Kantineassistent - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein kantineassistent
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for kantineassistentar
- Lage kald og varm mat.
- Sitje i kassa.
- Hjelpe kundar.
- Bestille varer.
- Halde orden på kjøkenet og i serveringslokalet.
- Halde reint og vaske opp.
- Fylle på varer.
Leseferdigheiter
Kvar dag vil kantineassistenten
- lese skilt og symbol.
- lese vaktlister og frammøtelister.
- lese meldingar frå kollegaer og leiarar.
- lese diverse oppslag.
- lese tidsstempling og datomerking.
Med jamne mellomrom vil kantineassistenten
- lese varedeklarasjonar.
- lese informasjon om matrettar.
- lese oppskrifter.
- lese informasjonsbrev frå leiinga.
- lese instruksjonar om korleis mat og maskiner skal handsamast.
- lese bestillingslister.
- lese menyar.
- lese meldingar og e-post.
Av og til vil kantineassistenten
- lese HMS-instruksar for hygiene, brann og liknande.
- lese sin eigen lønsslipp.
- lese symbol og åtvaringsskilt.
- lese retningslinjer for avfallshandsaming.
- lese bruksrettleiingar for nytt utstyr.
- lese informasjon om nye eller endra interne rutinar.
- lese arbeidskontraktar og skjema som gjeld tilsetjingsforholdet.
- lese og kontrollere skjema for varemottak.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil kantineassistenten
- skrive korte meldingar til seg sjølv eller andre.
- fylle ut kassaoppgjer.
- skrive ingredienslister eller menyar med åtvaringar for folk som har allergiar og intoleransar.
Med jamne mellomrom vil kantineassistenten
- kvittere ut, signere og attestere på skjema.
- bestille varer og fylle ut bestillingsskjema.
- kvittere for mottekne varer.
- skrive meldingar og e-postar.
Av og til vil kantineassistenten
- fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- skrive notat og oppgåvesvar i samband med opplæring.
- skrive menyen for dagen.
- skrive oppslag til dei som brukar kantina.
- skrive korte rapportar om avvik i kantina.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil kantineassistenten
- ta imot bestillingar frå kundar.
- få instruksar frå leiarar eller kollegaer.
- tilrå rettar og forklare menyen.
- snakke med kundar og medarbeidarar.
- ta imot munnlege beskjedar frå kollegaer og kundar.
- høyre på og gje munnleg rapportering.
Med jamne mellomrom vil kantineassistenten
- gje informasjon om rutinane og menyane som er planlagde for veka.
- snakke i telefonen, ta imot og gje beskjedar.
- snakke med leverandørar.
- snakke med kollegaer om kundane sine ønske og bestillingar.
- snakke med kollegaer om sosiale aktivitetar.
Av og til vil kantineassistenten
- snakke med kollegaer og leiarar om sin eigen arbeidssituasjon.
- snakke om opplæring.
- ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.
- varsle om akutte hendingar eller ulukker.
- seie frå dersom noko er uklart.
- melde frå om sjukdom og fråvær.
- føreslå endringar i oppgåver og arbeidsmetodar.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil kantineassistenten
- ta kassaoppgjer.
- halde oversikt over vekslepengar.
- bruke dei fire reknemåtane.
- lese enkle oppskrifter og følgje dei.
Med jamne mellomrom vil kantineassistenten
- fylle ut timelister.
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- rekne om mellom måleeiningar.
- tilpasse oppskrifter og rekne ut rette mengder.
- telje opp og halde orden på varelageret.
- vurdere blandingsforhold ved bruk av vaskemiddel.
- lese av temperaturar og kontrollere at dei er innanfor det som er godkjent.
Av og til vil kantineassistenten
- rekne ut sin eigen skatt eller sine eigne feriepengar.
- gjere overslag over mengder ved innkjøp.
- måle opp mengder av ingrediensar i samband med matlaging.
- kontrollere fakturaer.
- vurdere mykje ressursar ein har brukt samanlikna med det som var venta.
- kontrollere datoen på ulike varer og rekne ut kor lenge dei held seg.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil kantineassistenten
- brukekassaapparat.
- fylle inn opplysningar i kassaoppgjersskjema.
- registrere arbeidstida si i elektroniske skjema.
- bruke kalkulator.
- bruke skannar.
Med jamne mellomrom vil kantineassistenten
- bruke rekneark.
- finne oppdaterte oppskrifter.
- sjekke møte eller avtalar.
- finne skjema på PC, internett eller intranettet.
- sende og ta imot meldingar og e-postar.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
Av og til vil kantineassistenten
- finne nye oppskrifter på næringsriktig mat.
- lagre oppskrifter i mapper.
- sjekke HMS-rutinar på internett.
- bruke ulike læringsressursar.
- bruke standard kontorprogramvare.
- sende og ta imot digitale bestillingslister.
- hjelpe kundar med elektroniske betalingsløysingar.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.