Hopp til hovudinnhald

Etisk refleksjonsmodell nynorsk

Etisk refleksjon er ein føresetnad for etisk bevisstheit, og er derfor ein vektlagd del i dei etiske retningslinjene. Etiske refleksjonsmodellar kan brukast som støtte for å gi refleksjonen ei strukturert og systematisk form.

Sist oppdatert : 8. mai 2024

Ved å ta med oss erfaringar og opplevingar inn i det faglege fellesskapet kan vi skape ein kultur for etisk refleksjon på arbeidsplassen vår. Etisk refleksjon går føre seg både bevisst og ubevisst, på både uformelle og meir formelle arenaer, hjå den einskilde og mellom kollegaer. Vi ønskjer her å fokusere på etisk refleksjon i fellesskap.

Modellen

1. Utfordringa

Kva er ubehageleg og for kven?

Det første skrittet i refleksjonsrunden er å ta stilling til den etiske utfordringa ein står i, og å identifisere utfordringa sin karakter. Er det eit dilemma, er det ein annan type konflikt eller utfordring? Kven er råka av ho? Dette kan vere klårgjerande. Å kunne kjenne att kjenneteikna ved kvar einskild sak gjer at vi lettare lèt vere å handle etter vane (Lingås, 2019). Kva for utfordring eller dilemma er det snakk om?

2. Ramme

Kva gjer eg med avgrensingar?

Når ein har identifisert den utfordringa ein står i, kan det vere føremålstenleg å orientere seg i høve til kontekst og rammefaktorar. I somme tilfelle kan det vere viktig å utfordre dei rammene som er sette, dersom desse skapar etiske utfordringar i karriererettleiinga. Andre gongar kan det vere vel så viktig å legge frå seg fortviling over høve ein ikkje har moglegheit til å endre.

3. Plikter

Kva bør eg?

Når det oppstår etisk utfordrande situasjonar, vil det i somme tilfelle vere slik at lover og forskrifter eller lokale retningslinjer legg føringar for kva ein skal eller bør gjere. I somme tilfelle kan det skape utfordrande situasjonar fordi det ein må eller bør, kjennest feil i situasjonen. I andre tilfelle kan det vere veldig fint å ha eit regelverk å finne svar i. Dette kan i beste fall gi støtte til å ta riktig avgjerd.

4. Alternativ

Kva kan eg?

Dei fleste etiske utfordringane og dilemmaa byr på ulike handlingsalternativ. Kva er desse alternativa? Det fjerde skrittet i refleksjonsmodellen handlar om nettopp dette; kartlegging, sortering og identifisering av ulike alternativ for handling og val.

5. Konsekvensar

De ulike handlingsalternativa blir følgde av konsekvensane sine. Når ei etisk utfordring skal løysast, er det greitt å vurdere kva for konsekvensar dei ulike handlingsalternativa kan ha, og for kven.

6. Intuisjon

Kva kjennest riktig?

Somme gongar har vi ei magekjensle som gir oss ein peikepinn på kva som kjennest riktig. Vi ønskjer å anerkjenne intuisjon som ein del av eitkvart val, sidan intuisjon byggjer på både erfaring og kompetanse (Eneroth, 1990).

7. Støtte

Det er viktig å ikkje undervurdere dei høva ein har til å søkje hjelp eller støtte frå andre. Finst det informasjon som kan vere klargjerande og til hjelp? Er det nokon ein kan snakke med, som kanskje kan bidra med nyttige refleksjonar? Er det andre instansar som kan meir om dette, og som derfor burde inviterast til tverrfagleg samarbeid?

8. Debrief

I etterkant av etisk utfordrande situasjonar kan det vere nyttig med ein etter-refleksjon saman med andre. Somme situasjonar handterer vi greitt sjølve, medan andre påverkar oss meir, og vi kan ha behov for debrief.

Last ned plakatar