Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2026
Forord
Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2026 er utarbeidd av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Rapporten gir eit samla oversyn over utviklinga i sektoren og skal vere eit kunnskapsgrunnlag for styring, forvalting og vidare utviklingsarbeid innan høgare yrkesfagleg utdanning.
Tilstandsrapporten for 2026 byggjer på statistikk og analysar for 2025. Database for statistikk om høgare yrkesfagleg utdanning (DBH-HYU) er hovudkjelda for tala i rapporten, supplert med data frå Statistisk sentralbyrå. Datagrunnlaget er kvalitetssikra og sett i samanheng for å gi eit mest mogleg heilskapleg bilete av sektoren. Rapporten omtalar studentar, fagskular, utdanningstilbod og finansiering, og analyserer utviklingstrekk over tid, med hovudvekt på perioden 2021–2025.
HK-dir arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle tilstandsrapporten i takt med endringar i sektoren og brukarane sine behov. I årets rapport er sektorbiletet innleiingsvis presentert med nasjonale nøkkeltal for dei tre siste åra. Til kvar figur og tabell er det tilgjengelege vedlegg med grunnlagsdata og supplerande statistikk. I tillegg er det utarbeidd eit eige fylkesvedlegg med sektorbilete, utvalde nøkkeltal og korte omtalar av fagskulesektoren i kvart fylke.
Vi vil rette ein takk til kollegaene våre i avdeling for data og statistikk for godt samarbeid. Dei har hatt ansvar for uttrekk og klargjering av data frå Database for statistikk om høgare yrkesfagleg utdanning (DBH‑HYU). Analysane og sjølve rapporten er utarbeidde i samarbeid mellom tilsette i avdeling for undersøkingar og analyse og avdeling for høgare yrkesfagleg utdanning.
HK-dir takkar Kunnskapsdepartementet for oppdraget, og for konstruktive tilbakemeldingar og samarbeid i arbeidet med rapporten.