Hopp til hovudinnhald

Norsk fagspråks betydning for tilgang til kunnskap

Kva rolle spelar språk for tilgang til og tillit til kunnskap? På dette nettseminaret set vi søkjelys på kva eit velfungerande norsk fagspråk har å seie for at kunnskap skal kunne bli delt og formidla effektivt, både til studentar til alle andre som treng det i samfunnet.

Tidspunkt: 14. oktober 2026 kl. 10.00- 14. oktober 2026 kl. 11.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Nettseminaret er knytt til konferansen om høgare utdanning som HK-dir og Nokut arrangerer 13. oktober:

Program

Nina Øglænd Johnsen, utdannings- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO), innleier om kva fagspråket har å seie for at studentane skal tileigne seg kunnskap i høgare utdanning.

Nina Teigland, konstituert direktør i Språkrådet, tar for seg kva rolle det norske fagspråket i forsking og høgare utdanning spelar for at det norske samfunnet skal ha tilgang på kunnskapen som trengst for å møte utfordringane i samtida.

Guri Sandvik, spesialrådgivar i kommunikasjonsavdelinga i Miljødirektoratet, fortel om kva eit godt norsk fagspråk har å seie for formidlingsoppdraget til direktoratet, og om korleis direktoratet handterer at det ikkje alltid finst norske fagtermar for det dei skal skrive om.

Trude Amundsen, fagspråkforskar og seniorrådgivar i HK-dir, tar utgangspunkt i forskinga si på kommunikasjonskompetanse innanfor den maritime offisersutdanninga – ei utdanning der både norsk og engelsk fagspråk spelar ei viktig rolle – og utforskar kva det inneber å dele eit felles språk, eller fleire, i eit tryggleiksperspektiv.

Frå ca. kl. 10.35 blir det panelsamtale med Nina Teigland, Guri Sandvik og Trude Amundsen leia av Ragnhild Tungesvik, divisjonsdirektør i HK-dir. Det blir høve til å stille spørsmål til paneldeltakarane.

Om nettseminaret

Saman med Språkrådet, Fagspråksenteret og Termportalen ved Universitetet i Bergen og Senter for norsk fagspråk i bruk ved Universitetet i Oslo arrangerer vi jamlege nettseminar om norsk fagspråk i høgare utdanning. I seminara inviterer vi til utforsking og samtalar om korleis språk bidreg til kvalitet i utdanninga.

Nettseminara er meinte som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova som tok til å gjelde i 2024, og handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023.

Påmeldingsfrist

14. oktober 2026 kl. 10.00 (CET)

Kontakt oss

Katrine Utgård

Seniorrådgiver

E-post:katrine.utgard@hkdir.no