Kjenneteikn på måloppnåing i naturfag (FOV)
Læreplanen i naturfag med kompetansemål, tekstane om faget og tekst om undervegsvurdering, beskriv den heilskaplege kompetansen til deltakarane på eit overordna nivå og dannar grunnlaget for vurderingsarbeidet. Kjenneteikna i naturfag beskriv korleis denne samla kompetansen kan sjå ut i kvar enkelt modul på ulike nivå.
Sist oppdatert : 5. mai 2025Ei faggruppe i naturfag (NAT03-01) har på oppdrag frå HK-dir utarbeidd beskrivingar av kjenneteikn på måloppnåing i modulane. Kjenneteikna kan saman med læreplanen støtte lærarane i arbeidet med undervegsvurdering og sluttvurdering. Med sluttvurdering siktar ein til modulvurdering og standpunktvurdering. Kjenneteikna kan brukast for å utvikle felles forståing av kompetanse på ulike nivå i læreplanen og kan leggje til rette for arbeidet med utvikling av gode vurderingspraksisar, i lokale og regionale tolkingsfellesskap.
Anerkjenning og verdsetjing av erfaringane, ressursane og fleirspråklege kompetansen til deltakarane er eit gjennomgåande prinsipp i læreplanen. Dette prinsippet er vidareført i kjenneteikna og må liggje til grunn for vurderingsarbeidet.
I målgruppa for FOV vil mange ha behov for å utvikle kompetanse i norsk språk og naturfag i eit samspel gjennom heile opplæringsløpet. Dette er det teke omsyn til både i læreplanen og i kjenneteikna på måloppnåing ved at deltakarane skal kunne støtte seg på til dømes ein samtalepartnar, digitale ressursar, fysiske omgivnader, eige morsmål eller bilete, tal og grafar når dei uttrykkjer fagkompetanse. Dette er mellom anna uttrykt ved at det står «med støtte». Slik blir det lagt til rette for at deltakarane kan uttrykkje kompetanse på eit språkleg høgare nivå enn det dei ville hatt føresetnader for å gjennomføre utan denne støtta.
Kjenneteikna er formulerte på eit overordna nivå og for tre karakterar:
For modul 1 og 2: låg måloppnåing, middels måloppnåing og høg måloppnåing, jf. § 15-3 andre ledd i forskrift til opplæringslova.
For modul 3 og 4: låg kompetanse (karakter 2), god kompetanse (karakter 4) og framifrå kompetanse (karakter 6), jf. § 15-3 første ledd i forskrift til opplæringslova.
Modul 1: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering
Låg måloppnåing | Middels måloppnåing | Høg måloppnåing |
---|---|---|
Deltakaren kan med støtte stille enkle spørsmål, delta i innsamling og organisering av data, og kan gi att enkle beskrivingar av nokre observasjonar på ein svært enkel måte. | Deltakaren kan stille nokre enkle spørsmål, og med støtte samle inn og skrive data i enkle tabellar og skjema, og beskrive nokre observasjonar på ein svært enkel måte. | Deltakaren kan stille enkle spørsmål, samle inn og skrive data i enkle tabellar og skjema, og beskrive nokre observasjonar på ein enkel måte. |
Deltakaren kan med støtte kjenne att og namngi nokre delar av kroppen og naturen. | Deltakaren kan kjenne att og namngi nokre delar av kroppen og naturen. | Deltakaren kan gi svært enkle beskrivingar av nokre delar av kroppen og naturen. |
Deltakaren kan gi att enkeltord som beskriv observerbare endringar i naturen. | Deltakaren kan kjenne att og samtale med støtte om nokre observerbare endringar i naturen. | Deltakaren kan gi svært enkle beskrivingar av nokre observerbare endringar i naturen. |
Deltakaren deltek i aktivitetar knytte til helse og miljø. | Deltakaren kan med støtte samtale svært enkelt om og gjennomføre aktivitetar knytte til helse og miljø. | Deltakaren kan med støtte samtale svært enkelt om tema knytte til helse og miljø og gjennomføre aktivitetar på ein sjølvstendig måte. |
Modul 2: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering
Låg måloppnåing | Middels måloppnåing | Høg måloppnåing |
---|---|---|
Deltakaren kan med støtte lese enkle tekstar, skrive innsamla data inn i tabell eller skjema og gi nokre døme på kjelder til naturfagleg kunnskap. | Deltakaren kan lese enkle tekstar, tabellar, modellar og figurar, og med støtte systematisere innsamla data og gi døme på kjelder til naturfagleg kunnskap. | Deltakaren kan lese enkle tekstar, tabellar, modellar og figurar, systematisere innsamla data og gi døme på eigna kjelder til naturfagleg kunnskap. |
Deltakaren kan kjenne att og med støtte gi nokre døme på nokre system og samanhengar i kroppen og naturen. | Deltakaren kan med støtte gi enkle beskrivingar av nokre system og samanhengar i kroppen og naturen. | Deltakaren kan gi enkle beskrivingar av nokre system og samanhengar i kroppen og i naturen. |
Deltakaren kan med støtte kjenne att og samtale enkelt om observerbare endringar hos nokre stoff og system. | Deltakaren kan med støtte gi enkle beskrivingar av observerbare endringar hos nokre stoff og system. | Deltakaren kan gi enkle beskrivingar av observerbare endringar hos nokre stoff og system. |
Deltakaren kan med støtte gi døme på naturfagleg informasjon knytt til eige liv og eiga helse og bruke nokre omgrep knytt til helseval. | Deltakaren kan gi døme på naturfagleg informasjon knytt til eige liv og eiga helse og med støtte samtale om helseval. | Deltakaren kan bruke naturfagleg informasjon knytt til eige liv og eiga helse og samtale om helseval. |
Modul 3: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering
Låg kompetanse, karakteren 2 | God kompetanse, karakteren 4 | Framifrå kompetanse, karakteren 6 |
---|---|---|
Deltakaren kan med støtte samle inn, systematisere og presentere data på ein enkel måte og samtale om eventuelle feilkjelder. | Deltakaren kan samle inn, og med støtte systematisere og presentere data på ein formålstenleg måte og samtale om eventuelle feilkjelder. | Deltakaren kan samle inn, systematisere og presentere data på ein formålstenleg måte og identifisere eventuelle feilkjelder. |
Deltakaren kan med støtte gi døme på bestanddelar og enkle samanhengar i naturlege og teknologiske system ved bruk av kvardagsspråk. | Deltakaren kan gi døme på bestanddelar og samanhengar i naturlege og teknologiske system ved bruk av nokre naturfaglege omgrep. | Deltakaren kan beskrive bestanddelar og samanhengar i naturlege og teknologiske system ved bruk av relevante naturfaglege omgrep. |
Deltakaren kan kjenne att nokre endringar i naturen og gi døme på korleis menneske påverkar naturen. | Deltakaren kan samtale om endringar i naturen og gi døme på korleis menneske påverkar naturen. | Deltakaren kan beskrive endringar i naturen og reflektere over korleis menneske påverkar naturen. |
Deltakaren kan gi nokre døme på og samtale med støtte om korleis val i kvardagen påverkar livet på jorda. | Deltakaren kan gi nokre døme på og samtale om korleis val i kvardagen påverkar livet på jorda. | Deltakaren kan gi døme på og reflektere over korleis val i kvardagen påverkar og har konsekvensar for livet på jorda. |
Modul 4: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for standpunktvurdering
Låg kompetanse, karakteren 2 | God kompetanse, karakteren 4 | Framifrå kompetanse, karakteren 6 |
---|---|---|
Deltakaren kan gi døme på nokre vanlege arbeidsmåtar i naturfag i samtale om naturfaglege fenomen og prosessar. | Deltakaren kan beskrive nokre vanlege arbeidsmåtar i naturfag i samtale om naturfaglege fenomen og prosessar. | Deltakaren kan bruke kunnskap om nokre vanlege arbeidsmåtar i naturfag i beskriving av naturfaglege fenomen og prosessar. |
Deltakaren kan samtale om nokre samanhengar i naturen og gi døme på korleis nokre system er bygde opp. | Deltakaren kan beskrive nokre samanhengar i naturen og gi døme på korleis ulike system er bygde opp og fungerer saman. | Deltakaren kan reflektere over samanhengar i naturen og beskrive korleis ulike system er bygde opp og fungerer saman. |
Deltakaren kan samtale om nokre endringar i natur, teknologi og kunnskap og gi enkle døme på faktorar som påverkar endringsprosessane. | Deltakaren kan samtale om korleis natur, teknologi og kunnskap endrar seg, og gi relevante døme på faktorar som påverkar endringsprosessane. | Deltakaren kan gjere greie for korleis natur, teknologi og kunnskap er i stadig endring, og beskrive faktorar som påverkar endringsprosessane. |
Deltakaren kan bruke enkel naturfagleg kunnskap i samtale om problemstillingar i eige og andre sitt liv og gi døme på val som kan påverke natur, individ og samfunn. | Deltakaren kan bruke naturfagleg kunnskap i møte med problemstillingar i eige og andre sitt liv og gi døme på ulike perspektiv, val og konsekvensar for natur, individ og samfunn. | Deltakaren kan bruke naturfagleg kunnskap i møte med problemstillingar i eige og andre sitt liv og reflektere over ulike perspektiv, val og konsekvensar for natur, individ og samfunn. |
Kjennetegn på måloppnåelse for modulene i FOV
Utformingen av kjennetegnene har vært et utviklingsarbeid, og her kommer første versjon. Vi vil innhente innspill fra ledere og lærere i voksenopplæringen når dere har gjort dere erfaringer med bruken av disse i arbeidet med modulvurdering og standpunktvurdering.
Har du innspill til kjennetegnene? Send oss en e-post: fullforingsreformen@hkdir.no