Nansen EDU - Norsk-ukrainsk partnarskapsprogram om høgare utdanning
Partnarskapsprogram for institusjonelt samarbeid mellom norske og ukrainske høgare utdanningsinstitusjonar. Programmet skal bidra til god, relevant og attraktiv høgare utdanning i Ukraina.
Kva er Nansen EDU - Norsk-ukrainsk partnarskapsprogram om høgare utdanning
Nansen EDU finansierer institusjonelt samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og Ukraina. Programmet skal støtte ukrainske høgare utdanningsinstitusjonar i å oppretthalde og utvikle god undervisning og attraktive og relevante studietilbod innanfor fagfelt som er prioriterte på nasjonalt og/eller regionalt nivå i Ukraina.
Tilskot du kan søke på no
Kven står bak
Nansen EDU inngår i Noregs innsats for kapasitetsbygging og langsiktig institusjonssamarbeid i Nansen-programmet for Ukraina. HK-dir forvaltar programmet på oppdrag frå Utanriksdepartementet.
Formål
Dei overordna måla med Nansen EDU er å
- Styrke ukrainske høgare utdanningsinstitusjonars evne til å tilby god, relevant og attraktiv utdanning.
- Auke tilgangen på kvalifisert arbeidskraft i offentleg og privat sektor, tilpassa prioriterte fagfelt og regionale behov i Ukraina.
- Styrke langsiktig samarbeid mellom norske og ukrainske høgare utdanningsinstitusjonar.
Kven kan søke tilskot frå programmet
Ansvarleg søkjar skal vere ein norsk høgare utdanningsinstitusjon akkreditert av NOKUT som har studieprogram på både bachelor- og masternivå. Nærare krav til konsortiet vil bli presisert i utlysing.
Prioriterte fagfelt:
- Digital transformasjon
- Fysisk og mental helse
- Gjenomppbygging og byplanlegging
- Juridiske fag, samfunnsvitskap og økonomisk-administrative fag
- Lærar- og barnehagelærarutdanning
- Miljø og energi
- STEM og landbruksfag