Hopp til hovudinnhald

Språk som kvalitet i utdanninga: Norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning

Saman med Språkrådet og Senter for norsk fagspråk ved Universitetet Bergen inviterer vi til nettseminar der temaet er vektlegging av norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning.

Tidspunkt: 19. november 2025 kl. 10.00- 19. november 2025 kl. 11.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Korleis lèt det seg gjere å skape insentiv til å bruke, utvikle og styrke norsk fagspråk i høgare utdanning, særleg i samband med merittering og rekruttering? Finst det institusjonar som har prøvd ut dette i praksis? Kva endringar krevst for å få dette til?

På seminaret vil du møte sentrale personar innan høgare utdanning som vi håper vil kunne gje svar på desse spørsmåla og drøfte kva som må til.

Nærare program for nettseminaret vil bli lagt ut på Språkrådet sin nettside.

Påmeldingsfrist

19. november 2025 kl. 11.00
(CET)