Hopp til hovudinnhald

Innovasjonsallianser lot 1: Alliansar for utdanning og næringsliv

• Erasmus+

Alliansar for utdanning og næringsliv skal styrkja innovasjon og entreprenørskap gjennom samarbeid mellom fag- og yrkesopplæring, høgare utdanning og næringsliv. Målet er å gjera utdanning meir relevant og styrkja samfunnet si evne til å møta utfordringar som klimaendringar, digitalisering og ny teknologi.

Kven kan søke

  • fag- og yrkesopplæringsinstitusjonar
  • høgare yrkesfagleg utdanningsinstitusjonar
  • høgskular og universitet
  • arbeids- og næringslivsaktørar
  • bransjeorganisasjonar
  • bedrifter
  • private og offentlege aktørar som arbeider med utdanningssektoren, slik som fylkeskommunar og NAV

Krav til samansetning av partnarskap

Søkjer må vere ein offentleg eller privat organisasjon etablert i eit Erasmus+ land.

Erasmus+-land inkluderer: EU-landa, Noreg, Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia.

Partnarskapen må bestå av minst åtte partnarar frå minst fire Erasmus+ land, og inkludera (mellom anna) minst:

  • tre arbeids-/næringslivsaktørar
  • minst tre utdanningsinstitusjonar, hvorav minst
    • ein fag- og yrkesopplæringsinstitusjon
    • ein høgare utdanningsinstitusjon

Er det mogeleg å inkludera partnarar som ikkje er etablert i eit av Erasmus+ landa?

Organisasjonar frå tredjeland ikkje assosiert til programmet og som er i region 1 til 3 kan delta som partnarar og assosierte partnare berre dersom ein kan vise til at deltakinga gir viktig meirverdi til prosjektet. Merk at sjølv om Ungarn er i region 2 kan ikkje ungarske institusjonar delta.

Organisasjonar frå andre tredjeland ikkje assosiert med programmet kan berre delta som assosierte partnare.

Sjå Erasmus+ Programme guide for vidare forklaringar rundt gyldige søkjarar og partnarar.

Søknadsfrist

10. mars 2026 kl. 17.00
(CET)

Om tilskotet

Kva er Innovasjonsalliansar?

Innovasjonsalliansar skal styrkje Europas evne til å utvikla nye løysningar gjennom samarbeid mellom utdanning, arbeidsliv og forsking. Prosjekta skal bidra til å gi folk ferdigheiter som arbeidslivet trenger.

Målet er å gjere utdanning meir relevant og fremja initiativ og entreprenørskap. Det blir lagt stor vekt på utvikling av talent og ferdigheiter, spesielt digitale ferdigheiter som er viktige i alle jobbar. I tillegg må utdanning og opplæring tilpassast den grøne omstillinga og ny teknologi, særleg innan avansert teknologi og realfag.

Det finst tre ulike tiltak under Innovasjonsalliansar:
Lot 1: Alliansar for utdanning og næringsliv
Lot 2: Sektorvise samarbeid om ferdigheter
Lot 3: STEM Skills Foundries

Denne utlysingssida gjeld moglegheitene i lot 1. For å få oversikt over heile breidda av moglegheiter, sjå også informasjonen om Lot 2 og Lot 3 som lenkja til over.

Kva er lot 1: Alliansar for utdanning og næringsliv?

Alliansar for utdanning og næringsliv er samarbeid som skal styrkja innovasjon og entreprenørskap gjennom samarbeid mellom fag- og yrkesopplæring, høgare utdanning og næringsliv.

Målet er å gjera utdanning meir relevant og styrkja samfunnet si evne til å møta utfordringar som klimaendringar, digitalisering og ny teknologi. Prosjekta skal bidra til å dekkja behovet for realfagskompetanse og handtera raske endringar i arbeidslivet, blant anna gjennom å utvikla nye læringsformer.

I 2026 er det særleg fokus på at prosjekta skal bidra til å tetta kompetansegap i sektorar som er viktige for Europas konkurranseevne.

Varigheit på prosjektet

  • 24 eller 36 månader.

Kor mykje støtte kan du få?

  • 1 million euro per prosjekt (24 månader)
  • 1,5 millionar euro per prosjekt (36 månader)

EU dekkjer 80 prosent av kostnadene.

Døme på kva pengane kan brukast til:

  • Løn og personalkostnader
  • Reise- og oppholdskostnader
  • Utstyr og innkjøp av tenester
  • Andre kostnadar som formidling, publisering og omsetjing

For fullstendige reglar og detaljar, sjå programguiden for tiltaket.

Slik søker du

Du søkjer direkte til Europakommisjonen.

Dette er eit sentralisert tiltak. Det vil seie at det er Europakommisjonen som både mottek og handsamar søknader samt forvaltar prosjekta etter oppstart.

Ettersom tiltaket er administrert av Europakommisjonen, søkjer ein direkte til Europakommisjonen sin underorganisasjon European Education and Culture Executive Agency (EACEA).

Søknadsskjema publiserast på EACEA sine eigne sider for tiltaket.

Søk Prosjektetableringsmidler

Fordi dette er eit sentralisert tiltak, så betyr det at ein konkurrerer med søkjarar frå heile Europa, og i nokre tilfelle heile verda.

Det er eit kunnskapspolitisk mål å auke norsk deltaking i Erasmus+ sentraliserte tiltak. HK-dir tilbyr derfor alle norske institusjonar, organisasjonar og bedrifter som planlegg å etablera eit sentralisert prosjekt om å søke om prosjektetableringsstøtte. Støtta skal bidra til at søkjarane når opp i europeiske konkurranse om prosjektmidlar.

Du kan søkje om:

  • Inntil 100 000 kroner som koordinator
  • Inntil 50 000 kroner som partner

Søknadsfristen er løypande.

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om prosjektetableringsstøtte her:

Rettleiing frå HK-dir

HK-dir kan òg tilby rettleiing på søknaden din, med atterhald om kapasitet. Ta kontakt for å avtala tid.

Merk: Me tek ikkje imot, behandlar eller følgjer opp prosjekt, og kan derfor ikkje gi rettleiing om tekniske eller administrative spørsmål i prosjektgjennomføringa.

Kontakt oss

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no