Norsk fagspråk som pedagogisk verkemiddel
Korleis kan systematisk arbeid med fagspråk og terminologi styrkje læringa i høgare utdanning? På dette seminaret set vi søkjelys på terminologi som pedagogisk verkemiddel.
Ein sentral veg til kunnskap i eit fag går gjennom fagspråket og terminologien – det fagspråklege ordforrådet. Til dette seminaret har vi derfor samla eit knippe innleggshaldarar som drøftar og gir eksempel på korleis ein kan arbeide med fagspråk og terminologi på måtar som støttar opp under læringa til studentane.
Om nettseminaret
Saman med Språkrådet, Fagspråksenteret og Termportalen ved Universitetet i Bergen og Senter for norsk fagspråk i bruk ved Universitetet i Oslo arrangerer vi jamlege nettseminar om norsk fagspråk i høgare utdanning. I seminara inviterer vi til utforsking og samtalar om korleis språk bidreg til kvalitet i utdanninga.
Nettseminara er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova som tok til å gjelde i 2024, og handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023.

Påmeldingsfrist
25. august 2026 kl. 11.00 (CET)