Hopp til hovudinnhald

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå måler på nivå C1, som er det nest høgaste nivået på skalaen til Det felles europeiske rammeverket for språk. Nivået er kjenneteikna av avansert og effektiv språkbruk.

Sist oppdatert : 8. mai 2024

Oppbygging og innhald

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå har ei anna oppbygging og ein annan type innhald enn norskprøven på nivå A1–B2. Norskprøven A1–B2 måler kvar ferdigheit (lese, lytte, skrive, snakke) separat i kvar sin delprøve. C1-prøven består av to delprøvar, der to og to ferdigheiter blir målt saman:

Delprøve i lesing og munnleg kommunikasjon og delprøve i lytting og skriftleg kommunikasjon.

Prøven inneheld oppgåver som måler det å kunne bearbeide, samanfatte og vidareformidle informasjon på ein presis og god måte. Dette er viktige ferdigheiter innan språkleg krevjande studium og yrke.

Kandidatar kan kombinere resultat frå norskprøven A1–B2 med resultat frå norskprøven på nivå C1.

I dag er det B2 – nivået under C1 – som er kravet i samband med opptak til høgare utdanning. Derfor vil sjølvsagt resultatet Bestått på Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå også dekke kravet til opptak.

Det er utvikla ein rettleiingstest som kan gi kandidatar som er komne langt i språkinnlæringa si, hjelp til å velje rett prøvenivå. Å melde seg opp til rett prøvenivå er avgjerande for eit resultat som speglar språkferdigheitene best mogleg. Rettleiingstesten er gratis og du finn den i vårt prøvesystem.

Prøven blir arrangert av kommunane på lik linje med dei andre norskprøvane, men berre to gonger i året; i juni og desember.

Praktisk informasjon

Eksaminasjon og vurdering av prøven

På norskprøven C1 – høgare akademisk nivå blir begge delprøvar vurdert av eit sentralisert sensorkorps.

Delprøven i lytting og skriving er digital og blir automatisk sendt til sensorane når prøvetakaren leverer prøven.

På delprøven i leseforståing og munnleg kommunikasjon er eksaminator lokal. Sensorane er ikkje til stades på prøvedagen. Eksaminator gjer eit lydopptak av eksaminasjonen, som blir lasta opp i det digitale prøvesystemet og vurdert av sensorar seinare.

Vurderingsskjema

Lydopptak av C1-prøven