Fagskulane veks i takt med arbeidslivet sitt behov for kompetanse
Publisert: 22. juni 2026Stadig fleire vel fagskule for å byggje vidare på fagbrev og arbeidserfaring. Kristian Spikkeland gjekk frå å vere tømrar til å undervise ved ein fagskule. Samstundes viser nye tal at høgare yrkesfagleg utdanning held fram med å vekse innan fagområde der arbeidslivet treng kompetanse

Fagskuleutdanninga gav Kristian Spikkeland (til venstre på biletet) nye moglegheiter i arbeidslivet. I dag underviser han ved Fagskulen i Agder. Her demonstrerer han 3D-printing saman med kollega Audun Slåtterø.
Foto: Martine van der EemsTilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2026 viser at det var om lag 36 100 fagskulestudentar i 2025. Det er seks prosent fleire enn året før.
– Tilstandsrapporten viser ein sektor i tydeleg utvikling. Vi ser vekst i studenttal, fleire og meir fleksible utdanningstilbod og ei sterk kopling til behova i arbeidslivet. Rapporten gir eit viktig kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling og politikkutforming på området, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

– Fagskulane bidreg til å dekkje kompetansebehov i arbeidslivet, seier Sveinung Skule, direktør i HK-dir.
Foto: Daniela Paez / HK-dir
Ønskte fleire moglegheiter
Mange av studentane byggjer vidare på fagbrev og arbeidserfaring for å få nye moglegheiter i arbeidslivet. Kristian Spikkeland (29) er ein av dei.
Då 29-åringen frå Finsland jobba som tømrar, ønskte han fleire moglegheiter innan sitt eige fagfelt. Han hadde tidlegare teke utdanning innan bygningsinformasjonsmodellering (BIM) ved Fagskulen i Viken, og valde å byggje vidare på kompetansen gjennom byggutdanning ved Fagskulen i Agder.

Kristian Spikkeland bygde vidare på fagbrevet med høgare yrkesfagleg utdanning. I dag underviser han i BIM og andre byggrelaterte fag ved Fagskulen i Agder.
Foto: Privat– Eg ønskte fleire moglegheiter innanfor mitt eige fagfelt, samtidig som eg såg føre meg ein arbeidskvardag som var mindre fysisk krevjande, seier Spikkeland.
For han var det viktig å kunne kombinere jobb og utdanning.
– Fleksibel arbeidsgivar og god struktur i kvardagen gjorde det mogleg å studere ved sida av jobb, seier han.
Fra tømrar til lærar
Medan Spikkeland framleis studerte, fekk han jobb som lærar ved Fagskulen i Agder. I dag underviser han i BIM og andre byggrelaterte fag.
– Utdanninga har gitt meg mange fleire moglegheiter som eg tidlegare berre kunne drøyme om, seier Spikkeland.
Overgangen frå tømrar til lærar har gitt han ein heilt ny arbeidskvardag.
– Arbeidsoppgåvene mine handlar no om planlegging, undervisning, vurdering, utvikling av studietilbod og oppfølging av studentar. Eg set større pris på regnvêrsdagar no enn då eg jobba ute på byggjeplass i all slags vêr, seier han.
Tekniske fag er størst
Tekniske fag er det største fagområdet. I 2025 var det over 11 500 studentar innan tekniske fag.
Dei tre største fagområda, som er tekniske fag, helse- og velferdsfag og økonomi- og administrasjonsfag, utgjer no 77 prosent av alle studentane.
Veksten kjem samstundes som arbeidslivet etterspør fleire med kompetanse innan industri, energi, bygg og anlegg. Mange av studentane er fagarbeidarar som ønskjer å utvikle seg vidare i yrket, ta meir ansvar eller kvalifisere seg for nye oppgåver.
Rapporten viser òg sterk vekst innan helse- og velferdsfag og økonomi- og administrasjonsfag. Innan økonomi- og administrasjonsfag er det særleg yrkesretta leiarutdanningar som driv veksten.
Gradsutdanningane dominerer framleis
Dei fleste studentane tek framleis lengre utdanningar. Hausten 2025 var om lag 80 prosent av studentane registrerte på gradsutdanningar på 60 studiepoeng eller meir. Samstundes har delen gått ned med tre prosentpoeng frå året før.
Korte utdanningstilbod under 30 studiepoeng har vakse. I 2025 tok om lag 10 prosent av studentane slike tilbod, ein auke på to prosentpoeng frå 2024.
– Tala viser at fagskulane både tilbyr solide gradsutdanningar og kortare utdanningar som kan gi raskt kompetansepåfyll. Det gjer sektoren relevant både for dei som vil byggje ein ny karriereveg, og for dei som treng målretta vidareutdanning i jobben, seier Skule.
Tre av fire studerer på deltid
For mange er fleksibilitet avgjerande. Tre av fire studentar studerer på deltid. Etter fleire år med sterk vekst har nettbaserte utdanningar med samlingar blitt den vanlegaste studieforma blant studentane.
I 2025 valde 17 300 studentar nettbasert utdanning med samlingar. Det svarer til 48 prosent av studentane. Samstundes studerte 10 700 heilt nettbasert, medan 8 100 følgde stadbaserte utdanningar.
Kilde: HK-dir / DBH-HYU
Sterk vekst i fleksible studium
Utviklinga viser ei tydeleg dreiing mot meir fleksible utdanningar. Sidan 2021 har talet på studentar på nettbaserte utdanningar med samlingar meir enn dobla seg, med ein auke på rundt 9 200 studentar.
I same periode har 3 700 færre studentar valt reine stadbaserte utdanningar. Det svarer til ein nedgang på 31 prosent. Reine nettstudium har òg vakse, med 2 400 fleire studentar sidan 2021.
– Tre av fire studentar studerer på deltid. Dette viser at fleksible utdanningstilbod i stor grad er tilpassa vaksne som kombinerer jobb, familieliv og utdanning, seier Skule.
IT har blitt det fjerde største fagområdet
For første gong er IT-fag skilt ut som eit eige fagområde i tilstandsrapporten. Studenttalet har auka kraftig sidan 2017. I 2025 var det om lag 3 700 studentar innan IT-fag. Dermed har IT blitt det fjerde største fagområdet i høgare yrkesfagleg utdanning.
– Samstundes viser rapporten at utviklinga innan IT-fag bør følgjast tett. Sjølv om studenttalet har auka kraftig over tid, har veksten flata ut dei siste åra. I delar av fagområdet er det òg teikn til at utdanningane ikkje treffer godt nok på behova i arbeidslivet, seier Skule.
Tilstandsrapporten stadfestar at høgare yrkesfagleg utdanning har fått ei tydelegare rolle i tilbodet av utdanning og kompetanse i Noreg.
– Med over 36 000 studentar og jamn vekst dei siste åra, bidreg fagskulane til å dekkje konkrete kompetansebehov i arbeidslivet, seier Skule.
Nøkkeltal frå tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning
- Det var 36 086 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning i 2025.
- Studenttalet auka med 6 prosent frå 2024 til 2025.
- Det var 19 331 nye studentar i 2025.
- 14 197 studentar vart uteksaminerte i 2025.
- Tre av fire studentar studerte på deltid.
- Tekniske fag var det største fagområdet, med 11 566 studentar.
- Helse- og velferdsfag hadde 9 528 studentar.
- Økonomi- og administrasjonsfag hadde 6 734 studentar.
- IT-fag var det fjerde største fagområdet, med 3 663 studentar.
- Dei tre største fagområda utgjorde 77 prosent av studentmassen.
- Det var 61 fagskular i Noreg i 2025.
- Fagskulane hadde aktivitet på 188 studiestader.
Kjelde: Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2026