Hopp til hovudinnhald

Program for Ukraina-kompetanse (UA-KOMP)

Program/tilskotsordningTal på tilskot: 0

Program for brei, tverrfagleg og samfunnsrelevant Ukraina-kompetanse i Noreg. Første utlysing kjem i august 2025.

Kva er Program for Ukraina-kompetanse (UA-KOMP)

Eit solid kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for å ivareta og vidareutvikle Noreg sitt langsiktige engasjement i og med Ukraina. Program for Ukraina-kompetanse i Noreg skal støtte opp under den norske innsatsen for Ukraina og støtte Ukrainas europeiske integrasjon.

I lys av den geopolitiske utviklinga er det behov for oppdatert, tverrsektoriell kunnskap om Ukraina som kan informere politikkutforming, næringssamarbeid og offentleg forvaltning i Noreg.

  • Programmet vil støtte kunnskapsutvikling og formidling retta mot utvalde målgrupper og profesjonsmiljø innan norsk offentleg forvaltning og privat sektor, som kan spele viktige roller i støtte til, og samarbeid med, Ukraina.
  • Programmet skal stimulere til produksjon av policyrelevant, tverrfagleg og forskingsbasert kunnskap om Ukraina, med relevans for ulike samfunnssektorar.
  • Programmet skal bidra til å integrere Ukraina-relatert tematikk i høgare utdanning og fagutvikling ved norske utdanningsinstitusjonar.
  • Programmet vil tildele støtte til prosjekt som stimulerer til auka kunnskap i norsk næringsliv om rammevilkår, marknader og investerings- og samarbeidsmoglegheiter i Ukraina.

Gjennom dette skal programmet bidra til å styrkje grunnlaget for ein heilskapleg og langsiktig norsk innsats for Ukraina, og å styrkje norske samfunnsaktørar si evne og vilje til å engasjere seg i Ukraina og bidra til langsiktig ukrainsk attoppbygging.

Det er sett av totalt 45 millionar kroner til programmet for dei to første åra (2025–2026).

Kven står bak

Program for Ukraina-kompetanse (UA-KOMP) inngår i det norske Nansen-programmet. HK-dir forvaltar programmet på oppdrag frå Utanriksdepartementet.

Formål

Programmet skal styrkje brei, tverrfagleg og samfunnsrelevant kompetanse om Ukraina i Noreg.

Delmål 1: Auka Ukraina-kompetanse i politikkutforming, forvalting og næringsliv.

Delmål 2: Styrkt kunnskapsutvikling og tverrfaglege nettverk om Ukraina.

Delmål 3: Auka kunnskap om Ukraina i den norske ålmenta.

Programmet har tre definerte målgrupper:

  • Politikarar og tilsette i forvalting og næringsliv med behov for betre Ukraina-kompetanse i sitt profesjonelle virke
  • Studentar og tilsette ved universitet, høgskular og forskingsinstitutt
  • Norske borgarar med ålmenn interesse for ukrainske samfunnsforhold

Programmet vil vektleggje praktisk relevans og aktiv deltaking også frå private aktørar.

Kven kan søke tilskot frå programmet

I 2025 er det planlagt to utlysingar:

  1. Utlysing av fleirårige midlar med tidsramme opp til to år og maksimalt 3 millionar kroner per prosjekt. Her kan universitet, høgskule og forskingsinstitutt stå som ansvarleg søkjar. Utlysinga vil bli annonsert medio august.
  2. Utlysing av mindre midlar til kortvarige prosjekt på opp til ett år med maksimalt 200 000 kroner per prosjekt. Denne utlysinga vil vere open for ei breiare søkjargruppe. Utlysinga er planlagt i september 2025.

(Utlysingane er under utvikling, meir informasjon om ordningane kjem).

Kontakt UA-KOMP

E-post:ukraina@hkdir.no