Språk som kvalitet i høgare utdanning
Vi arrangerer nettseminar saman med Språkrådet, Fagspråksenteret og Termportalen ved Universitetet i Bergen. Her kan du sjå opptak. Sida er under oppbygging.
Sist oppdatert : 28. april 2026Språk som kvalitet i utdanninga – korleis få det til?
Korleis kan undervisarar og leiarar ved universitet og høgskular innlemme fagspråk og fagspråkleg kommunikasjon i utdanningane på måtar som fremjar utdanningskvalitet og studentane sitt læringsutbytte? Korleis kan internasjonalt tilsette støttast i overgangen frå å undervise på engelsk til å undervise på det nasjonale språket?
Les meir om arrangementet og sjå programmet her: Språk som kvalitet i utdanninga – korleis få det til? | HK-dir
Kva språk lærer ein best på?
Korleis heng språk i undervisning og pensum saman med kvalitet i høgare utdanning? Og kva plass har ferdigheiter i norsk fagspråk i det læringsutbyttet studentar skal sitje att med etter utdanninga?
Les meir om arrangementet og sjå programmet her: Språk som kvalitet i utdanninga – kva språk lærer ein best på? | HK-dir