Tilskot til kompetanseutvikling i Helse- og omsorgstenestene for 2026 – 2027
Tilskot til helse- og omsorgstenestene er ein del av tilskotet gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Tilskotet i denne utlysinga skal dekke utvikling og løpande gjennomføring av tilbod frå 2026 til oktober 2027. Dette betyr at tilbodet skal gjennomførast så mange gonger som mogleg ut frå etterspurnad og tidsrammer. To gjennomføringar er likevel eit absolutt minimum for å få stønad.
Kven kan søke
Tilskotsmottakarar kan vere:
- akkrediterte universitet
- akkrediterte statlege og private høgskular med offentleg støtte
- offentlege fagskular og private fagskular med offentleg støtte
- fylkeskommunar
- studieforbund som høyrer inn under tilskotsordninga til Kunnskapsdepartementet
- andre private tilbydarar med opplæring som hovudføremål
Fleire tilbydarar kan samarbeide om tilbodet, men berre ein kan stå oppført som søkar og vere tilskotsmottakar. Tilskotsmottakar skal ha hovudansvar for utvikling av det faglege innhaldet, gjennomføring av tilboda og rapportering av prosjektet.
Søkar og alle samarbeidspartnarar skal vere registrerte i Brønnøysundregistera.

Søknadsfrist
5. februar 2026 kl. 15.00 (CET)
Om tilskotet
Om sektoren
Helse- og omsorgstenestene treng nok personell med rett kompetanse. Tenestene er i stadig utvikling og omstilling. For å gi tilbod av god kvalitet, som er tilpassa behova i befolkninga, treng vi kompetente medarbeidarar i alle delar av tenesta. Den demografiske utviklinga gir lågare forsørgingsevne, fleire eldre og eit aukande behov for helse- og omsorgstenester.
Bransjeprogrammet skal bidra til at tilsette får tilgang til kompetanseutvikling og spesialisering, uavhengig av kvar dei bur i landet. Tilboda må kunne kombinerast med full jobb og vere fagleg relevante for behova til pasientar og pårørande.
Styret for bransjeprogrammet består av Delta, Fagforbundet, Norsk Sykepleierforbund og Parat, saman med arbeidsgivarorganisasjonane KS, NHO, Spekter og Virke. Partane samarbeider med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om å utvikle korte og relevante kompetansetilbod.
Sjå nettside om treparts bransjeprogram for kontaktinformasjon til relevante partar under informasjonen om bransjeprogram for helse- og omsorgstenestene: Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling | HK-dir
Om tilskotet
Tilskotsordninga skal auke deltakinga i kompetanseutvikling i bransjane som er med i programmet, og bidra til at dei får tilgang til relevant kompetanse.
Dette kan du søke om tilskot til
Du kan søke om tilskot til å utvikle nye tilbod eller vidareutvikle eksisterande tilbod som i dag ikkje er tilgjengelege for målgruppa, slik at det blir retta spesifikt mot kompetansebehovet til bransjen. Søknadene skal inkludere budsjett for utvikling og gjennomføringar av tilboda. Det blir føresett at tilboda blir tilbodne løpande i prosjektperioden, så langt det er etterspurnad.
Kompetansebehovet til kvar bransje er definert av representantar frå bransjen sine arbeidslivsorganisasjonar, og er beskrive nærare for dei einskilde bransjane, sjå nedanfor.
Tilboda skal vere fleksible, kunne kombinerast med jobb og vere tilgjengelege uavhengig av kvar deltakarane bur. Dei skal kombinere nettbasert og stadbasert undervising, tilpassa arbeidssituasjon og turnus. Tilboda skal passe for personar med ulik utdanningsbakgrunn, sjå nærare omtale under kvart formål. Det kan utviklast både yrkesretta og tverrfaglege tilbod.
Tilskotsordninga blir forvalta etter Retningslinjene for Bransjeprogrammet (pdf), som er fastsette av Kunnskapsdepartementet.
Dersom det kjem fleire søknader som dekker det same innhaldet, vil vi som hovudregel gi tilskot til berre eitt av tilboda.
Det er behov for meir kompetanse om oppgåvedeling blant både leiarar og tilsette i helse- og omsorgstenestene. Mange prosjekt har vist gode resultat, men det trengst formelle tilbod som støttar vidare utvikling.
Ein kan søke om midlar til tilbod som bidrar til betre oppgåvedeling og meir effektiv bruk av personell og kompetanse. Innhaldet kan til dømes handle om fagutvikling, organisering eller bruk av velferdsteknologi. Andre tema kan òg vere relevante.
Tilboda kan bestå av eitt eller fleire tema, organisert som korte, fleksible og frittståande modular.
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i helse- og omsorgstenestene med ulik utdanningsbakgrunn (vidaregåande opplæring, fagskule, høgskule og universitet).
Nivå:
Fagskule eller universitet/høgskule (på bachelornivå).
Omfang:
Kvar modul skal vere på 5 studiepoeng. Det samla kompetansetilbodet innanfor formål 1 kan til saman utgjere maks 15 studiepoeng. Det skal vere mogleg å ta enkeltmodular kvar for seg eller samla.
Gjennomføringa skal gi studiepoeng til kvalifiserte deltakarar. Deltakarar utan studiekompetanse skal få kompetansebevis.
Tenestene treng betre kompetanse i klinisk leiing for tilsette med utvida leiaroppgåver, som teamleiarar og andre som har ansvar for pasientnært arbeid og drift.
Ein kan søke om midlar til tilbod som styrker kultur og arbeidsformer som fremmar pasientsikkerheit, medverknad og læring. Innhald kan til dømes vere kommunikasjon, samhandling, klinisk vurderingskompetanse, rettleiing, organisering av arbeid og profesjonsetikk.
Målgruppe:
Leiarar i helse- og omsorgstenestene med ulik utdanningsbakgrunn og ansvar for pasientnært arbeid.
Nivå:
Fagskule eller universitet/høgskule (på bachelornivå).
Omfang:
Kvar modul skal vere på 5 studiepoeng. Det samla kompetansetilbodet innanfor formål 2 kan til saman utgjere maks 15 studiepoeng. Det skal vere mogleg å ta enkeltmodular kvar for seg eller samla. Gjennomføringa skal gi studiepoeng til kvalifiserte deltakarar og kompetansebevis til andre.
Mangel på personell med rett kompetanse krev betre kunnskap om effektiv ressursbruk og koordinering. Dette krev tverrfagleg samarbeid både innanfor og mellom tenestenivå. Mange pasientforløp involverer både spesialist- og kommunehelsetenesta og treng gode overgangar.
Ein kan søke om midlar til tilbod som styrker slik kompetanse. Innhald kan vere velferdsteknologi, ressursstyring, koordinering, logistikk, vurderingskompetanse, innovasjon, endringsarbeid og risikostyring.
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i helse- og omsorgstenestene med ulik utdanningsbakgrunn (vidaregåande opplæring, fagskule, høgskule og universitet).
Nivå:
Fagskule eller universitet/høgskule (på bachelornivå).
Omfang:
Kvar modul skal vere på 5 studiepoeng. Det samla kompetansetilbodet innanfor formål 3 kan til saman utgjere maks 15 studiepoeng. Det skal vere mogleg å ta enkeltmodular kvar for seg eller samla. Gjennomføringa skal gi studiepoeng til kvalifiserte deltakarar. Deltakarar utan studiekompetanse skal få kompetansebevis.
Apotekteknikarar treng kompetanse som gjer dei i stand til å bidra på tvers av apotek-, spesialist- og kommunehelsetenesta. I spesialisthelsetenesta er det behov for opplæring i logistikk, laboratoriearbeid og pasientkommunikasjon. I primærhelsetenesta er det behov for fordjuping i legemiddelhandtering, førebyggande arbeid og prosjektbasert læring.
Ein kan søke om tilskot til tilbod som gir høgare kompetanse innan kundebehandling, rettleiing om legemiddel, teknisk kontroll, digital rådgiving og legemiddelproduksjon.
Målgruppe:
Apotekteknikarar.
Nivå:
Fagskule.
Omfang:
Kvar modul skal vere på 5 studiepoeng. Det samla kompetansetilbodet innanfor formål 4 kan til saman utgjere maks 15 studiepoeng. Det skal vere mogleg å ta enkeltmodular kvar for seg eller samla.
Gjennomføringa skal gi studiepoeng til kvalifiserte deltakarar. Deltakarar utan studiekompetanse skal få kompetansebevis.
Det er behov for utdanningsmodular som styrker kompetansen hos helsefagarbeidarar og miljøterapeutar når det gjeld screening, førebygging og grunnleggande samtalearbeid.
Ein kan søke om midlar til tilbod som gir fagarbeidarar kompetanse knytt til identifisering og førebyggande tiltak i førstelinetenesta.
Målgruppe:
Fagarbeidarar som jobbar med psykisk helse for barn og unge.
Nivå:
Fagskule.
Omfang:
Kvar modul skal vere på 5 studiepoeng. Det samla kompetansetilbodet innanfor formål 5 kan til saman utgjere maks 15 studiepoeng. Det skal vere mogleg å ta enkeltmodular kvar for seg eller samla.
Gjennomføringa skal gi studiepoeng til kvalifiserte deltakarar. Deltakarar utan studiekompetanse skal få kompetansebevis.
Personar med utviklingshemming er ei samansett gruppe med ulike behov. Mange treng omfattande bistand for å leve gode liv. Det er behov for meir kompetanse om utviklingshemming og livsløp, inkludert palliasjon hos barn, unge, vaksne og eldre med utviklingshemming.
NOU 2016:17 peiker på at låg kompetanse i tenestene kan hindre likeverdige tilbod. UKOM-rapporten «Pasientsikkerhet for personer med alvorlig utviklingshemming» (2025) anbefaler meir vernepleiefagleg kompetanse hos tilsette med vidaregåande utdanning.
Ein kan søke om midlar til tilbod som gir fagarbeidarar kompetanse til å handtere meir komplekse situasjonar sjølvstendig. Tema kan vere helseoppfølging, målretta miljøarbeid og førebygging av bruk av tvang og makt.
Målgruppe:
Fagarbeidarar i tenester for personar med utviklingshemming.
Nivå:
Fagskule.
Omfang:
Kvar modul skal vere på 5 studiepoeng. Det samla kompetansetilbodet innanfor formål 5 kan til saman utgjere maks 15 studiepoeng. Det skal vere mogleg å ta enkeltmodular kvar for seg eller samla.
Gjennomføringa skal gi studiepoeng til kvalifiserte deltakarar. Deltakarar utan studiekompetanse skal få kompetansebevis.
Ein femtedel av befolkninga i Noreg har innvandrarbakgrunn. Gruppa blir eldre og har i større grad behov for helse- og omsorgstenester. Det er behov for meir kompetanse om kulturforståing, levekår og sosiale forhold, knytt til helse- og omsorgsfagleg kompetanse. Migrasjons- og fluktbakgrunn kan medføre språkbarrierar og ulike helseutfordringar.
Ein kan søke om midlar til tilbod som gir grunnleggande kunnskap om mangfald og sosiale og kulturelle forhold. Målet er betre og meir likeverdige tenester for ei mangfaldig befolkning.
Målgruppe:
Sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og andre som jobbar pasient- og brukarnært.
Nivå:
Fagskule eller universitet/høgskule (på bachelornivå).
Omfang:
Kvar modul skal vere på 5 studiepoeng. Det samla kompetansetilbodet innanfor formål 5 kan til saman utgjere maks 15 studiepoeng. Det skal vere mogleg å ta enkeltmodular kvar for seg eller samla.
Gjennomføringa skal gi studiepoeng til kvalifiserte deltakarar. Deltakarar utan studiekompetanse skal få kompetansebevis.
Kva tilskotet dekker
Det er ein føresetnad at offentlege tilskot i sin heilskap går til formålet dei er gitt til.
Tilskotet dekker direkte kostnader knytte til utvikling/vidareutvikling, gjennomføringar av tilbod, og oppfølging av deltakarane.
Døme på slike kostnader kan vere:
- Lønn, inkludert arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjon
- Innkjøp av tenester
- Reiser og møte
- Leige av lokale og utstyr
- Opplæringsmateriell
- Marknadsføring
- Revisjon, viss det er stilt krav om det i tilskotsbrevet
I tillegg blir òg indirekte kostnader knytte til lønn som er avgrensa oppover til eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader dekka.
Tilskotet blir vurdert ut frå budsjett i søknaden, og skal avstemmast mot rekneskap etter gjennomføring.
For tilbydarar som driv blanda verksemd, er det ein føresetnad at tilskotet verken direkte eller indirekte kjem den økonomiske aktiviteten til gode. Det skal oppstillast rekneskapsmessig skille mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet som kan dokumentere at tilskotet i sin heilskap går til det aktuelle formålet og at det ikkje er kryssubsidiering.
Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane. Det er ein føresetnad at tilbodet heilt eller i hovudsak er finansiert av staten.
Kva tilskotet ikkje dekker
- Forteneste/utbytte
- Innkjøp av varig utstyr, lisensar eller liknande
- Vikarutgifter, lønsrefusjon eller reiseutgifter for kursdeltakarar
- Indirekte kostnader som overstig eit påslag på 15 prosent av direkte lønskostnader
Med bakgrunn i reglar for statsstøtte kan ikkje tilbydarar bruke offentleg tilskot til å utvikle eit produkt som seinare blir tilbode i ein marknad. Eit opplæringstilbod som er utvikla og gjennomført på UH- og fagskulenivå gjennom bransjeprogramordninga, vil mest sannsynleg falle utanfor reglane for statsstøtte, og blir ikkje ramma av denne føresegna.
Tilskotet dekker ikkje aktivitetar som er gjennomførte før dato for vedtak.
Tilskotet kan ikkje finansiere aktivitetar som allereie blir støtta av staten, medrekna aktivitetar som er finansiert gjennom rammeoverføringane til fylkeskommunane og fagskuletilbod som er ein del av industrifagskulen (utdanning.no).
Informasjon til fagskular
Fylkeskommunen har ei sentral rolle som regional utviklingsaktør, og har ansvar for å sikre at det blir tilbode høgare yrkesfagleg utdanning i samsvar med behovet for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt. Fagskular som søker må derfor involvere fylkeskommunen ved utvikling/tilpassing av fagskuletilbod. Dette føreset ein prosess mellom fylkeskommunen og fagskulen i forkant av søknadsfristen. Involveringa skal bli forklart i søknaden.
Vilkår
Krav til samarbeid
Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og minst to verksemder med tilsette som har eit behov for opplæring i dei aktuelle tema. Tilbodet må vere forankra på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i dei samarbeidande verksemdene.
Dersom det ikkje er oppretta samarbeid med to slike namngitte verksemder allereie på søkartidspunktet, må søker ha hatt dialog om prosjektet med ei namngitt samanslutning som representerer verksemder i bransjen som har eit opplæringsbehov. Dette kan vere ei næringsforeining, klynge eller annan type samanslutning. Dialog og samarbeid om prosjektet skal bli forklart i søknaden, og må kunne dokumenterast.
Næringsforeining, klynge eller annan samanslutning blir ikkje godtatt som ei av dei to verksemdene som tilbodet skal bli utvikla i samarbeid med, men kan inngå i samarbeidet saman med desse.
Samarbeidsavtalar mellom to namngitte verksemder og tilbydar kan bli lagt ved søknaden, eller kan bli ettersendt innan 15. juni 2026. Bruk rettleiande mal for samarbeidsavtalen:
Krav til kompetanseutviklingstilbodet
- Tilboda skal vere korte og fleksible og kunne kombinerast med tilnærma full jobb.
- Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane.
- Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og konkrete verksemder.
- Tilbodet skal utviklast i samarbeid med både arbeidsgivarar og tilsette i verksemdene.
- Tilbodet skal óg vere tilgjengeleg for deltakarar som ikkje er tilsette i dei samarbeidande verksemdene.
- Tilbydar skal ha konkrete planar for marknadsføring og rekruttering, og vise til at påmelding er retta mot målgruppa til bransjeprogrammet.
Det skal vere mogeleg å søke om opptak til tilbod på høgare yrkesfagleg nivå og på universitets- og høgskulenivå på bakgrunn av realkompetanse. Det skal informerast om denne moglegheita i omtalen av studietilbodet. HK-dir vil innhente rapportering på tal på personar som har søkt om opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering og tal på personar som har fått opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering.
Andre krav og vilkår for gjennomføring vil kome fram av tilsegnsbrev.
Slik søker du
Krav til søknaden
I søknaden skal søkar blant anna gi ei skildring av tilbodet, inkludert planar for det faglege innhaldet og korleis opplæringa er organisert og tilrettelagt for å ivareta behova til deltakarane.
Søkar skal legge ved:
- Ein tidsplan for prosjektet der start og slutt for utviklingsperioden kjem fram, og som inkluderer alle gjennomføringar av tilbodet med tidspunkt for start og slutt for kvar gjennomføring.
- Budsjett for utvikling/vidareutvikling av tilbod og gjennomføringar av dette fram til og med oktober 2027.
- Samarbeidsavtalar kan bli sendt inn saman med søknaden, eller dei kan bli sendt inn i etterkant.
Budsjettet må sannsynleggjere at prosjektet er mogleg å gjennomføre.
Det skal nyttast følgande mal for budsjett:
Tilskot til universitet og høgskular i Bransjeprogrammet skal kategoriserast som bidragsaktivitet i tråd med reglementet for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA-reglementet).
Søknader som kjem etter fristen, vil ikkje bli realitetsbehandla. Søknadene blir behandla slik dei føreligg ved utløpet av søknadsfristen.
Registrer søknad
Søknadsskjema kjem i veke 50. Søkar skal fylle ut søknadsskjema i tilskotsportalen. Etter at du har logga inn, vel du tilskotsordninga du vil søke på.
Slik behandlar vi søknaden
Dersom alle krav i utlysingsteksten er oppfylte, blir det gjort vurdering av søknaden ut frå prioriteringskriterium spesifisert nedanfor. Her blir kvaliteten på innhaldet i prosjektet vurdert og sett opp mot behova til bransjane og målet for bransjeprogrammet.
Prosjekt som i størst grad oppfyller kriteria, blir prioriterte. Kriteria er lista i tilfeldig rekkefølge. Det blir etterstreve ei fordeling av midlane som sikrar breidde, både når det gjeld formåla i dei ulike bransjane, utdanningsnivå og geografi.
Det vil bli prioritert tilbod som:
- i størst grad treffer målgruppa og kompetansebehova i bransjen
- i stor grad er tilrettelagt slik at flest mogleg aktuelle deltakarar kan gjennomføre opplæringa i kombinasjon med arbeid
- gir praksisnær opplæring, som tek utgangpunkt i deltakaranes daglege arbeidsoppgåver
- gir opplæring som skal auke produktiviteten og omstillingskapasiteten til verksemdene og den einskilde arbeidstakaren
- ikkje allereie finst eller er tilgjengeleg for målgruppa. Dette omfattar òg gjeldande kurs innanfor fagområdet som ikkje er tilgjengelege som etter- og vidareutdanning
- er kostnadseffektivt
Når får du svar?
Alle søkarar vil bli informerte om utfallet av søknadsprosessen. Vedtak om tilskot blir sendt ut i april 2026.
Rapportering og oppfølging
HK-dir vil følge progresjonen til prosjektet. Prosjekt som får tilskot, må utvikle eit detaljert undervisningsopplegg. Nærare informasjon og krav til dette vil kome fram av tilsegnsbrev.
Utdanningstilbydar forpliktar seg til å levere oppdatert og utfyllande informasjon om kompetanseutviklingstilbodet til utdanning.no.
Både utdanningstilbydarar og verksemder som er part i prosjektet er forplikta til å gjennomføre ei eventuell evaluering.
Tidsfristar
Prosjekta skal vere sluttrapportert i november 2027. Meir informasjon om fristar vil stå i tilsegnsbrevet.