Karriererettleiing i skolen
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har det faglege ansvaret for karriererettleiing i ungdomsskolen og vidaregåande opplæring.
Sist oppdatert : 7. november 2025Vi jobbar for at elevane skal få eit heilskapleg og likeverdig tilbod om karriererettleiing og karrierelæring av god kvalitet gjennom heile skolegangen.
Kompetansestandardar for karriererettleiing i skolen
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har HK-dir utvikla kompetansestandardar både for karriererettleiaren/utdannings- og yrkesrådgjevaren og for læraren i faget utdanningsval i skolen. Dette er anbefalte faglege standardar, ikkje krav.
Organisering av karriererettleiing i skolen
Karriererettleiinga som går føre seg i skulen, er regulert i opplæringslova § 16-1 Rådgiving om utdannings- og yrkesval:
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa får den rådgivinga som dei treng om utdannings- og yrkesval.
Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval.
Rådgiving er omtalt i opplæringslova §16 og delt i to lovparagrafar: § 16-1 Rådgiving om utdannings- og yrkesval og § 16-2. Rådgiving om personlege forhold.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har det faglege ansvaret for karriererettleiinga i skulen. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for lova, læreplanar i faga utdanningsval, yrkesfagleg fordjuping og arbeidslivsfaget. Utdanningsdirektoratet har det faglege ansvaret for rådgiving om personlege forhold.
I arbeidet vårt legg HK-dir ei brei forståing av karriererettleiing til grunn. Karriererettleiingstilbodet omfattar både rettleiing frå karriererettleiar/utdannings- og yrkesrådgivar, arbeidet som vert gjort i faga utdanningsval, yrkesfagleg fordjuping og arbeidslivsfaget, og karrierelæringsaktivitetar i andre fag, som skulen legg til rette for.
Forarbeida til lova er omtalt i Prop. 57 L (2022–2023).
Ressursar
Vi leverer ei rekke digitale ressursar og tjenester for elevar, karriererettleiarar og lærarar. Nokre av dei er til bruk i individuell utforsking, rettleiing og undervisning, andre er ressursar for å styrke kompetanse og kvalitet i karriererettleiinga.
For både elevar, karriererettleiarar og lærarar:
Utdanning.no er den nasjonale nettstaden for utdannings- og karriereveiledning. Nettstaden skal gi brukarane svar på alle spørsmål dei lurer på om utdanning og karriere, uansett livssituasjon og alder.
Karriereveiledning.no er ein offentleg og kvalitetssikra nettstad. Du kan snakke med ein karriererettleiar på chat og telefon, eller bruke verktøy og ressursar som kan hjelpe i valsituasjonar.
Utdanning i utlandet er ei informasjonsside om vidaregåande opplæring og studie i utlandet.
Finn lærebedrift er ei teneste som gir deg oversikt over godkjende lærebedriftar og ledige læreplassar. Du får også forslag til potensielle lærebedriftar i alle bransjar.
For karriererettleiiarar og lærarar:
- Ressurs for faget utdanningsvalg er ei nettside med over 100 artiklar og oppgåver fordelt på kompetansemåla i faget utdanningsval.
- Veilederforum.no er ein nettressurs for alle som rettleier om utdanning, jobb og karriere, med artiklar, omtalar og nyheiter som handlar om karriererettleiing.
- Kvalitet i karriereveiledning er ein nettressurs om Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Her finst verktøy og ressursar for utvikling av kvalitet i karriererettleiing.
Pågåande oppdrag og arbeid
Vi har for tida to oppdrag frå Kunnskapsdepartementet som gjeld karriererettleiing i skolen:
- Utvikle forslag til kompetansestandarder for karriereveiledning i skolen (oppdrag 2022-003)
- Utrede hvordan utdannings- og videreutdanningstilbudet for dem som jobber med karriereveiledning i skolen kan videreutvikles og forbedres (oppdrag 2022-004)
Oppdraga er tiltak i Meld.St. 21 (2020-21) Fullføringsreformen. Les meir om oppdraga i tildelingsbrevet fra Kunnskapsdepartementet på regjeringen.no for 2022.
Vi jobbar også med å støtte skoleeigarar og praktikarar og bidra til utvikling av kvalitet i tenesta gjennom nettverksarbeid, kunnskapsutvikling, formidling, utvikling av ressursar i tenesta Kvalitetslaboratoriet og innspill til vidare politikkutvikling.
Aktuelt kunnskapsgrunnlag
For å utvikle og styrke karriererettleiinga i skolen, er det nødvendig med eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag om status og moglegheiter. Vi har dei siste åra fått gjennomført fleire undersøkingar som gir oss, skoleeigarar og praktikarar innsikt til vidare utvikling av kvalitet i tenesta:
- Kvalitet i karriereveiledning i skolen. En undersøkelse av kvalitet og kvalitetsutvikling i karriereveiledning i skolen (NTNU Samfunnsforskning, USN, NORCE og Aarhus universitet 2022)
- Nye ambisjoner for karriereveiledning i skolen. Et utviklingsarbeid i samarbeid med praksis (NTNU Samfunnsforskning, USN, NORCE og Aarhus universitet 2022)
- Exploring the roles, qualifications and skills of career guidance professionals in schools An international review. (Tristram Hooley, 2022)
- Profesjonell karriereveiledning i skolen. Undersøkelse av utdanningstilbudet innen karriereveiledning (Høgskolen Innlandet 2023)
- Unges utdannings- og yrkesvalg (Opinion 2021) (PDF)
Eit anna viktig dokument som gir kunnskap og føringar for arbeidet vårt med karriererettleiing i skolen, er Meld.Stort. 21 (2020-2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden om vidaregåande opplæring.