Hopp til hovudinnhald

Etisk løfte nynorsk

Korleis blir det å snakke med ein karriererettleiar? Kan jeg stole på vedkommande? For ein vegsøkjar kan spørsmåla i forkant av ein samtale vere mange.

Sist oppdatert : 8. mai 2024

Etisk løfte

Denne illustrasjonen gir eit visuelt bilete av kva for etisk standard vegsøkjaren har i vente, og er ei oppsummering av dei etiske retningslinjene.

Etisk løfte

Ein av dei viktige funksjonane til profesjonsetikken er å informere tenestemottakarar og samfunnet om kva for kompetanse dei kan forvente av yrkesutøvaren (Lingås, 2016). I denne samanhengen betyr det at vegsøkjaren og omgivnadene til vegsøkjaren skal vite korleis dei vil bli møtte i ein karriererettleiingssituasjon.

Eit etisk løfte kan gjere det etiske ansvaret som ligg i karriererettleiinga, synleg. Det etiske løftet vårt er ei oppsummering av dei etiske retningslinjene. Dei har ei form som er tilpassa mottakaren, det vil seie vegsøkjaren.

Ved å gjere eit etisk løfte synleg for dei som nyttar ei karriererettleiingsteneste / deltek i ein karriererettleiingsaktivitet, kan vi heve kvaliteten på fleire måtar:

  • Vegsøkjararar får informasjon om kva dei kan forvente. Det betyr at dei òg får høve til å ha ei forventning knytt til han/ho som har ansvar for karriererettleiinga.
  • Eit etisk løfte kan, dersom det blir følgt opp, vere med på å opparbeide tillit i relasjonen mellom vegsøkjaren og han/ho som har ansvar for karriererettleiinga.
  • Eit etisk løfte er forpliktande, og stiller krav til kvalitet og profesjonalitet i karriererettleiinga til kvar tid.

Last ned plakatar

Det etiske løftet kan til dømes bli hengt opp på eit kontor eller eit venterom, eller på nettsida der det blir tilbode karriererettleiing. Det kan òg bli inkludert i informasjonsbrosjyrar eller vere ein del av invitasjonen til ein karriererettleiingsaktivitet.