Kjenneteikn på måloppnåing i engelsk (FOV)
Læreplanen i engelsk med kompetansemål, tekstane om faget og tekst om undervegsvurdering, beskriv den heilskaplege kompetansen til deltakarane på eit overordna nivå og dannar grunnlaget for vurderingsarbeidet. Kjenneteikna i engelsk beskriv korleis denne samla kompetansen kan sjå ut i kvar enkelt modul på ulike nivå.
Sist oppdatert : 5. mai 2025Ei faggruppe i engelsk (ENG05-01) har på oppdrag frå HK-dir utarbeidd beskrivingar av kjenneteikn på måloppnåing i modulane. Kjenneteikna kan saman med læreplanen støtte lærarane i arbeidet med undervegsvurdering og sluttvurdering. Med sluttvurdering siktar ein til modulvurdering og standpunktvurdering. Kjenneteikna kan brukast for å utvikle felles forståing av kompetanse på ulike nivå i læreplanen og kan leggje til rette for arbeidet med utvikling av gode vurderingspraksisar, i lokale og regionale tolkingsfellesskap.
Anerkjenning og verdsetjing av erfaringane, ressursane og fleirspråklege kompetansen til deltakarane er eit gjennomgåande prinsipp i læreplanen. Dette prinsippet er vidareført i kjenneteikna og må liggje til grunn for vurderingsarbeidet.
Deltakarar i FOV som har behov for byrjaropplæring i engelsk, skal kunne støtte seg på til dømes ein samtalepartnar, digitale ressursar, fysiske omgivnader, eige morsmål eller bilete, tal og grafar når dei uttrykkjer fagkompetanse. Dette er det teke omsyn til både i læreplanen og i kjenneteikna på måloppnåing, mellom anna uttrykt ved at det står «med støtte». Dette legg til rette for at deltakarane kan uttrykkje kompetanse på eit språkleg høgare nivå enn det dei ville hatt føresetnader for å gjennomføre utan denne støtta.
Kjenneteikna er formulerte på eit overordna nivå og for tre karakterar:
For modul 1 og 2: låg måloppnåing, middels måloppnåing og høg måloppnåing, jf. § 15-3 andre ledd i forskrift til opplæringslova.
For modul 3 og 4: låg kompetanse (karakter 2), god kompetanse (karakter 4) og framifrå kompetanse (karakter 6), jf. § 15-3 første ledd i forskrift til opplæringslova.
Kjenneteikna er sette opp i éin tabell for kvar modul og omfattar både skriftleg og munnleg.
Modul 1: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering
Låg måloppnåing | Middels måloppnåing | Høg måloppnåing |
---|---|---|
Deltakaren kan med støtte delta i ein svært enkel samtale om daglegdagse og kjende tema med innøvde enkeltord og frasar. | Deltakaren kan uttrykkje seg svært enkelt om daglegdagse og kjende tema med enkeltord og korte frasar, spør og svarer og bruker nokre høflegheitsfrasar. | Deltakaren kan uttrykkje seg enkelt og stort sett forståeleg om daglegdagse og kjende tema, deltek i enkle samtalar og bruker nokre høflegheitsfrasar der det er relevant. |
Deltakaren har ein uttale av enkelte ord som er forståeleg for ein velvillig samtalepartnar som kjenner talemønsteret til deltakaren. | Deltakaren har ein uttale av nokre kjende ord og frasar som stort sett er forståeleg for ein velvillig samtalepartnar. | Deltakaren har ein uttale av kjende ord og frasar som er forståeleg for ein velvillig samtalepartnar. |
Deltakaren kan med støtte lese og gi att enkle frasar og setningar frå svært enkle tekstar om kjende og daglegdagse tema. | Deltakaren kan lese, forstå og gi att noko av innhaldet i svært enkle tekstar om kjende og daglegdagse tema. | Deltakaren kan lese, forstå og gi att hovudinnhaldet i enkle tekstar om kjende og daglegdagse tema. |
Deltakaren kan lytte til og med støtte gi att enkle frasar og setningar frå svært enkle munnlege tekstar om kjende og daglegdagse tema. | Deltakaren kan lytte til, forstå og gi att noko av innhaldet i svært enkle munnlege tekstar om kjende og daglegdagse tema. | Deltakaren kan lytte til, forstå og gi att hovudinnhaldet i enkle munnlege tekstar om kjende og daglegdagse tema. |
Deltakaren kan til ein viss grad forstå og følgje svært enkle instruksjonar. | Deltakaren kan til ein viss grad forstå og følgje enkle instruksjonar. | Deltakaren kan forstå og følgje enkle instruksjonar. |
Deltakaren skriv nokre enkeltord og frasar nokså forståeleg. | Deltakaren skriv ein del kjende ord, frasar og korte setningar stort sett forståeleg. | Deltakaren skriv kjende ord, frasar og korte setningar stort sett rett med enkel teiknsetjing. |
Deltakaren har nokre få strategiar for språklæring og kommunikasjon. | Deltakaren bruker nokre strategiar i språklæring og kommunikasjon. | Deltakaren bruker strategiar i språklæring og kommunikasjon. |
Modul 2: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering
Låg måloppnåing | Middels måloppnåing | Høg måloppnåing |
---|---|---|
Deltakaren har eit ordtilfang som består av berre nokre få innøvde ord og korte frasar om kjende tema. | Deltakaren har eit enkelt ordtilfang som mogleggjer enkel kommunikasjon om kjende tema. | Deltakaren bruker ordtilfang aktivt i arbeid med kjende tema og kan òg overføre vokabular til nokre nye kontekstar. |
Deltakaren har ein uttale som er delvis forståeleg for ein velvillig samtalepartnar som kjenner talemønsteret til deltakaren. | Deltakaren har ein uttale som stort sett er forståeleg for ein velvillig samtalepartnar. | Deltakaren har ein uttale av språklydar, stavingar og uttalemønster som i hovudsak er forståeleg. |
Deltakaren skriv enkeltord, attkjennande frasar og korte setningar om kjende tema. | Deltakaren skriv med støtte korte, stort sett forståelege tekstar om kjende tema med nokre enkle ord- og setningsstrukturar og enkel setnings- og tekstbinding. | Deltakaren skriv med støtte korte, forståelege tekstar om kjende tema gjennom å bruke enkle ord- og setningsstrukturar og enkel setnings- og tekstbinding. |
Deltakaren les og forstår enkeltord og svært korte frasar og setningar i enkel skriftleg kommunikasjon om kjende tema og kan delta i ein svært enkel samtale om innhaldet. | Deltakaren les, forstår og kan samtale om noko av innhaldet i enkel skriftleg kommunikasjon om kjende og nokre nye tema. | Deltakaren les, forstår og kan samtale om hovudinnhaldet i enkel skriftleg kommunikasjon om kjende og nokre nye tema. |
Deltakaren lyttar til og forstår enkeltord og svært korte frasar og setningar i enkel munnleg kommunikasjon om kjende tema og kan delta i ein svært enkel samtale om innhaldet. | Deltakaren lyttar til, forstår og kan samtale om noko av innhaldet i enkel munnleg kommunikasjon om kjende og nokre nye tema. | Deltakaren lyttar til, forstår og kan samtale om hovudinnhaldet i enkel munnleg kommunikasjon om kjende og nokre nye tema. |
Deltakaren svarer med enkle ord, frasar eller svært korte setningar når samtalepartnaren legg til rette og leier samtalen. | Deltakaren startar og avsluttar korte samtalar om kjende tema og kan til ein viss grad oppklare kommunikasjonen ved til dømes å be om gjentaking og forklaring. | Deltakaren startar og avsluttar korte samtalar om kjende og nye tema og kan oppklare kommunikasjonen ved til dømes å be om gjentaking og forklaring. |
Deltakaren medierer kort informasjon slik at innhaldet til ein viss grad blir forståeleg for ein velvillig mottakar med annan språkleg og kulturell bakgrunn, til dømes ved å omsetje eller forklare. | Deltakaren medierer kort informasjon slik at innhaldet stort sett blir forståeleg for mottakarar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn, til dømes ved å omsetje eller forklare. | Deltakaren medierer kort informasjon slik at innhaldet blir forståeleg for mottakarar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn, til dømes ved å omsetje eller forklare. |
Deltakaren gir med enkeltord, frasar og korte setningar enkle døme på likskapar og forskjellar i nokre tradisjonar og normer mellom kulturar. | Deltakaren bruker nokre ord, frasar og setningar for å beskrive likskapar og forskjellar i nokre tradisjonar og normer mellom kulturar. | Deltakaren samanliknar nokre tradisjonar og normer mellom kulturar. |
Deltakaren formidlar med enkeltord og svært enkle frasar nokre situasjonar der engelsk kan brukast i eige liv. | Deltakaren gir nokre døme på korleis engelsk kan brukast i ulike situasjonar i eige liv. | Deltakaren gir døme på korleis engelsk kan brukast i ulike situasjonar i eige liv. |
Modul 3: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering
Låg kompetanse, karakteren 2 | God kompetanse, karakteren 4 | Framifrå kompetanse, karakteren 6 |
---|---|---|
Deltakaren uttrykkjer seg enkelt og stort sett forståeleg munnleg og skriftleg om aktuelle tema ved bruk av eit enkelt ordtilfang og enkle ord- og setningsstrukturar. | Deltakaren uttrykkjer seg stort sett forståeleg munnleg og skriftleg om aktuelle tema ved bruk av eit tilstrekkeleg ordtilfang og nødvendige ord- og setningsstrukturar. | Deltakaren uttrykkjer seg forståeleg munnleg og skriftleg om aktuelle tema ved bruk av eit variert ordtilfang og nødvendige ord- og setningsstrukturar. |
Deltakaren deltek i enkle samtalar om aktuelle tema og uttrykkjer nokre eigne meiningar på ein enkel måte. | Deltakaren samtaler om aktuelle tema, uttrykkjer eigne meiningar og kan bidra til kommunikasjonen ved å utdjupe noko og stille oppklarande spørsmål. | Deltakaren samtaler om aktuelle tema, diskuterer og uttrykkjer eigne meiningar og bidreg til kommunikasjonen ved å utdjupe og stille oppklarande spørsmål. |
Deltakaren skaper og arbeider med tekstar med enkel struktur og samanheng og bruker enkel setnings- og tekstbinding. | Deltakaren skaper og arbeider med tekstar med noko struktur og samanheng og bruker enkel setnings- og tekstbinding. | Deltakaren skaper og arbeider med tekstar med struktur og samanheng og bruker noko variert setnings- og tekstbinding. |
Deltakaren les, forstår og vidareformidlar, med mykje støtte, noko av hovudinnhaldet i ulike typar skriftlege tekstar og uttrykkjer meiningar om innhaldet på ein enkel måte. | Deltakaren les, forstår og vidareformidlar, med noko støtte, hovudinnhaldet i ulike typar skriftlege tekstar og uttrykkjer meiningar om innhaldet. | Deltakaren les, forstår og vidareformidlar hovudinnhaldet i ulike typar skriftlege tekstar og uttrykkjer og grunngir meiningar om innhaldet. |
Deltakaren lyttar til, forstår og vidareformidlar, med mykje støtte, noko av hovudinnhaldet i ulike typar munnlege tekstar og uttrykkjer meiningar om innhaldet på ein enkel måte. | Deltakaren lyttar til, forstår og vidareformidlar, med noko støtte, hovudinnhaldet i ulike typar munnlege tekstar og uttrykkjer meiningar om innhaldet. | Deltakaren lyttar til, forstår og vidareformidlar hovudinnhaldet i ulike typar munnlege tekstar og uttrykkjer og grunngir meiningar om innhaldet. |
Deltakaren gir døme på situasjonen til urfolk og minoritetar i Noreg og andre land, som til dømes språk, historie, geografi eller kultur. | Deltakaren beskriv på ein enkel måte situasjonen til urfolk og minoritetar i Noreg og andre land, som til dømes språk, historie, geografi eller kultur. | Deltakaren beskriv situasjonen til urfolk og minoritetar i Noreg og andre land, som til dømes språk, historie, geografi eller kultur. |
Deltakaren gir på ein enkel måte døme på situasjonar der engelsk kan brukast i utdanning, arbeidsliv og samfunn. | Deltakaren gir døme på situasjonar der engelsk kan brukast i utdanning, arbeidsliv og samfunn. | Deltakaren gir gode døme på situasjonar der engelsk kan brukast i utdanning, arbeidsliv og samfunn. |
Deltakaren gir på ein enkel måte døme på likskapar og forskjellar i korleis menneske kommuniserer i ulike kulturar og språksamfunn. | Deltakaren gir døme på likskapar og forskjellar på korleis menneske kommuniserer i ulike kulturar og språksamfunn. | Deltakaren gir gode døme på likskapar og forskjellar i korleis menneske kommuniserer i ulike kulturar og språksamfunn. |
Deltakaren medierer kjend informasjon på enkle måtar ved å omsetje, forklare eller formidle, slik at noko av innhaldet blir forståeleg for mottakarar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn. | Deltakaren medierer kjend informasjon ved til dømes å omsetje, forklare eller formidle, og oppnår til ein viss grad at innhaldet blir forståeleg og relevant for mottakarar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn. | Deltakaren medierer informasjon om kjende tema ved å omsetje eller forklare for å oppnå at innhaldet blir forståeleg og relevant for mottakarar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn. |
Deltakaren bruker og viser til kjelder på ein enkel måte. | Deltakaren bruker og viser til kjelder på ein stort sett god måte. | Deltakaren vel ut, bruker og viser til kjelder på ein god måte. |
Modul 4: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for standpunktvurdering
Lav kompetanse, karakteren 2 | God kompetanse, karakteren 4 | Framifrå kompetanse, karakteren 6 |
---|---|---|
Deltakaren uttrykkjer seg enkelt munnleg og skriftleg om aktuelle tema ved hjelp av eit ordtilfang og ord-, setnings- og tekststrukturar som kommuniserer. | Deltakaren uttrykkjer seg munnleg og skriftleg om aktuelle tema ved hjelp av eit ordtilfang og ord-, setnings- og tekststrukturar som kommuniserer stort sett tydeleg og formålstenleg. | Deltakaren uttrykkjer seg godt munnleg og skriftleg om aktuelle tema ved hjelp av eit variert ordtilfang og ord-, setnings- og tekststrukturar som kommuniserer tydeleg og formålstenleg. |
Deltakaren samtaler om aktuelle tema, diskuterer og grunngir meiningar på ein enkel måte og bidreg til kommunikasjonen ved å stille mottakaren enkle, oppklarande spørsmål. | Deltakaren samtaler om aktuelle tema, diskuterer og grunngir meiningar og bidreg til kommunikasjonen ved å utdjupe og stille mottakaren oppklarande spørsmål. | Deltakaren samtaler om aktuelle tema, diskuterer og grunngir meiningar på ein god måte og tilpassar kommunikasjonen til mottakaren ved å utdjupe og stille oppklarande spørsmål. |
Deltakaren skaper og arbeider med enkle munnlege og skriftlege tekstar med noko samanheng gjennom bruk av enkel tekstbinding. | Deltakaren skaper og arbeider med ulike typar munnlege og skriftlege tekstar med nokså god samanheng gjennom bruk av noko variert tekstbinding. | Deltakaren skaper og arbeider med ulike typar munnlege og skriftlege tekstar med god samanheng gjennom bruk av variert tekstbinding. |
Deltakaren les og gir att nokre av hovudpunkta i ulike typar skriftlege tekstar og uttrykkjer meiningar og enkle grunngivingar om innhaldet. | Deltakaren les og oppsummerer hovudpunkta i ulike typar skriftlege tekstar og diskuterer meininga på ein nokså sjølvstendig og relevant måte munnleg og/eller skriftleg. | Deltakaren les og oppsummerer hovudpunkta i ulike typar skriftlege tekstar og diskuterer meininga på ein sjølvstendig og relevant måte munnleg og/eller skriftleg. |
Deltakaren lyttar til og gir att nokre av hovudpunkta i ulike typar munnlege tekstar og uttrykkjer meiningar og enkle grunngivingar. | Deltakaren lyttar til og oppsummerer hovudpunkta i ulike typar munnlege tekstar og diskuterer meininga på ein nokså sjølvstendig og relevant måte munnleg og/eller skriftleg. | Deltakaren lyttar til og oppsummerer hovudpunkta i ulike typar munnlege tekstar og diskuterer meininga på ein sjølvstendig og relevant måte munnleg og/eller skriftleg. |
Deltakaren viser noko kunnskap om aktuelle tema ved å forklare og gi nokre døme. | Deltakaren viser kunnskap om aktuelle tema ved å forklare og reflektere, gi relevante døme og samanlikne ulike situasjonar. | Deltakaren viser god kunnskap om aktuelle tema ved å forklare utfyllande, reflektere sjølvstendig og samanlikne ulike situasjonar. |
Deltakaren gir nokre døme på situasjonen til urfolk og minoritetar og samanliknar døma på ein enkel måte. | Deltakaren beskriv og samanliknar situasjonen til urfolk og minoritetar i Noreg og andre land. | Deltakaren beskriv, reflekterer over og samanliknar situasjonen til urfolk og minoritetar i Noreg og andre land. |
Deltakaren medierer enkel informasjon ved å ta i bruk ulike metodar og ressursar i kommunikasjonen slik at innhaldet til ein viss grad blir tilgjengeleg for mottakarar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn. | Deltakaren medierer informasjon ved å ta i bruk ulike metodar og ressursar i kommunikasjonen slik at innhaldet til ein viss grad blir tilgjengeleg for mottakarar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn. | Deltakaren medierer informasjon ved å ta i bruk ulike metodar og ressursar i kommunikasjonen slik at innhaldet blir tilgjengeleg for mottakarar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn. |
Deltakaren finn og bruker informasjon frå kjelder og synleggjer i nokon grad skiljet mellom eigen og andre sin tekst. | Deltakaren bruker, oppgir og refererer til kjelder på ein stort sett etterprøvbar måte. | Deltakaren bruker, oppgir og refererer til kjelder på ein god og etterprøvbar måte. |
Kjennetegn på måloppnåelse for modulene i FOV
Utformingen av kjennetegnene har vært et utviklingsarbeid, og her kommer første versjon. Vi vil innhente innspill fra ledere og lærere i voksenopplæringen når dere har gjort dere erfaringer med bruken av disse i arbeidet med modulvurdering og standpunktvurdering.
Har du innspill til kjennetegnene? Send oss en e-post: fullforingsreformen@hkdir.no