Søkjarwebinar: Program for Ukraina-kompetanse - fleirårige midlar
Vurder du å søkje midlar til kompetansetiltak om Ukraina? Bli med på vårt søkjarwebinar.
Tidspunkt: 25. august 2025 kl. 14.00- 25. august 2025 kl. 15.00
Stad: • Digitalt
Om arrangementet
Søkjarwebinaret er for tilsette på norske universitet, høgskuler og forskingsinstitutt som er interesserte i å søkje fleirårige midlar frå Program for Ukraina-kompetanse.
Webinaret er også ope for andre aktørar som vurderer å delta som partnarar i søknadar.
Vi går gjennom utlysinga for fleirårige midlar i Program for Ukraina-kompetanse. Her vil vi:
- informere om tiltaket
- kva midlar du kan søkje om
- kva krav som blir stilde til søknaden
- gå gjennom viktige delar av søknadsskjemaet
- gje råd og vink om kva det er lurt å tenke på når du skal skrive ein søknad
Vi tek opp presentasjonen og publiserer denne på arrangementsida i etterkant. Det blir høve til å stille spørsmål etter at opptaket er avslutta.

Påmeldingsfrist