Hopp til hovudinnhald

Etiske retningslinjer for karriererettleiing

Dei etiske retningslinjene uttrykkjer kva som er god etisk praksis. Retningslinjene kan gi støtte i etisk utfordrande situasjonar og bidra til at karriererettleiinga er etisk forsvarleg.

Sist oppdatert : 8. mai 2024

Dei etiske retningslinjene

Kva er god etisk praksis i karriererettleiing? Retningslinjene kan gi støtte i etisk utfordrande situasjonar og bidra til at karriererettleiinga er etisk forsvarleg. Dei etiske retningslinjene er aktuelle for alle former for karriererettleiing.

Modell av de etiske retningslinjene

Kompetanse

Når eg gir karriererettleiing

  • gjer eg det på eit oppdatert og kunnskapsbasert karrierefagleg grunnlag
  • handterer eg saker eg har kompetanse og mandat til. Eg erkjenner den faglege avgrensinga mi, og opplyser vegsøkjaren om andre relevante instansar og tenester
  • brukar eg metodar og innfallsvinklar som er tilpassa vegsøkjaren sin situasjon og moglegheiter

Relasjon og samarbeid

I relasjon og samarbeid med vegsøkjaren

  • respekterer eg vegsøkjaren sitt eigenverd og likeverd
  • viser eg interesse for bakgrunnen, nosituasjonen og framtida til vegsøkjaren
  • viser eg audmjukskap, og tek utgangspunkt i vegsøkjaren si forståing av eigen situasjon og moglegheiter
  • er eg merksam på den makta som ligg i rolla mi, og gjer mitt beste for å forvalte ho til fordel for vegsøkjaren og prosessen vi er i, saman
  • følger eg teieplikta og andre vedtak om personvern

Refleksjon

Eg reflekterer over min eigen praksis ved å

  • vere medviten om kva som er verdigrunnlaget og målet for karriererettleiinga
  • ha eit medvite forhold til mine eigne haldningar og korleis dei kan påverke utøvinga mi av karriererettleiing
  • ha eit kritisk blikk på min eigen kompetanse, og kontinuerleg vurdere behovet for kompetanseheving
  • vere medviten om rammene for fagutøving, og utfordre desse rammene viss det er nødvendig

Om etiske retningslinjer i karriererettleiing

Etiske retningslinjer i karriererettleiing har til føremåkl å skape ei sams oppslutning om grunnleggjande verdiar i yrkesutøvinga, i tillegg til å legitimere utøvinga av karriererettleiingsfaget. Etiske utfordringar som knyter seg til handling og haldning hos han eller ho som har ansvar for karriererettleiinga, skal handterast profesjonelt, og følgje dei normene som er gitte i retningslinjene. I tillegg til dette skal dei etiske retningslinjene bidra til å synleggjere kva vegsøkjaren, omgivnadene til vegsøkjaren og samarbeidspartnarar kan forvente av karriererettleiinga.

Det er utarbeidd retningslinjer for aktiviteten karriererettleiing, ikkje berre for aktøren karriererettleiaren. Dette er gjort med tanke på at retningslinjene skal kunne brukast av både dei som legg til rette for, og dei som utøver, karriererettleiing. Dette gjeld uavhengig av om dei har en stillingstittel eller rolle som definerer dei som karriererettleiar, eller ikkje. Det betyr at retningslinjene er utarbeidde for mellom anna resepsjonisten på eit karrieresenter, OT-kontakten, PP-rådgivaren, læraren i faget utdanningsval, rettleiaren i Nav og rådgivarar i skolen. Dei kan òg vere relevante for dei aktørane som er leiarar av karriererettleiingstenester, de som utformar karriererettleiingsrelatert politikk, og dei som står for utdanning og forsking i karriererettleiingsfeltet.

Dei etiske retningslinjene er aktuelle for alle formene for karriererettleiing, både andlet-til-andlet-samtalar, grupperettleiing, karrierelæring/karriereundervisning, digital karriererettleiing med meir. Retningslinjene er eit supplement til andre etiske retningslinjer som praksisfeltet må forhalde seg til.

Normer for god profesjonsetikk er ein viktig del av det nasjonale kvalitetsrammeverket for karriererettleiing. Dei tolv retningslinjene føreset at karriererettleiarar har eit samfunnsmandat som gir dei autonomi i yrkesutøvinga. Med ein slik autonomi følgjer det ein viss handlingsfridom for den einskilde utøvaren, og normene skal sikre ei ansvarleg utnytting av denne fridommen. Det handlar om fridom under ansvar, der ansvaret alltid vil forplikte den einskilde karriererettleiaren til å treffe gode val i møte med vegsøkjaren, omgivnader og etiske utfordringar.

Last ned plakatar

Her kan du laste ned dei etiske retningslinjene i plakatformat.