda som står som søkjar som er ansvarleg for å ta imot og forvalte tilskotet, halde kontakt med HK-dir undervegs i prosjektet, og rapportere når opplæringa er avslutta.
Vi brukar omgrepa opplæringsmottakar og tilbydar om dei ulike samarbeidspartnarane i prosjektet (sjå også Kvalifikasjonskriteria og «Om verksemdene og registrering»):
- Opplæringsmottakar er ei offentleg eller privat verksemd med tilsette som har eit opplæringsbehov.
- Tilbydar er ei verksemd som har opplæring som føremål (næringskode 85.xxx).
OBS: Ny søknadsfrist!
6. januar 2025 kl. 15.00 (norsk tid)
Om tilskotet
Kompetansepluss Arbeid gir midlar til opplæring i grunnleggande ferdigheiter for arbeidstakarar ved at arbeidsplassen og ein opplæringstilbydar går saman og søkjer midlar til opplæring retta mot arbeidstakarane sitt behov. Ordninga skal gi moglegheiter til relevant og praksisnær opplæring knytt til deltakarane sitt arbeidsliv.
Målet med ordninga er å styrkje vaksne sine grunnleggande ferdigheiter i lesing/skriving, munnleg, rekning, samisk, norsk og digitale ferdigheiter.
Kva er nytt i utlysinga for 2025?
Det er gjort fleire endringar i årets prioriteringskriterium sidan 2024 - sjå prioriteringskriteria for fullstendig oversikt (PDF):
- I 2025 blir ikkje enkelte ferdigheiter prioriterte framfor andre, og det krevjast ikkje lenger ein kombinasjon av minimum 2 ferdigheiter per kurs.
- I 2025 blir det ikkje gitt 5 ekstrapoeng for å vere godkjent Kompetansepluss-tilbydar i tildelinga av midlar gjennom Kompetansepluss Arbeid.
- Prioritert målgruppe er endra frå 2025: berre kursdeltakarar med grunnskule som høgaste fullførte utdanning er i prioritert målgruppe (uavhengig av om grunnskule er gjennomført i Noreg eller utlandet).
- Søknadar kor opplæingsmottakar har ein navngitt opplæringskontakt som støttar kursdeltakarane gjennom kursperioden mottar 5 poeng for dette.
Ei særskilt prioritering av prosjekt for opplæringsmottakarar med deltakarar i tiltakssona blir vidareført i 2025 (sjå punktet Satsingar i 2025).
I 2025 lyser vi også ut ei eiga rammetilsegn for godkjente tilbydarar i Kompetansepluss. Godkjente tilbydarar må velge om dei skal søkje i denne ordinære utlysinga, eller søkje om rammetilsegn, sjå eiga utlysing for rammetilsegn. Dersom tilbydar har fått innvilga rammetilsagn, vil ein eventuell søknad om tilskot frå ordinær Kompetansepluss arbeid bli avslått utan vidare behandling, uavhengig av om tilbydar er søkjar eller samarbeidspartnar.
Formål
Eit sentralt mål med Kompetansepluss er å auke deltakinga i samfunns- og arbeidsliv ved å heve kompetansenivået for vaksne. Arbeidslivet endrar seg raskt. For å handtere omstillingane må folk få utvikle kompetansen sin samtidig som dei er i jobb. Dei som står utanfor arbeidslivet må òg få moglegheita til å styrkje kompetansen sin, for å betre moglegheitene for å delta i arbeids- og samfunnsliv.
Tilskotsbeløp
Tilskotet er basert på antal timar à 60 minutt oppgitt i søknaden, multiplisert med ein timesats på kr 1 500. Totalt søknadsbeløp per søknad kan ikkje overskride kr 1 500 000.
Søknadsbeløpet genererast automatisk i søknadsskjemaet basert på utfyllinga av antal kurstimar.
Vilkår
Kvalifikasjonskriteria er vilkår som må vere oppfylte for å kvalifisere for tilskot i Kompetansepluss-ordninga. Kriteria byggjer på Kunnskapsdepartementets retningslinjer for Kompetansepluss arbeid.
Kvalifikasjonskriteria og prioriteringskriteria må vere oppfylte gjennom heile prosjektperioden. Les meir om krav til søknaden i kvalifikasjonskriteria. Dersom kvalifikasjonskriteria ikkje er oppfylte, avslår HK-dir søknaden utan vidare behandling.
Søknadens omfang og tildeling av tilskot:
- Ein søkjar (tilbydar eller opplæringsmottakar-bedrift) kan ikkje søkje om tilskot for meir enn 200 timar per kurs. Kvar søknad kan innehalde inntil 10 kurs.
- Éin søknad kan innehalde inntil 10 opplæringsmottakarar.
- Ein søkjar (tilbydar eller opplæringsmottakar) kan ikkje få tilskot til likelydande søknader. Med likelydande søknader meiner vi søknad om opplæring i dei same ferdigheitene, for den same målgruppa og med dei same samarbeidspartnarane..
Kompetansepluss har føringar om å nå ut til alle regionar, dekkje breitt bransjemessig og omfatte opplæring i alle ferdigheitene. Ved oversøking vil vi gjere ei heilskapleg vurdering av søknadene på bakgrunn av dei nemnde føringane, som kan få betydning for kva søknader som blir innvilga..
Samansetting av kurs
I søknadsskjemaet set søkjar saman kurs ut frå modular. Kvar modul angir eit bestemt tal timar med opplæring i ei grunnleggande ferdigheit. Storleikane på modulane er fastsette ut frå faglege vurderingar, og ulike ferdigheiter har dermed forskjellige modular.
I søknadsskjemaet kan ein ikkje kombinere modular i opplæring i norsk eller samisk med opplæring i lesing/skriving eller munnlege ferdigheiter i same kurs.
Søkjar kan setje saman kurs ut frå desse modulane:
Antall timer | 30 | 40 | 50 | 80 | 100 | 150 |
---|---|---|---|---|---|---|
Lesing/skriving | - | x | x | x | x | x |
Regneferdigheter | x | x | x | x | - | - |
Digitale ferdigheter | x | x | x | - | - | - |
Muntlige ferdigheter | x | x | x | - | - | - |
Norsk eller samisk | - | - | x | x | x | x |
Satsingar i 2025
Prosjekt som blir gjennomførte i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms blir særleg prioriterte for å sikre geografisk spreiing. Det er avsett øyremerkte midlar til dette.
Ein liten del av midlane er øyremerkte prosjekt i samiske område. For å vere kvalifisert til samisksatsing, må opplæringsmottakarar og deltakarar høyre til i samiske språkforvaltningskommunar. For 2025-utlysinga gjeld dette kommunane Gáivuotna/Kåfjord, Loabák/Lavangen, Guovdageaidnu/Kautokeino, Kárášjohka/Karasjok, Deatnu/Tana, Unjárga/Nesseby, Porsáŋgu/Porsanger, Dielddanuorri/Tjeldsund, Hábmer/Hamarøy, Aarborte/Hattfjelldal, Snåase/Snåsa, Raarvihke/Røyrvik, og Rosse/Røros.
Tilskotet dekkjer
Tilskotet skal dekkje alle kostnader i samband med opplæringa, som kartlegging av deltakarar ved kursstart, førebuingar, undervisning inkludert før- og etterarbeid, motivasjonsarbeid, møter med verksemda, utarbeiding av materiell, fagleg oppfølging av deltakarar og evaluering.
Tilskotet dekkjer ikkje
- opplæring som mottar annan offentleg finansiering, for eksempel tiltak gjennom Nav
- fagopplæring og lærlingar
- opplæring i bedriftsinterne system og -utstyr
- opplæring organisert som sjølvstudium
- anskaffingar som for eksempel teknisk utstyr
Slik søker du
Bruk Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sin tilskotsportal for å fylle ut søknadsskjemaet. Søknadsskjemaet er under utarbeiding, og lenke til skjema kjem.
Krav til søknaden
Søknaden må vere komplett med all nødvendig dokumentasjon og relevante signaturar innan søknadsfristen. Søknadene blir behandla med dei opplysningane som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Søknadsfristen er absolutt.
Dersom opplæringstilbydar eller opplæringsmottakar er ei undereining tilknytt ei organisasjon/verksemd med ein annan næringskode, er det viktig at undereininga sitt organisasjonsnummer kjem fram i søknaden. For at undereiningar skal kunne bli godkjente som sjølvstendige opplæringsmottakarar/etterspørrarar, skal ein eigen ansvarleg/representant for kvar av undereiningane (ikkje same person for alle) signere søknaden.
Formålet med dette er å sikre forankring av prosjektet på deltakarane sine arbeidsplassar.
Rettleiing og malar
Lenke til Rettleiing for samarbeidspartnarar som skal signere søknad i tilskotsportalen.
Slik behandlar vi søknaden
Slik vurderer vi søknaden
Kompetansepluss arbeid mottar årleg langt fleire kvalifiserte søknader enn det finst midlar til å innvilge. Alle søknader som oppfyller kvalifikasjonskriteria, vil etter søknadsfristen bli vurderte mot poenggivande kriterium (prioriteringskriteria) og tildelte ein poengsum mellom 0 og 100.
Når vi behandlar kvalifiserte søknader og gir poeng i samsvar med prioriteringskriteria, tek vi utgangspunkt i opplysningane som søkjar har oppgitt i søknadsskjemaet.
I tillegg gir vi ei heilskapleg vurdering av alle søknadene for å sørgje for brei geografisk og bransjemessig spreiing, samt eit mangfald av ferdigheiter.
Ved oversøking til ordninga rangerer vi søknadene i samsvar med prioriteringskriteria og tildeler midlar så langt løyvinga rekk.
Når får du svar?
I februar 2025.
Opplæringa skal i utgangspunktet ikkje starte før søkjar har mottatt tilsegn om tilskot. Søkjarar som startar opplæring før tilsegn er gitt, gjer dette for eiga rekning og risiko.
Rapportering og oppfølging
Kurs skal vere avslutta slik at tilskotsmottakar har tid til å lage sluttrapport innan 1. oktober 2026. Prosjekt som får tilskot, skal gjennomførast innanfor tidsramma søkjaren har sett opp i søknaden, og før oppgitt frist for å sluttrapportere.
Eventuelle endringar undervegs i prosjektet skal skje i dialog med HK-dir.
Dei som mottar tilskot, må registrere deltakarar ved oppstart av kurs og rapportere om økonomi og gjennomføring ved avslutting av prosjektet.
Tilbydar av opplæringa har ansvar for å føre frammøtelister. Vi tilrår at de brukar HK-dir si mal for registrering av frammøte. Lenke til HK-dir sin frammøtemal (word).
Meir utfyllande informasjon om registreringar og rapporteringar i tilskotsportalen kjem i tilsegnsbreva.
Spørsmål om tilskotet
Send e-post til post@hkdir.no og merk mailen med Kompetansepluss 2025.
Søknadsskjemaet er under utarbeiding, og lenke til skjema kjem.