Hopp til hovudinnhald

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk for språklege minoritetar (FOV)

Læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kompetansemål, tekstane om faget og tekst om undervegsvurdering, beskriv den heilskaplege kompetansen til deltakarane på eit overordna nivå og dannar grunnlaget for vurderingsarbeidet. Kjenneteikna i norsk for språklege minoritetar beskriv korleis denne samla kompetansen kan sjå ut i kvar enkelt modul på ulike nivå.

Sist oppdatert : 5. mai 2025

Ei faggruppe i norsk for språklege minoritetar (NOR11-01) har på oppdrag frå HK-dir utarbeidd beskrivingar av kjenneteikn på måloppnåing i modulane. Kjenneteikna kan saman med læreplanen støtte lærarane i arbeidet med undervegsvurdering og sluttvurdering. Med sluttvurdering siktar ein til modulvurdering og standpunktvurdering. Kjenneteikna kan brukast for å utvikle felles forståing av kompetanse på ulike nivå i læreplanen og kan leggje til rette for arbeidet med utvikling av gode vurderingspraksisar, i lokale og regionale tolkingsfellesskap.

Anerkjenning og verdsetjing av erfaringane, ressursane og fleirspråklege kompetansen til deltakarane er eit gjennomgåande prinsipp i læreplanen. Dette prinsippet er vidareført i kjenneteikna og må liggje til grunn for vurderingsarbeidet.

I målgruppa for FOV vil mange ha behov for å utvikle kompetanse i norsk språk og faget norsk i eit samspel gjennom heile opplæringsløpet. Dette er det teke omsyn til både i læreplanen og i kjenneteikna på måloppnåing ved at deltakarane skal kunne støtte seg på til dømes ein samtalepartnar, digitale ressursar, fysiske omgivnader, eige morsmål eller bilete, tal og grafar når dei uttrykkjer fagkompetanse. Dette er mellom anna uttrykt ved at det står «med støtte». Slik blir det lagt til rette for at deltakarane kan uttrykkje kompetanse på eit språkleg høgare nivå enn det dei ville hatt føresetnader for å gjennomføre utan denne støtta.

Kjenneteikna er formulerte på eit overordna nivå og for tre karakterar:

For modul 1 og 2: låg måloppnåing, middels måloppnåing og høg måloppnåing, jf. § 15-3 andre ledd i forskrift til opplæringslova.

For modul 3 og 4: låg kompetanse (karakter 2), god kompetanse (karakter 4) og framifrå kompetanse (karakter 6), jf. § 15-3 første ledd i forskrift til opplæringslova.

Kjenneteikna står i tre tabellar som må sjåast i samanheng. Den første tabellen er for kompetanse som deltakarane kan vise både munnleg og skriftleg. Denne må sjåast i samanheng med tabellen for skriftleg kompetansen og tabellen for munnleg kompetanse som står lenger ned på sida.

Modul 1: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering

Skriftleg og munnleg

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren prøver ut og
bruker tilpassa digitale
ressursar med mykje
støtte.
Deltakaren prøver ut og
bruker tilpassa digitale
ressursar med noko støtte. 
Deltakaren prøver ut og
bruker tilpassa digitale
ressursar. 

 

Skriftleg

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren fyller inn
personlege opplysningar i
enkle skjema og skriv og
svarer på enkle meldingar
og beskjedar med mykje
støtte. 

 
Deltakaren fyller inn
personlege opplysningar i
enkle skjema og skriv og
svarer på enkle meldingar
og beskjedar med
noko støtte. 
Deltakaren fyller inn
personlege opplysningar i
enkle skjema og skriv og
svarer på enkle meldingar
og beskjedar. 

 
Deltakaren skriv svært
enkle forteljande og
beskrivande tekstar med
mykje støtte. 
Deltakaren skriv svært
enkle forteljande og
beskrivande tekstar med
noko støtte. 
Deltakaren skriv svært
enkle forteljande og
beskrivande tekstar. 
Deltakaren bruker nokre få
innøvde grunnleggjande
grammatiske strukturar i
eigne tekstar med støtte. 

 
Deltakaren bruker nokre få
innøvde grunnleggjande
grammatiske strukturar i
eigne tekstar.   
Deltakaren bruker nokre
grunnleggjande
grammatiske strukturar i
eigne tekstar. 

Munnleg

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren kjenner att
norske språklydar og
uttaler nokre ord og enkle
setningar på ein stort sett
forståeleg måte. 

 
Deltakaren kjenner att
norske språklydar og
uttaler nokre ord og enkle
setningar på ein forståeleg
måte. 
Deltakaren kjenner att
norske språklydar og
uttaler ord og enkle
setningar på ein
forståeleg måte. 
Deltakaren bruker nokre
grunnleggjande ord i enkle
samtalar om kjende tema. 
Deltakaren bruker nokre
grunnleggjande ord i enkle
samtalar om kvardagslege
og faglege tema. 
Deltakaren bruker ein del
grunnleggjande ord og
nokre faglege omgrep i
samtalar om kvardagslege
og faglege tema.
Deltakaren samtaler om
kvardagsliv og tradisjonar i
Noreg og i andre land på
ein enkel måte med
mykje støtte.
Deltakaren samtaler om
kvardagsliv og tradisjonar i
Noreg og i andre land på
ein enkel måte. 
Deltakaren samtaler om
kvardagsliv og tradisjonar i
Noreg og i andre land. 
Deltakaren reflekterer over
og samtaler om svært
enkle tekstar frå
kvardagslivet med
mykje støtte. 

 
Deltakaren reflekterer over
og samtaler om svært
enkle tekstar frå
kvardagslivet med
noko støtte. 
Deltakaren reflekterer over
og samtaler om svært
enkle tekstar frå
kvardagslivet. 

Modul 2: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering

Skriftleg og munnleg

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren forstår og fortel
att hovudinnhaldet i enkle
tekstar med mykje støtte. 

 
Deltakaren forstår og fortel
att hovudinnhaldet i enkle
tekstar med noko støtte. 
Deltakaren forstår og fortel
att hovudinnhaldet i enkle
tekstar. 
Deltakaren bruker nokre
eigna digitale ressursar
med støtte. 

 
Deltakaren bruker eigna
digitale ressursar med
noko støtte. 
Deltakaren bruker eigna
digitale ressursar. 

Skriftleg

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren meistrar nokre
enkle grunnleggjande
reglar for rettskriving,
teiknsetjing og
grammatiske strukturar. 
Deltakaren meistrar stort
sett enkle grunnleggjande
reglar for rettskriving,
teiknsetjing og grammatiske
strukturar. 

 
Deltakaren meistrar enkle
grunnleggjande reglar for
rettskriving, teiknsetjing
og grammatiske strukturar. 
Deltakaren skriv og svarer
på enkle meldingar
og beskjedar.  
Deltakaren skriv og svarer
på meldingar og beskjedar. 
Deltakaren skriv og svarer
på meldingar og beskjedar
på ein relevant måte. 

 
Deltakaren skriv ein enkel
søknad og CV med
mykje støtte. 
Deltakaren skriv ein enkel
søknad og CV med noko
støtte. 

 
Deltakaren skriv ein enkel
søknad og CV. 
Deltakaren skriv svært
enkle tekstar med støtte
i modelltekstar. 
Deltakaren skriv enkle
tekstar i ulike sjangrar
med støtte i modelltekstar. 
Deltakaren skriv enkle,
funksjonelle tekstar i
ulike sjangrar med
støtte i modelltekstar.  

 

Munnleg

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren uttaler ord og
enkle setningar på norsk
på ein stort sett forståeleg
måte.  

 
Deltakaren uttaler ord og
enkle setningar på norsk
på ein forståeleg måte. 
Deltakaren uttaler ord og
setningar på norsk med
ein funksjonell uttale. 

  
Deltakaren forstår og kjem
med nokre innspel i enkle
samtalar om kvardagslege
og faglege tema. 

 
Deltakaren forstår og
følgjer opp andre sine
innspel i samtalar om
kvardagslege og nokre
faglege tema. 

 
Deltakaren forstår og
følgjer opp andre sine
innspel i samtalar om
kvardagslege og
faglege tema. 
Deltakaren samtaler om
likskapar og forskjellar
mellom utdanning og
arbeidsliv i Noreg og
andre land på ein svært
enkel måte. 

 
Deltakaren samtaler om
likskapar og forskjellar
mellom utdanning og
arbeidsliv i Noreg og
andre land på ein
enkel måte. 
Deltakaren samtaler om
likskapar og forskjellar
mellom utdanning og
arbeidsliv i Noreg og
andre land. 
Deltakaren reflekterer over
og samtaler om enkle
tekstar med mykje støtte. 

 
Deltakaren reflekterer over
og samtaler om enkle
tekstar med noko støtte. 
Deltakaren reflekterer over
og samtaler om enkle
tekstar. 
Deltakaren kjenner att
verkemiddel i enkle tekstar
med mykje støtte. 

 
Deltakaren kjenner att
verkemiddel i enkle tekstar
med noko støtte. 
Deltakaren kjenner att
verkemiddel i enkle tekstar. 

 
Deltakaren samtaler om
eigne erfaringar med
språk- og kulturmøte med
mykje støtte. 

 
Deltakaren samtaler om
eigne erfaringar med
språk- og kulturmøte
med støtte. 
Deltakaren samtaler om
eigne erfaringar med
språk- og kulturmøte på
ein sjølvstendig måte. 

 
Deltakaren gir nokre døme
på likskapar og forskjellar
mellom norsk og
andre språk. 

  
Deltakaren beskriv nokre
likskapar og forskjellar
mellom norsk og andre
språk på ein enkel måte. 
Deltakaren beskriv nokre
likskapar og forskjellar
mellom norsk og andre
språk. 

Modul 3: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering

Skriftleg og munnleg

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren fortel att,
forklarer og reflekterer
over innhald og tema i
tekstar på ein
enkel måte. 

 
Deltakaren fortel att,
forklarer og reflekterer
over innhald og tema i
tekstar på ein god måte. 
Deltakaren fortel att,
forklarer og reflekterer over
innhald og tema i tekstar
på ein god og sjølvstendig
måte. 

 
Deltakaren reflekterer over
samanhengar mellom språk,
kultur og identitet på
ein enkel måte. 

 
Deltakaren reflekterer over
samanhengar mellom språk,
kultur og identitet på
ein god måte. 
Deltakaren reflekterer over
samanhengar mellom språk,
kultur og identitet på ein
god og sjølvstendig måte. 

 
Deltakaren presenterer seg
sjølv og sin eigen
kompetanse på ein enkel
måte og svarer på nokre
spørsmål som er aktuelle
i jobbintervju. 

 
Deltakaren presenterer seg
sjølv og sin eigen kompetanse
på ein god måte og svarer
på spørsmål som er aktuelle
i jobbintervju. 
Deltakaren presenterer seg
sjølv og sin eigen
kompetanse på ein god og
sjølvstendig måte og svarer
utfyllande på spørsmål som er
aktuelle i jobbintervju. 

 
Deltakaren finn noko
informasjon om utdanning
og arbeidsliv basert på
eigne interesser og
moglegheiter.  
Deltakaren finn informasjon
om utdanning og arbeidsliv
basert på eigne interesser
og moglegheiter. 
Deltakaren finn informasjon om
utdanning og arbeidsliv basert
på eigne interesser og
moglegheiter på ein god
og sjølvstendig måte. 

 
Deltakaren formidlar nokre
norskfaglege og
tverrfaglege tema på ein
enkel måte. 
Deltakaren formidlar nokre
norskfaglege og
tverrfaglege tema og
bruker noko fagspråk. 
Deltakaren formidlar
norskfaglege og
tverrfaglege tema og
bruker fagspråk på ein
god måte. 

 
Deltakaren reflekterer over
korleis ein framstiller seg
sjølv og andre i digitale
medium. 

  
Deltakaren reflekterer
sjølvstendig over korleis ein
framstiller seg sjølv og andre
i digitale medium. 
Deltakaren reflekterer
sjølvstendig og kritisk over
korleis ein framstiller seg
sjølv og andre i
digitale medium. 

 
Deltakaren bruker nokre
digitale ressursar på
ein enkel måte. 

 
Deltakaren vel ut og bruker
formålstenlege digitale
ressursar. 
Deltakaren vel ut og bruker
formålstenlege digitale
ressursar på ein god måte. 

 

Skriftleg

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren meistrar enkle
grunnleggjande reglar for 
rettskriving, teiknsetjing og
grammatiske strukturar og
uttrykkjer seg med eit
grunnleggjande ordtilfang. 

 
Deltakaren meistrar nokre
grunnleggjande reglar for
rettskriving, teiknsetjing og
grammatiske strukturar og
uttrykkjer seg med noko
variasjon i ordtilfanget. 
Deltakaren meistrar stort
sett grunnleggjande reglar
for rettskriving, teiknsetjing
og grammatiske strukturar 
g uttrykkjer seg med variasjon
i ordtilfanget. 
Deltakaren skriv enkle
tekstar i ulike sjangrar. 
Deltakaren skriv enkle
tekstar med ein viss
struktur og tematisk
samanheng i ulike
sjangrar. 

   
Deltakaren skriv enkle tekstar
med god struktur og
tematisk samanheng i
ulike sjangrar. 

Munnleg

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren uttrykkjer seg
med stort sett funksjonell
uttale og eit enkelt
ordtilfang. 

  
Deltakaren uttrykkjer seg
med stort sett funksjonell
uttale med eit nokså
variert ordtilfang. 

 
Deltakaren uttrykkjer seg
med ein funksjonell uttale
og eit variert ordtilfang. 
Deltakaren samtaler om
nokre faglege tema på
ein enkel måte. 

 
Deltakaren samtaler om
ulike faglege tema på
ein god måte. 
Deltakaren samtaler om
ulike faglege tema på ein
god og sjølvstendig måte. 
Deltakaren deltek i
samtalar og grunngir
eigne meiningar på
ein enkel måte. 
Deltakaren deltek aktivt i
samtalar og grunngir stort
sett eigne meiningar. 
Deltakaren deltek aktivt i
samtalar og grunngir
eigne meiningar på ein
sjølvstendig måte. 

 
Deltakaren samtaler om
samspelet mellom skrift,
bilete og andre
uttrykksformer på ein
enkel måte. 

 
Deltakaren samtaler om
samspelet mellom skrift,
bilete og andre
uttrykksformer på
ein god måte. 
Deltakaren samtaler om
samspelet mellom skrift,
bilete og andre
uttrykksformer på ein god
og sjølvstendig måte. 
Deltakaren samtaler om
nokre språklege og
litterære verkemiddel
i ulike typar tekstar på
ein enkel måte. 
Deltakaren samtaler om
nokre språklege og
litterære verkemiddel i
ulike typar tekstar. 

  
Deltakaren samtaler om
nokre språklege og
litterære verkemiddel i
ulike type tekstar på ein
god og sjølvstendig måte. 

 

Modul 4: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for standpunktvurdering

Skriftleg og munnleg

Låg kompetanse,
karakteren 2 
God kompetanse,
karakteren 4 
Framifrå kompetanse,
karakteren 6 
Deltakaren uttrykkjer tankar
om innhaldet, formålet og
påverknadskrafta i tekstar
på ein enkel måte. 
Deltakaren reflekterer over
innhaldet, formålet, truverda
og påverknadskrafta i tekstar
på ein sjølvstendig måte. 
Deltakaren reflekterer over
innhaldet, formålet, truverda
og påverknadskrafta i tekstar
på ein kritisk og sjølvstendig
måte. 

 
Deltakaren formidlar
norskfaglege og
tverrfaglege tema med
noko bruk av fagspråk
og grunngitte meiningar.  
Deltakaren formidlar
norskfaglege og
tverrfaglege tema med
noko bruk av fagspråk,
grunngitte meiningar
og relevante argument. 

 
Deltakaren formidlar
norskfaglege og
tverrfaglege tema med
relevant fagspråk,
grunngitte meiningar
og relevante argument. 
Deltakaren uttrykkjer på ein
enkel måte korleis
haldningar og verdiar kjem
til uttrykk i ulike tekstar frå
ulike tider og ulike kulturar. 
Deltakaren uttrykkjer på ein
god måte korleis haldningar
og verdiar kjem til uttrykk i
ulike tekstar frå ulike tider
og ulike kulturar. 
Deltakaren uttrykkjer på ein
kritisk og sjølvstendig måte
korleis haldningar og verdiar
kjem til uttrykk i ulike tekstar
frå ulike tider og ulike kulturar. 

 
Deltakaren kjenner att
nokre verkemiddel i tekst. 
Deltakaren kjenner att og
prøver ut nokre verkemiddel
i tekst. 

 
Deltakaren kjenner att og
bruker ulike verkemiddel
i tekst. 
Deltakaren reflekterer over
fleirspråklegheit og
språksituasjonen i Noreg
før og no på ein
enkel måte. 

 
Deltakaren reflekterer over
fleirspråklegheit og
språksituasjonen i Noreg
før og no på ein god måte. 

 
Deltakaren reflekterer over
fleirspråklegheit og
språksituasjonen i Noreg
før og no på ein
sjølvstendig måte. 

 

 
Deltakaren vurderer
informasjon om
utdanning og arbeidsliv
og reflekterer over eigne
karrieremål og eigen
kompetanse på ein
enkel måte. 
Deltakaren vurderer
informasjon om utdanning
og arbeidsliv og reflekterer
over eigne karrieremål og
eigen kompetanse på
ein god måte. 

 
Deltakaren vurderer
informasjon om utdanning
og arbeidsliv og reflekterer
over eigne karrieremål og
eigen kompetanse på ein
kritisk og sjølvstendig måte. 

 
Deltakaren bruker nokre
digitale ressursar. 
Deltakaren vurderer og
bruker ulike digitale
ressursar på ein god måte. 
Deltakaren vurderer og
bruker ulike digitale ressursar
på ein kritisk og
sjølvstendig måte. 

 

Skriftleg

Låg kompetanse,
karakteren 2 
God kompetanse,
karakteren 4 
Framifrå kompetanse,
karakteren 6 
Deltakaren bruker nokre
grunnleggjande reglar for
rettskriving, teiknsetjing og
grammatiske strukturar og
uttrykkjer seg med
variasjon i ordtilfanget. 
Deltakaren bruker
grunnleggjande reglar for
rettskriving, teiknsetjing
og grammatiske strukturar
og uttrykkjer seg med eit
ganske variert ordtilfang. 
Deltakaren meistrar
grunnleggjande reglar for
rettskriving, teiknsetjing og
grammatiske strukturar på
ein god måte og uttrykkjer
seg med eit variert og
nokså presist ordtilfang. 

 
Deltakaren skriv tekstar
med ein viss struktur
og tematisk samanheng
i ulike sjangrar.  
Deltakaren skriv tekstar
med struktur og tematisk
samanheng i ulike sjangrar
tilpassa formål og mottakar. 

 
Deltakaren skriv tekstar
med god struktur og
tematisk samanheng i
ulike sjangrar tilpassa
formål og mottakar. 
Deltakaren finn og bruker
informasjon frå kjelder og
synleggjer i nokon grad
skiljet mellom eigen og
andre sin tekst. 

 
Deltakaren bruker, oppgir
og refererer til kjelder på
ein stort sett etterprøvbar
måte. 

 
Deltakaren bruker, oppgir
og refererer til kjelder
på ein god og
etterprøvbar måte. 

Munnleg

Låg kompetanse,
karakteren 2 
God kompetanse,
karakteren 4 
Framifrå kompetanse,
karakteren 6 
Deltakaren uttrykkjer seg
på norsk med stort sett
funksjonell uttale og noko
variasjon i ordtilfanget. 

 
Deltakaren uttrykkjer seg
på norsk med funksjonell
uttale og eit variert
ordtilfang.  
Deltakaren uttrykkjer seg
på norsk med funksjonell
uttale og eit variert og
formålstenleg ordtilfang. 
Deltakaren samtaler om
nokre faglege tema
på ein enkel måte. 

 
Deltakaren samtaler om
ulike faglege tema på
ein god og sjølvstendig
måte. 
Deltakaren samtaler om
ulike faglege tema med
eit relevant fagspråk
på ein god og
sjølvstendig måte. 

 
Deltakaren grunngir eigne
meiningar på ein
enkel måte. 

 
Deltakaren grunngir eigne
meiningar på ein
god måte. 
Deltakaren grunngir eigne
meiningar på ein sakleg
og relevant måte. 

Kjennetegn på måloppnåelse for modulene i FOV

Utformingen av kjennetegnene har vært et utviklingsarbeid, og her kommer første versjon. Vi vil innhente innspill fra ledere og lærere i voksenopplæringen når dere har gjort dere erfaringer med bruken av disse i arbeidet med modulvurdering og standpunktvurdering.

Har du innspill til kjennetegnene? Send oss en e-post: fullforingsreformen@hkdir.no