Hopp til hovudinnhald

Pleieassistent - grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein pleieassistent.

Sist oppdatert : 20. november 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for pleieassistent

  • Vere med på å planleggje og fordele arbeidsoppgåver.
  • Førebu og servere måltid.
  • Rydde og reie opp sengene til bebuarar.
  • Delta i det daglege stellet av bebuarar.
  • Følgje bebuarar til aktivitetar og avtalar.
  • Snakke med bebuarar.
  • Bestille matvarer og utstyr.
  • Delta på møte og andre aktivitetar.
  • Hjelpe til med ulike praktiske oppgåver på avdelinga.

Leseferdigheiter

Kvar dag vil pleieassistenten

  • lese skilt og symbol.
  • lese menyar.
  • lese vaktlister.
  • lese ulike planar for stell.
  • lese meldingar frå kollegaer, pårørande og leiarar.
  • lese vekeplanar.
  • lese timeavtalar.
  • lese vaktskifterapportar og loggar i journalen.
  • lese diverse oppslag.

Med jamne mellomrom vil pleieassistenten

  • lese ingredienslister og åtvaringar med tanke på allergiar og intoleransar.
  • lese tiltaksplanar for bebuarar.
  • lese informasjon om turar og andre sosiale aktivitetar.
  • lese ulike informasjonsskriv som har med arbeidsoppgåver å gjere.
  • lese aktivitetsplanar.
  • lese aviser, vekeblad og bøker for bebuarar.

Av og til vil pleieassistenten

  • lese HMS-instruksar for hygiene og brann.
  • lese skjema og informasjon om rettar og pliktar.
  • lese opplæringsmateriell i samband med kurs og anna opplæring.
  • lese meldingar og e-postar.
  • lese journalopplysningar om bebuarar.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil pleieassistenten

  • fylle ut skjema.
  • skrive rapportar i journalen.
  • skrive meldingar til kollegaer, leiinga eller pårørande.
  • skrive inn avtalar i ein kalender.
  • notere ned informasjon ved vaktskifte.

Med jamne mellomrom vil pleieassistenten

  • fylle ut bestillingslister.
  • kvittere ut, signere og attestere på skjema.

Av og til vil pleieassistenten

  • fylle ut ulike skjema, til dømes om teieplikt.
  • fylle ut ulike skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
  • skrive møtereferat.
  • skrive oppslag og informasjonsskriv.
  • fylle ut avviksskjema i samband med alvorlege hendingar.
  • skrive notat og oppgåvesvar i samband med opplæring.
  • skrive meldingar og e-postar.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil pleieassistenten

  • høyre på bebuarane sine ønske og behov.
  • høyre på instruksar frå leiarar eller andre kollegaer.
  • småprate med bebuarar om vêret og daglegdagse rutinar.
  • prate med bebuarar om menyen, aktivitetane og avtalar for dagen.
  • ta imot meldingar frå kollegaer og pårørande.
  • høyre på rapportering frå det førre skiftet.
  • gje rapport til kollegaer ved vaktskifte.
  • informere bebuarar om avtalane for dagen.
  • be om hjelp frå kollegaer og forklare kva ein treng hjelp til.
  • prate med leiarar og kollegaer om arbeidsoppgåvene og planane for dagen.

Med jamne mellomrom vil pleieassistenten

  • gje bebuarar informasjon om aktivitetane for veka.
  • snakke i telefonen, ta imot og gje beskjedar.
  • snakke med pårørande om bebuarane sin tilstand og trivsel.
  • snakke med bebuarar og kollegaer om sosiale aktivitetar.

Av og til vil pleieassistenten

  • snakke med leiarar og kollegaer om sin eigen arbeidssituasjon.
  • snakke med kollegaer, bebuarar, pårørande og andre involverte ved dødsfall.
  • ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.
  • føreslå endringar i oppgåver og arbeidsmetodar.
  • melde frå om sjukdom og fråvær.
  • varsle om akutte hendingar eller ulukker.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil pleieassistenten

  • halde oversikt over væskeinntaket til bebuarane.
  • halde oversikt over tidsbruken til pleie, matlaging og aktivitetar for bebuarar.
  • setje saman riktige matporsjonar som er tilpassa etter kva bebuarane treng.

Med jamne mellomrom vil pleieassistenten

  • vege og måle temperaturen til bebuarane.
  • fylle ut timelister.
  • rekne ut og kontrollere at timelistene er rette og stemmer med lønsslippen.
  • kontrollere varelager.
  • gjere overslag over varebehaldninga på nærlager i samband med bestillingar.
  • kontrollere fakturaer.
  • rekne ut tidsbruk for oppgåver og aktivitetar.

Av og til vil pleieassistenten

  • rekne ut sin eigen skatt eller sine eigne feriepengar.
  • måle opp mengder av materiale til aktivitetar.
  • rekne ut tidsbruk ved køyring mellom bebuarar.
  • kontrollere sin eigen lønsslipp.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil pleieassistenten

  • sjekke møte og avtalar i kalenderen.
  • fylle inn opplysningar og skrive vaktrapport i elektroniske journalar.
  • registrere arbeidstida.
  • sende og ta imot meldingar.
  • bruke ulike appar saman med bebuarane når det trengst.

Med jamne mellomrom vil pleieassistenten

  • finne relevante skjema på intranettet.
  • finne oppdatert informasjon frå heimesidene til kommunen.
  • finne fram tiltaksplanar i elektroniske journalar.
  • bruke standard kontorprogramvare.
  • sende e-postar med vedlegg.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
  • bruke og lære opp bebuarane i bruken av nettbrett.
  • hjelpe bebuarar med å finne ønskt underhaldning på nettet.
  • bruke QR- og strekkodar ved registrering.
  • delta i møte og samtalar med leiarar og kollegaer via digitale møteplassar.
  • kommunisere med leiarar eller pårørande via e-post og meldingar.

Av og til vil pleieassistenten

  • finne nye oppskrifter på næringsriktig mat.
  • lagre aktivitetsplanar i mapper.
  • sjekke HMS-rutinar på nettet.
  • bruke digitale program i opplæringstiltak.
  • hjelpe bebuarar med å finne informasjon på internett.
  • ta bilete av sosiale aktivitetar.
  • ta bilete ved uhell eller alvorlege hendingar.