Vestland: Inkluderande karriererettleiing i Vestland
Prosjektet Inkluderande karriererettleiing i Vestland fylkeskommune skal utvikle og prøve ut ein heilskapleg og samordna modell for karriererettleiing frå 8. til 13. trinn.
Sist oppdatert : 19. oktober 2026Fakta
Fylke: Vestland
Lengde: Treårig
Prosjektnavn: Inkluderande karriererettleiing i Vestland
Om prosjektet
Ungdom møter eit arbeidsliv i stadig endring. Dei treng kompetanse til å utforske moglegheiter, ta informerte val og handtere overgangar i utdanning og arbeid.
I dag varierer kvaliteten på karriererettleiinga mellom skular. Arbeidet er ofte personavhengig og manglar gode samarbeidsstrukturar. Det er behov for betre samarbeid og ein meir systematisk samanheng i karrierelæringa gjennom opplæringsløpet.
Prosjektet Inkluderande karriererettleiing i Vestland fylkeskommune skal utvikle og prøve ut ein heilskapleg og samordna modell for karriererettleiing frå 8. til 13. trinn. Målet er å skape ein tydeleg raud tråd mellom ungdomsskulen og vidaregåande opplæring, slik at alle elevar får eit meir likeverdig og inkluderande tilbod.
Gjennom å styrkje elevane sin karrierekompetanse og valkompetanse skal prosjektet bidra til betre overgangar, auka motivasjon og vere ei støtte til fullføring av vidaregåande opplæring.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Kvinnherad kommune og Bergen kommune. Kvinnherad vidaregåande skule og Sandsli vidaregåande skule, saman med tilhøyrande ungdomsskular, er pilotskular i prosjektet og samarbeider tett med Karriere Vestland.
Prosjektet omfattar tre område i tilskotsordninga:
- Heilskapleg og samordna karriererettleiingsprosess gjennom ungdomsskulen og vidaregåande opplæring.
- Kompetanseutvikling for karriererettleiarar og lærarar.
- Utprøving av varierte fysiske og digitale karrierelæringsaktivitetar, både individuelt, i gruppe og i klassar.
Bli kjend med prosjektet
I filmen fortel prosjektleiaren om prosjektet.
Film kjem.
Dette skal prosjektet prøve ut
Gjennom tettare samarbeid mellom grunnskulen og videregåande opplæring, på tvers av leiing, rådgivarar og lærarar skal prosjektet styrkje kvaliteten og sikre betre samanheng i karriererettleiinga for elevane.
Det er utvikla ein pilotmodell som byggjer på Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Karriereknappane står sentralt i arbeidet med å utvikle elevane sin karrierekompetanse.
Skuleåret 2026/2027 skal pilotskulane prøve ut varierte karrierelæringsaktivitetar, både individuelt, i grupper og i klassar. Det er utvikla årshjul med konkrete aktivitetar og ein ressursbank med undervisningsopplegg.Kompetanseheving og erfaringsdeling skal bidra til å styrkje kvaliteten på karriererettleiinga.
Faget Utdanningsval
I faget utdanningsval skal karriereknappane og verktøyet, Din karrierelæring, nyttast meir systematisk, med aktivitetar knyt til kompetansemål og aktuelle tema på kvart trinn.