Hopp til hovudinnhald

Stipend- og vikarordning for lærarar som tek vidareutdanning i norsk som andrespråk - haust 2026/vår 2027

Lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk etter integreringslova skal ha 30 studiepoeng i norsk som andrespråk. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) tilbyr to ulike støtteordningar for lærarar som treng vidareutdanning for å oppfylle kompetansekravet i lova. Denne utlysinga er for lærarar som skal starte på vidareutdanning hausten 2026.

Kven kan søke

Lærarar som underviser vaksne i norsk etter integreringslova kan søke:

Søknadsfrist

16. mars 2026 kl. 15.00 (CET)

Om tilskotet

HK-dir tilbyr to ulike støtteordningar for lærarar som treng vidareutdanning for å oppfylle kompetansekravet i integreringslova om 30 studiepoeng.

Vikarordning. Læraren blir frigjord frå delar av dei ordinære arbeidsoppgåvene for å ta vidareutdanning. Vikartilskotet er på kr 245 800.

Vikarordninga gjeld berre for lærarar som skal ta 30 studiepoeng.

Stipendordning. Læraren får stipend for å ta vidareutdanning. Stipendet er på kr 136 000 for utdanning på 30 studiepoeng.

Stipendsummen avheng av kor mange studiepoeng læraren manglar for å oppfylle kompetansekravet. Læraren kan berre få støtte til å oppfylle kompetansekravet på 30 studiepoeng i norsk som andrespråk.

  • Lærarar som manglar meir enn 15 studiepoeng for å oppfylle minimumskravet, kan få innvilga fullt stipend på kr 136 000.
  • Lærarar som manglar 15 studiepoeng eller mindre, kan få innvilga stipend på kr 68 000.

Kva slags utdanning kan læraren få støtte til?

  • studium i norsk som andrespråk som er spesielt retta inn mot norskopplæring for vaksne innvandrarar,
  • eller generelle studium i norsk som andrespråk.

Læraren søker sjølv om opptak til høgskule eller universitet. Meir informasjon om aktuelle studiar her.

Korleis skal skuleeigar/privat tilbydar bruke vikarordning?

Desse vilkåra gjeld for vikartilskot.

Tilskotet blir i sin heilskap utbetalt til skuleeigar/privat tilbydar, som skal bruke midlane til å dekke kostnader til vikar for læraren som tar vidareutdanning.

Lærarar som brukar vikarordninga og tek 30 studiepoeng, skal totalt frigjerast frå ordinære arbeidsoppgåver tilsvarande 37,5 prosent av full stilling. Korleis denne tida blir fordelt i løpet av studieåret, blir avtalt lokalt.

Korleis skal lærar bruke stipendet?

Desse vilkåra gjeld for stipend.

Stipendet tilhøyrer læraren som får det innvilga. Lærar og skuleleiar blir saman samde om korleis stipendet skal brukast. Stipendet kan nyttast til finansiering av vikar og til kostnader i samband med vidareutdanninga. Stipendet kjem i tillegg til vanleg inntekt. Stipendet kan vere skattepliktig i den utstrekkinga det overstig kostnader knytt til utdanninga. Les meir om skattereglane på skatteetaten.no.

Læraren får utbetalt stipend frå kommunen eller opplæringstilbydar etter oppstart på studiet. Stipendet blir utbetalt i to ratar: 50 prosent etter stadfesta opptak ved studiet, og 50 prosent etter at studiet er stadfesta fullført.

Utgifter i samband med studiane

Skuleeigaren skal dekke utgifter til reise, opphald, læremiddel og liknande for lærarar i både stipend- og vikarordninga. Kva dette inneber bør lærar og leiar avtale lokalt i forkant av studiestart.

Semesteravgifta er ei lovpålagd avgift for alle studentar i Noreg. Semesteravgifta blir ikkje dekt av HK-dir.

Lesedagar og eksamen

Fri til eksamen og lesedagar og praktisk gjennomføring av studiar må avtalast lokalt. Dette gjeld òg kva eventuell permisjon utan lønn vil ha å seie for pensjonsopptening.

Andre vilkår for tilskotet

Denne utlysinga av stipend- og vikarordning gjeld lærarar som startar i vidareutdanninga haustsemesteret 2026. Planlagd vidareutdanning må vere avslutta seinast haustsemesteret 2027. Det er ikkje høve til å søke midlar for studium som allereie er påbyrja.

Lærarar som får annan støtte til kompetanseutviklingkan ikkje få stipend eller vikartilskot frå HK-dir for den same perioden.

Slik søker du

Du søker enten om vikartilskot eller stipend.

Offentleg tilsette lærarar søker saman med skuleleiaren sin. Dei fyller ut søknadsskjema og sender søknaden til skuleeigar. Vi minner om at lærarar i kommunen må sende søknaden til skuleeigar i god tid før søknadsfristen slik at dei kan prioritere søknadane. Skuleeigar prioriterer søknader og sender dei inn til HK-dir gjennom tilskotsportalen vår. Frist for å laste opp søknaden i tilskotsportalen er 16. mars 2026 kl. 15:00

Tilsette lærarar hos private tilbydarar som er godkjende eller hos private tilbydarar som har erklæring om oppdrag frå ein kommune, søker saman med leiaren sin. Frist for å laste opp søknaden tilskotsportalen er 16. mars 2026 kl. 15:00.

Slik skal skuleeigar/privat tilbydar prioritere søknadene

Skuleeigar/privat tilbydar skal prioritere søknader som oppfyller eitt eller fleire av følgjande kriterium:

  • lærarar som ikkje har nokre studiepoeng i norsk som andrespråk
  • lærarar som har lærarutdanning
  • lærarar som underviser i norsk etter integreringslova i mesteparten av undervisningstida si

I tillegg kan skuleeigar prioritere ut frå kompetansehevingsplanane og behova sine.

Registrer søknad

Søknadsskjema

Søknadsskjema kjem i starten på januar.

Søknadsskjema for kommunal vaksenopplæring

Søknadsskjema for private tilbydarar

Søknadsskjema frå kommunal vaksenopplæring skal fyllast ut og sendast inn til skuleeigar. Skuleeigar skal prioritere søknadene. Dei kan bruke dette skjemaet til det.

Tilskotsportalen: Her skal skuleeigarar og private tilbydarar laste opp søknadsskjemaa innan 16. mars kl. 15:00.

Slik behandlar vi søknaden

HK-dir gjer den avsluttande behandlinga og gjer vedtak. HK-dir har ikkje kapasitet til å endre tildeling for ein lærar frå stipend til vikarordning, eller omvendt, i etterkant.

Søknadene blir behandla med dei opplysningane som ligg føre ved utløpet av søknadsfristen. Søknader som blir sende inn gjennom andre kanalar, eller ikkje er komplette ved utgang av søknadsfrist, vil ikkje bli behandla.

HK-dir gjer vedtak og informerer søkarane om resultatet innan utgangen av april.

Slik fordeler vi støtta

Støtta blir tildelt etter ei heilskapleg vurdering etter skjøn av oppfylling av kriteria og formåla med ordninga. Søknader frå private opplæringstilbydarar blir behandla av HK-dir etter dei same kriteria som skuleeigar i kommune.

HK-dir følgjer skuleeigar sine prioriteringar av kvalifiserte søknader. Utover dette er følgjande prioriteringar førande:

  • Vi prioriterer for å oppnå geografisk spreiing på kompetansehevinga.
  • Vi prioriterer opplæringstilbydarar med få eller ingen lærarar med formell kompetanse i norsk som andrespråk.

Rapportering og oppfølging

Tilskotsbrevet vil innehalde informasjon om rapportering. Skuleeigar/privat tilbydar skal levere rapport etter at lærarane har avslutta utdanning i søknadsportalen. For spørsmål om tilskotet send e-post til

Post@hkdir.no