Innovasjonsallianser lot 3: STEM Skills Foundries
• Erasmus+Målet med tiltaket er å byggje ein sterk entreprenørskapskultur og leggje til rette for innovasjon innan STEM-faga (naturvitskap, teknologi, ingeniørfag og matematikk).
Kven kan søke
- fag- og yrkesopplæringsinstitusjonar
- høgare yrkesfagleg utdanningsinstitusjonar
- høgskular og universitet
- arbeids- og næringslivsaktørar
- bransjeorganisasjonar
- bedrifter
Krav til samansetning av partnarskap
Søkjer må vere ein offentleg eller privat organisasjon etablert i eit Erasmus+ land.
Erasmus+-land inkluderer: EU-landa, Noreg, Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia.
Partnarskapen må bestå av minst åtte partnarar frå minst fire Erasmus+ land, og inkludera (mellom anna) minst:
- tre arbeids-/næringslivsaktørar
- minst tre utdanningsinstitusjonar, hvorav minst
- ein fag-og yrkesopplæringsinstitusjon
- ein høgare utdanningsinstitusjon
Er det mogelig å inkludera partnarar som ikkje er etablert i eit av Erasmus+ landa?
Organisasjoner frå tredjeland ikkje assosiert med programmet kan berre delta som assosierte partnare.
Sjå Erasmus+ Programme guide for vidare forklaringar rundt gyldige søkjarar og partnarar.

10. mars 2026 kl. 17.00 (CET)
Om tilskotet
Kva er Innovasjonsalliansar?
Innovasjonsalliansar skal styrkje Europas evne til å utvikla nye løysningar gjennom samarbeid mellom utdanning, arbeidsliv og forsking. Prosjekta skal bidra til å gi folk ferdigheiter som arbeidslivet trenger.
Målet er å gjere utdanning meir relevant og fremja initiativ og entreprenørskap. Det blir lagt stor vekt på utvikling av talent og ferdigheiter, spesielt digitale ferdigheiter som er viktige i alle jobbar. I tillegg må utdanning og opplæring tilpassast den grøne omstillinga og ny teknologi, særleg innan avansert teknologi og realfag.
Det finst tre ulike tiltak under Innovasjonsalliansar:
- Lot 1: Alliansar for utdanning og næringsliv
- Lot 2: Sektorvise samarbeid om ferdigheter
- Lot 3: STEM Skills Foundries
Denne utlysingssida gjeld moglegheitene i lot 3. For å få oversikt over heile breidda av moglegheiter, sjå også informasjonen om lot 1 og lot 2 som lenkja til over.
Kva er lot 3: STEM Skills Foundries?
Dette er ein pilot-utlysing i 2026 med mål om å styrkje entreprenørskapskulturen blant unge og fremje innovasjon innan STEM-faga - naturvitskap, teknologi, ingeniørfag og matematikk.
Gjennom samarbeid mellom fag- og yrkesopplæring, høgare utdanning og næringsliv skal prosjekta utvikla nye og tverrfaglege læringsformer.
Gjennom prosjekta skal unge gründerar få støtta dei treng, mellom anna gjennom innsikt frå næringslivet, mentorar, laboratorium, teknisk utstyr og støtta til å utvikla idéar, søkje risikokapital og kunnskap om immaterielle rettigheiter.
Innsatsen er særleg retta mot strategiske sektorar som er viktige for Europas konkurranseevne, i tråd med Competitiveness Compass.
Varigheit på prosjektet
- 24 månader.
Kor mykje støtte kan du få?
- Inntil 1,5 millionar euro per prosjekt
EU dekkjer 80 prosent av kostnadene.
Døme på kva pengane kan brukast til?
- Lønn og personalkostnader
- Reise og opphald
- Utstyr og underleveransar
- Aktivitetar som opplæring, arrangement og formidling
For fullstendige reglar og detaljar, sjå programguiden for tiltaket.
Slik søker du
Du søkjer direkte til Europakommisjonen.
Dette er eit sentralisert tiltak. Det vil seie at det er Europakommisjonen som både mottek og handsamar søknader samt forvaltar prosjekta etter oppstart.
Ettersom tiltaket er administrert av Europakommisjonen, søkjer ein direkte til Europakommisjonen sin underorganisasjon European Education and Culture Executive Agency (EACEA).
Søknadsskjema publiserast på EACEA sine eigne sider for tiltaket.
Søk Prosjektetableringsmidler
Fordi dette er eit sentralisert tiltak, så betyr det at ein konkurrerer med søkjarar frå heile Europa, og i nokre tilfelle heile verda.
Det er eit kunnskapspolitisk mål å auke norsk deltaking i Erasmus+ sentraliserte tiltak. HK-dir tilbyr derfor alle norske institusjonar, organisasjonar og bedrifter som planlegg å etablera eit sentralisert prosjekt om å søke om prosjektetableringsstøtte. Støtta skal bidra til at søkjarane når opp i europeiske konkurranse om prosjektmidlar.
Du kan søkje om:
- Inntil 100 000 kroner som koordinator
- Inntil 50 000 kroner som partner
Søknadsfristen er løypande.
Du finn søknadsskjema og meir informasjon om prosjektetableringsstøtte her:
Rettleiing frå HK-dir
HK-dir kan òg tilby rettleiing på søknaden din, med atterhald om kapasitet. Ta kontakt for å avtala tid.
Merk: Me tek ikkje imot, behandlar eller følgjer opp prosjekt, og kan derfor ikkje gi rettleiing om tekniske eller administrative spørsmål i prosjektgjennomføringa.