Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2026
2. Metode og datagrunnlag
2.1 Om tidsseriar og val av analyseperiode
Dei siste åra har tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning lagt vekt på å vise utviklinga i sektoren over lengre tidsrom, med tidsseriar frå 2017 og framover. Dette har mellom anna hatt samanheng med behovet for å synleggjere oppbygginga av sektoren over tid, utviklingstrekk i studenttal og utdanningstilbod, og oppfølginga av førre fagskolemelding (Meld. St. 9 (2016–2017)). Lange tidsseriar har vore viktige for å dokumentere omfanget av veksten i sektoren og endringar i samansetjinga av fagområde, eigarskap og utdanningsformer.
I årets rapport har vi vald å leggje hovudvekt på dei fem siste åra (2021–2025), av omsyn til oversikt og lesbarheit i presentasjonen av data og analysar. Avgrensinga kan òg sjåast i samanheng med behovet for å gi eit presist og oppdatert bilete av sektoren.
Der det er relevant, vert hovudtrekk i utviklinga sidan 2017 omtala i teksten, og tidsseriar frå 2017–2025 vert tilgjengeleg i vedlegget til rapporten.
2.2 Datakjelder
Data til tilstandsrapporten er i hovudsak henta frå fagskulestatistikken i Database for statistikk om høgare utdanning (DBH-HYU) som er drifta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Tala er innrapporterte frå fagskular og fylkeskommunar til DBH-HYU.
Vi har òg brukt tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for å kople studentar til bustadfylke og studiefylke og for å kople studiestadene si lokalisering med sentralitetsindeks.
2.3 Teljing av studentar
Fagskulane rapporterer studentar til DBH‑HYU to gonger i året, 15. mars og 15. oktober. Det vert rapportert både studentar som er aktive på teljetidspunkta 1. mars og 1. oktober, og studentar som er aktive mellom teljetidspunkta.
Alle studentar som er tekne opp til vitnemålsgivande utdanningar, kortare modular eller einskildemne frå akkrediterte utdanningstilbod, vert talde. Det inneber at dersom ein student er registrert på fleire utdanningstilbod, vert studenten talt fleire gonger i DBH-HYU.
I tilstandsrapporten nyttar vi studenttalet frå teljinga om hausten i DBH‑HYU. Talet for haustsemesteret omfattar både studentar som er aktive på teljetidspunktet, og studentar som har vore aktive mellom teljetidspunkta. For haustsemesteret gjeld dette studentar som er aktive i periodane 2. august til 30. september og 2. oktober til 14. januar. Sidan studentar på studietilbod under 30 studiepoeng kan vere melde opp til fleire kortare studietilbod vår, sommar og haust, vel vi å telje desse som unike individ for heile året.
Studenttalet for 2025 i tilstandsrapporten (36 086) er difor ein kombinasjon av to tal. Det omfattar aktive studentar på utdanningstilbod på 30 studiepoeng eller meir i haustsemesteret, og studentar (individ) på studietilbod under 30 studiepoeng gjennom heile året. I tabell 3.3 fokuserer vi på utviklinga i kortare studietilbod under 30 studiepoeng i dei ulike fagområda. I denne tabellen tel vi alle aktive studentar per studietilbod, det vil seie at same student kan verte talt fleire gonger dersom han er aktiv på fleire korte studietilbod. Vi omtalar difor desse tala som oppmeldingar.
Statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er òg basert på DBH‑HYU. SSB koplar likevel data om studentar til andre nasjonale register, og kvar student vert då talt som eitt individ ved teljetidspunktet 1. oktober. Tal frå SSB kan difor avvike frå tala i DBH‑HYU og i tilstandsrapporten, særleg når studentar er registrerte på fleire utdanningstilbod.
2.4 Avrunda og anonymiserte studenttal
Små studenttal er anonymiserte når verdien er 1 eller 2. I slike tilfelle vert verdien prikka, det vil seie at talet vert erstatta med kolon («:»). Dersom berre éi celle i ein tabell vert prikka, vert totalen òg justert for å ivareta anonymiseringa.
For å gjere teksten meir lesarvennleg er studenttala avrunda i tekstleg omtale etter følgande reglar:
- 0–500 vert avrunda til nærmaste heile 10
- 500–1 000 vert avrunda til nærmaste heile 50
- 1 000 og over vert avrunda til nærmaste heile 100
2.5 Nye alderskategoriar
I årets tilstandsrapport har vi gjort ei mindre justering i aldersgrupperinga i figurar og tabellar som syner studentane sin alder.
Tidlegare var aldersgruppa 41–50 år samla i eitt tiårsintervall, medan dei andre aldersgruppene var delte i femårsintervall. I år har vi valt jamne femårsintervall for alle aldersgruppene mellom 20 og 49 år, i tillegg til eigne samlegrupper for under 20 år og over 49 år.
2.6 Gradar
Når vi omtalar utdanningar av ulikt omfang, nytter vi følgjande inndelingar:
- Høgare fagskulegrad (120–180 studiepoeng)
- Fagskulegrad (60–119 studiepoeng)
- Korte utdanningstilbod (30–59 studiepoeng)
- Kortare studietilbod (<30 studiepoeng)
2.7 Heiltidsekvivalentar
Ein heiltidsekvivalent vil seie ein student som er meldt opp til eit utdanningstilbod på totalt 60 studiepoeng per år, altså ein fulltidsstudent. Fordi det er mange deltidsstudentar i høgare yrkesfagleg utdanning, og stadig fleire som tek kortare utdanningar på færre enn 30 studiepoeng totalt, vert det fleire studentar per heiltidsekvivalent. Til dømes vil to studentar som tek eit eittårig tilbod på deltid med 50 prosent, til saman utgjere ein heiltidsekvivalent.
Utrekninga av heiltidsekvivalentar tek omsyn til omfanget av utdanninga, målt i studiepoeng. Dersom studiepoeng / del heiltid er mindre enn eller lik 30, vert formelen 1 × (studiepoeng/30) nytta. Dersom studiepoeng / del heiltid er over 30, vert formelen 1 × del heiltid nytta.
I førre rapport vart det brukt feil formel for utrekning av heiltidsekvivalentar i kapittel 3, kapittel 4 og i tabellvedlegget. Dette førte til ei underestimering av talet på heiltidsekvivalentar. Vi har korrigert tidsseriane i den inneverande rapporten, og opererer med dei oppdaterte tala, òg når vi omtalar tidlegare år
2.8 Studiepoengeiningar
Ei studiepoengeining er 60 studiepoeng, tilsvarande eitt års studiar på full tid. Studiepoengeiningar vert utrekna ved å dele talet på (forventa eller produserte) studiepoeng på 60. Utrekninga av forventa studiepoengeiningar tek omsyn til omfanget av utdanninga, målt i studiepoeng. Dersom talet på studiepoeng for utdanningstilbodet er under 30, vert dette talet nytta. For utdanningstilbod på 30 studiepoeng eller meir vert det teke omsyn til del heiltid for utdanningstilbodet i utrekninga av forventa studiepoeng per semester og år.
I førre rapport vart det ved ein feil oppgitt tal for 30-studiepoengeiningar – tilsvarande studiar på eitt semester på full tid – i staden for 60-studiepoengeiningar i kapittel 3, 5 og i vedleggstabellar. Vi har korrigert tidsseriane i denne rapporten, og opererer med dei oppdaterte tala, òg når vi omtalar tidlegare år.
2.9 Felles klassifiseringssystem for fagskuleutdanningar
Vi nyttar felles klassifiseringssystem for fagskuleutdanningar (FKF) ved inndeling i fagområde og type utdanning.
I april 2026 vart ny versjon 2‑1 av FKF publisert. I denne versjonen er Data/IT flytta frå type utdanning under tekniske fag til å bli eigen FKF-kategori/fagområde. Det nye fagområdet heiter Informasjonsteknologiske fag, med IT som kort namn. Type utdanning under dette fagområdet er:
- Dataanalyse og kunstig intelligens
- Design og brukaroppleving
- IT-drift og infrastruktur
- Utvikling og programmering
- Anna
Behovet for denne endringa har vorte tydeleg gjennom analysane våre, der studentane innan Data/IT skil seg frå studentar i andre tekniske fag, mellom anna når det gjeld opptaksgrunnlag og studentprofil.
Dette inneber at Data/IT i årets tilstandsrapport er skilt ut frå tekniske fag og presentert som eige fagområde, òg bakover i tid. Endringa medfører at tal knytte til tekniske fag er lågare enn det som er presentert i tidlegare rapportar.
I figurar der fagområda er inkluderte, har vi ekskludert kategorien uoppgitt fagområde. Denne kategorien er likevel tilgjengeleg saman med datagrunnlaget i vedlegget for figurar og tabellar. Uoppgitt fagområde tyder at fagområdet ikkje er klassifisert eller oppgitt. Uoppgitt skil seg frå kategorien anna, som inneheld type utdanningar som friluftsliv og idrett, grøne fag, havbruksfag, mat og drikke, religion og skjønnheitspleie.
Med unntak av figur 5.6 i 2025-rapporten.