Hopp til hovudinnhald

Tilskot til kompetanseutvikling i Barnehagesektoren for 2026 – 2028

Tilskot til Barnehagesektoren er ein del av tilskotet gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Tilskotet i denne utlysinga skal dekke utvikling og løpande gjennomføring av tilbod frå 2026 til oktober 2028. Dette betyr at tilbodet skal gjennomførast minimum to gonger.

Kven kan søke

Tilskotsmottakarar kan vere:

  • akkrediterte universitet
  • akkrediterte statlege og private høgskular med offentleg stønad
  • offentlege fagskular og private fagskular med offentleg stønad
  • fylkeskommunar
  • studieforbund som ligg inn under tilskotsordninga til Kunnskapsdepartementet
  • andre private tilbydarar med opplæring som hovudformål

Fleire tilbydarar kan samarbeide om tilbodet, men berre ein kan stå oppført som søkar og vere tilskotsmottakar. Tilskotsmottakar skal ha hovudansvar for utvikling av det faglege innhaldet, gjennomføring av tilboda og rapportering av prosjektet.

Søkar og alle samarbeidspartnarar skal vere registrerte i Brønnøysundregistera.

Søknadsfrist

5. februar 2026 kl. 15.00 (CET)

Om tilskotet

Barnehagesektoren er i stadig endring. Sidan barnehageforliket i 2003 har barnehagedeltakinga auka, barnehagane har blitt større, barnehagedagane lengre, barnegruppene yngre og meir mangfaldige, og barnehageeigarane og kommunane færre og større.

Dagens barnehagar møter ei barnegruppe prega av auka språkleg og kulturelt mangfald, fleire barn med særlege behov, og høgare forventningar til tidleg innsats og til tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid. Dette stiller krav til dei tilsette sin kompetanse innanfor blant anna relasjonskompetanse, foreldresamarbeid, språkstimulering og evne til å identifisere og følge opp barn med behov for ekstra støtte. For å møte krava er det behov for systematisk satsing på kompetanseheving i sektoren.

Kvaliteten på barnehagetilbodet avheng av tilsette med tilpassa kompetanse. Dette omfattar både tilsette med barnehagelærarutdanning, fagarbeidarar med barne- og ungdomsarbeidarutdanning og assistentar.

Sektoren har mange tilsette i pedagogiske leiarstillingar som ikkje har barnehagelærarutdanning. Desse har behov for rettleiing og ekstra kompetanse for å kunne utføre arbeidsoppgåvene.

Ei heilskapleg og målretta kompetanseutvikling kan bidra til både å rekruttere og behalde tilsette i barnehagesektoren. Det vil igjen kunne bidra til at barnehagen blir styrka som ein trygg, inkluderande og utviklingsfremmande arena for alle barn.

I styret for bransjeprogrammet for barnehagesektoren er fagforbunda Delta, Fagforbundet, Utdanningsforbundet, samt arbeidsgivarforeiningane PBL, KS, NHO Geneo, Spekter og Virke representerte. Partane samarbeider med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) for å legge til rette for utvikling av fleire korte og relevante kompetanseutviklingstilbod.

Sjå nettside om treparts bransjeprogram for kontaktinformasjon til relevante partar under barnehagesektoren (kommer snart): Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling | HK-dir

Om tilskotet

Målet for tilskotsordninga er auka deltaking i kompetanseutvikling i dei bransjane som inngår i Bransjeprogrammet. Tilskotsordninga skal føre til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling.

Dette kan du søke om tilskot til

Du kan søke om tilskot til å utvikle nye tilbod eller vidareutvikle eksisterande tilbod som i dag ikkje er tilgjengelege for målgruppa, slik at det blir retta spesifikt mot kompetansebehovet til bransjen. Søknadene skal inkludere budsjett for utvikling og gjennomføringar av tilboda. Det blir føresett at tilboda blir tilbodne løpande i prosjektperioden, så langt det er etterspurnad.

Kompetansebehovet til kvar bransje er definert av representantar frå bransjen sine arbeidslivsorganisasjonar, og er beskrive nærare for dei einskilde bransjane, sjå nedanfor.

Tilskotsordninga blir forvalta etter Retningslinjene for Bransjeprogrammet (pdf), som er fastsette av Kunnskapsdepartementet.

Dersom det kjem fleire søknader som dekker det same innhaldet, vil vi som hovudregel gi tilskot til berre eitt av tilboda.

Kva tilskotet dekker

Det er ein føresetnad at offentlege tilskot i sin heilskap går til formålet dei er gitt til.

Tilskotet dekker direkte kostnader knytte til utvikling/vidareutvikling, gjennomføringar av tilbod, og oppfølging av deltakarane.

Døme på slike kostnader kan vere:

  • Lønn, inkludert arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjon
  • Innkjøp av tenester
  • Reiser og møte
  • Leige av lokale og utstyr
  • Opplæringsmateriell
  • Marknadsføring
  • Revisjon, viss det er stilt krav om det i tilskotsbrevet

I tillegg blir òg indirekte kostnader knytte til lønn som er avgrensa oppover til eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader dekka.

Tilskotet blir vurdert ut frå budsjett i søknaden, og skal avstemmast mot rekneskap etter gjennomføring.

For tilbydarar som driv blanda verksemd, er det ein føresetnad at tilskotet verken direkte eller indirekte kjem den økonomiske aktiviteten til gode. Det skal oppstillast rekneskapsmessig skille mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet som kan dokumentere at tilskotet i sin heilskap går til det aktuelle formålet og at det ikkje er kryssubsidiering.

Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane. Det er ein føresetnad at tilbodet heilt eller i hovudsak er finansiert av staten.

Kva tilskotet ikkje dekker

  • Forteneste/utbytte
  • Innkjøp av varig utstyr, lisensar eller liknande
  • Vikarutgifter, lønsrefusjon eller reiseutgifter for kursdeltakarar
  • Indirekte kostnader som overstig eit påslag på 15 prosent av direkte lønskostnader

Med bakgrunn i reglar for statsstøtte kan ikkje tilbydarar bruke offentleg tilskot til å utvikle eit produkt som seinare blir tilbode i ein marknad. Eit opplæringstilbod som er utvikla og gjennomført på UH- og fagskulenivå gjennom bransjeprogramordninga, vil mest sannsynleg falle utanfor reglane for statsstøtte, og blir ikkje ramma av denne føresegna.

Tilskotet dekker ikkje aktivitetar som er gjennomførte før dato for vedtak.

Tilskotet kan ikkje finansiere aktivitetar som allereie blir støtta av staten, medrekna aktivitetar som er finansiert gjennom rammeoverføringane til fylkeskommunane og fagskuletilbod som er ein del av industrifagskulen (utdanning.no).

Informasjon til fagskular

Fylkeskommunen har ei sentral rolle som regional utviklingsaktør, og har ansvar for å sikre at det blir tilbode høgare yrkesfagleg utdanning i samsvar med behovet for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt. Fagskular som søker må derfor involvere fylkeskommunen ved utvikling/tilpassing av fagskuletilbod. Dette føreset ein prosess mellom fylkeskommunen og fagskulen i forkant av søknadsfristen. Involveringa skal bli forklart i søknaden.

Vilkår

Krav til samarbeid

Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og minst to verksemder med tilsette som har eit behov for opplæring i dei aktuelle tema. Tilbodet må vere forankra på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i dei samarbeidande verksemdene.

Dersom det ikkje er oppretta samarbeid med to slike namngitte verksemder allereie på søkartidspunktet, må søker ha hatt dialog om prosjektet med ei namngitt samanslutning som representerer verksemder i bransjen som har eit opplæringsbehov. Dette kan vere ei næringsforeining, klynge eller annan type samanslutning. Dialog og samarbeid om prosjektet skal bli forklart i søknaden, og må kunne dokumenterast.

Næringsforeining, klynge eller annan samanslutning blir ikkje godtatt som ei av dei to verksemdene som tilbodet skal bli utvikla i samarbeid med, men kan inngå i samarbeidet saman med desse.

Samarbeidsavtalar mellom to namngitte verksemder og tilbydar kan bli lagt ved søknaden, eller kan bli ettersendt innan 15. juni 2026. Bruk rettleiande mal for samarbeidsavtalen:

Krav til kompetanseutviklingstilbodet

  • Tilboda skal vere korte og fleksible og kunne kombinerast med tilnærma full jobb.
  • Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane.
  • Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og konkrete verksemder.
  • Tilbodet skal utviklast i samarbeid med både arbeidsgivarar og tilsette i verksemdene.
  • Tilbodet skal óg vere tilgjengeleg for deltakarar som ikkje er tilsette i dei samarbeidande verksemdene.
  • Tilbydar skal ha konkrete planar for marknadsføring og rekruttering, og vise til at påmelding er retta mot målgruppa til bransjeprogrammet.

Det skal vere mogeleg å søke om opptak til tilbod på høgare yrkesfagleg nivå og på universitets- og høgskulenivå på bakgrunn av realkompetanse. Det skal informerast om denne moglegheita i omtalen av studietilbodet. HK-dir vil innhente rapportering på tal på personar som har søkt om opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering og tal på personar som har fått opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering.

Andre krav og vilkår for gjennomføring vil kome fram av tilsegnsbrev.

Slik søker du

Krav til søknaden

I søknaden skal søkar blant anna gi ei skildring av tilbodet, inkludert planar for det faglege innhaldet og korleis opplæringa er organisert og tilrettelagt for å ivareta behova til deltakarane.

Søkar skal legge ved:

  1. Ein tidsplan for prosjektet der start og slutt for utviklingsperioden kjem fram, og som inkluderer alle gjennomføringar av tilbodet med tidspunkt for start og slutt for kvar gjennomføring.
  2. Budsjett for utvikling/vidareutvikling av tilbod og gjennomføringar av dette fram til og med oktober 2028.
  3. Samarbeidsavtalar kan bli sendt inn saman med søknaden, eller dei kan bli sendt inn i etterkant.

Budsjettet må sannsynleggjere at prosjektet er mogleg å gjennomføre.

Det skal nyttast følgande mal for budsjett:

Tilskot til universitet og høgskular i Bransjeprogrammet skal kategoriserast som bidragsaktivitet i tråd med reglementet for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA-reglementet).

Søknader som kjem etter fristen, vil ikkje bli realitetsbehandla. Søknadene blir behandla slik dei føreligg ved utløpet av søknadsfristen.

Registrer søknad

Søknadsskjema kjem i veke 50. Søkar skal fylle ut søknadsskjema i tilskotsportalen. Etter at du har logga inn, vel du tilskotsordninga du vil søke på.

Slik behandlar vi søknaden

Dersom alle krav i utlysingsteksten er oppfylte, blir det gjort vurdering av søknaden ut frå prioriteringskriterium spesifisert nedanfor. Her blir kvaliteten på innhaldet i prosjektet vurdert og sett opp mot behova til bransjane og målet for bransjeprogrammet.

Prosjekt som i størst grad oppfyller kriteria, blir prioriterte. Kriteria er lista i tilfeldig rekkefølge. Det blir etterstreve ei fordeling av midlane som sikrar breidde, både når det gjeld formåla i dei ulike bransjane, utdanningsnivå og geografi.

Det vil bli prioritert tilbod som:

  • i størst grad treffer målgruppa og kompetansebehova i bransjen
  • i stor grad er tilrettelagt slik at flest mogleg aktuelle deltakarar kan gjennomføre opplæringa i kombinasjon med arbeid
  • gir praksisnær opplæring, som tek utgangpunkt i deltakaranes daglege arbeidsoppgåver
  • gir opplæring som skal auke produktiviteten og omstillingskapasiteten til verksemdene og den einskilde arbeidstakaren
  • ikkje allereie finst eller er tilgjengeleg for målgruppa. Dette omfattar òg gjeldande kurs innanfor fagområdet som ikkje er tilgjengelege som etter- og vidareutdanning
  • er kostnadseffektivt

Når får du svar?

Alle søkarar vil bli informerte om utfallet av søknadsprosessen. Vedtak om tilskot blir sendt ut i april 2026.

Rapportering og oppfølging

HK-dir vil følge progresjonen til prosjektet. Prosjekt som får tilskot, må utvikle eit detaljert undervisningsopplegg. Nærare informasjon og krav til dette vil kome fram av tilsegnsbrev.

Utdanningstilbydar forpliktar seg til å levere oppdatert og utfyllande informasjon om kompetanseutviklingstilbodet til utdanning.no.

Både utdanningstilbydarar og verksemder som er part i prosjektet er forplikta til å gjennomføre ei eventuell evaluering.

Tidsfristar

Prosjekta skal vere sluttrapportert i november 2028. Meir informasjon om fristar vil stå i tilsegnsbrevet.